fredag 12. september 2014

Tekstbasen

Jippi! Nynorsksenteret er heilt topp for oss norsklærarar som vil ha gode tips til variert nynorskundervisning i skulen. Nett no skulle eg finne fram til gode tekstar elevane mine i vg2, studiespesialiserande, skulle arbeide med, lesa og bruke som dei gode døma. Eg er stadig på utkikk etter gode nynorsktekstar, fordi mine elevar har nynorsk som sidemål, og det gjeld å motivere dei. I tekstbasen til nynorsksenteret finn vi tekstane under ulike sjangerikon, i tilleg til at det på framsida er vist til ei tilrådd tekst. Det er lett å finne fram i tekstbasen, framsida har oversiktleg vegvisar. Gå inn og kikk, gjer deg kjent og bruk!

onsdag 13. mars 2013

Lesing og skriving på nynorsk

Vi les Bikubesong av Frode Grytten i norsktimane i vg1. Har brukt lang tid på det, fyrste veka las vi i kvar norsktime for å koma i gang, deretter har vi hatt ein fast time i veka til lesing. Sidan boka er ein novelleroman, passar ho godt til høgtlesing i norsktimane. Eg gjer det slik at elevane les høgt ein og ein, da er alle likt i boka, og det er lett å diskutere den sist lesne novella, da alle har ho godt i minnet. Elevane blir med dette tvinga til å lesa ei heil bok, og det er ikkje dumt, på godt norsk, ja -til og med på god nynorsk. Slik ser elevane at det finst mykje god litteratur på nynorsk, og at nynorsk er eit høgst levande språk, eit bruksspråk.

Dette opplegget passar godt på vår skule, fordi ein skuletime varar seksti minutt, og det blir difor god tid til lesing og refleksjon og/eller skriving etterpå. Det kan kanskje bli noko hektisk der timane er på berre førtifem minutt, da vil det nok vera det beste å gjera det i ein dobbelttime, viss klassen har det på timeplanen. 

I dag avslutta vi leseøkta med referatskriving på nynorsk av den novelle vi las høgt i timen, deretter la elevane referatet ut på Facebook-fagsida. Elevane fekk altså nynorsken inn med lesing og så eiga skriving om det dei hadde lese. Heldigvis hadde vi eit kvarter att av timen da vi var ferdig med å lesa novella, det er meir enn nok tid for å skrive stutte tekstar, referat er jo det, og elevane vart da tvinga til å skrive og formulere seg på nynorsk. Dessutan er Facebook eigna for skriving og publisering av dei korte tekstane. Det vart ein god nynorsktime med lesing og skriving hand i hand.

søndag 10. mars 2013

Framleis Facebook?

"Skriv på Facebook!", sa eg til elevane mine ein vintermorgon i 2010, dei gjorde så, og vi oppretta fagsider og grupper på Facebook. Litt kontroversielt kanskje, men mest tankevekkjande, synest eg sjølv.

Reaksjonane var mange - frå mange; - Kan dei gjera det da? - Korleis gjer du det? - MÅ du vera venn med dei? - Er ikkje Facebook stengd på skulen dykkar? - Kva seier leiinga? - Får du lov til dette? - Er ikkje elevane nok på Facebook? - Kva gjer du når Facebook ikkje skal brukast? - Eg svara: - Ja, - Nei! - Eg får lov. - Ja! -  Men eg styrer når dei skal bruke Facebook, ... - Facebook verkar ikkje forstyrrande inn på mi undervisning. - osv.

"Held du framleis på med Facebook i timane?", får eg tre år seinare ofte høyre og svarar med eitt eller to nikk at det gjer eg, i varierande grad, alt etter kva vi held på med av fagleg stoff. Elevane mine har i år valt lukka Facebook-grupper for å kunne velja kven som skal ha innsyn i det dei deler og legg ut fagleg.

Difor er det ikkje noko nytt  i dette, å bruke Facebook i undervisninga, det digitale er der, vi er på nett, og dei sosiale media blir nytta av både lærarar og elevar. I dag er elevane både på Twitter og Instagram, i tillegg til Facebook, og der kan vi lærarar ikkje styre om elevane vel å følgja oss, så lenge vi har opne kontoar. På Facebook derimot, kan vi sjølv bestemme kven vi vil kommunisere med.

Konkret bruk av sosiale medium, til dømes Facebook, i undervisninga, handlar om kommunikasjon og klasseleiing. Når nettet er ope, veit vi at elevane er på Facebook og sjekkar sida med jamne mellomrom. Dette trur ikkje eg forstyrrer elevane og konsentrasjonen i særleg grad, så lenge dei legg fana ned og er raskt attende i klasserommet. Når vi fyrst nyttar Facebook i undervisninga, så er det lettvint at elevane er pålogga, for skal noko leggjast ut raskt, er den enklaste måten å leggja meldinga eller lenkja ut på Facebook-sida eller gruppa klassen har. Dette gjer elevane sjølve, lenkjer kan også sendast via chatt på Facebook innad i små grupper, det tek berre nokre sekund. Desse funksjonane letnar kommunikasjonen og delinga i klasserommet, der tidsklemma går på lengda av klassetimane, 45 eller 60 minutt, og blir difor ein vinn-vinn situasjon for både lærar og elevar.

Når det gjeld klasseleiinga, er organiseringa av klasserommet viktig for å sjå skjermane og få elevane vekk frå sider som ikkje høyrer heime i timane. I år sit ein av klassane mine ved runde bord (fire store bord), der eg lett kan gå rundt i klasserommet og sjå skjermane til elevane. Ein annan måte er å la elevane sitja med borda inntil veggane i klasserommet med ryggane mot rommet, slik at læraren ser skjermane heile tida, men da må elevane snu seg når læraren går gjennom fagleg stoff framme ved kateteret. (Dette har også vore eitt av argumenta mot runde bord.) Eg har testa båe alternativa, og fann ut, i samråd med elevane, at det framleis, i vår digitale tid, er betre med tradisjonelle pultrekkjer etter kvarandre, fordi elevane opplever det keisamt å snu seg mot kateteret og notere med PCane på fanget. Så får heller vi lærarar vera mobile og ta oss rundar rundt i klasserommet.

Jau, eg nyttar framleis Facebook i timane, kanskje ikkje så mykje som da eg starta med det, men det er der som ein variasjon, særleg for å skapa gode haldningar og nettvett og oppretthalde den gode dialogen med elevane. Facebook er supert for dei raske meldingane, til skriving av stutte tekstar, til oppsummeringar på slutten av timane og tunge lenkjer som til dømes NRK-program. Til samskriving fungerer Google Drive betre enn Facebook, også for lengre tekstar, har skrive om dette her på bloggen. Facebook nyttar vi da for å få tak i og dele lenkja, til det kan andre verkty, som OneNote, sjølvsagt også brukast, det viktigaste er at elevane får lett tak i det dei skal arbeide med.

