tirsdag 2. mars 2010

@RT Nynorsk på 140 teikn

Det er tidleg morgon, som vanleg sjekkar eg Facebook, Twitter og mailane mine. Om nokre få timar skal eg ha nynorsktime med den klassa som har skrive digital nynorsk dei siste dagane. Om ikkje tekstane har vore så lange, så har elevane skrive, både på Facebook og SMS. Medan eg sjekkar dei siste kvitringane på Twitter, les eg denne frå @2rvund, som eg raskt sender vidare med @Rt og beskjed om gode ord: Denne tweeten gjer noko med meg, eg tenkjer på elevane mine, vi opnar kvar time med "Ord for dagen", dette går på omgang frå elev til elev. @2rvund svarar attende: Eg svarar attende:

Sjølvsagt skal elevane mine kvitre på nynorsk i dag, vi skal utvide "Ord for dagen" til å gjelde heile timen. Slik vil eg få elevane til å skrive nynorsk i dag også, stutte tekstar i ein Twitter-sjanger, små dikt vi kan lese som "Ord for dagen" seinare.

Eg kasta meg rundt og kunne nesten ikkje vente til timen byrja, eg såg på timeplanen, den tredje timen skulle eg ha klassa mi. Eg rakk å gjere nokre fleire førebuingar, var innom Facebook, sende eit par SMS-ar, svara på nokre mailar frå elevar og sjekka Twitter. På Twitter hadde @kirsles kvitra til meg. Eg fekk enda meir inspirasjon til å få elevane til å kvitre på nynorsk, eg sat med akkurat den same tanken.

Endeleg tok timen til, eg bad elevane late som om dei var på Twitter og skulle kvitre maks 140 teikn. Måtte gjere det slik, desse elevane brukar Facebook, ikkje Twitter. Etter ei innføring i Twitter, der eg viste fram dei ulike døma på kvitringar, var dei kjent med Twitter-sjangeren og byrja å skrive. Kvitringane sende dei til meg på mail og som meldingar på Facebook.

Nokre av elevane spurde om dei kunne få lov til å omsetje sitat og ordtak dei fann på internett frå bokmål til nynorsk, eg stadfesta at det var greit i denne samanhengen. Andre ville freiste å dikte sjølve. Vi tok oss god tid, ein tenkjar, filosof og kvitrar må ha arbeidsro. Ane fann eit sitat frå Grettis saga: "Dei som blir prist i dei høgste tonane skuffar meg mest." Thomas, Baard og fleire med dei tykte svært godt om dette sitatet av Guri Vesaas: "Det er med nynorsken som med kvinnene, kvinner må vera ekstra flinke for å hevda seg, og dei nynorske bøkene må vera ekstra gode." "Eg angrar at eg nokon gong har skrive eit bokmålsord. Eg lovar at det aldri skal hende meir." skreiv Stian, og da var klassekameratane raskt framme og lura på om han kunne love det. Eleni drøymde seg vekk; "Ein ligg i høy og drøymer om halm." Kristiane og Aleksander hadde saman kome fram til at "Det er mange slags folk som siglar over havet" og "Vondt kjem av og til av mangel på etterklokskap". Signe valde å sitere André Bjerke: "Hermed hyllar eg utan atterhald VÅREN som det einaste effektive middel mot snø!" Dette kan vi laga debatt av, Torjus og Jørgen: "Om vi skal gje nynorsken gode vilkår, er nesten eit spørsmål om ytringsfridom." Marte hadde kome over eit av Albert Einsteins visdomsord: "Ein mann burde sjå på kva som er, og ikkje for kva han meiner burde vere." Tommy undrar seg over livet: "Eg tenkte: Sjølv det å bli gamal må kunne bli noko muntert, når åra lagrast som rikdom, og ikkje lenger blir skritt mot ei grav." Eit sitat av Einar Førde: "Nynorskens største problem i dag er at den held på å verte eit elitespråk." Montru om dette kan bli diskusjon eller skriftleg oppgåve seinare, Baard? Ulrik hadde desse orda: "Det er betre å spørje om unnskyldning enn om lov." Ingvild: "Tillit er ei gåve du skal gje, ikkje noko andre skal gjere seg fortent til." Vi avslutta denne økta med diktet som Øyvind fann på internett:

Skihopparen
Skihopparen
mager, lett,
satsar, flyg, landar
armane opp, gliser breidt.
Skihopparen.

