søndag 2. desember 2007

Analyse av nettstaden til Nynorsksenteret



Som ei av oppgåvene til kurset "Digitale tekster i norskfaget" skulle vi analysere ein nettstad. Oppgåva mi var Nynorsksenteret si nettside, ei oppgåve vi byrja med fyrste dagen, og som var sjølve oppgåva etter kursopplegget. Nynorsksenteret held til i Berte Kanutte-huset (biletet) som ligg på Høgskulen i Volda. Dagleg leiar ved senteret vender seg til Utdanningsdirektoratet i faglege spørsmål og til høgskulen i administrative spørsmål. Nettsida til Nynorsksenteret er multimodalt med både tekst, bilete og lenker til musikkfiler. Teksten har teksttype Times New Roman 12, med bilete av senteret (sjå over) under lenka Om senteret. Elles på denne nettstaden finst det mest mindre bilete til dei ulike emna på kvar side, det ser ut til at denne nettstaden satsar mest på det reint informative med tekst som berar av informasjonen. Sjølve framsida er altså rein tekst, berre med illustrasjon av sommarfuglar (som pynt) saman med Grammatikk og kjærleik, eit lite bilete med ein open pappask for å illustrere alle dei tekstane senteret kan tilby som ressurs. Nettsida ligg som eit ark på burgundarraud bakgrunn som fungerer som ramme, den same ramma går att rundt alle nettsidene, alle med overskrifta og logoen til senteret øvst på sida på det burgunderraude feltet; NYNORSKSENTERET, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, plassert utanom sjølve ”arket”. Det vertikale feltet med menypeikarar til venstre er grått, sjølve hovudsida har kvit bakgrunn, bortsett frå På nynorsk og Ressursar som ligg på blått underlag med undervisningsopplegg/kurs lagt opp frå Nynorsksenteret. Grammatikk og kjærleik ligg over desse to menypeikarane og er eit stort blikkfang på nettsida. Under desse igjen ligg ei overskrift; Nytt frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, under den følgjer fleire menypeikarar med tekst, der menypeikarane har funksjon som overskrift.

I margen til venstre ligg følgjande vertikale hyperlenker; om senteret, ressursbase for skulen, forsking og utvikling og kurs/vidareutdanning. Eit blankt søkjarfelt til utfylling av tekst med søk som direktepeikar, som på kvasir, google og andre nettstader som til dømes aviser, gir lesaren høve til å søkje på dei emna han er ute etter i tilknyting til denne nettstaden. Her får ein da svar på treff anten under dokument eller nyhende. Ved å skrive inn eit ord, til dømes "kjærleik", kjem sida med Ros til grammatikk og kjærleik, og Grammatikk og kjærleik opp under nyhende, med null treff på dokument. (Andre søk kan da gi treff på dokument og null treff på nyhende, til dømes.) Vidare nedover følgjer full postadresse med namnet på leiaren Anne Steinsvik Nordal, e-postadressa til senteret , telefonnummer og telefaks. Heilt nedst ligg bildet av det britiske og det tyske flagget, ved å klikke på dei kjem anten den engelske eller tyske versjonen opp for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, alt etter kva for eit flagg lesaren klikkar seg inn på.
Den horisontale menylinja øvst som viser til Grammatikk og kjærleik, tydeleg framheva med gule bokstavar på blå bakgrunn, gir med farge og anna type bokstavar eit blikkfang for å få fram tilbodet i denne skulepakka om Ivar Aasens barndom og ungdom. Denne overskrifta er ein direkte hyperlenke til denne nettstaden og syner kor viktig det er for Nynorsksenteret å marknadsføre denne skulepakka. Her går både informasjon og kremmarånd hand i hand. Vidare nedover på hovudsida ligg overskrifter med hypertekstar til Gratis blad om nynorskopplæring og Endringar i læreplanen i norsk. Alle desse hyperlenkene er i fyrste omgang interne lenker til vidare sider i regi av Nynorsksenteret, lenka til læreplanen i norsk har ei ekstern lenke til Utdanningsdirektoratet, som kjem opp etter fyrst å ha klikka på Endringar i læreplanen eller Les meir under teksten. Det er ingen tekstintegrerte peikarar direkte i tekstane på framsida, dei ligg alle i overskriftene. Noko anna er dei sidene lesaren klikkar seg vidare på frå framsida, dei har alle tekstintegrerte peikarar i større eller mindre grad.

Framsida gir eit ryddig oversyn over aktivitetane til Nynorsksenteret, med dei viktigaste adressene og nyhende. Så kjem lesaren vidare ved å klikke på dei ulike lenkene, som til dømes På nynorsk, til Kva er ein nynorsk tekst , deretter bøyingssystemet, det heile er sjølvinstruerande. Dette er interne lenker til Nynorsksenterets sider, eksterne lenker finn vi til dømes under Ressursbase for skulen, Nynorskoppgaver på nett og Leik og lær – da er vi inne på Språkrådet, ei ekstern lenke.

Nettsida til Nynorsksenteret er ei offentleg nettside som vil vere nyttig og interessant for alle som arbeider med språk, særleg for skulen, lærarar og elevar. Her ligg nyttige hyperlenker til oppgåver, nettsider, musikklenker og informasjon om tilgjengeleg materiale for kjøp og bruk i skulen. Funksjonen til denne nettsida er å gi informasjon om språk, oppdatere om nyhende innan alt som har med nynorsk å gjere, både språkpolitisk og kulturelt, vise lenker til ulike nettsider og marknadsføre eigne produkt. Nettsida kunne nok ha vore meir innbydande med blant anna eit bilete på framsida, men ho står fram som informativ med vekt på det faglege og overlet til lesaren å søkje seg vidare på nettet frå menypeikarane utover i dei ulike sidene. Ein ressurs for oss som arbeider med språk til dagleg.