onsdag 25. august 2010

Kvifor Facebook?

Eg står i klasserommet, har akkurat lært namna på elevane i den nye VG1-klassa mi, og tek til å orientere om Facebook-prosjektet som vi har fått midlar til frå Buskerud Fylkeskommune, eit av IKT-prosjekta for skuleåret 2010/2011. Forklarer at vi skal bruke Facebook aktivt i timane, og at formålet med prosjektet er å sjå nærare på korleis Facebook kan brukast i læringsarbeidet.

Den store entusiasmen blant elevane let vente på seg, eg merkar ei avventande haldning i klasserommet. Fint, tenkjer eg, bra dei er kritiske og ikkje godtek alt med ein gong. "Kvifor skal vi bruke Facebook, er det ikkje nok med It's learning?", kjem det frå ein av elevane, medan ein annan spør: "Trur du ikkje vi da lettare går inn og sjekkar vår eiga Facebook-side i timane, når vi likevel er på Facebook?".

Eg ser meg rundt, kjenner at eg blir litt overraska over akkurat desse innvendingane frå elevane, hadde kanskje ikkje venta det, trudde dei skulle vise litt meir entusiasme. Dei fleste er jo på Facebook, det er der dei er, det er naivt å tru noko anna. Samstundes er eg glad for å bli møtt med kritiske innvendingar så tidleg i skuleåret, og til og med frå ei fyrsteklasse på vidaregåande som ikkje er varm i trøya på den nye skulen sin enno, dei har knapt vore elevar her ei heil veke. Det er jo dette vi freistar å lære elevane; den kritiske haldninga som gir rom for ulike meiningar og gjensidige utfordringar, det er derifrå dei djupe diskusjonane kjem. Likevel var eg ikkje heilt førebudd på å bli presentert for akkurat desse spørsmåla, ein augneblink nølte eg litt, klart elevane hadde rett i det dei sa, og inst inne hadde eg nok tenkt same tanken sjølv også.

Frå desse gode innspela valde eg å gå vidare på det positive vi kunne oppleve ved å bruke Facebook aktivt i timane, på same måten som eg forklarte at eg brukar tavla, projektor og les opp frå boka, alt etter kva slags emne som blir gjennomgått og arbeidsform som blir valt. Facebook er altså eit verkty på lik line med andre måtar å undervise på, arbeide på og lære seg fagstoffet på. Sjølvsagt er freistnaden stor for å gløtte innom si eiga Facebook-side for å sjekke siste nytt, men så lenge det blir gjort utan å miste fokus, så har eg ingen ting å innvende på det. Eg vel å stole på at dei ikkje let Facebook-oppdateringar og -hendingar forstyrre seg i arbeidet, men brukar sine eigne Facebook-erfaringar positivt på Facebook-fagsida. I dette ligg gjensidig respekt for det arbeidet som blir gjort i timane, ei positiv innstilling til dei gjeldande reglane i skulen og den forma undervisninga blir gjennomført i. Eg stolar på elevane mine, respekt avlar respekt.

Etter at elevane hadde hørt denne forklaringa, fekk eg fleire samtykkande nikk. No var ikkje meininga mi berre å oppnå semje, sjølvsagt kan dette diskuterast og det er ikkje eintydig positivt, men vi må saman sjå utfordringane og takle hindringane, det er einaste måten vi kan oppnå eit godt arbeidsfellesskap på. På same måten som elevane rettar seg etter skulekvardagen, må skulen rette seg etter den kvardagen elevane er ein del av. Her gjeld det å vere vidsynt, for båe partar. For korleis kan skulen oppnå kontakt med dei unge og få dei med på laget sitt, viss han ikkje viser interesse og respekt for den daglege arenaen deira?

Elevane såg etter kvart moglegheitene her og vart positivt innstilt på å prøve ut dette prosjektet. Vi prata litt rundt multitasking, elevane følte seg nok oppstykka og fragmentariske i måten dei arbeidde på, likevel meinte dei at dei greidde å arbeide konsentrert. Eg vedgjekk at eg sjølv har same opplevinga, at eg gjer det same, altså multitaskar, og vi fekk til ein god dialog om ulike sider rundt dette. Nettopp difor har eg tru på den faglege Facebook i timen, med stutte kommentarar, deling av opplysningar, fagstoff, forklaringar, invitasjonar og lenkjer som viser til nyhende og aktuelle saker som kan knytast opp til kompetansemåla i læreplanen. Det faglege blir styrka med ny bruk av Facebook, i ein skulekvardag som tek omsyn til elevane og deira digitale kompetanse.