Vi les Bikubesong av Frode Grytten i norsktimane i vg1. Har brukt lang tid på det, fyrste veka las vi i kvar norsktime for å koma i gang, deretter har vi hatt ein fast time i veka til lesing. Sidan boka er ein novelleroman, passar ho godt til høgtlesing i norsktimane. Eg gjer det slik at elevane les høgt ein og ein, da er alle likt i boka, og det er lett å diskutere den sist lesne novella, da alle har ho godt i minnet. Elevane blir med dette tvinga til å lesa ei heil bok, og det er ikkje dumt, på godt norsk, ja -til og med på god nynorsk. Slik ser elevane at det finst mykje god litteratur på nynorsk, og at nynorsk er eit høgst levande språk, eit bruksspråk.
Dette opplegget passar godt på vår skule, fordi ein skuletime varar seksti minutt, og det blir difor god tid til lesing og refleksjon og/eller skriving etterpå. Det kan kanskje bli noko hektisk der timane er på berre førtifem minutt, da vil det nok vera det beste å gjera det i ein dobbelttime, viss klassen har det på timeplanen.
I dag avslutta vi leseøkta med referatskriving på nynorsk av den novelle vi las høgt i timen, deretter la elevane referatet ut på Facebook-fagsida. Elevane fekk altså nynorsken inn med lesing og så eiga skriving om det dei hadde lese. Heldigvis hadde vi eit kvarter att av timen da vi var ferdig med å lesa novella, det er meir enn nok tid for å skrive stutte tekstar, referat er jo det, og elevane vart da tvinga til å skrive og formulere seg på nynorsk. Dessutan er Facebook eigna for skriving og publisering av dei korte tekstane. Det vart ein god nynorsktime med lesing og skriving hand i hand.
"Det vi må lære før vi kan gjøre det, det lærer vi ved at vi gjør det" (Aristoteles)
Viser innlegg med etiketten facebook. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten facebook. Vis alle innlegg
onsdag 13. mars 2013
søndag 10. mars 2013
Framleis Facebook?
"Skriv på Facebook!", sa eg til elevane mine ein vintermorgon i 2010, dei gjorde så, og vi oppretta fagsider og grupper på Facebook. Litt kontroversielt kanskje, men mest tankevekkjande, synest eg sjølv.
Reaksjonane var mange - frå mange; - Kan dei gjera det da? - Korleis gjer du det? - MÅ du vera venn med dei? - Er ikkje Facebook stengd på skulen dykkar? - Kva seier leiinga? - Får du lov til dette? - Er ikkje elevane nok på Facebook? - Kva gjer du når Facebook ikkje skal brukast? - Eg svara: - Ja, - Nei! - Eg får lov. - Ja! - Men eg styrer når dei skal bruke Facebook, ... - Facebook verkar ikkje forstyrrande inn på mi undervisning. - osv.
"Held du framleis på med Facebook i timane?", får eg tre år seinare ofte høyre og svarar med eitt eller to nikk at det gjer eg, i varierande grad, alt etter kva vi held på med av fagleg stoff. Elevane mine har i år valt lukka Facebook-grupper for å kunne velja kven som skal ha innsyn i det dei deler og legg ut fagleg.
Difor er det ikkje noko nytt i dette, å bruke Facebook i undervisninga, det digitale er der, vi er på nett, og dei sosiale media blir nytta av både lærarar og elevar. I dag er elevane både på Twitter og Instagram, i tillegg til Facebook, og der kan vi lærarar ikkje styre om elevane vel å følgja oss, så lenge vi har opne kontoar. På Facebook derimot, kan vi sjølv bestemme kven vi vil kommunisere med.
Konkret bruk av sosiale medium, til dømes Facebook, i undervisninga, handlar om kommunikasjon og klasseleiing. Når nettet er ope, veit vi at elevane er på Facebook og sjekkar sida med jamne mellomrom. Dette trur ikkje eg forstyrrer elevane og konsentrasjonen i særleg grad, så lenge dei legg fana ned og er raskt attende i klasserommet. Når vi fyrst nyttar Facebook i undervisninga, så er det lettvint at elevane er pålogga, for skal noko leggjast ut raskt, er den enklaste måten å leggja meldinga eller lenkja ut på Facebook-sida eller gruppa klassen har. Dette gjer elevane sjølve, lenkjer kan også sendast via chatt på Facebook innad i små grupper, det tek berre nokre sekund. Desse funksjonane letnar kommunikasjonen og delinga i klasserommet, der tidsklemma går på lengda av klassetimane, 45 eller 60 minutt, og blir difor ein vinn-vinn situasjon for både lærar og elevar.
Når det gjeld klasseleiinga, er organiseringa av klasserommet viktig for å sjå skjermane og få elevane vekk frå sider som ikkje høyrer heime i timane. I år sit ein av klassane mine ved runde bord (fire store bord), der eg lett kan gå rundt i klasserommet og sjå skjermane til elevane. Ein annan måte er å la elevane sitja med borda inntil veggane i klasserommet med ryggane mot rommet, slik at læraren ser skjermane heile tida, men da må elevane snu seg når læraren går gjennom fagleg stoff framme ved kateteret. (Dette har også vore eitt av argumenta mot runde bord.) Eg har testa båe alternativa, og fann ut, i samråd med elevane, at det framleis, i vår digitale tid, er betre med tradisjonelle pultrekkjer etter kvarandre, fordi elevane opplever det keisamt å snu seg mot kateteret og notere med PCane på fanget. Så får heller vi lærarar vera mobile og ta oss rundar rundt i klasserommet.
Jau, eg nyttar framleis Facebook i timane, kanskje ikkje så mykje som da eg starta med det, men det er der som ein variasjon, særleg for å skapa gode haldningar og nettvett og oppretthalde den gode dialogen med elevane. Facebook er supert for dei raske meldingane, til skriving av stutte tekstar, til oppsummeringar på slutten av timane og tunge lenkjer som til dømes NRK-program. Til samskriving fungerer Google Drive betre enn Facebook, også for lengre tekstar, har skrive om dette her på bloggen. Facebook nyttar vi da for å få tak i og dele lenkja, til det kan andre verkty, som OneNote, sjølvsagt også brukast, det viktigaste er at elevane får lett tak i det dei skal arbeide med.
