mandag 17. oktober 2011

Å overleva ein hjartestans



Å overleva ein hjartestans
«Skjønner du kva som har skjedd med deg?» Orda kom samtidig med eg slo opp augo og eg umiddelbart forstod eg var i ein ambulansesituasjon; dei gule og raude fargane rundt meg fortalde meg det. «Du fall om på trening, kva heiter du?» «Liv Marie Sørjordet Schou», eg fekk med alle fire namna mine, på spørsmål om når eg var fødd, gav eg opp heile fødselsdatoen min med dag, månad og årstal. «Kor var du på trening?» «Akropolis», svara eg, «Ja, men det finst fleire Akropolis-senter i Drammen», heldt han fram. «Akropolis på Marienlyst», repliserte eg kjapt, eg hugsar eg da skimta eit smil med eit nøgd nikk, så fekk eg fred og sovna att. Den stutte stunda eg var vaken, gjorde meg ikkje redd, eg hugsar eg hadde ei oppleving av indre ro og lykke.
I ettertid har eg fått veta at det var legen som følgde meg i sjukebilen frå sjukehuset i Drammen til Rikshospitalet som stilte meg desse spørsmåla, han skulle sjekke om eg kunne gjera greie for meg etter hjartestansen tidlegare på kvelden. Sjølv var eg uvitande om den store dramatikken eg hadde stelt i stand på treningssenteret. Midt under ein step-time, med god musikk og spreke deltakarar, skjer det som ikkje skal skje, men som har skjedd med fleire i det siste, og no nyleg på fotballbanen; hjartet mitt stoppa plutseleg å slå. Førti minutt ut i timen, medan intensiteten og pulsen var på topp, fall eg om midt i salen blant treningskameratane mine. Sjølv hugsar eg ingenting, men instruktøren har fortalt ho la merke til at eg verka meir ukonsentrert den timen enn eg hadde gjort tidlegare.
Før på dagen tenkte eg på å springe ein tur i skogen, det var tidleg i oktober, sol og varmt i vêret, som ein av desse fine dagane vi har hatt i det siste. Ein SMS frå dotter mi som ville sitja på heim etter trening, avgjorde at eg trena inne den dagen, og eg kan aldri gløyme denne meldinga: «Hei mammaJ Skal du trene i dag? Tar toget til Drammen litt før kl. 18, går til Akropolis, møter deg der. Glad i degJKlem Ane». Hadde eg valt ein treningstur i skogen åleine, ville utfallet ha vore heilt annleis. Eg var heldig som var der eg var, med folk som sette i gang med gjenoppliving; hjartekompresjonar og munn til munn-metoden. Brannvesenet hørte oppringinga til 113 og greip inn med beskjeden om at dei var rett i nærleiken og kom med hjartestartar før ambulansen nådde fram. Eg fekk god hjelp av flinke folk, aldri før har det å vera på rett stad til rett tid vore så treffande aktuelt.
«Du kan vera glad som har overlevd med intellektet i behald», sa legen på Rikshospitalet til meg, og gradvis gjekk det opp for meg kva eg hadde vore gjennom. Smertene i brystkassa etter dei harde hjartekompresjonane som gjorde at eg ikkje kunne snu meg over på sida før etter tre månader, lungebetennelsen eg fekk etterpå og kjensla over å liggje rett ut totalt kraftlaus, var med eitt uvesentleg. «Ja, eg har vel det?» hugsar eg at eg sa, eg vart kanskje litt i tvil. «Det ser ikkje annleis ut, nei!» svara legen lett humrande og møtte blikket mitt. Dei næraste fekk veta eg laut ha fullstendig ro, legen fortalde ein hjartestans er som å springe to maratonar på rad.