PCane har vi, der ligg dei digitale verktya, vi lærarar må sjølve velja kva slags verkty vi vil ta i bruk i timane våre, mykje er også fagavhengig, og korleis dette kjem ut i praksis handlar om klasseleiing.

tirsdag 27. november 2012

iEtherpad, Google Drive og Facebook


Dei digitale moglegheitene i klasserommet blir stadig fleire. Sia klassane mine arbeider ein del på Facebook, likar eg å finne nye utfordringar for dei der, ikkje fordi Facebook ikkje er digitalt krevjande nok, men fordi eg vil at elevane skal kjenne til dei ulike arenaene dei kan dra nytte av, både i mitt fag og i andre fag. Facebook i timen er ikkje lenger det store nyhende, difor er det greitt å ha Facebook som basis og så teste ut nye område på nettet derifrå. Det gjer eg på den måten at eg har delt lenkja frå Google Drive på Facebook, slik at elevane skriv i det dokumentet etter at lenkja er posta på Facebook. Da slepp elevane å opprette eigen Google-konto for å nyttiggjera seg dette delingsdokumentet. Med ein del arbeid i forkant av eit ferdig dokument, er iEtherpad glimrande å skrive på innad i dei ulike gruppene, og når oppgåvesvaret er ferdig, kan det kopierast inn på dokumentet i Google Drive på Facebook. iEtherpad kan tene som kladd og refleksjonsnotat og Google Drive der det ferdige fagsvaret ligg for deling. Lenkja til iEtherpad forsvinn etter ei tid, og er ho ikkje lagra i OneNote eller annan stad for at innhaldet skal bli kopiert, kan det vera vanskeleg å finne att, da namnet i browseren er langt og komplisert. På Google Drive forsvinn det ikkje, og enda betre er det å finne det att på fagsida på Facebook. Når klassen har eiga fagside eller gruppe på Facebook blir jo det både kunnskapsbank og refleksjonsarena i kommentarfelta for klassen. Facebook sender tråder til så mange og inkuderer enda fleire med sitt breide kommunikasjonsfelt.

torsdag 22. november 2012

Nynorske statusoppdateringar på Facebook

Elevane sine statusoppdateringar frå eigen Facebook-profil
Artig nynorsktime i dag. Fekk elevane til å skrive statusoppdateringane sine på nynorsk på sine eigne Facebook-profilar. Har gjort det før, med hell, difor eg ville gjera det om att. Ikkje noko nytt i dette, men ein suksess kan da gjentakast, ikkje sant? Målet er å vise at nynorsk er eit bruksspråk. Starta timen med å halde fram der vi slapp førre timen; med nynorsk, skreiv om ein heilt vanleg nynorsktime her på bloggen i førre innlegget, og sia elevane er på Facebook var det lettvint å be dei skrive der. Det vekte sjølvsagt engasjement. Desse elevane, vg1, hadde ikkje fått akkurat denne beskjeden før, sjølv om vi har eiga fagside på Facebook. Dei skreiv statusoppdateringar og kommenterte statusen til kvarandre. Slikt blir det god nynorsktrening av og slikt må delast på fagsida på Facebook. Så vart gjort og elevane ville skrive på Facebook på nynorsk ei heil veke framover, etter at eg hadde ymta frampå om det. Så får vi sjå korleis det går, tanken er i alle fall i god nynorskånd, om han lykkast eller ei - det får vi sjå om ei vekes ttid. Hurra for nynorsk på Facebook (att)!

På Twitter tvitra eg sjølvsagt om nynorskhendinga, som vart retweeta av gode tvitrarar:

onsdag 21. november 2012

Ein heilt vanleg nynorsktime

Å variere nynorsktimane i vidaregåande er ei like stor utfordring, anten eg går til time i vg1, vg2 eller vg3. Denne onsdagen stod nynorsk på kalenderen for vg1 i fyrste timen. Heldigvis er det ei tid på dagen elevane er vakne og "fit for fight", som det så poetisk heiter på "ny norsk", så eg la opp til ein fullpakka time med håp om å koma gjennom meir enn eg rakk med den same klassen i går, i den siste timen etter ein dobblettime med gym. I dag hadde eg i alle fall håp om at dei skulle møte utkvilte, mette og utørste. Dette skriv eg for å ymte litt om korleis stoda var i klasserommet i norsktimen tysdag ettermiddag. :-)

Fyrst greip eg tak der vi slapp dagen før; novelleanalyse av "Abraham hogger ned Isak" av Espen Haavardsholm. Analysen dei skulle lesa stod på nynorsk, det passa jo bra i ein nynorsktime, elevane las i læreboka, Grip teksten, og gjorde ei rask samanlikningsoppgåve om analyseteksten opp mot ein mal for tolking av episke tekstar i same læreverket. Elevane noterte her berre stikkord i OneNote for diskusjon seinare.

Hovudteksten; "Abraham hogger ned Isak", er skriven på bokmål og elevane fekk i oppgåve å omsetja dei 13 fyrste linene av novella til nynorsk. Dei arbeidde to og to i lag, sjekka med iFinger og vart ferdig med omsetjinga i såpass god tid at det vart tid til å gå gjennom alle setningane høgt i klassen ved at elevane på omgang las opp ein og ein setning. Eg tok tak i grammatikken og noterte på tavla dei orda som fall vanskelege: substantivbøying av eit auga, verbbøying av å synast, å finnast, kva heiter lille på nynorsk og ikkje ham og man på nynorsk. Ganske nøgd etter denne timen med lesing av novelleanalyse på nynorsk, omsetjing frå bokmål til nynorsk og grammatikkterping. At novella, som var basisen for dette arbeidet, var ei god og sterk novelle som gjorde inntrykk, var heller ikkje dumt, elevane viste interesse både for språk og innhald, det er jo noko som svært ofte heng saman.