PCane har vi, der ligg dei digitale verktya, vi lærarar må sjølve velja kva slags verkty vi vil ta i bruk i timane våre, mykje er også fagavhengig, og korleis dette kjem ut i praksis handlar om klasseleiing.
Reaksjonane var mange - frå mange; - Kan dei gjera det da? - Korleis gjer du det? - MÅ du vera venn med dei? - Er ikkje Facebook stengd på skulen dykkar? - Kva seier leiinga? - Får du lov til dette? - Er ikkje elevane nok på Facebook? - Kva gjer du når Facebook ikkje skal brukast? - Eg svara: - Ja, - Nei! - Eg får lov. - Ja! - Men eg styrer når dei skal bruke Facebook, ... - Facebook verkar ikkje forstyrrande inn på mi undervisning. - osv.
"Held du framleis på med Facebook i timane?", får eg tre år seinare ofte høyre og svarar med eitt eller to nikk at det gjer eg, i varierande grad, alt etter kva vi held på med av fagleg stoff. Elevane mine har i år valt lukka Facebook-grupper for å kunne velja kven som skal ha innsyn i det dei deler og legg ut fagleg.
Difor er det ikkje noko nytt i dette, å bruke Facebook i undervisninga, det digitale er der, vi er på nett, og dei sosiale media blir nytta av både lærarar og elevar. I dag er elevane både på Twitter og Instagram, i tillegg til Facebook, og der kan vi lærarar ikkje styre om elevane vel å følgja oss, så lenge vi har opne kontoar. På Facebook derimot, kan vi sjølv bestemme kven vi vil kommunisere med.
Konkret bruk av sosiale medium, til dømes Facebook, i undervisninga, handlar om kommunikasjon og klasseleiing. Når nettet er ope, veit vi at elevane er på Facebook og sjekkar sida med jamne mellomrom. Dette trur ikkje eg forstyrrer elevane og konsentrasjonen i særleg grad, så lenge dei legg fana ned og er raskt attende i klasserommet. Når vi fyrst nyttar Facebook i undervisninga, så er det lettvint at elevane er pålogga, for skal noko leggjast ut raskt, er den enklaste måten å leggja meldinga eller lenkja ut på Facebook-sida eller gruppa klassen har. Dette gjer elevane sjølve, lenkjer kan også sendast via chatt på Facebook innad i små grupper, det tek berre nokre sekund. Desse funksjonane letnar kommunikasjonen og delinga i klasserommet, der tidsklemma går på lengda av klassetimane, 45 eller 60 minutt, og blir difor ein vinn-vinn situasjon for både lærar og elevar.
Når det gjeld klasseleiinga, er organiseringa av klasserommet viktig for å sjå skjermane og få elevane vekk frå sider som ikkje høyrer heime i timane. I år sit ein av klassane mine ved runde bord (fire store bord), der eg lett kan gå rundt i klasserommet og sjå skjermane til elevane. Ein annan måte er å la elevane sitja med borda inntil veggane i klasserommet med ryggane mot rommet, slik at læraren ser skjermane heile tida, men da må elevane snu seg når læraren går gjennom fagleg stoff framme ved kateteret. (Dette har også vore eitt av argumenta mot runde bord.) Eg har testa båe alternativa, og fann ut, i samråd med elevane, at det framleis, i vår digitale tid, er betre med tradisjonelle pultrekkjer etter kvarandre, fordi elevane opplever det keisamt å snu seg mot kateteret og notere med PCane på fanget. Så får heller vi lærarar vera mobile og ta oss rundar rundt i klasserommet.
Jau, eg nyttar framleis Facebook i timane, kanskje ikkje så mykje som da eg starta med det, men det er der som ein variasjon, særleg for å skapa gode haldningar og nettvett og oppretthalde den gode dialogen med elevane. Facebook er supert for dei raske meldingane, til skriving av stutte tekstar, til oppsummeringar på slutten av timane og tunge lenkjer som til dømes NRK-program. Til samskriving fungerer Google Drive betre enn Facebook, også for lengre tekstar, har skrive om dette her på bloggen. Facebook nyttar vi da for å få tak i og dele lenkja, til det kan andre verkty, som OneNote, sjølvsagt også brukast, det viktigaste er at elevane får lett tak i det dei skal arbeide med.
PCane har vi, der ligg dei digitale verktya, vi lærarar må sjølve velja kva slags verkty vi vil ta i bruk i timane våre, mykje er også fagavhengig, og korleis dette kjem ut i praksis handlar om klasseleiing.
tirsdag 27. november 2012
iEtherpad, Google Drive og Facebook
Dei digitale moglegheitene i klasserommet blir stadig fleire. Sia klassane mine arbeider ein del på Facebook, likar eg å finne nye utfordringar for dei der, ikkje fordi Facebook ikkje er digitalt krevjande nok, men fordi eg vil at elevane skal kjenne til dei ulike arenaene dei kan dra nytte av, både i mitt fag og i andre fag. Facebook i timen er ikkje lenger det store nyhende, difor er det greitt å ha Facebook som basis og så teste ut nye område på nettet derifrå. Det gjer eg på den måten at eg har delt lenkja frå Google Drive på Facebook, slik at elevane skriv i det dokumentet etter at lenkja er posta på Facebook. Da slepp elevane å opprette eigen Google-konto for å nyttiggjera seg dette delingsdokumentet. Med ein del arbeid i forkant av eit ferdig dokument, er iEtherpad glimrande å skrive på innad i dei ulike gruppene, og når oppgåvesvaret er ferdig, kan det kopierast inn på dokumentet i Google Drive på Facebook. iEtherpad kan tene som kladd og refleksjonsnotat og Google Drive der det ferdige fagsvaret ligg for deling. Lenkja til iEtherpad forsvinn etter ei tid, og er ho ikkje lagra i OneNote eller annan stad for at innhaldet skal bli kopiert, kan det vera vanskeleg å finne att, da namnet i browseren er langt og komplisert. På Google Drive forsvinn det ikkje, og enda betre er det å finne det att på fagsida på Facebook. Når klassen har eiga fagside eller gruppe på Facebook blir jo det både kunnskapsbank og refleksjonsarena i kommentarfelta for klassen. Facebook sender tråder til så mange og inkuderer enda fleire med sitt breide kommunikasjonsfelt.
torsdag 22. november 2012
Nynorske statusoppdateringar på Facebook
| Elevane sine statusoppdateringar frå eigen Facebook-profil |
På Twitter tvitra eg sjølvsagt om nynorskhendinga, som vart retweeta av gode tvitrarar:
onsdag 5. september 2012
FACEBOOK ATT! Deling av oppgåver på Facebook.