"Ord for dagen" vart denne timen til nynorskkvitring på Twitter-vis. Ein ting er sikkert, elevane likar å skrive nynorsk. Takk til @2rvund og @kirsles for god inspirasjon ein tidleg tysdagsmorgon, slikt blir det @RT Nynorsk på 14o teikn av.

mandag 1. mars 2010

Kva hender? Nynorsk og SMS!

Nynorsktimen med mi norskklasse i VG2 er godt i gang, elevane har fått att ei skriftleg oppgåve dei har skrive på nynorsk om renessansen, barokken og opplysningstida. Dei les og ser gjennom rettingane, nynorskfeila og kommentarane. Hører dei diskuterer karakterane seg imellom: "Så mange feil fekk eg, kor mange fekk du? - Jamen, du har fått betre karakter enn meg." Eg går frå pult til pult og svarar på spørsmål, tek opp att dei feila som går att hos dei fleste; at det er dobbel bestemming på nynorsk, at verb som endar på -et ikkje finst på nynorsk, at det er skilnad på ein ver, eit ver og eit (fiske)vær.

Med eitt merkar eg at noko må gjerast. Dette blir for kjedeleg, ein heil time med terping av rettskriving, formverk og ordklasser tek på både læraren og elevane. Korleis kan elevane bli glad i nynorsk, dersom dei berre hører oppattaking på det som er feil? Eg hører meg sjølv: "Det heiter ikkje man på nynorsk, de skal skrive ein." Elevane ser på meg og er heilt einige. Visst veit dei det, og dei kan det, det er berre at nynorsk ikkje er like godt innarbeidd hos dei som bokmål, hovudmålet deira.

Eg går mot kateteret, trekkjer pusten djupt inn, snur meg og ser utover klassa. "Ta opp mobiltelefonane dykkar!", seier eg. Dei ser forundra på meg, mest som dei undrar på om eg lurar dei. Eg seier det ein gong til: "Ta opp mobiltelefonane dykkar!" Dei forstår at eg meiner alvor, grip ned i buksene, i sekkane og i jakkene sine, fiskar opp mobilane, litt forsiktig med blikka retta mot meg. Mange hadde han svært lett tilgjengeleg, det var nok ikkje så lenge sia han hadde vore i bruk og sjekka for nye meldingar. Ikkje overraskande, elevane held kontakten med kvarandre via SMS og sosiale media, innan klasserommet også, dei er "on" heile tida, slik har tida vorte, det er naivt å tru noko anna.

Sia vi hadde skrive på Facebook i den førre nynorsktimen, tenkte eg å halde fram i den same sjangeren og sa følgjande til elevane: "No skal de bruke mobiltelefonane dykkar og sende SMS på nynorsk til kvarandre." Ein kjapp replikk kom frå den vakne guten bakerst i klasserommet som kunne fortelje at det kostar pengar. Eg var førebudd på det innspelet, SMS er ikkje gratis, og det er noko vi ikkje kan bruke så mye i undervisninga, men som ein variasjon i ein nynorsktime meiner eg å kunne forsvare ein liten bruk av det. Eg svara eleven at det er heilt riktig, difor laut dette vere frivillig, og la til at eg håpa dei fleste ville ta seg råd til å sende eit par meldingar.

Med eitt skreiv dei alle, det einaste eg kunne høre i klasserommet var lyden frå tastande fingrar over mobiltastaturet. "Yes!", sa eg inni meg sjølv, elevane skriv nynorsk av hjartans lyst. Eg hadde mest lyst til å strekkje armane i høgste veret og hoppe høgt. Eg såg det på dei, at dei likte det, at dei kosa seg, dei smilande ansikta, den avslappa posituren lett bakoverbøygd med mobilen i handa, der dei stoppa litt opp inniblant for å tenkje seg om før dei ivrig tasta vidare. Jau, dette var ein skrivande nynorsktime på SMS.