Det vart sagt det er ikkje mange sekunda ein har på seg før hjartestans kan føre til hjerneskade, og at berre vel 5 % overlever hjartestans utanom sjukehus. Eg hugsar eg låg att i senga med mange tankar som fôr rundt i hovudet mitt: kva om, tenk om? «Du kan vera glad som har overlevd med intellektet i behald.» Dei orda hører eg framleis, og eg likar det når dei dukkar opp att i hovudet mitt, for det var det legen sa. Eg hadde vore så nær, så nær, eg fekk høre at hjartet hadde stoppa fleire gonger, at dei hadde brukt hjartestartaren meir enn ein gong, både på treningssenteret og sjukehuset i Drammen, at det hadde vore dramatisk, at det var eit under at eg levde.
I dei tre åra som har gått etter hjartestansen, har eg hatt mange tankar, og det har nok mannen min og familien min hatt også. Sjølvsagt har vi prata om det verst tenkjelege, at eg kunne ha vakna opp att som ei anna enn ho eg var den dagen eg drog på trening og hjartet ikkje ville meir. Eg har sagt til mannen min at eg ville gitt han fri dersom så hadde skjedd, eg ville ikkje ha vore til byrde. Sjølv om orda kom etter den alvorlege hendinga, er det godt å ha sagt det. Dette kom tydeleg for meg da eg såg intervjuet i Laurdagsrevyen den 24. september i år med Mette Trulsen, trebarnsmora som tok valet å leva åleine etter at mannen fekk varig hjerneskade etter ei bilulykke. Han sit der eg kunne ha vore no, at eg ikkje er der han er, men her, er meir tilfeldig enn rettferdig.
Livet mitt har endra seg noko etter stansen, som eg likar å kalle det, eg har fått mine restriksjonar som eg må følgja. Undersøkingar viste at eg har ARVC, arytmogen høgre ventrikkelkardiomyopati, og eg fekk difor operert inn hjartestartar, ICD, som slår inn dersom det same skulle skje ein gong til. Med ARVC er eg åtvara mot å drive trening med høg puls, og må i tillegg til hjartestartaren gå på hjartemedisin. Overgangen var stor frå å trene minst fem gonger i veka til å bli mosjonist med gåturar som det mest krevjande. Eg har blitt vant til det no og synest det er godt å gå lange turar i passe tempo. Har prøvd meg på ergometersykkelen og på lett spinning på treningssenteret med pulsklokke, og sjølv om eg er med på fellestimar, held eg låg puls.
Eg tenkjer ikkje dagleg på at eg går rundt med hjartestartar, føler meg trygg og har ei indre ro, veit eg er heldig, for skulle hjartet mitt stoppe att, vil hjartestartaren slå inn og redde meg. Eg er tilbake i klasserommet saman med elevane mine, arbeider full stilling og har funne ut at livet godt kan levast rolegare, eg kan gå vidare med saktare fart, det gjeld berre å innrette seg etter der ein har hamna. Kor viktig det er å kunne hjarte-lunge-redning må siste dagars hendingar med den lykkelege historia om fotballspelaren Carl-Erik Torp vera eit bevis på, han fekk også hjelp av dyktige folk som kunne HLR og bruk av hjartestartar. Han var også på rett stad til rett tid.
Sjølv om eg føler eg har vunne i Lotto, må det ikkje bli som eit terningkast om vi overlever ein hjartestans eller ikkje. Folk må få kunnskap og opplæring i livreddande fyrstehjelp. Hugs hjartekompresjonar reddar ikkje liv åleine, dei førebur hjartet på bruk av hjartestartar etter ein hjartestans. Difor må fleire lærast opp i hjarte-lunge-redning og bruk av hjartestartar, det må ikkje vera slik at det er tilfeldig kvar vi er som avgjer om vi overlever ein hjartestans eller ikkje.