"Vi skal vel ha Facebook i norsken i år også?", spurte elevane ein av dei fyrste timane etter skulestart. Med gruppe på Facebook er det lett å berre endre namn og halde fram med den same gruppa frå i fjor, eg plar leggje ein av elevane til som administrator, så ordnar det seg kjapt. Dette er no vg3, vi starta med gruppe på Facebook i vg1, på grunn av alderen til elevane, gjekk over til side i vg2, men da elevane opplevde sjikane av nokre få (kjende) utanforståande på denne fagsida på Facebook, ba dei om å få gå over til gruppe att. Difor vart sida nedlagt og gruppe oppretta. Synd at andre som ikkje har anna å gjera enn å skrive upassande kommentarar på ei seriøs fagside er med på å ødeleggja det elevane legg ut og skriv. Diverre er dette noko vi ikkje kan garantere oss mot og er den digitale openheita si største byrde.
I vg3 har vi starta opp med Det moderne prosjektet i norsk, ganske tungt stoff for elevane, med omgrep som fridom, fornuft, framskritt, kunnskap, opplysning og modernitet kontra modernisme. Da elevane arbeidde med oppsummeringsoppgåvene til dette kapitlet, arbeidde dei i grupper med ulike oppgåver som dei la fram munnleg for dei andre gruppene i klassa. For å dele dette skriftleg, og ha det tilgjengeleg som repetisjon til langsvaroppgåver, prøver og kommande eksamen, la kvar gruppe ut sine svar med oppgåvenummer på klassas Facebook-gruppe, under statusoppdateringa: "Oppsummeringssvar frå Det moderne prosjektet".
I vg3 har vi starta opp med Det moderne prosjektet i norsk, ganske tungt stoff for elevane, med omgrep som fridom, fornuft, framskritt, kunnskap, opplysning og modernitet kontra modernisme. Da elevane arbeidde med oppsummeringsoppgåvene til dette kapitlet, arbeidde dei i grupper med ulike oppgåver som dei la fram munnleg for dei andre gruppene i klassa. For å dele dette skriftleg, og ha det tilgjengeleg som repetisjon til langsvaroppgåver, prøver og kommande eksamen, la kvar gruppe ut sine svar med oppgåvenummer på klassas Facebook-gruppe, under statusoppdateringa: "Oppsummeringssvar frå Det moderne prosjektet".
torsdag 26. januar 2012
Nynorsk, sidemålskarakterar og Facebook
Det må ikkje gå ut over sidemålet
At Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil sjå på arbeidsbøra til norsklærarane, er prisverdig, så lenge det ikkje går ut over sidemålet i skulen.Talet på norskkarakterar bør ikkje endrast, sidemålet kan avsluttast etter vg2 i vidaregåande, og elevane får høve til å perfeksjonere seg i hovudmålet det siste året.Målet må vera å motivere elevane til å skrive på båe målformer. Facebook er ein variant som kan nyttast i undervisninga for å få elevane til å skrive stuttare tekstar på sidemålet sitt. Dette vil vera ei god øving til avsluttande eksamen i vidaregåande, der elevane kan få ein korttekst som ei av eksamensoppgåvene i norsk.Kva med meir sakprosarelaterte oppgåver til sidemålseksamen i vg2, som skriving av brev, rapportar og referat? Jamfør det er lovfesta innan offentlege etatar å svara i den målforma ein har motteke brev i, difor blir det slik elevane seinare kjem til å ta i bruk sidemålet. Såleis vil ikkje dette gå inn for fjerning av eitt av skriftspråka våre, ei heller for reduksjon i talet på karakterar i norskfaget.
Dette innlegget er publisert i "Kort sagt" , side 6, i Aftenposten, 26. januar 2012.
Etiketter:
facebook,
norskkarakterar,
nynorsk,
sidemål
onsdag 14. september 2011
Norsk på Facebook i år også!
"Vi skal vel ha Facebook-side i norsk i år også", kom det spontant frå eleven i andreklasse, same eleven hadde hatt Facebook-gruppe i VG1, og no ønskte ho å halde fram med fagskriving på Facebook i det nye skuleåret. "Yes!", tenkte eg, - "supert". "Klart vi skal det", svara eg, noko anna ville vera utenkjeleg. Sjølvsagt skal vi skrive på Facebook, og vi skal ha open side, i VG1 i fjor valde eg å ha lukka gruppe, sia elevane var så unge. I år held eg fram med stort sett dei same elevane i VG2, og vel open side, slik eg hadde med VG3 sist skuleår. Elevane ville vera med på det, og eg har etter eitt år med fagleg Facebook-skriving opplevd det stimulerer skrivelysta til elevane og det endelege produktet deira, at dei veit fleire kan (og vil) lesa det dei legg ut. Håpar mange vil "like" sidene våre:-)
Byrjinga av skuleåret er alltid kaotisk med mye som skal på plass, difor har det tatt litt tid å koma i gang med fagsida på Facebook, både i norsk VG2 og VG3, fagsida i psykologi kom litt raskare opp, sjå førre innlegget her på bloggen; Psykologi på Facebook. Vel også i år å bruke dei ressursane eg finn på nettet, som artiklar frå til dømes Aftenposten, Dagbladet, VG, Morgenbladet og Drammens Tidende, ofte har dei artiklar som kan knyttast fagleg opp til det vi arbeider med i timane. Der er bruken av Facebook genial, lettvint å leggje ut lenkjer og enkelt for elevane å lesa og kommentere. Same med NRK, program med fagleg relevans let seg lett leggja ut på fagsida på Facebook, elevane kan sjå programma på kvar sine PC-ar heime, gjerne som heimelekse, eller på skulen på felles skjerm i klasserommet. Som før brukar eg Facebook som tillegg til læringsplattforma, ikkje i staden for, og ofte på slutten av timen til oppsummering og apropos til det vi held på med, da får vi med både fagleg refleksjon og skriving. Det er jo slik at har ikkje elevane reflektert før gjennom timen, så blir dei pressa til det når dei skal skrive på Facebook, slik er Facebook med på å halde fagleg nivå i timen.
onsdag 24. august 2011
Psykologi på Facebook
Så er psykologifaget på Facebook; Psykologisida for ST. Hallvard vgs. 2011-2012 er namnet på sida vår, elevane i VG2 har valt psykologi, eit 5-timars programfag på studiespesialiserande retning. Faget er populært, her på skulen har vi to grupper i psykologi.
