fredag 5. mars 2010

Nynorskskriving i Google Dokumenter

I nynorsktimen var opplegget å skrive tekstar. Leksa var å lese på substantiv, verb, adjektiv og pronomen i minigrammatikken laga av norsklæarar på skulen vår. Her finst ein oversiktleg grammatikk med dei enklaste reglane for god nynorsk rettskriving, lettfatteleg med dei vanlegaste fellene bokmålskrivarar kjem ut for når dei skriv nynorsk. Elevane hadde fått undervisning i dei ulike ordklassene, bøyingsmønster og unnatak på førehand. I tillegg hadde dei skrive ein heimestil på nynorsk som dei hadde retta og fått gjennomgått.

No var det tid for å bruke dei reglane dei hadde lært seg, ikkje gjere om att dei feila dei hadde gjort, men bli medvetne på kva for former dei skulle velje, skrive og kva det tyder. Dette kan berre gjerast på ein måte, og det er å praktisere skriftspråket. Men like viktig er det å samarbeide og diskutere, dermed reflekterer elevane over det aktive språket sitt og lærer meir, enn om dei berre sit åleine og skriv for seg sjølve. Difor valde eg å bruke Google Dokumenter som samarbeidsverkty for å kombinere skriving og diskusjon. Eg har hatt god hjelp av Norskboka.no, 2. utgåve, skrive av Leif Harboe om digitale verkty til bruk i skulen.

Elevane har brukt Google Dokumenter tidlegare og kjente difor til denne arbeidsmåten for samskriving. Dei visste korleis dei skulle opprette eit dokument, invitere andre for å dele, og skrive i det felles dokumentet. I staden for å skrive ein tekst ut frå ein oppgåveordlyd, lot eg elevane omsetje tekstar frå lokalavisa, Drammens Tidende, dt.no, med dagsaktuelt stoff innan sport, bilsal, OL, kommunepolitikk, skulesak, fotballklubben Strømsgodset, teateroppsetting, korframføring og oldemors album. I tillegg førte eg dagen etter opp Donkeyboys sjansar i Spellemannsprisen, musikk som desse elevane kjenner til og er opptekne av. Hørte dei snakka om gruppa i timen, difor får dei dyrke meir heltane sine ved å omsetje denne teksten neste nynorsktime. Alle desse sakene med lokal tilknyting skulle fenge elevane, det var saker henta frå deira eige distrikt. Dessutan valde eg artiklar som skulle dekkje dei fleste interesseområda. For å vere heilt sikker på å vere så dagsaktuell som mogleg, gjekk eg inn på nettsidene til Drammens Tidende same morgon som eg skulle ha dette opplegget, kopierte lenkene til dei ulike artiklane og la dei ut under kalenderfunksjonen i læringsplattformen. Gruppene fekk så velje kva for sak dei hadde lyst til å omsetje. Eg hadde mange nok saker til at alle gruppene hadde kvar sin artikkel å arbeide med.

Elevane vart delt inn i grupper, dei fleste gruppene var på tre medlemmer, eit par på fire, det er absolutt maks, fleire enn det blir for mange med denne arbeidsmetoden, meiner eg. Eg ga elevane det rådet å velje kvart sitt avsnitt av teksten dei skulle omsetje, og så sette det i riktig rekkjefølgje etterpå i dokumentet, dersom det skulle kome feil ut i forhold til originalteksten.

Her fekk elevane mange ord og yttrykk å bryne seg på, som til dømes anmeldelse, ledelse, foreløpig, spilletid, sangere og oppmerksomhet for å nemne nokre få. Elevane likte å arbeide med dette, det viste klårt engasjementet og trongen til å få sjekka med meg om det dei hadde skrive var korrekt. Ved å hente saker frå avisa, fekk dei både nytta språket og vart oppdaterte på dei siste nyhendesakene frå lokalmiljøet sitt.

Det var moro å gå rundt og sjå på det dei hadde omsett og gi dei tilbakemeldingar. Tydeleg at dette tok dei svært alvorleg, noko som heilt sikkert hadde samanheng med samskrivinga med andre. Det set krav til eige resultat når ein veit at det ein sjølv skriv, skal inn i ein større samanheng og danne ein heilskap med andre. Det blir mest like alvorleg som å gå den eine etappen i ein OL-stafett.