onsdag 14. september 2011

Norsk på Facebook i år også!

"Vi skal vel ha Facebook-side i norsk i år også", kom det spontant frå eleven i andreklasse, same eleven hadde hatt Facebook-gruppe i VG1, og no ønskte ho å halde fram med fagskriving på Facebook i det nye skuleåret. "Yes!", tenkte eg, - "supert". "Klart vi skal det", svara eg, noko anna ville vera utenkjeleg. Sjølvsagt skal vi skrive på Facebook, og vi skal ha open side, i VG1 i fjor valde eg å ha lukka gruppe, sia elevane var så unge. I år held eg fram med stort sett dei same elevane i VG2, og vel open side, slik eg hadde med VG3 sist skuleår. Elevane ville vera med på det, og eg har etter eitt år med fagleg Facebook-skriving opplevd det stimulerer skrivelysta til elevane og det endelege produktet deira, at dei veit fleire kan (og vil) lesa det dei legg ut. Håpar mange vil "like" sidene våre:-) Byrjinga av skuleåret er alltid kaotisk med mye som skal på plass, difor har det tatt litt tid å koma i gang med fagsida på Facebook, både i norsk VG2 og VG3, fagsida i psykologi kom litt raskare opp, sjå førre innlegget her på bloggen; Psykologi på Facebook. Vel også i år å bruke dei ressursane eg finn på nettet, som artiklar frå til dømes Aftenposten, Dagbladet, VG, Morgenbladet og Drammens Tidende, ofte har dei artiklar som kan knyttast fagleg opp til det vi arbeider med i timane. Der er bruken av Facebook genial, lettvint å leggje ut lenkjer og enkelt for elevane å lesa og kommentere. Same med NRK, program med fagleg relevans let seg lett leggja ut på fagsida på Facebook, elevane kan sjå programma på kvar sine PC-ar heime, gjerne som heimelekse, eller på skulen på felles skjerm i klasserommet. Som før brukar eg Facebook som tillegg til læringsplattforma, ikkje i staden for, og ofte på slutten av timen til oppsummering og apropos til det vi held på med, da får vi med både fagleg refleksjon og skriving. Det er jo slik at har ikkje elevane reflektert før gjennom timen, så blir dei pressa til det når dei skal skrive på Facebook, slik er Facebook med på å halde fagleg nivå i timen.

onsdag 24. august 2011

Psykologi på Facebook


Så er psykologifaget på Facebook; Psykologisida for ST. Hallvard vgs. 2011-2012 er namnet på sida vår, elevane i VG2 har valt psykologi, eit 5-timars programfag på studiespesialiserande retning. Faget er populært, her på skulen har vi to grupper i psykologi.

Etter å ha brukt Facebook i undervisninga i norsk, bestemte eg meg i samråd med elevane å teste ut bruken av Facebook i psykologifaget. Eg kjem til å bruke sida i tillegg til læringsplattforma vår, ikkje i staden for, akkurat slik som vi nytta Facebook i norskfaget dei to siste åra.

Eg ser for meg at psykologisida på Facebook kan vera ein god arena for refleksjon og utveksling av tankar kring dei ulike tema vi tek opp i timane. Samstundes er Facebook, som eg har hevda før, ein "ypperstekanal" for å nå elevane der dei er, med meldingar og oppdateringar i faget. Eg gler meg til å bruke Facebook i eit nytt fag, og vil skrive her på bloggen om erfaringane mine i lag med elevane kring bruken av Facebook i psykologi.

onsdag 11. mai 2011

Å vekse opp med voksduk


Da eg var lita hadde mor alltid voksduk på bordet. Eg voks opp med voksduken, det var det fyrste eg strakk meg etter, fekk eg høre, da eg reiste meg opp for å støtte meg. Det gjekk ikkje så bra, eg drog visst med meg både fløytemugga og kaffikoppar i fallet. Kaffikoppane var tomme, har det blitt meg fortalt, men fløyteskvetten rann visst nedover ansiktet mitt.

Voksduken låg alltid på kjøkkenbordet heime, han var nok i bruk meir for det praktiske enn for pynten si skuld. Kjøkkenbordet til mor var svært vakkert, eg har det på kjøkkenet midt i dag, og det har ofte undra meg kvifor ho alltid brukte mønstra voksduk på det, bordet var så pent i seg sjølv. Men slik tenkte dei ikkje før, voksduk var noko alle skulle ha; "Jau, voksduk, det må vi ha", kan eg hugse det vart sagt over kaffikoppane kring kjøkkenbordet. "Å neimen så pen voksduk du har da, nei kor har du kjøpt den?", var spørsmålet som gjekk att når voksduken vart innvigd med kaffistunda på ettermiddagen.