Etter å ha brukt Facebook i undervisninga i norsk, bestemte eg meg i samråd med elevane å teste ut bruken av Facebook i psykologifaget. Eg kjem til å bruke sida i tillegg til læringsplattforma vår, ikkje i staden for, akkurat slik som vi nytta Facebook i norskfaget dei to siste åra.
Eg ser for meg at psykologisida på Facebook kan vera ein god arena for refleksjon og utveksling av tankar kring dei ulike tema vi tek opp i timane. Samstundes er Facebook, som eg har hevda før, ein "ypperstekanal" for å nå elevane der dei er, med meldingar og oppdateringar i faget. Eg gler meg til å bruke Facebook i eit nytt fag, og vil skrive her på bloggen om erfaringane mine i lag med elevane kring bruken av Facebook i psykologi.
onsdag 4. mai 2011
Profilintervju på Facebook
Saktekster er eitt av dei mange emna elevane i norskfaget på VG1 skal gjennom, ein sjanger dei får svært god nytte av å kunne seinare i livet. Ikkje berre å forstå og tolke ulike sakprosatekster, men også å kunne skrive søknader, gode referat og meldingar til ulike råd og personar. Presist språk og klare formuleringar basert på fakta utan eiga synsing og tolking står sentralt her og må klargjerast for elevane. Dette må elevane få høve til å trene på sjølve, difor er skrivetrening viktig, noko eg i norsktimane freistar å leggje til rette for i så stor grad som mogleg. Her er Facebook det solide verktyet, ofte let eg elevane skrive ei stutt tekst på slutten av timen basert på det emnet vi har gjennomgått. Nokre tekster krev lengre tid for å bli eit godt produkt på det skrivne papiret, som den timen elevane skulle intervjue kvarandre og lage eit portrettintervju av den andre.
Fyrst sat elevane stille og skreiv ned spørsmål dei ville bruke i portrettintervjuet, deretter gjekk dei saman i par og var samde i at det var viktig at dei no samarbeidde med ein eller ei dei ikkje kjende så godt frå før. Dette fann elevane ut av sjølve, og dei valde intervjuobjekta etter kven dei var minst i lag med i skulekvardagen og elles. Det er ikkje så spennande å intervjue bestevennen eller bestevenninna, samstundes såg elevane på dette som ein fin sjanse til å bli betre kjende med fleire i klassa. VG1 er jo det fyrste året på vidaregåande, og klassa har elevar frå meir enn to ungdomsskular, så mange var nye for kvarandre da dei starta opp i haust.
Dei fekk visse retningsliner å halde seg til, som å finne spesielt fram til spennande trekk ved personen dei intervjua, og passe på at dei refererte det personen sa, sjølv om dei skreiv det om med eigne ord, og ikkje leggje orda i munnen på den andre, men stille spørsmål som kravde andre svar enn ja og nei. Etter at intervjua var ferdige, skreiv kvar og ein sin presentasjon av personen, der dei skulle variere med bruk av direkte og indirekte tale i det skrevne intervjuet. Det ferdige produktet skulle vera på ca. ei side som dei skulle leggje ut på faggruppa på Facebook. Det som vart litt problematisk, er at kommentarfeltet på Facebook ikkje eignar seg for så lange tekster, og notat ikkje let seg gjera på ei lukka gruppe, difor opna vi ein diskusjonstråd, eller ordskifte på nynorsk, og limte profilintervjua inn der, for det måtte jo bli profilintervju, i og med at det vart publisert på Facebook, der alle har sin eigen profil.
Digitalt samansett nynorskdikt
tolke og rerflektere over innhold, form og formål i et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiskog
gjøre rede for et bredt register av språklige virkemidler og forklare hvilken funksjon de harSamansette tekstar har som eitt av kompetansemåla
beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjoner knyttet til språk og bildeElevane fekk i oppgåve å finne fram til eit dikt dei likte, bruke det diktet og laga ei stutt historie, der dei skulle setja saman tekst, lyd og bilete i ei digital forteljing på maks 3 minutt. Dei skulle laga tittel og finne tema sjølve. Filmane skulle dei publisere på Facebook, slik at alle fekk sjå og høve til å kommentere dei ferdige produkta til kvarandre. Før dei byrja, gjekk vi gjennom sjangeren musikkvideo på nytt, og alle las kapitlet "Musikkvideoen - en sammensatt tekst" på side 45 i læreboka; Grip teksten. Dette var ikkje nytt for elevane, vi har tidlegare arbeidd med reklame og musikkvideo og diskutert dei forskjellige funksjonane knytta til språk og bilete. Sidan dette var ferdige produkt utforma av andre som elevane kommenterte, ville eg utfordre elevane til å skapa noko sjølve, men som dei likevel fekk høve til å kommentere og reflektere over.
Oppgåva var å lage ei samansett historie på nynorsk, basert på eit dikt, med tekst, bilete og musikk som skulle passe saman. Eit par grupper ønskte å lage si eiga nynorskhistorie, ut frå eit nynorskdikt dei forfatta sjølve, og dei arbeidde da hardt med språket, dette skulle vera riktig, det skulle jo publiserast på Facebook! Dei viste kva dei hadde skrive til meg, eg korrigerte og gav råd om språkleg struktur, slik at dei var trygge på det språklege. Dette var noko meir lettvint for dei som valde å bruke ferdigskrivne dikt.