Ein heilt vanleg time, men eg trur elevane fekk med seg ein god del. Freistar å ha ein fast time i veka med nynorsk, og det let seg faktisk godt gjera å knytte det opp til relevant fagleg stoff, ei utfordring som slett ikkje er altfor krevjande.

fredag 12. oktober 2012

Vi kastar ikkje kattar

«… og så skal dere få møte en ny og lovende NRK-profil, han heter Leo Ajkic, han er bosnier, han er bergenser og den snilleste gangster’n i norsk TV!» sa Anne Lindmo til applaus og hurrarop under introduksjonen til programmet Lindmo på NRK TV sist laurdag. Det bar så godt i veg, på fredeleg vis med Linn Skåber og Kristopher Schau i god samtale med programleiaren, same med Jørn Hurum og hans fossilteam, før Leo Ajkic i møte med andre folk på gata, tøff og rapp i kjeften, på eit vis fasinerande og imponerande i sin verbale stil, råka på ein katt som han berre greip med seg og kasta ut frå ein terrasse. Det såg høgt ut, katten forsvann sjølvsagt, før Leo, tøff i trynet, gjekk vidare og klaska ei dame på rumpa.
Eg fekk sjokk! Ikkje av klasket på damas bakende, men av kattekastet. Kva var det han gjorde? Heiv du berre katten frå deg, Leo? Smilande spurte Anne Lindmo «hvordan gikk det med katta?» då Leo kom inn i studio, ho fekk kontant til svar at katten kom att, «logrende med halen som en hund». For det fyrste så lograr ikkje kattar med halen som ein hund, dei smyg seg tett inntil beina på den dei elskar og stryk med sida på andletet og kjæler med bakenden sin. Slik viser kattar glede, kjærleik og tillit til den som viser dei respekt. Og kattar er kloke dyr, dei ser fort kven dei kan ha tillit til, og dei hugsar. Halen brukar dei til å riste, eller skjelve med, medan dei markerer seg og kjenner seg trygge, samstundes som dei vender bakenden til det eller den dei viser seg fram til; «sjå på meg, eg er rein» er kattespråket her.
Katten kommuniserer altså med bakenden og fortener at vi respekterer språket han uttrykkjer med halen. På same måten som ein ikkje utan vidare klaskar ei dame på bakenden utan hennar samtykke, tek ein ikkje ein katt og berre hiv frå seg. Eg vil tru Leo i forkant hadde klarert kvinnfolkklasket på damas halebakdel, men eg trur ikkje han hadde gjort det same med kattekastet frå terrassen. No var det sikkert ikkje så høgt frå terrassen som det såg ut som, men for sjåarane såg det høgt ut, og eg vil tru det var eit verkemiddel TV-teamet var klar over. Kva skulle ein elles oppnå med kattekastet?
Der rå, tøff og brutal verbalkommunikasjon ikkje strekk til, er det slett ikkje tøft og gangstersnilt å bruke forsvarslause dyr og berre hive frå seg. Tenk over kva slags signal de sender ut ved å vise rå og brutal framferd mot eit forsvarslaust vesen. Vi kastar ikkje kattar. Den handlinga hadde Lindmo tent på å ikkje ha med i programmet, og Leo hadde stått fram mykje meir gangstersnill ved å bøye seg ned og klappe katten i forbifarten og klaske han lett på halebakenden, det hadde katten likt. Dama var nok med på leiken, elles hadde ho sagt frå, det hadde også katten gjort viss han hadde fått ein kjærleg klapp på rumpa, ved å kome smygande att, tett og kjælande inntil beina til Leo, ikkje logrande som ein hund. Når damebakdelen, ifølgje Leo, ikkje rista nok etter klappen hans, vil eg tru at katten han kasta frå seg, rista nok etter sjokket over å bli hivd over gjerdet rett ut frå ein terrasse, same kor høgt eller lågt han fall. Det er ikkje høgda og ristinga det er snakk om her, men kastet eller klappen, anten det gjeld halen på katten eller dama.
På Twitter la eg ut følgjande tweet etter kattekastet laurdag kveld: «Ikkje tull med katten min #lindmo og #Leo: ikkje tøft å kaste kattar, kast kva du vil, men ikkje katten min! #nrk1» Fleire trykte RT, altså vi fekk mange halebakendeklappar tilbake, katten min og eg.
 

onsdag 5. september 2012

FACEBOOK ATT! Deling av oppgåver på Facebook.

"Vi skal vel ha Facebook i norsken i år også?", spurte elevane ein av dei fyrste timane etter skulestart. Med gruppe på Facebook er det lett å berre endre namn og halde fram med den same gruppa frå i fjor, eg plar leggje ein av elevane til som administrator, så ordnar det seg kjapt. Dette er no vg3, vi starta med gruppe på Facebook i vg1, på grunn av alderen til elevane, gjekk over til side i vg2, men da elevane opplevde sjikane av nokre få (kjende) utanforståande på denne fagsida på Facebook, ba dei om å få gå over til gruppe att. Difor vart sida nedlagt og gruppe oppretta. Synd at andre som ikkje har anna å gjera enn å skrive upassande kommentarar på ei seriøs fagside er med på å ødeleggja det elevane legg ut og skriv. Diverre er dette noko vi ikkje kan garantere oss mot og er den digitale openheita si største byrde.

I vg3 har vi starta opp med Det moderne prosjektet i norsk, ganske tungt stoff for elevane, med omgrep som fridom, fornuft, framskritt, kunnskap, opplysning og modernitet kontra modernisme. Da elevane arbeidde med oppsummeringsoppgåvene til dette kapitlet, arbeidde dei i grupper med ulike oppgåver som dei la fram munnleg for dei andre gruppene i klassa. For å dele dette skriftleg, og ha det tilgjengeleg som repetisjon til langsvaroppgåver, prøver og kommande eksamen, la kvar gruppe ut sine svar med oppgåvenummer på klassas Facebook-gruppe, under statusoppdateringa: "Oppsummeringssvar frå Det moderne prosjektet".

onsdag 23. mai 2012

Sterke verbhistorier frå tysdagstimen

Facebook er i bruk i timane mine, det er ikkje noko nytt at elevane har fagsider på Facebook og skriv nynorsk på Facebook. Eg har blogga om dette tidlegare og nyttar gjerne opp att vellykka Facebook-opplegg frå åra før. Slik blir sterke verbhistorier teke opp att etter gjennomgangen av sterke verb på nynorsk; verb utan ending i presens og preteritum, dei fleste med vokalskifte; som å fare - fer - for har fare. Språkrådet har gode grammatikksider om sterke verb med døme og øvingar, noko elevane likar å bruke, lesa og gjera øvingane til. Eg gjev elevane fyrst ei forklaring på sterke verb med døme, kor skilnaden ligg mellom svake og sterke verb, og kva inneber eit vokalskifte. Elevane bøyer eitt og eitt verb, og etter å ha høyrt på bøying av tjuefire sterke verb, får elevane i oppdrag å skrive nokre setningar som alle skal innehalde sterke verb. På ein heilt vanleg tysdag blir det knallsterke historier med sterke verb formidla av råsterke elevar på den sterke Facebook-gruppa. Slikt skapar sterke nynorsktimar, og her er dei sterke verbhistoriene:

Eg naut å fryse, men samtidig sleit eg med å skrive forteljinga, fordi eg beit tennene mine og greip etter varmeapparatet. Eg heldt på å bryte saman, og tenkte at no kryp eg snart i senga. Det ville vere å lyge til meg sjølv om eg ikkje snart innsåg at eg fraus. Eg må drikke noko varmt, så eg kan syngje igjen. Snart ryk stemmebandane mine, så eg spring ned for å finne ein kopp te. Plutselig ble eg skote.
 