Nokre av meldingane las elevane opp frivillig for heile klassa, deretter spurte eg om dei ville sende meldingane sine til meg, eg skreiv mobilnummeret mitt på tavla, og meldingane strøymde på. Dette var rett etter vinterferien, så meldingar som: "Hei på deg! Har ferien vore fin? Det har min:) sol og fint vær", var det fleire av, ei melding som ga meg moglegheit til å få fram skilnaden på ver og vær att. "Eg likar ikkje snø og nynorsk er gørr", hevda ein annan, klårt og ærleg meint, riktig skrive var det også, sikkert ein god frustrasjon å få ut. "Kva synast du om klassa di?", ein god setning med den klassiske fella, det heiter å synast i infinitiv, men det skal vere synest i presens. "Snella liv. Kva hender?", får fram innslaget av svensk i elevane sine tekstar på nynorsk. "Kva hender?", så lettvint og godt kan det altså seiast, eg kjende litt på dei orda, håpar elevane gjorde det same, nynorskvarianten av den lett munnrappe "Hva skjer'a?". "Kan du lesa ALLE meldingane høgt?", kom det på ei anna melding, eg gjorde så etter fyrst å ha spurt elevane, frå den litt vågale og morosame; "Er du ledig?" til "Eg likar sjokoladeis", dei meir poetiske: "Dråpa heng der ..... ikkje" og "De hvite Tigrane" til "Eg synes det er hyggeleg med nynorsk. Det er det beste språket i verda!"

Kva hende denne timen? Elevane skreiv nynorsk på SMS, dei var inspirerte og ivrige skribentar, og tekstane vart lesne høgt og kommentert språkleg rett etter at dei var skrivne. Meldingane som kom til meg var anonyme, det var greit slik, det var formverket og rettskrivinga som skulle kommenterast, der alle skulle lære like mye av kvarandre, frå eigenproduserte nynorsktekstar på SMS.

Kva hender? Lat elevane få skrive der dei er van med å skrive, for dei skriv, og dei vil skrive. Ungdommane i dag er ekspertar på kortprosa, dei stutte tekstmeldingane, meldingane med få ord, prat (chat) og SMS. Nettopp her er elevane kjent med skrivinga, innan denne sjangeren kan vi lære dei språk og bøyingsmønster som dei tek med og nyttar i dei lengre tekstane sine. Det vart gjort i denne timen med nynorsk og SMS.

fredag 26. februar 2010

Norsklektoren og den gamle skodespelareleven


Som stolt norsklektor sat eg ein kveld i salen på Det Norske Teatret og såg den tidlegare eleven min, Thomas Bye, spele i stykket Evig ung. Er det noko eg som lærar likar godt, så er det å følgje med elevar etter at eg har sloppe dei ut av den vidaregåande skulen. Å oppleve at ein av elevane står på ei av hovudscenene i landet er stort og rørande. Å sjå og oppleve eleven min var hovudmålet med mi vitjing på Det Norske Teatret denne gongen. Eg vart ikkje skuffa, både stykket og skodespelarprestasjonane var av høgste kvalitet.

Det er utruleg givande å arbeide med elevar i den vidaregåande skulen rett før dei er på veg ut i den vaksne verda. Det er mange måtar å halde kontakten med elevane på, nokre møter ein att med jamne mellomrom i byen, andre stikk innom skulen og helsar på, gjerne skuleavslutninga til jul er blitt ein populær "reunion" for tidlegare elevar, ein triveleg og god tradisjon som blir verdsett av både elevar og personalet. Andre er eg blitt ven med på Facebook, eller følgjer på Twitter, som vaksne forheld vi oss til kvarandre på andre måtar enn den gongen dei var elevar og eg læraren.

Det vart ei stund med undring og ettertanke å sjå eleven min, den svært unge Thomas Bye, spele ein gammal mann på over 80 år. Der og da fekk eg det heilt klårt for meg at vi alle blir gamle ein gong. Også elevane mine blir gamle, og kva slags samfunn har vi da, når dei som er unge no, er blitt dei gamle på aldersheimen? Da er jo ikkje vi her meir, da har dei unge teke over plassen vår. Ja, dei har faktisk gått forbi oss. Dei har rykka opp og vi har rykka ned, eller vidare opp, alt etter som ein ser det.