Etter at alle hadde posta sine filmar på Facebook, såg vi på filmane på storskjerm i klasserommet og applauderte produkta, det vart nesten som ein mini filmfestival. For at alle skulle reflektere over det arbeidet som var gjort, ikkje berre over sitt eige, fekk alle gruppene i oppdrag å kommentere visse filmar, slik at alle fekk kommentarar på sitt produkt.
Gjennom denne prosessen oppnådde elevane å arbeide digitalt, skrive nynorsk (bruke sidemålet), gjera greie for språk i musikkvideo og sjekke om form, formål og innhald stemde med bilete og musikk i det ferdige produktet, som igjen elevane kommenterte og drøfta, slik det skal gjerast etter læreplanen når ein arbeider med samansette tekstar.
mandag 21. mars 2011
Nynorskarbeid
Det nærmar seg eksamen artium og nokre av nynorskfeila går att. Elevane gjer dei same feila og læraren rettar dei same feila. Det hjelper ikkje at læraren underviser, korrigerer og forklarer, om att og om att, det er elevane sjølve som må sjå kva slags feil dei gjer og forstå kva dei skal gjera for å skrive riktig nynorsk. Difor la eg ut følgjande statusoppdatering på fagsida på Facebook:
Kva slags feil gjorde du i den siste nynorskoppgåva di, og kva er riktig etter at du har retta? Kva vil du arbeide vidare med i nynorsk framover?
Det viste seg at elevane visste sjølve kva dei hadde skrive og korleis dei skulle formulere seg riktig, dette fekk dei fram i kommentarfeltet på Facebook, der dei reflekterte over eigen språkbruk og sette ord på det dei skulle arbeide vidare med. Slik lærte dei, ikkje berre av eiga gransking over eigne feil, men like mye av andre sin refleksjon, fordi dei såg kva medelevane skreiv. Vanlege bokmålsord som frem, man i staden for fram og ein, går att hos fleire, likedan må dobbel bestemming av substantiv og etterstilt eigedomspronomen repeterast, også bøying av sterke verb, merkeleg at så mange slit med bøyinga av verbet; å skrive. Det letnar på trykket at fleire slit med å oppnå dei same ferdigheitene, her vart det delt oppfatta og lært, den beste måten å lære nynorsk på. På Facebook, sjølvsagt!
tirsdag 15. mars 2011
Irriterende språk og "ord delings feil"
At elevene følger med i den aktuelle språkdebatten trenger verken vi norsklærere, Språkrådet eller kunnskapsministeren bekymre oss over. To aktuelle saker som ble kommentert i nyhetene og på sosiale medier nylig, gikk rett inn i de temaene vi holdt på med i norskfaget i VG3;
om det som irriterer oss i språket og orddelingsfeil
Elevene måtte få dette med seg mens det var aktuelt. Norsk stod ikke på timeplanen denne dagen, derfor la jeg ut disse to lenkene på klassens fagside på Facebook, og elevene fikk tilgang til dem umiddelbart. Elevene er jo på Facebook, og gjett om elevene leste og kommenterte, kom med språklige tilbakemeldinger på språk som irriterte dem og på merkelige orddelingsfeil, dermed ble det norsktime på en dag norsk ikke stod på timeplanen.

Å poste noe på elevenes fagside på Facebook, viser hvor lett og aktuell Facebook er for å få faglig kontakt med elevene.
Elevene måtte få dette med seg mens det var aktuelt. Norsk stod ikke på timeplanen denne dagen, derfor la jeg ut disse to lenkene på klassens fagside på Facebook, og elevene fikk tilgang til dem umiddelbart. Elevene er jo på Facebook, og gjett om elevene leste og kommenterte, kom med språklige tilbakemeldinger på språk som irriterte dem og på merkelige orddelingsfeil, dermed ble det norsktime på en dag norsk ikke stod på timeplanen.
Å poste noe på elevenes fagside på Facebook, viser hvor lett og aktuell Facebook er for å få faglig kontakt med elevene.
mandag 6. desember 2010
Facebook og det digitale
Det er viktig å vareta den femte ferdigheiten, læreplanen i norsk framhevar som eitt av kompetansemåla å kunne bruke digitale verkty til presentasjon og publisering av eigenproduserte tekstar. Facebook er ein av variantane som kan nyttast til skriving av stutte tekstar i kommentarfeltet, eg brukar det som eit tillegg til læringsplattforma It's learning i norskundervisninga, ikkje i staden for. Facebook kan ikkje erstatte It's learning med store oppgåveinnleveringar og attendemeldingar frå lærar til kvar einskild elev med karakterar og vurderingsoppfølgjing, men Facebook har sider som læringsplattforma ikkje har, til dømes moglegheit for tovegskommunikasjon med oppdateringar alle kan sjå, meldingar som går raskt mellom sendar og mottakar med gjensidig respons, og deling av informasjon fleire kan ha nytte av. Elevane kan kommentere og diskutere med kvarandre i kommentarfeltet under statusoppdateringane, og læraren kan leggje ut informasjon det er lett å sjekke om elevane har sett ved at dei skal trykkje på Likar eller Like. Dessutan er dette ein glimrande måte å lære elevane nettkultur på, det skjer jo der elevane er.
Medan Facebook-gruppa i VG3 (og var i VG2) ei open gruppe, der alle som "likar" sida kan leggje seg til og følgje med på kva vi driv med, er fagsida i norsk på VG1 lukka og berre open for dei vi inviterer inn, på grunn av alderen til elevane. Eg trur kanskje også at dei yngre er meir skeptiske til å leggje ut små eigenproduserte tekstar på ei open Facebook-side alle kan sjå. Dette kan de lese meir om i Prosjektbloggen for St. Hallvard videregående skole, Lier, som vart oppretta etter å ha fått prosjektmiddel frå Buskerud Fylkekommune for å sjå på nytten i bruk av Facebook i undervisninga, der eg ser på bruken i norsk, og kollega Anita Storm Olsen ser på bruken i engelsk. Vi har båe same klassen i VG1 og samarbeider difor om opplegg klassen kan gjere på Facebook.