 
Eg kan ikkje bite. Mamma driv og mobbar meg. Eg ventar på at nokon skal gripe inn, så sola kan skin. På skulen skreiv eg om kor forferdeleg eg hadde det heime. Eg sleit kvar dag og det føltes som om alle hadde svike meg. No er eg lei meg.
 
 Det var ein gong ein som drakk kaffi. Han var så glad i det at han naut kvar einaste slurk. Ein dag brann han seg på det varme vantet. Han fikk så vondt at han måtte krype til vasken for å kunne drikke kaldt vatn. Han greip krana og drakk vatn. Men det var så kaldt at han plutseleg begynte å fryse.

Det var ein gong ein bjørn som beit ein fisk. Denne fisken var ein flygefisk som flaug over ei elv. Då fisken blei biti skreik den. Då kom det ein jeger som kjem til fiskens unnsetning, og skaut bjørnen. Bjørnen kraup av stad langs bakken. Jegeren naut synet.

 

Eg syng kvar dag og eg finn mykje glede i synging. Etter skulen spring eg heim. Eg brenn etter å drikke saft fordi eg har sunge for mykje. Ofte kryp eg under senga mi for å nyte dagen. Der er det kaldt så eg frys alltid. Eg slit med å finne tonen nokon ganger, og da skrik eg av frustrasjon. Når eg syng så skyv eg bort alle problema mine.

torsdag 26. januar 2012

Nynorsk, sidemålskarakterar og Facebook



Det må ikkje gå ut over sidemålet 
At Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil sjå på arbeidsbøra til norsklærarane, er prisverdig, så lenge det ikkje går ut over sidemålet i skulen.Talet på norskkarakterar bør ikkje endrast, sidemålet kan avsluttast etter vg2 i vidaregåande, og elevane får høve til å perfeksjonere seg i hovudmålet det siste året.Målet må vera å motivere elevane til å skrive på båe målformer. Facebook er ein variant som kan nyttast i undervisninga for å få elevane til å skrive stuttare tekstar på sidemålet sitt. Dette vil vera ei god øving til avsluttande eksamen i vidaregåande, der elevane kan få ein korttekst som ei av eksamensoppgåvene i norsk.Kva med meir sakprosarelaterte oppgåver til sidemålseksamen i vg2, som skriving av brev, rapportar og referat? Jamfør det er lovfesta innan offentlege etatar å svara i den målforma ein har motteke brev i, difor blir det slik elevane seinare kjem til å ta i bruk sidemålet. Såleis vil ikkje dette gå inn for fjerning av eitt av skriftspråka våre, ei heller for reduksjon i talet på karakterar i norskfaget.


Dette innlegget er publisert i "Kort sagt" , side 6, i Aftenposten, 26. januar 2012.

fredag 21. oktober 2011

Bokhylla.no


I min undervisningskvardag er bokhylla.no eit must. Berre eitt eller to (kanskje tre) tastetrykk, så har elevane og eg boka vi søkjer, novella vi skal lesa, verket vi var ute etter, sitatet vi leitte etter - oppe på skjermen og klar til å lesast. Borte er tidkrevjande leiting etter akkurat den boka i skulens bokmagasin, ikkje alle bøker er innkjøpt til skulen og tilgjengeleg for ei heil klasse på tretti elevar, no slepp eg å irritere meg over at det som skulle ha vore fullt klassesett manglar to eller tre bøker som gjer settet vanskeleg å bruke i klassa. Alle elevane må jo ha kvar si bok å lesa, elles kan vi ikkje bruke dei innkjøpte verka. Sjølv om biblioteket på skulen har eitt eller to eksemplar av det verket vi søkjer, så er det kanskje til utlån, og skal ein bruke det same verket i heile klassa, så er det ikkje nok med eit par utgåver til bruk. Dette skulle vera kjent problemstilling for dei fleste lærarane.
Noregs største digitale bokhylle gjer dette lettvint, greit, tidsparande og tilgjengeleg for oss. Elevane har kvar sin PC, dermed er det berre å søkje opp det verket ein vil lesa, så har alle elevane teksta framme på sin skjerm. Slik les vi verka i den vidaregåande skulen i dag. Skulle nokon ønskje å låne boka på biblioteket, anten på skulen eller det lokale biblioteket der dei bur, så er det fullt mogleg for dei som vil ha boka i papir framfor seg, i tillegg til den digitale utgåva. Men ved å bruke Nasjonalbiblioteket si digitale teneste, så har alle elevane boka med til kvar time, dei har ho tilgjengeleg heime til lekselesing, ho tek ikkje plass; ho ligg i skya på PC-en, og ho er umogleg å gløyme att heime med pakking av sekk og smøring av matpakke på tidlege morgonar.
I norskklassa mi i VG2 les vi no Soga om laksdølane på bokhylla no, det var berre å skrive tittelen i søkjarfeltet; vips så hadde alle elevane soga framfor seg og høgtlesinga kunne byrja. Er teksta ein søkjer del av eit større verk, er tittelen på det du har skrive i søkjarfeltet i gul farge, og skil seg difor ut frå dei andre tekstene i samlinga. Aldri før har ei heil klasse vore så raskt inne til rett tid på den sida som skal lesast. Tilbakemeldingane frå elevane går på at det er lett å forstå korleis dei skal bla seg fram og attende i dei einskilde bøkene dei les på bokhylla.no, og at det er greit å søkje opp dei verka dei vil lesa.
Å lesa på skjerm er elevane vande med, dei finn fort fram og har erfaring med å gjera seg kjende med det som ligg ute på nettet. Slik sett er Noregs største digitale bokhylle på lag med elevane, dei har sin eigen PC, og i den ligg alle verktya og dei uendelege moglegheitene for å hente fram dei skriftene og den kunnskapen dei vil nyttiggjera seg. Den generasjonen er digital, bokhylla ligg på nettet i den digitale skulesekken som elevane ber med seg kvar dag. God bokhylla.no!

tirsdag 18. oktober 2011

Kan eg få vera her?