Eg hugsar det var høgtid når voksduken skulle skiftast ut, alltid kom det ny voksduk på bordet til jul. Da hugsar eg mor bretta duken ut over heile bordet, slik at det hang ein kant passe ned på kvar side. Han lukta spesielt, denne nye voksduken, og så var han alltid litt bolkete dei fyrste dagane inntil han hadde blitt brukt og tørka av nokre gonger, slik at han hadde lagt seg til og festa seg på bordet. Denne voksduklukta hugsar eg meir enn eg kan skildre ho, men eg kjenner ho att på stader dei sel voksdukar, viss eg kjem nær dei nok. Ikkje desse nymotens, mjuke, tunne voksdukane, nei - det må vera av desse litt harde, stive typane. Det er det som er voksduk, i alle fall for meg.

Hugsar da eg var lita, veit ikkje heilt om eg skal våge å fortelja det, men det må bli mellom oss. Eg kunne vel ha vore rundt 4 - 5 årsalderen, eg hugsar det berre svakt, men det har blitt oppattfortalt og dermed festa seg i minnet mitt. Eg sat ved kjøkkenbordet og teikna, klypte og limte. Eg hadde fått ny, lita saks, og med eitt greip eg meg sjølv i at eg sat og klypte i voksduken til mor, frå den nedste kanten og oppover mot bordkanten. Eg kan enno hugse den sitrande spenninga inni meg, da eg klypte og hørte lyden av saksa som skar i voksduken. Mor tilsnakka meg, eg måtte da forstå at eg ikkje skulle gjera slikt. Dagen etter kom det ny voksduk på bordet, klart han måtte skiftast ut, eg hadde jo øydelagt den andre. Eg sat igjen ved voksdukbordet med same aktiviteten, og jammen klypte eg ikkje ein gong til - og øydela den nye voksduken. Det same gjentok seg, mor vart sint - kan du skjønne, eg hugsar eg hadde ei vond kjensle inni meg, visste at dette skulle eg ikkje gjera meir.

Eg voks opp med voksduken. For meg vart han den vi samla oss kring i gode stunder, til høgtid med ny voksduklukt i rommet, til eftasstunda på ettermiddagen med kaffikoppane og biteti, til teikning og brettspel, til lekselesing og til å leggje hovudet nedpå for å kvile litt, da det leita på som verst med tungt hovudarbeid. Voksduken har følgt meg frå eg reiste meg opp for å finne støtte, gjennom heile barndommen, jamvel da eg utfordra grenser og fram til i dag med nye motar og trendar innan stoff og stil. Voksduken har alltid vore der for meg, trur ikkje eg kan leve korkje utan han eller lukta, for ho er der når eg ser voksduken.