Sjølvsagt er dette roller som blir spelt av skodespelarane på scena, men i dette stykket spelte skodespelarane seg sjølve som gamle, og Det Norske Teatret var ikkje lenger teater, men aldersheim for pensjonerte skodespelarar. Difor vart det spelte drama så verkeleg og nært, der det reelle kom fram i bruken av eigne namn på skodespelarane saman med eigen arbeidsplass, som hadde vorte aldersheimen deira.

Bak den morosame og uhøgtidlege atmosfæren låg ei sår kjensle av ein alderdom som innhentar oss alle, at det vi aller minst vil oppleve er å bli gløymt, gøymt og ikkje respektert. Hos dei gamle skodespelarane låg både humoren, alvoret, autoritetsangsten, det unge sinnet, gapskratten og råheita heile tida på lur. Dei var herleg ettertenksame og vulgært gode i både replikkar og song. Dei gongene dei var på det mest råe og det mest humoristiske, vekte dei dei såraste kjenslene hos meg for korleis samfunnet vårt ser på og tek vare på dei gamle. Vi må ikkje i møtet vårt med eldre menneske gløyme at dei også har vore unge, spreke, galne og livate. Dei kjenslene kjem att hos alle når høvet er der, slik er det for oss alle, heldigvis.

Dette var aldersheimen for skodespelarane i dag. Men alle er vi vel ein del av denne aldersheimen, kvar og ein innan det miljøet vi er og tilhøyrer, den arbeidsplassen vi deler med andre kolleger, i det huset vi har arbeidet vårt. Livet mitt, og sikkert alle andre sitt også, vart sett i perspektiv saman med gapskratten og humoren frå skodespelarane og den gamle skodespelareleven min; evig unge Thomas Bye, denne teaterkvelden.

fredag 19. februar 2010

Nynorsk og Facebook

På veg til nynorsktimen vrei eg hovudet mitt i påvente av å kome på noko spennande å gjere i timen. Kva skal eg starte med? "Ord for dagen" er fort unnagjort, så er det seksti minutt med terping, repetering, grammatikk og pugging av nynorske verb. Det heiter ikkje "man" på nynorsk, de skal skrive "ein". Eg hører mi eiga stemme, om att og om att og om att! Stakkars elevar.

Sjølv om eg gong på gong har sagt at lykka i livet går gjennom pugging av nynorsk grammatikk, så har eg byrja å tvile på mi eiga lykketilråding. Eg har til og med rådd elevane til å hengje opp den nynorske minigrammtaikken på do, over spegelen, på badet, over alt der dei hyppig ferdast. Dette for at dei skal hugse at det heiter "skrive" og ikkje "skreve", at dei må bruke pronomenet "desse" på nynorsk og ikkje "disse", at dei må vere konsekvente i val av former, at når dei "køyrer" buss heim frå skulen, så inneber det at dei også "høyrer" musikk på iPoden, at dei sjølvsagt kan velje å skrive "kjøre" og "høre", men da skal dei skal vere konsekvente i bruken innan den same teksten.

Elevane må skrive for å lære nynorsk. Kor skriv dei? Jau, dei skriv på Facebook. DER hadde eg planen klar. Eg vart lykkeleg og glad og mest dansa inn i klasserommet. Å be elevane slå på PC-ane er ikkje nødvendig, dei er allereie i status "on" og har blikket stivt inn i skjermane når eg kjem inn og stiller meg bak kateteret. Det har eg slutta å ta meg nær av, eg helsar og alle reiser seg, nokre har vanskar med å vende blikket opp frå skjermen, så ber eg alle opne Facebook-sida si, dersom dei ikkje allereie har gjort det. DA får eg blikkontakt. Mange reaksjonar, alt frå smil til små uttrykk som "hææ?", til og med guten på tredje rekka inst ved veggen tek av seg skyggelua, men eg held på mitt: "Opn Facebook-sida dykkar", seier eg like naturleg som eg skulle ha bedd dei slå opp i tekstboka på Erasmus Montanus, det stykket vi arbeidde med sist time.

Raskt er alle i Facebook-modus, eg ber dei oppdatere profilane sin på nynorsk. Dette vekte interesse og dempa jubel. Eg ville overdrive ved å seie at det vart stormande applaus, men ei større interesse enn eg er van med å få heilt i byrjinga av nynorsktimane mine, det var det. Dei fleste var opptatte av å formulere seg godt og skrive riktig grammatikalsk. Med eitt var mange hender oppe og ville ha hjelp; "er dette riktig, kan eg skrive det på nynorsk?" Eg gjekk frå elev til elev og hjalp til med å finne det rette ordet, den gode setningen, det rette uttrykket.

Kor dei fann uttrykka sine? Jau, mange gjekk inn på ordtak.no og fann sitat der som dei omsette til nynorsk, og fleire av elevane la ut fleire statusoppdateringar, noko som vitnar om at dette vekte skriveglede. Nokre skreiv på veggen til kvarandre, andre prata (altså chatta), og vi vart einige om å skrive på nynorsk på Facebook den kommande veka. Til slutt endra fleire av elevane språket sitt på Facebook frå engelsk eller norsk (bokmål) til norsk (nynorsk).

Dette kallar eg nynorsktime i praksis, elevane skreiv og brukte språket aktivt på sitt område, der dei kanskje ville ha sete og smugtitta likevel. Elevane var nøgde etter timen, men den som kanskje var eller mest nøgd, det var eg, som hadde fått til ein aktiv skrivetime på nynorsk. Og kven har sagt at ein alltid skal skrive så lange tekstar, er det ikkje slik at dei små tekstane er det elevane er mest kjent med frå kvardagen sin innan dei sosiale media?

onsdag 6. januar 2010

Huff, kor kaldt det er!

Heldigvis at vi har vêr i Norge, da har vi i alle fall noko å prate om. "Huff kor kaldt det er i dag. Kor kaldt var det heime hos deg?" og "Kva viste gradestokken hos deg?" Dette må vere dei mest vanlege samtalene i vinter-Norge på denne tida. Det blir sagt at skal du kome i kontakt med folk, skal du skaffe deg hund, da stoppar alltid einkvan for å kommentere bikkja. Men det kan ikkje vere nødvendig no som vi har sprengkulda å snakke om, det er berre å hutre litt ekstra når du står og ventar på bussen, eller rope til naboen som trass i gradane spring ut for å hente posten i berre morgonkåpa; "Huff kor kaldt det er, frys ikkje du?" At vi ikkje pratar meir, kjem av at det er så frykteleg kaldt, vi helar ikkje stå i ro. "Huff, kor kaldt det er", seier vi og hastar vidare. Men da har vi hatt ei stutt og grei samtale, der vi er einige og godt forlikte. Vi har kommunisert. På den måten har vi fått fylt vårt sosiale behov og tenkjer slett ikkje over at akkurat det same har vorte sagt før oss, samtidig med oss og blir sagt etter oss av kolossalt mange. Kulda bind saman folk og får folk til å kommentere det kvardagslege: "Huff kor kaldt det er i dag".

På Facebook og Twitter blir det kvitra om temperaturar og status blir oppdatert over kor kaldt det er. Det er alt frå eksakte gradar rapportert frå akkurat der oppdateringa skjer, til samanlikningar med varmare og kaldare strok rundt i landet. Alle kvitrarar har i alle fall det til felles i dag, dei frys. Merkeleg kor mye temperaturar og vêr bind saman ein nasjon som er van med temperaturskifte frå pluss tretti til minus tretti (kanskje førti)gjennom eit heilt år.

Eg har også kvitra på Twitter og oppdatert Facebook-statusen min med kor kaldt er, fått svar frå andre kvitrarar; "Huff, kor kaldt det er". Det er ikkje berre vi som frys, også kattane våre frys, det kunne Eirik Newth stadfeste på Twitter, etter at eg hadde sendt han ein tweet og spurt korleis det stod til med hans kattar i kulda. Jauda, båe kattane, både Ada og Linus, hadde vore veldig raskt ute i dag og kome fort inn att for å nyte kattelivet i eit varmt og godt hus. Akkurat det same gjorde Marco, min katt, kunne eg svare Eirik Newth på Twitter, som skreiv: "Finnes verre måter å håndtere kulda på:-)" Ein skulle kanskje vore katt no, innekatt, ein som det blir kvitra om på Twitter og som har det varmt og godt inne.

Huff, kor kaldt det er!

lørdag 7. november 2009

Sakprosa i skolen

Landslaget for norskundervisning (LNU), Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling (ILS) og Institutt for lingvistiske og nordiske studier (ILN) ved Universitetet i Oslo arrangerte 6. november 2009 kurs for lærere; Sakprosa i skolen. Sted: Helga Engs hus på Blindern.


Sakprosakanon for skolen
Landslaget for Norskundervisning (LNU) ønsker å styrke sakprosaens rolle i skolen. Foreningen har derfor tatt initiativ til å kåre en sakprosakanon til bruk i ungdomsskolen og den videregående skolen. LNUs sakprosakanon 1700-2009. Fokus på den nye læreplanen LK06 som sidestiller skjønnlitteratur og sakprosa i skolen. På bakgrunn av sakprosakanon med 45 tekster utvalgt av en fagjury utgis to bøker til våren, én elevbok (gratis til alle elever i videregående skole), pluss én bok til lærere med utgangspunkt i kanon.

Åpning
Skuespiller Gard B. Eidsvold Leste Knut Hamsuns "Fra det Ubevisste Sjæleliv" etter at arrangørene (LNU, ILS og ILN) hadde ønsket velkommen. Fint å få høre teksten i sin helhet, da utdraget som er gjengitt i lærebøkene nok er mest kjent og brukt i skolen. At det var kjent stoff og velkommen høytlesning viste seg ved småhumring og gjenkjennende nikk fra tilhørerne i salen.


Johan Tønnesson: "LNUs sakprosakanon - idéer til bruk"
Professor i sakprosa, Johan Tønnesson, ILS, kommenterte den flerstemmige sakprosaen som mange elever synes er kjedelig. Sakprosaen er full av overraskelser, inneholder alt fra elevtekster, avisinnlegg, krigsreportasjer, partiprogrammer til bruksanvisninger som gjør at vi må "pusse brillene" og komme fram til rammer og rammeteorier for sjangeren. Her skal den samlende modell bidra til å engasjere, bringe fram mangfoldet i sakprosaen, mer enn hva som kun kommer fram gjennom leseforståelse eller kunnskapskontrolloppgaver i skoletimene. Målet er å gjøre sakprosaen tilgjengelig, levende og engasjerende. Få fram konflikten i teksten, gå inn i teksten, spør som journalisten: Hvor er konflikten?

Hvilke levende situasjoner kan vi sammenlikne med og bruke som modeller for å gå inn i en tekst? Doktordisputasen med sine klare roller med opponenter? Hva med commedia dell'arte? Eller partituret? En velkjent arena er rettssaken, alle ungdommer har sett flere rettssaker på TV. En rettssak er tett knyttet til retorikk, og sakprosa og retorikk har en klar sammenheng. En rettssak er saksorientert, aktuell og har en klar rolleliste, en prosess som kan brukes som modell for tekstforståelse. Elevene kjenner de fleste roller i en rettssal, men bringer vi narren inn i rettssaken, får vi en ny rolle i rettssaken i form av klassens kverulant. Dommeren er den som ber om ro i salen.

En rettssak, som modell for å forstå en tekst, krever roller kjent fra rettssalen. Dette er en spennende måte å analysere en tekst på, den er krevende og tar mye tid, men elevene blir aktive ut fra de rollene de får. Teksten er den sentrale her og gis rollen som den tiltalte, den som skal granskes. Det oppnevnes forsvarer og aktor, som står for hver sine syn og meninger, og vitner som står på hver side av disse, altså hvert sitt syn på teksten. Dette skal forsvares, angripes og begrunnes, vitnene må forklare seg og begrunne sin påstander. Forsvaret og aktoratet må legge fram sine begrunnede påstander. Narren kan komme inn som uromakeren, den som skaper splid, slik at dommeren må gjenopprette ro og orden i salen. Tilhørerne på benken trenger ikke ha lest teksten på forhånd, de kan referere etterpå hva de lærte og forstod av teksten.

En tekst må ses i den tiden og situasjonen den er skrevet i. Hva skiller den gitte situasjon ut fra vår tid? Se på tekstens politiske, sosiale og etiske konflikter. Vær bevisst på forskjellen på en tekst fra vår samtid og en tekst av Holberg eller Grunnloven.


