onsdag 3. november 2010

Nynorskretting


Nynorsktimane i VG3 er utfordrande å variere, då elevane har hørt dei same reglane gjenteke i time etter time frå VG1. Grammatikken har dei, også ei stuttare utgåve utforma av kreative norsklærarar her på skulen, men eg lurar litt på kor ofte dei ser på reglane og repeterer dei. Dei har installert iFinger på PC-ane sine, men den viser ikkje alle former og synonym, difor kan ho bli noko knapp. No ligg også Samlaget sin versjon av Nynorsk ordliste førebels gratis ute på nettet, ho er utan tvil ein stor ressurs, saman med søk i Norske ordbøker.

Den beste måten å lære skriftspråket på, er sjølv å skrive og bruke språket aktivt. Difor ga eg elevane i oppgåve å skrive i tjuefem minutt etter ei styrt oppgave med tittelen: "Ei overrasking". Valde ei lett oppgåve, innhaldet ikkje så viktig her, det var språktreninga som skulle vere i fokus, noko elevane fekk beskjed om. Sia dei hadde berre stutt tid å skrive på, trur eg ikkje dei rakk bruke ordbøker, iFinger eller grammatikk i særleg grad, dei laut nok konsentrere seg mest om skrivinga.

Etter avsett tid stoppa eg skrivinga og bad dei byte oppgåver, dei skulle rette oppgåvene til kvarandre. Eg foreslo kven dei skulle byte med, slik at dei ikkje retta for den dei sat ved sia av eller kjende best. Dei sende oppgåvene på mail i læringsplattforma og returnerte på same måten, gjekk inn i Word-dokumentet og skreiv rett form, i ei anna farge, der det var feil. Eller dei skreiv i OneNote og kopierte og sende til kvarandre. Eg merka meg at dei var svært aktive brukarar av mini-grammatikken og iFinger, dei ville gjere det riktig, sia dei skulle korrigere kvarandre. I tillegg gjekk eg rundt og såg på, svara, gav råd og rettleia.

Undervegs sa elevane at dei lærte mye av å rette det andre hadde skrive. I tillegg til at dei fekk høve til å skrive sjølve, laut dei skjerpe seg på reglar og rettskriving ved å rette ukjend tekst. Det er nok lettare å sjå seg blind innan sitt eige produkt enn i det andre har produsert. Difor trur eg elevane lærer mye av å sjå med kritisk blikk på tekstar skrivne av andre. Dette å vise kvarandre kva slags kunnskap dei har, triggar nok ambisjonane om å gjere det riktig.

Dei siste minutta av timen la elevane ut noko dei hadde retta, og som dei hadde lært noko av, på fagsida på Facebook, som kommentar under stausfeltet: Nynorskretting. Eg ser at noko av det som er retta ikkje er direkte feil, det kan vere ei sideform elevane kan bruke, men som ikkje kjem opp som alternativ i iFinger. Slik språkleg aktivitet er likevel med på å gjere elevane meir medvetne om riktig språkbruk.