IEtherpad er ein annan måte å samarbeide digitalt på, her kjem oppdateringane i sanntid og er eit lettvint samarbeidsverkty, noko enklare å bruke enn Google Dokument. Dette har eg skrive meir inngåande om i Norsklæreren nummer 3, 2010; Nynorskundervisning med sosiale medium og digitale samarbeidsverkty, der eg også kjem inn på SMS som eit alternativ for å variere undervisninga og stimulere elevane til å skrive.
tirsdag 30. november 2010
Fred og Facebook
I læreverket Grip teksten, Norsk for VG3, står opninga av romanen Fred frå 1892 av Arne Garborg, som ein av tekstane elevane kan lese. Det er ikkje lange teksten, men nok til å gje lesaren eit hint om folkelynne og landskap i romanen, slik Garborg skildrar havet "ukløyvt og utøymt" med "trelaust og bert" landskap og ein himmel som "det einaste ljoset over tilværet." ... "Her og der oppetter bakkar og rés kryp låge hus i hop i småkrullar som søkjande livd." ... "Det er eit sterkt, tungt folk, som grev seg gjennom livet med gruvling og slit, ..." skriv Garborg i dei fem fyrste avsnitta, og vi anar eit slitande folk i hard kamp for tilværet.

Utdraget er skrive på ei målform som nok ikkje er lettast tigjengeleg for elevane, med ord som til dømes "æveheims", "døyvt dunder" og "søkjande livd", og noko melankolsk i stilen. Eg var spent på kva slags stemning elevane kom i ved å lese denne teksten, og gav dei i oppgåve å skrive om det på fagsida på Facebook etter å ha lese og arbeidd med teksten. Dei skulle grunngje stemninga si ved å vise til døme frå teksten. Slik gjekk det til at Fred kom på Facebook.
Utdraget er skrive på ei målform som nok ikkje er lettast tigjengeleg for elevane, med ord som til dømes "æveheims", "døyvt dunder" og "søkjande livd", og noko melankolsk i stilen. Eg var spent på kva slags stemning elevane kom i ved å lese denne teksten, og gav dei i oppgåve å skrive om det på fagsida på Facebook etter å ha lese og arbeidd med teksten. Dei skulle grunngje stemninga si ved å vise til døme frå teksten. Slik gjekk det til at Fred kom på Facebook.
Sterke adverbhistorier
Sterke verbhistorier blir det sterke historier av, det blir det også av sterke adverbhistorier som byggjer på sterke verbhistorier. Slik blir elevane medvetne om ordklassa adverb, at ho særleg står til verbet, utfyller verbet og seier noko meir om verbet. For å få fram kva eit adverb er, tok vi i timen utgangspunkt i dei sterke verbhistoriene elevane hadde skrive om på Facebook tidlegare, plukka fram nokre av verba og la til korleis dei vart utført. Vi demonstrerte i klasserommet skilnaden mellom "eg går fort" og "eg går sakte eller langsomt", fekk i praksis fram at det er forskjell på "å skrike høgt" og "å skrike lågt". Etter denne oppvisinga av å gå og å skrike, bad eg elevane gå på Facebook og skrive etter følgjande statusoppdatering: ADVERBHISTORIER! Skriv ei stutt historie med adverb, lag overskrift sjølv og syt for at alle setningane dine inneheld eit adverb. 
Dette vart ein time fylt med fysisk framsyning, munnleg aktivitet og skrivande adverbhistorier på Facebook. Dei som ikkje veit kva eit adverb er no, må lære det nokså fort, i alle fall om ikkje altfor lenge.
Dette vart ein time fylt med fysisk framsyning, munnleg aktivitet og skrivande adverbhistorier på Facebook. Dei som ikkje veit kva eit adverb er no, må lære det nokså fort, i alle fall om ikkje altfor lenge.
Tilnærming til novelleanalyse på Facebook
Etter at alle var ferdig med handlingsreferatet, gikk vi over til neste oppgave på Facebook: Hva mener du er budskapet i novellen "Abraham hogger ned Isak" av Espen Haavardsholm? Ved å skrive selv og se hva andre skriver, blir elevene nødt til å tenke over spørsmålstillingen i oppgaveteksten og lære seg å ta stilling til en tekst de har lest. De ser og lærer av medelevers vurderinger, noe som bidrar til å utvide perspektivet deres på hva som kan komme fram i lesning av tekster, håpet er at de blir reflekterte og kritiske til egne og andres synspunkter og senere våger å gå inn i en faglig diskusjon.
Dette innlegget er også publisert i skolens prosjektblogg.
Etiketter:
facebook,
novelleanalyse,
tolkning
fredag 5. november 2010
Sterke verbhistorier
Av sterke verb blir det sterke historier, det er historiene til norskelevane i VG1 eit sterkt prov på. Sterkare kan det ikkje bli. Å lage tekst med dei sterke verba: fare, bere, bryte, bite og finne, må berre bli sterkt.
Tavla var full med a-verbobøyingar som viste kortform i presens og omlyd i preteritum; å bryte - bryt - braut - har brote/i. Tok også med døme på verb som er sterke i bokmål og svake på nynorsk; å hjelpe og å treffe, og skilnaden på å vere og å verte, der elevane ofte blandar bruken av preteritumsforma var (fortid av å vere) med vart (fortid av å verte). Eit råd er å bruke forma å bli - blir - blei - har blitt, for å unngå forma vart i staden for var.
For å gjere det sterkt nok, skreiv elevane kvar si historie med bruk av dei sterke verba vi hadde gjennomgått. Dei fekk frie tøylar til å finne på si eiga historie som dei skreiv inn på faggruppa på Facebook, slik delte dei historiene med kvarandre. Ein sterk verbtime i kombinasjon med tavleundervisning og Facebook, det tradisjonelle og det digitale hand i hand.
Sterkare kan det ikkje bli:
Charlotte: Eg sat på kjøkenet og las i boka mi. Plutseleg fór broren min inn. Han var heilt kvit i ansiktet. Eg fann fram noko mat og drikke til han. Eg skulle til å bere det ut i stova der han nettopp hadde vore, men nå var han blitt borte! Han hadde stengt seg inne på rommet sitt, men eg braut meg inn. Han kom springande mot meg og beit med i armen og beinet. Etterpå prøvde han å finne noko å kaste på meg, og han fann eit balltre som trefte meg i magen. Mor kom heim like etterpå og hjelpte meg med å kome meg på beina igjen.
