onsdag 2. april 2008

Livet etter Marita!

Arbeidsdagen er over, så langt, og eg sit her og tenkjer over kva eg gjorde i dag. Vi arbeidde med dikttolking i VG1, der elevane arbeidde i grupper med tema og verkemiddel. Arbeidet var digitalt, da gruppene skreiv alt på google.dokumenter og delte med kvarandre. Ein super måte å arbeide i grupper på, da alle ser kvarandres innlegg. I tillegg har dei dette liggande og kan hente fram dokumentet så sant dei er ein stad dei har tilgang til nettet. Før på dagen la eg alle elevbloggane inn på google leser med RSS, slik at eg får beskjed så fort dei oppdaterer og skriv noko på bloggen sin. Alt dette har min gode kollega, Marita Aksnes, vore pådrivaren for og den store inspiratoren. Utan ho hadde eg ikkje vore der eg er digitalt i dag, da det er tungt å setje seg inn i alt det nye, sjølv om ein er kursa i alt på førehand. Der eg står fast og ikkje kjem vidare spør eg berre Marita, og vips så er eg både to og tre steg vidare i min digitale kompetanse. Korleis det skal gå med meg og resten av kollegaene her på St. Hallvard når Marita set kursen for Stavanger, det greier eg ikkje tenkje på. Det er ein kolossal verdi å ha ein person som er så dreven og oppegåande innan det digitale, at ingenting står fast eller er for vanskeleg. Med sitt gode humør, enorme arbeidskapasitet og ikkje minst; tålmod, har Marita sytt for at eg fiksar google dokumenter, google leser, google notatbok og twitter, twhirl, diigo og delicious, og netvibes også, sjølvsagt. Der andre har lagt grunnlaget for oss på kurs, har Marita vore læremeistaren og vidareføraren i kvardagen. Difor er innlegget i Aftenposten i dag under Si ;D, side 23, så aktuelt, der Heidi Bang på 15 år kjem med ei oppfordring til Regjeringa. I staden for å bruke millionar av kroner på såkalla "kunnskapsløft", meiner ho heller pengane bør brukast på auka bruk av data og internett og ekstrautdanning av lærarane, i det ho kallar for eit datalyft. Eg må seie meg einig i dette, fordi gapet etter kvart blir større og større mellom dei lærarane som har klart å henge med i utviklinga og dei som heng etter. Dei som merkar dette er jo elevane, som må forhalde seg til lærarar på ulike kompetansenivå digitalt. Det er her Heidi Bang konkluderer med noko vesentleg, dersom lærarane blir kursa ordentleg, er data ikkje noko anna enn eit stort pluss. Men mange av lærarane meistrar ikkje bruke internett og data på ein effektiv måte, fordi det er noko dei ikkje er vant med i det tradisjonelle læringssystemet, hevdar ho. No er det vel ikkje berre lærarane som må setje seg inn i mye nytt i samband med den digitale utviklinga, så den skoen trykkar nok på fleire arbeidsplassar, vil eg tru. Samstundes må det vere rom for å forstå det krevjande i å setje seg ned og lære noko nytt etter ein hektisk kvardag med store rettebunkar som ligg på kjøkkenbordet og skrik etter raudpenn, eller ligg på nettet og ventar på digital retting. Heidi Bang konkluderer med at problema i forhold til bruk av internett i skulen i det store og heile dreier seg om lærarane sin kompetanse. Det kan eg nok seie meg einig i, men elevane må også vise ansvar og pliktkjensle for det fantastiske verktyet PC og internett er, og bruke det med vett og respekt både for seg sjølv og andre, og ikkje gløyme lytte sjølv om dei har PC på pulten framfor seg. Ved å bruke data feil, narrar eleven berre seg sjølv og andre, og oppnår ikkje anna enn fallande læringskurve. Men skal lærarane ha ekstrautdanning innan bruk av data og internett, krevst det fleire som Marita Aksnes på skulane våre. Takk til Marita og lykke til vidare.

DIGITAL KOMPETANSE - frå novise til ekspert?

Her sit eg langt på natt og har retta oppgåver på nettet, denne gongen nynorskoppgåver for fyrsteklassene mine. Har lært meg å rette på nettet, ved å gå inn på Verktøy og Spor endringer, der rettemoglegheitene er lettvinte. Sjølvsagt var det ein overgang i byrjinga, det å gjere alt digitalt. Eg bestemte meg fort for at dette ville eg greie, og kasta meg ut i "nettverda" med godt mot. Ville ikkje vere ei av desse som sat att på arbeidsrommet og klandra alt og alle for at PCen har kome inn i skulestova, og at alt var mye betre før. Som ei av venninnene mine sa ein gong på byrjinga av 90-talet; "Data er oppskrytt, det er berre eit blaff". Ja, sjølvforsvara har vore mange på desse få åra etter at PC og internett har vorte integrert i kvardagen vår, men heng vi ikkje med og sjølve syter for å halde oss oppdaterte, så dett vi fort av lasset og det blir ei påkjenning å vere i arbeidslivet. Men ein kan da undre seg over kvifor det ikkje er sett av meir tid til kursing og oppgradering av kolleger i skulen, for det er slett ikkje alle om heng med i den digitale utviklinga. For meg har mange netter gått med til å hakke meg fram i det eine programmet etter det andre, den eine nettsida etter den andre. Stort sett alt har eg lært meg sjølv, for blir ikkje eg trygg her, så er det lite eg kan utrette med PCen i klasserommet. Læringskurva har vore bratt dette året. Da skuleåret 2007/08 tok til, hadde eg knapt hørt om blogging og eigne bloggar, anna enn at eg visste det eksisterte, sia eg har barn som har reist verda rundt og difor har oppretta eigne reisebloggar. At eg skulle bli så frelst på blogging skuldast eit kurs som vart halde på skulen vår med Hildegunn Otnes og Harald Morten Iversen. Dei opna augo mine. No bloggar eg med elevane, ser det er krevjande, men har valt å leggje det på eit nivå både dei og eg kan overleve med i kvardagen. Skulen der eg arbeider har vore raus med å sende meg på kurs, noko som har vore med på å motivere meg i læringsprosessen. Skulle ønskt at fleire hadde sett verdien i å bruke tid av si eiga fritid til å gå inn i dei fantastiske moglegheitene vi har i den digitale verda. Det er både utviklande, lærerikt og kontaktskapande. Det siste har eg blitt skikkeleg klar over etter at eg vart kjent med twitter, twhirl, delicious, google doc, reader og diigo som eg fekk innføring i på eit kurs på Kongsberg med Leif Harboe og Arne Olav Nygård. Her skjønte eg verkeleg kor mange uendelege moglegheiter det ligg i den digitale kompetansen, det er ikkje berre It's learning vi skal bruke i klasserommet, nei - vi skal kaste oss ut i det og ta fatt på alt det google har å by på, og opprette kontaktar på delicious så vi kan utveksle erfaringar. Så no er det ikkje lenger berre Facebook, msn og sms som gjeld, her er vi på twitter og held oss oppdaterte kva vi - og våre friends - driv på med til kvar tid. Vi ædder kvarandre og lærer og reflekterer saman. Noko av den gamle "kikkaren" har dukka opp i oss att, på lovleg vis, men i ein intellektuell påklednad. Så frå å ha vore den som var skeptisk til Facebook, er eg no ein ivrig deltakar, takka vere Hildegunn og Harald Morten, som vekte interessa mi for både blogging, facebook, msn og sms til bruk i læringa i klasserommet. Vegen frå PC som skrivemaskin til bloggar og twitterskribent har vore bratt og gjevande. Novisa har vorte ekspert, eller....?