Ove Eide: Sakprosaens plass i læreplaner - før og nå
Ove Eide fra Firda videregående skole skisserte det som var særlig nytt i læreplan LK06:
- likestilling skjønnlitteratur og sakprosa
- utvidet tekstbegrep med hovedområdet sammensatte tekster
- retorikken
- likestilling nynorsk og bokmål (R94-hovedmål og sidemål)
- det komparative
- grunnleggende ferdigheter i digital kompetanse

Skjønnlitteratur og sakprosa er sidestilt fra VG1, på samme måte som bokmål og nynorsk, gjelder både skriftlig og muntlig. Læreplanens generelle del uttrykker at norskfaget må avspeile tekstmangfoldet i samfunnet rundt skolen. Tidligere læreplaner så på litteratur som ensbetydende med skjønnlitteratur, som R94: "...eit utval skjønnlitteratur og sakprosa (..) Minst åtte av desse forfattarane skal vere med:..." (og da var f. eks. Bjørneboe, Vinje nevnt).

Se på LK06 i praksis. Er læreplanen realisert? Tradisjonen og synet på norskfaget som et skjønnlitterært fag står sterkt. Et vanlig syn er at skjønnlitteraturen er mer verdifull og dannende enn sakprosa, og at sakprosa skrives av skjønnlitterære forfattere. Derfor kommer LNUs kanon for skolen, skal vekke og få opp øynene for mangfoldet og det flerstemmige innen sjangeren. Mange sakprosatekster er skrevet av skribenter vi vanligvis ikke forbinder med tradisjonelle forfattere.

Eide påpekte at i dag kan alle tekster være grunnlag for dannelse, både Hotel Cæsar og Markens grøde. Det er viktig å se på de tekstene elevene forholder seg til, mange har sluttet å lese etter at de har lest de tunge tekstene. Det moderne prosjektet i dag tar hensyn til fornuft og frihet, det bygger på en idéhistorisk linje. Går ut fra to akser; samfunnstekster og de historiske. Får fram både det kulturelle, historiske og samtiden i utvalget av sakprosatekster. Det er en styrke for norskfaget at vi har fått denne likestillingen mellom skjønnlitteratur og sakprosa etter LK06, hevder Ove Eide.


Kjetil S. Østli: Lever språket?
Journalist i Aftenposten Kjetil S. Østli fortalte om sin frykt og kamp for å levendegjøre språket, referere fra de levende øyeblikk og uttrykke at han føler noe for det han beretter i sin skriving. Han viste til eksempler fra sin journalistikk, og fra boka Politi og røver der han skriver om politi, spanere, røvere, jakten mellom "katt og mus". Han er opptatt av språket som verktøy, å levendegjøre språket. Hele tiden spør han seg selv; lever det? Lever idéen bak? Kan det føles? Klarer han å formidle dette føleriet levende?

Boka Politi og røver bør egne seg til lesning i videregående skole, en aktuell sakprosabok utgitt i en tid der læreplanen sidestiller skjønnlitteratur med sakprosa.

Videre referat fra kurset ble dekket på Twitter #LNUsakprosa

tirsdag 3. november 2009

Refleksjonar frå ein nynorsklektor

Lat oss gi nynorsken eit lyft, vart vi einige om på eit av dei fyrste norskmøta våre i haust. Rundt det ovale bord sat norsklektorane samla rett etter skulestart, vrei hendene sine og reiv seg i håret i det evig diskuterande temaet: Korleis skal vi få elevane meir interessert i nynorsk? Her på skulen har dei fleste elevane nynorsk som sidemål, eller "spymål", som elevane ironisk tillet seg å kalle det, når dei freistar å overtyde oss med argument for ikkje å ha nynorsk. Oppriktig skal eg vere, dei kan ha mye rett i det dei seier, men min jobb som norsklektor er å følgje læreplanen og føre elevane fram til examen artium, der nynorsk er eit av kompetansemåla.

Min entusiasme og kjærleik for nynorsk har ingen grenser. Eg elskar språket, orda, grammatikken, ja - det er som poesi å lese nynorsk. Eg føler eg er heilt ærleg i mi eiga skriving når eg skriv på nynorsk. Det sklir så lett for meg, det fell så lett, fordi det ligg så nært opp til mitt eige talemål. Nynorsk er mitt skriftspråk, eg har vakse opp med det, eg meistrar det og brukar det like aktivt og naturleg som bokmål. Difor veltar eg meg i yr glede når elevane leverer gode stilar på nynorsk, skriv små meldingar til meg på nynorsk, eller vel eit nynorsk dikt dei vil tolke. No veit dei nok korleis dei skal smelte meg, men eg vel å oversjå det, og ta det til meg i rein glede over at eg har klart å dele noko av den nynorske gleda med dei.