Stian: Eg prøvde å nå bussen, det blir nok på håret. Eg hjelpte ei gammal dame inn på bussen. På bussen sat det ein mann og las, eg spurte om han hadde ei dotter.Han blei sint, og kom mot meg, han beit meg i rumpa, og det gjorde vondt. Etter det sa han at han budde i Hønefoss, og der har eg budd. Eg drog til Hønefoss for å finne dottera hans, eg håpa på å bli ein lykkeleg gut. Eg braut opp døra og for inn. Eg blei slått i svime av noko, det var noko tungt som trefte meg, så døde eg.
Ole Henrik: Truls kastar snøret uti vatnet i håp om at fisken skal bite. Etter å ha fiska ein stund, får han napp. Han dreg inn fisken og hoppar av glede. Kompisen bryt ut i latter. Han las dagen i forvegen at denne fisken er uspiseleg. Dei to kameratane fer heim igjen.
Sigrid: Det var ein gong eit esel. Dette eselet høyrte til ein handelsmann som frakta varer mellom to store byar, så kvar einaste dag fòr det fram og tilbake mens det bar tung last på ryggen, og mannen ved sia av bar ikkje noko i det heile tatt. Ein dag bestemte eselet seg for at "No er det nok!" og beit mannen hardt i armen. Eselet braut så i stykkjar reipet rundt halsen dens med tennene, og mannen fann ikkje anna råd enn å liggje der på bakken og vri seg mens eselet sprang av gårde.
Rudip: Telefonen ringte, eg bar med meg boka eg las. Det var naboen som ringte og spurte om eg ville komme bort til han å hjelpe han med å bere inn nokon varer. Etter vi hadde bore inn varene, henta han noko å bite på, og der blei vi sittande.
Frida: Det var ein gang ei søt lita jente, som likte å leike og lese. Ho las kvar einaste dag og fann ein dag ut, da ho las i en dagbok, at farfaren hennar hadde vore med på å oppdage eit nytt land i nærleiken av Island. Farfaren hennar og brørne ...hans hadde hjelpt nokre menneskja å flytte til Island. Dei trudde at dei hadde komme fram til den vulkanske øya, men så viste det seg å være noko heilt annleis. Då dei gikk ut av båten braut dei seg gjennom eit tøft terreng. På vegen blei dei biti av slangar og dei trefte på mange skumle dyr, før dei tek beina fatt og sprang tilbake til båten.
Camilla: I går fann eg ei spennande bok, som eg tenkte mor mi ville blitt glad for. Ho elskar å lese bøker! Så eg for heim får å gi den til ho. Ho blei kjempe glad for at eg hadde funne ei bok til ho. Mor mi braut ut i tårar får at eg hadde hjelpt ho å finne ei bok som ho kunne lese.
Mats Andre: Det var ein gong ein mann som fann ein heimløs katt. Han hadde lesi i avisa at den var sakna. Snill som han var hjelpte han til og han for hjem til hun som hadde meldt katten sakna. Da han trefte henne, braut hun ut i tårar. Som takk for hjelpen, fekk han ein bok til å lese
onsdag 3. november 2010
Nynorskretting
Nynorsktimane i VG3 er utfordrande å variere, då elevane har hørt dei same reglane gjenteke i time etter time frå VG1. Grammatikken har dei, også ei stuttare utgåve utforma av kreative norsklærarar her på skulen, men eg lurar litt på kor ofte dei ser på reglane og repeterer dei. Dei har installert iFinger på PC-ane sine, men den viser ikkje alle former og synonym, difor kan ho bli noko knapp. No ligg også Samlaget sin versjon av Nynorsk ordliste førebels gratis ute på nettet, ho er utan tvil ein stor ressurs, saman med søk i Norske ordbøker.
Den beste måten å lære skriftspråket på, er sjølv å skrive og bruke språket aktivt. Difor ga eg elevane i oppgåve å skrive i tjuefem minutt etter ei styrt oppgave med tittelen: "Ei overrasking". Valde ei lett oppgåve, innhaldet ikkje så viktig her, det var språktreninga som skulle vere i fokus, noko elevane fekk beskjed om. Sia dei hadde berre stutt tid å skrive på, trur eg ikkje dei rakk bruke ordbøker, iFinger eller grammatikk i særleg grad, dei laut nok konsentrere seg mest om skrivinga.
Etter avsett tid stoppa eg skrivinga og bad dei byte oppgåver, dei skulle rette oppgåvene til kvarandre. Eg foreslo kven dei skulle byte med, slik at dei ikkje retta for den dei sat ved sia av eller kjende best. Dei sende oppgåvene på mail i læringsplattforma og returnerte på same måten, gjekk inn i Word-dokumentet og skreiv rett form, i ei anna farge, der det var feil. Eller dei skreiv i OneNote og kopierte og sende til kvarandre. Eg merka meg at dei var svært aktive brukarar av mini-grammatikken og iFinger, dei ville gjere det riktig, sia dei skulle korrigere kvarandre. I tillegg gjekk eg rundt og såg på, svara, gav råd og rettleia.
Undervegs sa elevane at dei lærte mye av å rette det andre hadde skrive. I tillegg til at dei fekk høve til å skrive sjølve, laut dei skjerpe seg på reglar og rettskriving ved å rette ukjend tekst. Det er nok lettare å sjå seg blind innan sitt eige produkt enn i det andre har produsert. Difor trur eg elevane lærer mye av å sjå med kritisk blikk på tekstar skrivne av andre. Dette å vise kvarandre kva slags kunnskap dei har, triggar nok ambisjonane om å gjere det riktig.
Dei siste minutta av timen la elevane ut noko dei hadde retta, og som dei hadde lært noko av, på fagsida på Facebook, som kommentar under stausfeltet: Nynorskretting. Eg ser at noko av det som er retta ikkje er direkte feil, det kan vere ei sideform elevane kan bruke, men som ikkje kjem opp som alternativ i iFinger. Slik språkleg aktivitet er likevel med på å gjere elevane meir medvetne om riktig språkbruk.
tirsdag 19. oktober 2010
Min draum
Etter å ha lese, tolka, skrive og arbeidd med lyriske tekstar fekk elevane i oppdrag å skrive eit stutt dikt med tittelen "Min draum" på Facebook. Overveldande kor kreative og skriveglade elevane er, her kom dikta på rad og rekkje, og det var mange som drøymde ulike draumar. Her kom ønskje om å dra langt vekk, sleppe lekser og ha ein penn som kunne skrive alt.