NKUL11 - til innlæring og bortlæring


NKUL11 - Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring, gjekk føre seg i Trondheim frå 4. – 6. mai, for syttande gong, og er dermed ein ung aktør innan skule og læring, som rektor ved NTNU; Torbjørn Digernes, sa i si opningstale til dei 860 deltakarane på NKUL11, det presise namnet på årets konferanse. No var nok ikkje alle 860 samla til opningsføredraget i auditorium R1, Realfagbygget, ved NTNU, på Gløshaugen, noko som kanskje var bra, da brannalarmen vart utløyst og alle laut forlate bygningen rett etter at mottoet for NKUL11; “Alltid på – overalt”, var slått fast. Litt symbolsk viste det seg risikabelt å lansere slike brannfaklar i sanntid i ope plenum.
Ifølgje rektor Digernes er det nytt for hans generasjon å vera pålogga heile tida, men med eit raskt blikk rundt i auditoriet merka eg meg at han slett ikkje er den einaste bestefaren på konferansen, han opplyste sjølv om tittelen og refererte til barnebarnas raske mobilbruklæring og dermed kommande generasjonars digitale kunnskap. Digernes nemnde kor fort dei små lærer seg mobilbruk, difor blir IKT eit naturleg verkty for barnebarna våre som er framtidas elevar.
Målgruppa for NKUL er lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar, lærarutdannarar, lærarstudentar og andre aktørar i utdanningssektoren. Når under halvparten av lærarstudentane seier utdanninga er med på å auke deira digitale kompetanse (ref. frå NKUL), er det utruleg viktig at lærarstudentane har kome med som deltakarar på NKUL11, håpet er at det også vil bidra til auka søknad til yrket. Vi treng fleire gode søkjarar til lærarutdanninga; søkjarar med interesse for og kunnskap innan IKT, for å få kompetente undervisarar til den kommande generasjonen, der IKT blir den tause kunnskapen, og anna læring kjem til å by på nye utfordringar og ny kunnskap. Denne konferansen er med på å spreie kunnskap, dele erfaringar, opprette kontaktar og få deltakarane til å nyttiggjera seg tips frå andre aktørar dei kan ta med attende til eigne arbeidsfelt.
Det faglege fellesskapet, “minglinga“ og det sosiale rundt ein slik konferanse er svært viktig, med tanke på deling av kunnskap og opprette nye faglege kontaktar. Verktya og produkta utstellarane viser fram og lærer bort til bruk i undervisningskvardagen og klasseromma, er med på å endre pedagogiske retningar og klasseleiing, som ny bruk av IKT inneber. At det også er kommersielle omsyn frå utstellarane si side, er noko ein må ta med, der gratisversjonane kanskje meir og meir er på veg ut, og skuleeigarane må innrette seg på at skulane må betale for produkta dei brukar, for at elevane skal kunne få fleire program og verkty å velja blant. For IKT-generasjonen kan det fort bli for kjedeleg og einsformig med dei same verktya, den digitale generasjonen kan og vil utvikle seg, og dei kan frå eiga læring så mye, at det skal lite til for at skulen blir bakstrevarsk og gammaldags. Vil vi ha den digitale skulen, må vi også hengja med, både i tankane og i marknadsverda. Vi må godta at dei nye digitale verktya blir til utanom skulen, verkty skulen vil bruke for å vera digital og som andre vil ta seg betalt for å laga.
Det slår meg at dei same personane er til stades på denne konferansen år etter år, mange av oss har teke ei og anna pause, kanskje annakvart år, men vi dukkar opp att og møter att kjende i forbifarten i korridorane og som føredragshaldarar. Er det slik at denne konferansen, og liknande evenement, er samlingar for ei homogen forsamling, på line med eit trussamfunn, der dei nye som dukkar opp, er nyfrelste av dei gamle travarane? Heldigvis blir konferansen streama, slik at dei som ikkje kan vera til stades kan få med seg føredraga “live”, i tillegg blir det tvitra livleg frå dei ulike sesjonane, der kommentarar under hashtaggen #NKUL let seg søkje opp som stutte referat frå føredraga, som: “Kunnskap handlar om å veta kvar du skal spørja #nkul”. Kor mange som nyttiggjer seg av dette utanom sjølve konferansen, er eit anna spørsmål. Det blir kanskje noko likt det mange opplever som respons på eiga satsing innan IKT-bruk i undervisninga. Dei største attendemeldingane kjem frå aktørar med liknande praksis frå andre skular, utanom eigen arbeidsplass. Det er eit tankekors at responsen over eige utviklingsarbeid er større “ute” enn heime blant eigne kollegaer, det heng kanskje noko i hop med profet, ikkje i eige land, men på eigen arbeidsplass. Difor har NKUL 11 og NKUL-framover ein misjon, å få med fleire innan IKT-satsing, for å styrkje arbeidet og kompetansen også lokalt, innan kvar einskild skule, der det blir in med innlæring frå eigne arbeidskollegaer som bortlærer kompetanse dei har gripe fatt i out, eit glokalt NKUL, skapa og vidareformidla av deltakarane mellom kvar samling.

onsdag 4. mai 2011

Lyrikk-kafé

Etter VG3 studieførebuande utdanningsprogram i norsk, munnlege tekster, er eitt av måla for opplæringa at eleven skal kunne;
setje saman og framføre eit avgrensa skjønnlitterært program
.Vi valde da å konsentrere oss om det moderne prosjektet; moderniteten og modernismen, ut frå det som har vore tema siste delen av dette skuleåret. Sia fordjupingsoppgåva liknar meir på det gammaldagse særemnet, og går i djubda, går det skjønnlitterære programmet i breidda, valde eg å vera fleksibel i sjangervalet og ikkje berre godta lyrikk som tema, sjølv om vi skulle ha Lyrikk-kafé.