Kan eg få vera her? Jenta på andre rad såg blidt opp på meg idet eg kom inn i klasserommet og la frå meg bøker, PC og notatark på kateteret. "Så klart", svara eg, og kjende det gjekk ein varme gjennom meg, triveleg å sjå att eleven eg hadde i fjor og som no ville vera med i norsktimen min. "Eg har fritime", heldt ho fram, difor passa det å vera med i denne timen, skjønte eg. Tema var islandske ættesoger, og sjølvsagt følgde ho med, tok notatar og var konsentrert i mi gjennomgang om handlinga i Soga om laksdølane. Eg vart glad, er det noko som gjer ein lærar lykkeleg, så er det når elevane viser glede over å vera i klasserommet.
Jenta skulle visst ho redda dagen min, som lærar er det ikkje alltid ein føler ein har elevane med seg, og det kan vera langt mellom dei rosande orda. Eg plar seia at det næraste ein lærar kan føle å ha lykkast, er at elevane seier timen var "ok". Noko meir trur eg ikkje vi kan vente oss. Difor uttrykte denne handlinga om å vera her, vera til stades i klasserommet, meir meining enn den velformulerte utsegna.
Kommunikasjon er meir enn ord. Når jenta valde å vera med i ein time ho ikkje trong ha, men fann ut ho ville vera til stades i, heilt sikkert aller fyrst fordi bestevenninna går i klasse, trur eg likevel eg kan fastslå det var ein del fagleg interesse med i valet. Elevane er verkeleg interesserte fagmenneske, dei vil lære og ta til seg ny kunnskap, og dei trivst i klasserommet. Er det noko rart eg seier eg har verdas beste yrke?

Månadens poet i Dagbladet

Martin Stray Egeberg
Månadens poet i Dagbladet heiter Martin Stray Egeberg, er 18 år, og går i VG3 på St. Hallvard videregående skule i Lier. Martin skriv dikt, gjerne om generasjonar og om tid, om æva, at nokon har vore her før oss og nye kjem etter, at alt er i ein evig sirkel. Martin er inspirert av slovensk poesi etter å ha vore med på lyrisk sommarskule i Nederland sist sommar, han har vore i finalen heile 13 gonger, og no i september vart han for tredje gong kåra til månadens poet blant dei fem finalistane. Han vann både i mars, august og no sist i september med diktet; "religiøs befrielse".

For ein norsklærar er det morosamt å ha ein elev i klassa som tør å skrive offentleg, gjera seg synleg og få fram bodskapen sin slik Martin gjer. At Martin er kritisk, det liker vi, vi vil ha sjølvstendig tenkjande elevar. Difor vart det kake i norskklassa og Martin las opp vinnardiktet sitt frå september.

Les grunngjevinga frå juryen i Dagbladet her, slikt varmar ein norsklektors hjarte.



mandag 17. oktober 2011

Å overleva ein hjartestans



Å overleva ein hjartestans
«Skjønner du kva som har skjedd med deg?» Orda kom samtidig med eg slo opp augo og eg umiddelbart forstod eg var i ein ambulansesituasjon; dei gule og raude fargane rundt meg fortalde meg det. «Du fall om på trening, kva heiter du?» «Liv Marie Sørjordet Schou», eg fekk med alle fire namna mine, på spørsmål om når eg var fødd, gav eg opp heile fødselsdatoen min med dag, månad og årstal. «Kor var du på trening?» «Akropolis», svara eg, «Ja, men det finst fleire Akropolis-senter i Drammen», heldt han fram. «Akropolis på Marienlyst», repliserte eg kjapt, eg hugsar eg da skimta eit smil med eit nøgd nikk, så fekk eg fred og sovna att. Den stutte stunda eg var vaken, gjorde meg ikkje redd, eg hugsar eg hadde ei oppleving av indre ro og lykke.
I ettertid har eg fått veta at det var legen som følgde meg i sjukebilen frå sjukehuset i Drammen til Rikshospitalet som stilte meg desse spørsmåla, han skulle sjekke om eg kunne gjera greie for meg etter hjartestansen tidlegare på kvelden. Sjølv var eg uvitande om den store dramatikken eg hadde stelt i stand på treningssenteret. Midt under ein step-time, med god musikk og spreke deltakarar, skjer det som ikkje skal skje, men som har skjedd med fleire i det siste, og no nyleg på fotballbanen; hjartet mitt stoppa plutseleg å slå. Førti minutt ut i timen, medan intensiteten og pulsen var på topp, fall eg om midt i salen blant treningskameratane mine. Sjølv hugsar eg ingenting, men instruktøren har fortalt ho la merke til at eg verka meir ukonsentrert den timen enn eg hadde gjort tidlegare.
Før på dagen tenkte eg på å springe ein tur i skogen, det var tidleg i oktober, sol og varmt i vêret, som ein av desse fine dagane vi har hatt i det siste. Ein SMS frå dotter mi som ville sitja på heim etter trening, avgjorde at eg trena inne den dagen, og eg kan aldri gløyme denne meldinga: «Hei mammaJ Skal du trene i dag? Tar toget til Drammen litt før kl. 18, går til Akropolis, møter deg der. Glad i degJKlem Ane». Hadde eg valt ein treningstur i skogen åleine, ville utfallet ha vore heilt annleis. Eg var heldig som var der eg var, med folk som sette i gang med gjenoppliving; hjartekompresjonar og munn til munn-metoden. Brannvesenet hørte oppringinga til 113 og greip inn med beskjeden om at dei var rett i nærleiken og kom med hjartestartar før ambulansen nådde fram. Eg fekk god hjelp av flinke folk, aldri før har det å vera på rett stad til rett tid vore så treffande aktuelt.
«Du kan vera glad som har overlevd med intellektet i behald», sa legen på Rikshospitalet til meg, og gradvis gjekk det opp for meg kva eg hadde vore gjennom. Smertene i brystkassa etter dei harde hjartekompresjonane som gjorde at eg ikkje kunne snu meg over på sida før etter tre månader, lungebetennelsen eg fekk etterpå og kjensla over å liggje rett ut totalt kraftlaus, var med eitt uvesentleg. «Ja, eg har vel det?» hugsar eg at eg sa, eg vart kanskje litt i tvil. «Det ser ikkje annleis ut, nei!» svara legen lett humrande og møtte blikket mitt. Dei næraste fekk veta eg laut ha fullstendig ro, legen fortalde ein hjartestans er som å springe to maratonar på rad.
Det vart sagt det er ikkje mange sekunda ein har på seg før hjartestans kan føre til hjerneskade, og at berre vel 5 % overlever hjartestans utanom sjukehus. Eg hugsar eg låg att i senga med mange tankar som fôr rundt i hovudet mitt: kva om, tenk om? «Du kan vera glad som har overlevd med intellektet i behald.» Dei orda hører eg framleis, og eg likar det når dei dukkar opp att i hovudet mitt, for det var det legen sa. Eg hadde vore så nær, så nær, eg fekk høre at hjartet hadde stoppa fleire gonger, at dei hadde brukt hjartestartaren meir enn ein gong, både på treningssenteret og sjukehuset i Drammen, at det hadde vore dramatisk, at det var eit under at eg levde.
I dei tre åra som har gått etter hjartestansen, har eg hatt mange tankar, og det har nok mannen min og familien min hatt også. Sjølvsagt har vi prata om det verst tenkjelege, at eg kunne ha vakna opp att som ei anna enn ho eg var den dagen eg drog på trening og hjartet ikkje ville meir. Eg har sagt til mannen min at eg ville gitt han fri dersom så hadde skjedd, eg ville ikkje ha vore til byrde. Sjølv om orda kom etter den alvorlege hendinga, er det godt å ha sagt det. Dette kom tydeleg for meg da eg såg intervjuet i Laurdagsrevyen den 24. september i år med Mette Trulsen, trebarnsmora som tok valet å leva åleine etter at mannen fekk varig hjerneskade etter ei bilulykke. Han sit der eg kunne ha vore no, at eg ikkje er der han er, men her, er meir tilfeldig enn rettferdig.
Livet mitt har endra seg noko etter stansen, som eg likar å kalle det, eg har fått mine restriksjonar som eg må følgja. Undersøkingar viste at eg har ARVC, arytmogen høgre ventrikkelkardiomyopati, og eg fekk difor operert inn hjartestartar, ICD, som slår inn dersom det same skulle skje ein gong til. Med ARVC er eg åtvara mot å drive trening med høg puls, og må i tillegg til hjartestartaren gå på hjartemedisin. Overgangen var stor frå å trene minst fem gonger i veka til å bli mosjonist med gåturar som det mest krevjande. Eg har blitt vant til det no og synest det er godt å gå lange turar i passe tempo. Har prøvd meg på ergometersykkelen og på lett spinning på treningssenteret med pulsklokke, og sjølv om eg er med på fellestimar, held eg låg puls.
Eg tenkjer ikkje dagleg på at eg går rundt med hjartestartar, føler meg trygg og har ei indre ro, veit eg er heldig, for skulle hjartet mitt stoppe att, vil hjartestartaren slå inn og redde meg. Eg er tilbake i klasserommet saman med elevane mine, arbeider full stilling og har funne ut at livet godt kan levast rolegare, eg kan gå vidare med saktare fart, det gjeld berre å innrette seg etter der ein har hamna. Kor viktig det er å kunne hjarte-lunge-redning må siste dagars hendingar med den lykkelege historia om fotballspelaren Carl-Erik Torp vera eit bevis på, han fekk også hjelp av dyktige folk som kunne HLR og bruk av hjartestartar. Han var også på rett stad til rett tid.
Sjølv om eg føler eg har vunne i Lotto, må det ikkje bli som eit terningkast om vi overlever ein hjartestans eller ikkje. Folk må få kunnskap og opplæring i livreddande fyrstehjelp. Hugs hjartekompresjonar reddar ikkje liv åleine, dei førebur hjartet på bruk av hjartestartar etter ein hjartestans. Difor må fleire lærast opp i hjarte-lunge-redning og bruk av hjartestartar, det må ikkje vera slik at det er tilfeldig kvar vi er som avgjer om vi overlever ein hjartestans eller ikkje.