Elisabeth skreiv:
min draum er å ha ein penn
som kunne skrive alt eg sier
...min draum er å ha ein bil
så trenger eg ikkje å ta buss
min draum er å dra til syden
der er det ikkje så kaldt
min draum er å bli maskin
sa kunne eg banka opp alle som kalte meg taper
Eg har også stor sans for Danial sitt dikt:
Min Draum
Min draum er å vere helt
Min draum er å vere vel-stelt
Min draum er å jobbe ærleg og redelig
...Min draum er å vere eit snilt menneske som er fredeleg
Min draum er å vere flott
Min draum er å vere heilt på topp.
Og Mats opna dikte sitt med desse verselinene:
Min draum er at alle eg er glad i skal ha det bra
for da har eg det bra.
Eg valde å gjere dette for at elevane skulle få høve til å produsere noko sjølve etter å ha arbeidd med tekstar skrive av andre. Dei får innblikk i kor krevjande det er å produsere gode tekstar, og kva dei vil vektleggje når dei veit andre ser det dei skriv. Samstundes er det med på å øve opp kreativiteten deira i å velje ord og uttrykk for bestemte situasjonar. Dei trener på å variere språket sitt, ta i bruk symbol og lydmalande ord, sjå moglegheitene for oppbygginga av dei ulike strofeformen i lyrikken, alt det vi har arbeidd med i gjennomgangen av lyriske tekstar.
Denne bloggposten er også publisert på skolens prosjektblogg.
Elisabeth skreiv:
min draum er å ha ein penn
som kunne skrive alt eg sier
...min draum er å ha ein bil
så trenger eg ikkje å ta buss
min draum er å dra til syden
der er det ikkje så kaldt
min draum er å bli maskin
sa kunne eg banka opp alle som kalte meg taper
Eg har også stor sans for Danial sitt dikt:
Min Draum
Min draum er å vere helt
Min draum er å vere vel-stelt
Min draum er å jobbe ærleg og redelig
...Min draum er å vere eit snilt menneske som er fredeleg
Min draum er å vere flott
Min draum er å vere heilt på topp.
Og Mats opna dikte sitt med desse verselinene:
Min draum er at alle eg er glad i skal ha det bra
for da har eg det bra.
Eg valde å gjere dette for at elevane skulle få høve til å produsere noko sjølve etter å ha arbeidd med tekstar skrive av andre. Dei får innblikk i kor krevjande det er å produsere gode tekstar, og kva dei vil vektleggje når dei veit andre ser det dei skriv. Samstundes er det med på å øve opp kreativiteten deira i å velje ord og uttrykk for bestemte situasjonar. Dei trener på å variere språket sitt, ta i bruk symbol og lydmalande ord, sjå moglegheitene for oppbygginga av dei ulike strofeformen i lyrikken, alt det vi har arbeidd med i gjennomgangen av lyriske tekstar.
Denne bloggposten er også publisert på skolens prosjektblogg.
tirsdag 5. oktober 2010
Det nynorskdiktet eg likar best
Siste timen før haustferien fekk norskelevane i VG1 i lekse å ta med det nynorskdiktet dei likar best. Det var sjølvsagt nynorsk på timpelanen, vi har fast ein time nynorsk i veka, og eg føler elevane likar det. Det blir ro og systematikk over undervisninga, dei veit at i denne timen er det nynorsk. Timane må leggjast opp med variasjon, elles blir det lett å søkje mot andre arena. Elevane må vere aktive sjølve og ikkje berre sitje som passive mottakarar av bøyingsmønster og riktig ortografi, det er ikkje på den måten dei blir gode nynorskbrukarar, dei må også oppdage den rike kulturen vi har av god litteratur på nynorsk.
Dei hadde gjort seg skikkeleg flid med å finne fram desse dikta, og det gjorde noko med meg å høre dei bli framført av elevane, alle lytta til den som las opp og gav kvarandre applaus etter kvart dikt. Mange av dikta hørte dei for fyrste gong, andre kjende dei godt til, kommentarane var mange etter kvart som dikta vart opplesne.
Tenk det, dette opplevde vi midt i den digitale skuletida, at elevane las opp dikta frå PCane sine og såg opp frå tastaturet for kvart dikt dei lytta til. Dette viser at det er mogleg å kombinere det digitale med den levande, kjenslevarme diktopplesinga, på nynorsk!
På slutten av timen skreiv elevane inn dikta sine på Facebook-gruppa i norsk, i kommentarfeltet etter statusoppdateringa: Skriv nynorskdiktet du likar best her: Og elevane skreiv etter å ha funne, lese og hørt:
Oda Nygard «Frå jordi (ei siste helsing)» av Jostein Avdem Fretland
Alt som kan komma
er komme
og det er meir
...der det kjem frå
Eksperimentet
har teke overhand
Kuvøsa eksploderer.
Av Jostein Avdem Fretland
Einar Boman Rinde Heimkomen son- av Øystein s. Ziener
eg veit ikkje
om de har merka..., sa han
jau, vi har jo det..., sa dei
...ja, altså..., sa han
ja? sa dei
forventningsfulle
over salongbordet
med kaffikoppar fyrstekake
fattigmann mor monsen
jau, de skjønar..., sa han
det gjer vi, sa dei
ja men, kven? sa dei
ja, for det er vel nokon?
ja, sa han, jada
er det søstera til han kameraten
din? sa dei
kva er det no han heiter igjen...
nei, sa han
nei, sa han
det er han, sa han
kven? sa dei
det er han, sa han
det er han eg er forelska i
så stilla
så redsla
så togna
den tynne lyden
av ei teskje
mot ein porselensasjett
Av Øystein S. Ziener
Rolf Alexander Hansen Røine :
Eit ord
--ein stein
i ei kald elv.
...Ein stein til --
Eg må ha fleire steinar
skal eg kome over.
Av Olav H. Hauge
Dette innlegget er også publisert på Prosjektbloggen til St. Hallvard vgs: Finn det nynorskdiktet de likar best.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