For å ha ein skikkeleg Lyrikk-kafé, fekk eg elevane og meg sjølv til å baka kake, så det vart både muffins, sjokoladekake og kringle på bordet, med medbrakt kald drikke eller kaffi, eit tiltak elevane sette utruleg stor pris på.


Dei munnlege framføringane var varierte, alt frå samtalar mellom Kielland, Bjørnson, Ibsen og Strindberg, til opplesing og tolking av dikt, presentasjon av ulike forfattarar frå realismen fram til notida, kva dei skreiv og korleis dei ulike tema har endra seg, til samtalar om innhald og tema i desse periodane basert på tekster henta frå periodane, som til dømes kvinnelitteratur, tema frå krigen, kjærleik og opprør. Eit opplegg elevane sa dei hadde lært av frå eige arbeid og å lytte til dei andre gruppene. Dette er eit opplegg eg vil ta med meg vidare til andre fag. Sosial innæring av fagstoffet.

Profilintervju på Facebook


Saktekster er eitt av dei mange emna elevane i norskfaget på VG1 skal gjennom, ein sjanger dei får svært god nytte av å kunne seinare i livet. Ikkje berre å forstå og tolke ulike sakprosatekster, men også å kunne skrive søknader, gode referat og meldingar til ulike råd og personar. Presist språk og klare formuleringar basert på fakta utan eiga synsing og tolking står sentralt her og må klargjerast for elevane. Dette må elevane få høve til å trene på sjølve, difor er skrivetrening viktig, noko eg i norsktimane freistar å leggje til rette for i så stor grad som mogleg. Her er Facebook det solide verktyet, ofte let eg elevane skrive ei stutt tekst på slutten av timen basert på det emnet vi har gjennomgått. Nokre tekster krev lengre tid for å bli eit godt produkt på det skrivne papiret, som den timen elevane skulle intervjue kvarandre og lage eit portrettintervju av den andre.

Fyrst sat elevane stille og skreiv ned spørsmål dei ville bruke i portrettintervjuet, deretter gjekk dei saman i par og var samde i at det var viktig at dei no samarbeidde med ein eller ei dei ikkje kjende så godt frå før. Dette fann elevane ut av sjølve, og dei valde intervjuobjekta etter kven dei var minst i lag med i skulekvardagen og elles. Det er ikkje så spennande å intervjue bestevennen eller bestevenninna, samstundes såg elevane på dette som ein fin sjanse til å bli betre kjende med fleire i klassa. VG1 er jo det fyrste året på vidaregåande, og klassa har elevar frå meir enn to ungdomsskular, så mange var nye for kvarandre da dei starta opp i haust.

Dei fekk visse retningsliner å halde seg til, som å finne spesielt fram til spennande trekk ved personen dei intervjua, og passe på at dei refererte det personen sa, sjølv om dei skreiv det om med eigne ord, og ikkje leggje orda i munnen på den andre, men stille spørsmål som kravde andre svar enn ja og nei. Etter at intervjua var ferdige, skreiv kvar og ein sin presentasjon av personen, der dei skulle variere med bruk av direkte og indirekte tale i det skrevne intervjuet. Det ferdige produktet skulle vera på ca. ei side som dei skulle leggje ut på faggruppa på Facebook. Det som vart litt problematisk, er at kommentarfeltet på Facebook ikkje eignar seg for så lange tekster, og notat ikkje let seg gjera på ei lukka gruppe, difor opna vi ein diskusjonstråd, eller ordskifte på nynorsk, og limte profilintervjua inn der, for det måtte jo bli profilintervju, i og med at det vart publisert på Facebook, der alle har sin eigen profil.