fredag 27. februar 2009

Norsk og nynorsk

Dette innlegget stod på trykk i Drammens Tidende onsdag 7. mai 2008. Innleiinga er endra, slik at det er korrekt med årstala og situasjonen i år, 2009.
----------------------------------------------------------------------------------------------
Eksamen ved alle vidaregåande skular nærmar seg, og elevane var i 2008 for siste gong oppe i båe målføre, det vil seie både bokmål og nynorsk. Kunnskapsløftet har innført nynorsk som trekkfag frå 2009.

SPYNORSK. Norsk og nynorsk kallar elevane dei to likestilte skriftspråka, og gir dermed inntrykk av at norsk er det same som bokmål, og nynorsk noko anna. Men kva er nynorsk da?
Eg har hørt mange namn, alt frå grautmål og fjøslatin, til spynorsk. Alle forstår at slike namn ikkje er med på å ære nynorsken. Mange av elevane er frustrerte over at dei må skrive på båe målføra. Lettare blir det ikkje med dette synet på sidemålet (les: nynorsk) som utsegna "norsk og nynorsk" avdekkjer.
Men haldninga til nynorsk er det eine, noko anna er alle valfrie formene. Vi kan snakke om å beskrive ein mulig prøvelse for å bevisstgjøre noen. Var den siste setninga forvirrande med tanke på om det var nynorsk eller bokmål? Da kan eg trøyste lesaren med at slik har elevane det dagleg, eller daglig.

OPPGITTE ELEVAR. Som norsklektor opplever eg å rette nynorskstilar til eg blir blå, eller rettare sagt raud.
Det er ikkje lett for elevane å skilje nynorsk frå bokmål, dei kan skrive "anbefale" og "følelse", og dei kan velje mellom dei jamstilte formene; "kome" eller "komme" i infinitiv. Dei kan velje mellom "gjere", [gjøre] i infinitiv saman med "gjer", [gjør] i presens, der [gjøre] og [gjør] er sideformer oppført i hakeparentes i ordboka.
Skal elevane halde seg berre til sideformene og skrive "leser", "kjemer", "finner", "bryter" og "berer" saman med "gjøre" og "gjør"? Skal vi korrigere eleven som skriv: "Eg føler eg gjør som eg vil når eg kjemer heim, les lekser og finner ro i å ha musikk på øyra"? Skal vi da rette dette til konsekvent bruk av hovudformer eller til konsekvent bruk av sideformer? Eller skal vi tillate eleven å skrive båe delar? Ville det mest korrekte ha vore å skrive konsekvent med sideformer: "Eg føler eg gjør som eg vil når eg kjemer heim, leser lekser og finner ro i å ha musikk på øret"?
Eller til konsekvent bruk av hovudformer: "Eg føler eg gjer som eg vil når eg kjem heim, les lekser og finn ro i å ha musikk på øyra"? Er det rart anna enn at elevane blir oppgitte når dei kan velje blant så mange former?
Og korleis skal vi norsklærarar forhalde oss til dette? Ein elev som brukar både sideformer og hovudformer viser vel mangfaldet i det levande språket? Bør ikkje det honorerast?

ORDBOKDYKKARAR. Med så mange valfrie former må eg seie eg aldri har slått opp så mye når eg rettar elevarbeid som no. Det er ikkje riktig å seie til eleven at så lenge du finn ordet i ordboka, så kan du bruke det, "du må sjå det i samanheng med korleis du brukar språket heilskapleg i teksten din", får eleven att som kommentar.
Men når mest alt kan nyttast, blir også vi garva nynorskbrukarar ein gjeng forvirra ordbokdykkarar som slår opp kvart ord, fordi vi blir meir forvirra enn trygge språkbrukarar.
Eg må vedgå at eg i det siste har synda ved å skrive meir og meir bokmål. Eg blir kvalm av alle hovudformene, jamstilte formene og sideformene på nynorsk.
Kvalm har eg vore heilt sia eg byrja som sensor i norsk sidemål til eksamen artium. Eg oppdaga at nivået hos enkelte elevar var så dårleg at eg tvilte på om dei hadde vore til stades i undervisninga. Det var tekstar ein fjerdeklassing på barneskulen ville ha skrive, eller "skreve", som nokre skriv, betre.
Mitt råd er; kutt ut sidemålet (les: nynorsk) skriftleg, og la elevane konsentrere seg godt og stødig på sitt eige hovudmål, for mange vil dette gjelde bokmål.
Les nynorske tekstar for å bli kjent med språket, la sidemålet (vil gjelde både bokmål og nynorsk) heller bli eit valfag. Nynorsk har vorte eit språk med valfrie former som meir forvirrar enn byggjer opp til sikker språkføring.

MANGE STREVAR. Vi har flinke elevar som meistrar å skrive god nynorsk, likevel er det for mange som strevar. Det valfrie har innført eit språkleg anarki innan nynorsk.
Nynorsken har øydelagt seg sjølv ved å tillate alle moglege [moglige], [mulege], [mulige] former, slik at elevane er usikre på kva dei skal velje, difor fell det naturleg for dei å snakke om norsk og nynorsk. Der vala skulle vere frigjerande med tanke på å få eit skriftspråk så nær talemålet som mogleg, har nynorsk blitt forvirrande og altfor vidfemnande.
Både lærarar og elevar undrar seg over alle formene som kan nyttast, der dei freistar å godta og skreve over så mye som mogleg. Men det er da vulgært å skreve? Kan dette da bli anna enn udanna språkgransking?

Liv Schou, lektor
St. Hallvard videregående skole, Lier

Ingen kommentarer: