onsdag 18. august 2010

Nytt Facebook-skuleår!

Attende på jobb, til arbeidspulten min, kollegaene mine, kaffekanna på personalrommet, vaktmeistaren som alltid er like blid, nybona golv og reine klasserom. Eg kjenner det er godt å byrje att, førebu meg og vente på elevane. Likevel er eg spent på å møte nye elevar, alltid er eg det, kvart år den same kjensla, går ikkje over sjølv kor mange år eg har arbeidd i skulen, "glegruar" meg på ein måte. Eg veit det vil bli bra, at alt vil gå seg til, etter nokre dagar. Det er berre litt kaos i starten.

Dette skuleåret blir ekstra spennande. Skulen har fått prosjektmiddel frå Buskerud Fylkeskommune for å sjå nærare på bruken av Facebook i læringsarbeidet, eit prosjekt eg og kollega Anita Storm Olsen skal arbeide med i felles klasse. Eg tek meg av Facebook i norskfaget, Anita vil bruke det i engelsk. Vi er spent, det er i VG1 vi skal bruke Facebook aktivt i faga våre.

Sia vi ikkje kjenner desse elevane enno, må vi bruke litt tid på å sette dei inn i prosjektet. Kva gjer vi dersom nokre nektar eller ikkje er på Facebook? Vi kan ikkje tvinge dei. Eller viss nokre ikkje er komfortable med at andre ser det dei skriv? Dette er problemstillingar vi må ta omsyn til og som kan bli ein realitet, elevane våre kan vere skeptiske til å dele offentleg sine eigne kommentarar. Kva gjer vi da?

Eg har erfaring med bruk av Facebook i VG2, der var alle elevane på Facebook, og det var slik sett ikkje noko problem å opprette eiga fagside dei skulle publisere og kommentere på.

Foreldra må også orienterast, dei skal vere orienterte om det vi driv på med. Det er mange omsyn å ta, difor er eg spent, på mitt nye Facebook-skuleår! Ønsk meg og oss lykke til!