onsdag 14. september 2011

Norsk på Facebook i år også!

"Vi skal vel ha Facebook-side i norsk i år også", kom det spontant frå eleven i andreklasse, same eleven hadde hatt Facebook-gruppe i VG1, og no ønskte ho å halde fram med fagskriving på Facebook i det nye skuleåret. "Yes!", tenkte eg, - "supert". "Klart vi skal det", svara eg, noko anna ville vera utenkjeleg. Sjølvsagt skal vi skrive på Facebook, og vi skal ha open side, i VG1 i fjor valde eg å ha lukka gruppe, sia elevane var så unge. I år held eg fram med stort sett dei same elevane i VG2, og vel open side, slik eg hadde med VG3 sist skuleår. Elevane ville vera med på det, og eg har etter eitt år med fagleg Facebook-skriving opplevd det stimulerer skrivelysta til elevane og det endelege produktet deira, at dei veit fleire kan (og vil) lesa det dei legg ut. Håpar mange vil "like" sidene våre:-) Byrjinga av skuleåret er alltid kaotisk med mye som skal på plass, difor har det tatt litt tid å koma i gang med fagsida på Facebook, både i norsk VG2 og VG3, fagsida i psykologi kom litt raskare opp, sjå førre innlegget her på bloggen; Psykologi på Facebook. Vel også i år å bruke dei ressursane eg finn på nettet, som artiklar frå til dømes Aftenposten, Dagbladet, VG, Morgenbladet og Drammens Tidende, ofte har dei artiklar som kan knyttast fagleg opp til det vi arbeider med i timane. Der er bruken av Facebook genial, lettvint å leggje ut lenkjer og enkelt for elevane å lesa og kommentere. Same med NRK, program med fagleg relevans let seg lett leggja ut på fagsida på Facebook, elevane kan sjå programma på kvar sine PC-ar heime, gjerne som heimelekse, eller på skulen på felles skjerm i klasserommet. Som før brukar eg Facebook som tillegg til læringsplattforma, ikkje i staden for, og ofte på slutten av timen til oppsummering og apropos til det vi held på med, da får vi med både fagleg refleksjon og skriving. Det er jo slik at har ikkje elevane reflektert før gjennom timen, så blir dei pressa til det når dei skal skrive på Facebook, slik er Facebook med på å halde fagleg nivå i timen.

onsdag 24. august 2011

Psykologi på Facebook


Så er psykologifaget på Facebook; Psykologisida for ST. Hallvard vgs. 2011-2012 er namnet på sida vår, elevane i VG2 har valt psykologi, eit 5-timars programfag på studiespesialiserande retning. Faget er populært, her på skulen har vi to grupper i psykologi.

Etter å ha brukt Facebook i undervisninga i norsk, bestemte eg meg i samråd med elevane å teste ut bruken av Facebook i psykologifaget. Eg kjem til å bruke sida i tillegg til læringsplattforma vår, ikkje i staden for, akkurat slik som vi nytta Facebook i norskfaget dei to siste åra.

Eg ser for meg at psykologisida på Facebook kan vera ein god arena for refleksjon og utveksling av tankar kring dei ulike tema vi tek opp i timane. Samstundes er Facebook, som eg har hevda før, ein "ypperstekanal" for å nå elevane der dei er, med meldingar og oppdateringar i faget. Eg gler meg til å bruke Facebook i eit nytt fag, og vil skrive her på bloggen om erfaringane mine i lag med elevane kring bruken av Facebook i psykologi.

onsdag 11. mai 2011

Å vekse opp med voksduk


Da eg var lita hadde mor alltid voksduk på bordet. Eg voks opp med voksduken, det var det fyrste eg strakk meg etter, fekk eg høre, da eg reiste meg opp for å støtte meg. Det gjekk ikkje så bra, eg drog visst med meg både fløytemugga og kaffikoppar i fallet. Kaffikoppane var tomme, har det blitt meg fortalt, men fløyteskvetten rann visst nedover ansiktet mitt.

Voksduken låg alltid på kjøkkenbordet heime, han var nok i bruk meir for det praktiske enn for pynten si skuld. Kjøkkenbordet til mor var svært vakkert, eg har det på kjøkkenet midt i dag, og det har ofte undra meg kvifor ho alltid brukte mønstra voksduk på det, bordet var så pent i seg sjølv. Men slik tenkte dei ikkje før, voksduk var noko alle skulle ha; "Jau, voksduk, det må vi ha", kan eg hugse det vart sagt over kaffikoppane kring kjøkkenbordet. "Å neimen så pen voksduk du har da, nei kor har du kjøpt den?", var spørsmålet som gjekk att når voksduken vart innvigd med kaffistunda på ettermiddagen.

Eg hugsar det var høgtid når voksduken skulle skiftast ut, alltid kom det ny voksduk på bordet til jul. Da hugsar eg mor bretta duken ut over heile bordet, slik at det hang ein kant passe ned på kvar side. Han lukta spesielt, denne nye voksduken, og så var han alltid litt bolkete dei fyrste dagane inntil han hadde blitt brukt og tørka av nokre gonger, slik at han hadde lagt seg til og festa seg på bordet. Denne voksduklukta hugsar eg meir enn eg kan skildre ho, men eg kjenner ho att på stader dei sel voksdukar, viss eg kjem nær dei nok. Ikkje desse nymotens, mjuke, tunne voksdukane, nei - det må vera av desse litt harde, stive typane. Det er det som er voksduk, i alle fall for meg.

Hugsar da eg var lita, veit ikkje heilt om eg skal våge å fortelja det, men det må bli mellom oss. Eg kunne vel ha vore rundt 4 - 5 årsalderen, eg hugsar det berre svakt, men det har blitt oppattfortalt og dermed festa seg i minnet mitt. Eg sat ved kjøkkenbordet og teikna, klypte og limte. Eg hadde fått ny, lita saks, og med eitt greip eg meg sjølv i at eg sat og klypte i voksduken til mor, frå den nedste kanten og oppover mot bordkanten. Eg kan enno hugse den sitrande spenninga inni meg, da eg klypte og hørte lyden av saksa som skar i voksduken. Mor tilsnakka meg, eg måtte da forstå at eg ikkje skulle gjera slikt. Dagen etter kom det ny voksduk på bordet, klart han måtte skiftast ut, eg hadde jo øydelagt den andre. Eg sat igjen ved voksdukbordet med same aktiviteten, og jammen klypte eg ikkje ein gong til - og øydela den nye voksduken. Det same gjentok seg, mor vart sint - kan du skjønne, eg hugsar eg hadde ei vond kjensle inni meg, visste at dette skulle eg ikkje gjera meir.

Eg voks opp med voksduken. For meg vart han den vi samla oss kring i gode stunder, til høgtid med ny voksduklukt i rommet, til eftasstunda på ettermiddagen med kaffikoppane og biteti, til teikning og brettspel, til lekselesing og til å leggje hovudet nedpå for å kvile litt, da det leita på som verst med tungt hovudarbeid. Voksduken har følgt meg frå eg reiste meg opp for å finne støtte, gjennom heile barndommen, jamvel da eg utfordra grenser og fram til i dag med nye motar og trendar innan stoff og stil. Voksduken har alltid vore der for meg, trur ikkje eg kan leve korkje utan han eller lukta, for ho er der når eg ser voksduken.

NKUL11 - til innlæring og bortlæring


NKUL11 - Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring, gjekk føre seg i Trondheim frå 4. – 6. mai, for syttande gong, og er dermed ein ung aktør innan skule og læring, som rektor ved NTNU; Torbjørn Digernes, sa i si opningstale til dei 860 deltakarane på NKUL11, det presise namnet på årets konferanse. No var nok ikkje alle 860 samla til opningsføredraget i auditorium R1, Realfagbygget, ved NTNU, på Gløshaugen, noko som kanskje var bra, da brannalarmen vart utløyst og alle laut forlate bygningen rett etter at mottoet for NKUL11; “Alltid på – overalt”, var slått fast. Litt symbolsk viste det seg risikabelt å lansere slike brannfaklar i sanntid i ope plenum.
Ifølgje rektor Digernes er det nytt for hans generasjon å vera pålogga heile tida, men med eit raskt blikk rundt i auditoriet merka eg meg at han slett ikkje er den einaste bestefaren på konferansen, han opplyste sjølv om tittelen og refererte til barnebarnas raske mobilbruklæring og dermed kommande generasjonars digitale kunnskap. Digernes nemnde kor fort dei små lærer seg mobilbruk, difor blir IKT eit naturleg verkty for barnebarna våre som er framtidas elevar.
Målgruppa for NKUL er lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar, lærarutdannarar, lærarstudentar og andre aktørar i utdanningssektoren. Når under halvparten av lærarstudentane seier utdanninga er med på å auke deira digitale kompetanse (ref. frå NKUL), er det utruleg viktig at lærarstudentane har kome med som deltakarar på NKUL11, håpet er at det også vil bidra til auka søknad til yrket. Vi treng fleire gode søkjarar til lærarutdanninga; søkjarar med interesse for og kunnskap innan IKT, for å få kompetente undervisarar til den kommande generasjonen, der IKT blir den tause kunnskapen, og anna læring kjem til å by på nye utfordringar og ny kunnskap. Denne konferansen er med på å spreie kunnskap, dele erfaringar, opprette kontaktar og få deltakarane til å nyttiggjera seg tips frå andre aktørar dei kan ta med attende til eigne arbeidsfelt.
Det faglege fellesskapet, “minglinga“ og det sosiale rundt ein slik konferanse er svært viktig, med tanke på deling av kunnskap og opprette nye faglege kontaktar. Verktya og produkta utstellarane viser fram og lærer bort til bruk i undervisningskvardagen og klasseromma, er med på å endre pedagogiske retningar og klasseleiing, som ny bruk av IKT inneber. At det også er kommersielle omsyn frå utstellarane si side, er noko ein må ta med, der gratisversjonane kanskje meir og meir er på veg ut, og skuleeigarane må innrette seg på at skulane må betale for produkta dei brukar, for at elevane skal kunne få fleire program og verkty å velja blant. For IKT-generasjonen kan det fort bli for kjedeleg og einsformig med dei same verktya, den digitale generasjonen kan og vil utvikle seg, og dei kan frå eiga læring så mye, at det skal lite til for at skulen blir bakstrevarsk og gammaldags. Vil vi ha den digitale skulen, må vi også hengja med, både i tankane og i marknadsverda. Vi må godta at dei nye digitale verktya blir til utanom skulen, verkty skulen vil bruke for å vera digital og som andre vil ta seg betalt for å laga.
Det slår meg at dei same personane er til stades på denne konferansen år etter år, mange av oss har teke ei og anna pause, kanskje annakvart år, men vi dukkar opp att og møter att kjende i forbifarten i korridorane og som føredragshaldarar. Er det slik at denne konferansen, og liknande evenement, er samlingar for ei homogen forsamling, på line med eit trussamfunn, der dei nye som dukkar opp, er nyfrelste av dei gamle travarane? Heldigvis blir konferansen streama, slik at dei som ikkje kan vera til stades kan få med seg føredraga “live”, i tillegg blir det tvitra livleg frå dei ulike sesjonane, der kommentarar under hashtaggen #NKUL let seg søkje opp som stutte referat frå føredraga, som: “Kunnskap handlar om å veta kvar du skal spørja #nkul”. Kor mange som nyttiggjer seg av dette utanom sjølve konferansen, er eit anna spørsmål. Det blir kanskje noko likt det mange opplever som respons på eiga satsing innan IKT-bruk i undervisninga. Dei største attendemeldingane kjem frå aktørar med liknande praksis frå andre skular, utanom eigen arbeidsplass. Det er eit tankekors at responsen over eige utviklingsarbeid er større “ute” enn heime blant eigne kollegaer, det heng kanskje noko i hop med profet, ikkje i eige land, men på eigen arbeidsplass. Difor har NKUL 11 og NKUL-framover ein misjon, å få med fleire innan IKT-satsing, for å styrkje arbeidet og kompetansen også lokalt, innan kvar einskild skule, der det blir in med innlæring frå eigne arbeidskollegaer som bortlærer kompetanse dei har gripe fatt i out, eit glokalt NKUL, skapa og vidareformidla av deltakarane mellom kvar samling.