Mange gonger synest eg synd på elevane som skal lære å skrive to skriftspråk som berre blir meir og meir like, med fleire og fleire valformer, både jamstilte former og klammeformer. For dei som veks opp med bokmål som hovudmål, blir nynorsk meir framandt og sjeldan enn for dei med nynorsk som hovudmål, fordi bokmål heile tida er til stades i alle media i større grad enn nynorsk. Eg hugsar godt at eg alt frå tidleg i barneskulen las og skreiv like godt bokmål som nynorsk, nynorsk var jo hovudmålet mitt på skulen, bokmål fekk eg inn heilt automatisk, eg fekk Donald Duck kvar veke på bokmål.

Nettopp difor er det viktig å sjå skriftspråket i bruk. Elevane må få gode nynorsktekstar å lese og arbeide med. Dei må få opp augo for god nynorsk litteratur. Jon Fosse, Frode Grytten, Edvard Hoem og Gunnhild Øyehaug er nokre døme på framifrå nynorske skribentar. Elevane vil undre seg og spørje like naturleg over ord dei ikkje forstår i dei nynorske tekstane, som dei gjer i bokmålstekstane, ved å lese nynorske tekstar oftare. Dei må bli overtydde om at nynorsk er eit levande språk i bruk, og at vi kjem ingen veg i å krangle mot nynorsken i klasserommet, den diskusjonen må vi ta i andre fora. Destruktiv stemning og negativ innstilling til nynorsken forsurar læringsmiljøet og forsøplar språket. Det er læraren si oppgåve å stimulere til gode nynorske haldningar som gir positivt læringsmiljø. Elevane lærer ikkje noko i eit nedbrytande miljø, det må skapast gode haldningar ut frå positive innstillingar, det fortener både elevane og nynorsken.

Eg meiner elevane kan bli glad i nynorsk berre dei møter ein lærar som formidlar positive haldningar til det nynorske skriftspråket. La elevane kome med alle dei negative orda dei kan om nynorsk, putt orda i ein tenkt boks og "lås att". Da får elevane ei kjensle av å bli hørt og tatt på alvor, samstundes som det er lettare å gå i gang med alvoret når frustrasjonen har fått høve til å kome ut. Skriv opp alle orda dei brukar for å karakterisere nynorsk negativt. Noko av krafta fell bort når ord som "fjøslatin" og "spynorsk" blir nedskrivne, heilt naturleg og utan protestar, av norsklæraren.

Ein lærar som stadig nyttar og brukar opp att sine favorittar i timane, kan nok bli skulda for å vere både gammaldags og ha gått ut på dato. Men så lenge ein kan grunngi dei pedagogiske vala ein tek, kan det hende ein med tida blir moderne og "up to date" igjen. Min favoritt er å finne ein liten tekst, lese han opp for elevane, gjerne to gonger, og så be elevane attfortelje historia med sine eigne ord. Her får elevane eit klårt innhald dei skal attfortelje med høve til å bruke eigen fantasi.

Attforteljing gir elevane høve til å høre ein samanhengande tekst på god nynorsk, både innhald og språk festar seg til dei skal få det ned med eigen penn eller tastetrykk. Denne løysinga gir både svake og sterke elevar noko å skrive om, dei har fått rammene servert på fat. Dei kan bruke minnet og fantasien fritt, også velje kva slags former dei vil nytte, berre dei er konsekvente.

For dei som vil bruke denne metoden, har nettstaden Gullvekta mange gode tekstar som eignar seg til attforteljing, opplesing eller tekstar elevane rett og slett kan lese sjølve.

Målet er å gi elevane så mange positive nynorske leseopplevingar, skriveopplevingar og høreopplevingar at ord som fjøslatin, spynorsk og grautmål fell i hop og blir i den nedlåste boksen utan å bli henta opp att, for alltid.