onsdag 4. mai 2011

Lyrikk-kafé

Etter VG3 studieførebuande utdanningsprogram i norsk, munnlege tekster, er eitt av måla for opplæringa at eleven skal kunne;
setje saman og framføre eit avgrensa skjønnlitterært program
.Vi valde da å konsentrere oss om det moderne prosjektet; moderniteten og modernismen, ut frå det som har vore tema siste delen av dette skuleåret. Sia fordjupingsoppgåva liknar meir på det gammaldagse særemnet, og går i djubda, går det skjønnlitterære programmet i breidda, valde eg å vera fleksibel i sjangervalet og ikkje berre godta lyrikk som tema, sjølv om vi skulle ha Lyrikk-kafé.


For å ha ein skikkeleg Lyrikk-kafé, fekk eg elevane og meg sjølv til å baka kake, så det vart både muffins, sjokoladekake og kringle på bordet, med medbrakt kald drikke eller kaffi, eit tiltak elevane sette utruleg stor pris på.


Dei munnlege framføringane var varierte, alt frå samtalar mellom Kielland, Bjørnson, Ibsen og Strindberg, til opplesing og tolking av dikt, presentasjon av ulike forfattarar frå realismen fram til notida, kva dei skreiv og korleis dei ulike tema har endra seg, til samtalar om innhald og tema i desse periodane basert på tekster henta frå periodane, som til dømes kvinnelitteratur, tema frå krigen, kjærleik og opprør. Eit opplegg elevane sa dei hadde lært av frå eige arbeid og å lytte til dei andre gruppene. Dette er eit opplegg eg vil ta med meg vidare til andre fag. Sosial innæring av fagstoffet.

Profilintervju på Facebook


Saktekster er eitt av dei mange emna elevane i norskfaget på VG1 skal gjennom, ein sjanger dei får svært god nytte av å kunne seinare i livet. Ikkje berre å forstå og tolke ulike sakprosatekster, men også å kunne skrive søknader, gode referat og meldingar til ulike råd og personar. Presist språk og klare formuleringar basert på fakta utan eiga synsing og tolking står sentralt her og må klargjerast for elevane. Dette må elevane få høve til å trene på sjølve, difor er skrivetrening viktig, noko eg i norsktimane freistar å leggje til rette for i så stor grad som mogleg. Her er Facebook det solide verktyet, ofte let eg elevane skrive ei stutt tekst på slutten av timen basert på det emnet vi har gjennomgått. Nokre tekster krev lengre tid for å bli eit godt produkt på det skrivne papiret, som den timen elevane skulle intervjue kvarandre og lage eit portrettintervju av den andre.

Fyrst sat elevane stille og skreiv ned spørsmål dei ville bruke i portrettintervjuet, deretter gjekk dei saman i par og var samde i at det var viktig at dei no samarbeidde med ein eller ei dei ikkje kjende så godt frå før. Dette fann elevane ut av sjølve, og dei valde intervjuobjekta etter kven dei var minst i lag med i skulekvardagen og elles. Det er ikkje så spennande å intervjue bestevennen eller bestevenninna, samstundes såg elevane på dette som ein fin sjanse til å bli betre kjende med fleire i klassa. VG1 er jo det fyrste året på vidaregåande, og klassa har elevar frå meir enn to ungdomsskular, så mange var nye for kvarandre da dei starta opp i haust.

Dei fekk visse retningsliner å halde seg til, som å finne spesielt fram til spennande trekk ved personen dei intervjua, og passe på at dei refererte det personen sa, sjølv om dei skreiv det om med eigne ord, og ikkje leggje orda i munnen på den andre, men stille spørsmål som kravde andre svar enn ja og nei. Etter at intervjua var ferdige, skreiv kvar og ein sin presentasjon av personen, der dei skulle variere med bruk av direkte og indirekte tale i det skrevne intervjuet. Det ferdige produktet skulle vera på ca. ei side som dei skulle leggje ut på faggruppa på Facebook. Det som vart litt problematisk, er at kommentarfeltet på Facebook ikkje eignar seg for så lange tekster, og notat ikkje let seg gjera på ei lukka gruppe, difor opna vi ein diskusjonstråd, eller ordskifte på nynorsk, og limte profilintervjua inn der, for det måtte jo bli profilintervju, i og med at det vart publisert på Facebook, der alle har sin eigen profil.