fredag 21. oktober 2011

Bokhylla.no


I min undervisningskvardag er bokhylla.no eit must. Berre eitt eller to (kanskje tre) tastetrykk, så har elevane og eg boka vi søkjer, novella vi skal lesa, verket vi var ute etter, sitatet vi leitte etter - oppe på skjermen og klar til å lesast. Borte er tidkrevjande leiting etter akkurat den boka i skulens bokmagasin, ikkje alle bøker er innkjøpt til skulen og tilgjengeleg for ei heil klasse på tretti elevar, no slepp eg å irritere meg over at det som skulle ha vore fullt klassesett manglar to eller tre bøker som gjer settet vanskeleg å bruke i klassa. Alle elevane må jo ha kvar si bok å lesa, elles kan vi ikkje bruke dei innkjøpte verka. Sjølv om biblioteket på skulen har eitt eller to eksemplar av det verket vi søkjer, så er det kanskje til utlån, og skal ein bruke det same verket i heile klassa, så er det ikkje nok med eit par utgåver til bruk. Dette skulle vera kjent problemstilling for dei fleste lærarane.
Noregs største digitale bokhylle gjer dette lettvint, greit, tidsparande og tilgjengeleg for oss. Elevane har kvar sin PC, dermed er det berre å søkje opp det verket ein vil lesa, så har alle elevane teksta framme på sin skjerm. Slik les vi verka i den vidaregåande skulen i dag. Skulle nokon ønskje å låne boka på biblioteket, anten på skulen eller det lokale biblioteket der dei bur, så er det fullt mogleg for dei som vil ha boka i papir framfor seg, i tillegg til den digitale utgåva. Men ved å bruke Nasjonalbiblioteket si digitale teneste, så har alle elevane boka med til kvar time, dei har ho tilgjengeleg heime til lekselesing, ho tek ikkje plass; ho ligg i skya på PC-en, og ho er umogleg å gløyme att heime med pakking av sekk og smøring av matpakke på tidlege morgonar.
I norskklassa mi i VG2 les vi no Soga om laksdølane på bokhylla no, det var berre å skrive tittelen i søkjarfeltet; vips så hadde alle elevane soga framfor seg og høgtlesinga kunne byrja. Er teksta ein søkjer del av eit større verk, er tittelen på det du har skrive i søkjarfeltet i gul farge, og skil seg difor ut frå dei andre tekstene i samlinga. Aldri før har ei heil klasse vore så raskt inne til rett tid på den sida som skal lesast. Tilbakemeldingane frå elevane går på at det er lett å forstå korleis dei skal bla seg fram og attende i dei einskilde bøkene dei les på bokhylla.no, og at det er greit å søkje opp dei verka dei vil lesa.
Å lesa på skjerm er elevane vande med, dei finn fort fram og har erfaring med å gjera seg kjende med det som ligg ute på nettet. Slik sett er Noregs største digitale bokhylle på lag med elevane, dei har sin eigen PC, og i den ligg alle verktya og dei uendelege moglegheitene for å hente fram dei skriftene og den kunnskapen dei vil nyttiggjera seg. Den generasjonen er digital, bokhylla ligg på nettet i den digitale skulesekken som elevane ber med seg kvar dag. God bokhylla.no!

tirsdag 18. oktober 2011

Kan eg få vera her?

Kan eg få vera her? Jenta på andre rad såg blidt opp på meg idet eg kom inn i klasserommet og la frå meg bøker, PC og notatark på kateteret. "Så klart", svara eg, og kjende det gjekk ein varme gjennom meg, triveleg å sjå att eleven eg hadde i fjor og som no ville vera med i norsktimen min. "Eg har fritime", heldt ho fram, difor passa det å vera med i denne timen, skjønte eg. Tema var islandske ættesoger, og sjølvsagt følgde ho med, tok notatar og var konsentrert i mi gjennomgang om handlinga i Soga om laksdølane. Eg vart glad, er det noko som gjer ein lærar lykkeleg, så er det når elevane viser glede over å vera i klasserommet.
Jenta skulle visst ho redda dagen min, som lærar er det ikkje alltid ein føler ein har elevane med seg, og det kan vera langt mellom dei rosande orda. Eg plar seia at det næraste ein lærar kan føle å ha lykkast, er at elevane seier timen var "ok". Noko meir trur eg ikkje vi kan vente oss. Difor uttrykte denne handlinga om å vera her, vera til stades i klasserommet, meir meining enn den velformulerte utsegna.
Kommunikasjon er meir enn ord. Når jenta valde å vera med i ein time ho ikkje trong ha, men fann ut ho ville vera til stades i, heilt sikkert aller fyrst fordi bestevenninna går i klasse, trur eg likevel eg kan fastslå det var ein del fagleg interesse med i valet. Elevane er verkeleg interesserte fagmenneske, dei vil lære og ta til seg ny kunnskap, og dei trivst i klasserommet. Er det noko rart eg seier eg har verdas beste yrke?

Månadens poet i Dagbladet

Martin Stray Egeberg
Månadens poet i Dagbladet heiter Martin Stray Egeberg, er 18 år, og går i VG3 på St. Hallvard videregående skule i Lier. Martin skriv dikt, gjerne om generasjonar og om tid, om æva, at nokon har vore her før oss og nye kjem etter, at alt er i ein evig sirkel. Martin er inspirert av slovensk poesi etter å ha vore med på lyrisk sommarskule i Nederland sist sommar, han har vore i finalen heile 13 gonger, og no i september vart han for tredje gong kåra til månadens poet blant dei fem finalistane. Han vann både i mars, august og no sist i september med diktet; "religiøs befrielse".

For ein norsklærar er det morosamt å ha ein elev i klassa som tør å skrive offentleg, gjera seg synleg og få fram bodskapen sin slik Martin gjer. At Martin er kritisk, det liker vi, vi vil ha sjølvstendig tenkjande elevar. Difor vart det kake i norskklassa og Martin las opp vinnardiktet sitt frå september.

Les grunngjevinga frå juryen i Dagbladet her, slikt varmar ein norsklektors hjarte.



mandag 17. oktober 2011

Å overleva ein hjartestans



Å overleva ein hjartestans
«Skjønner du kva som har skjedd med deg?» Orda kom samtidig med eg slo opp augo og eg umiddelbart forstod eg var i ein ambulansesituasjon; dei gule og raude fargane rundt meg fortalde meg det. «Du fall om på trening, kva heiter du?» «Liv Marie Sørjordet Schou», eg fekk med alle fire namna mine, på spørsmål om når eg var fødd, gav eg opp heile fødselsdatoen min med dag, månad og årstal. «Kor var du på trening?» «Akropolis», svara eg, «Ja, men det finst fleire Akropolis-senter i Drammen», heldt han fram. «Akropolis på Marienlyst», repliserte eg kjapt, eg hugsar eg da skimta eit smil med eit nøgd nikk, så fekk eg fred og sovna att. Den stutte stunda eg var vaken, gjorde meg ikkje redd, eg hugsar eg hadde ei oppleving av indre ro og lykke.
I ettertid har eg fått veta at det var legen som følgde meg i sjukebilen frå sjukehuset i Drammen til Rikshospitalet som stilte meg desse spørsmåla, han skulle sjekke om eg kunne gjera greie for meg etter hjartestansen tidlegare på kvelden. Sjølv var eg uvitande om den store dramatikken eg hadde stelt i stand på treningssenteret. Midt under ein step-time, med god musikk og spreke deltakarar, skjer det som ikkje skal skje, men som har skjedd med fleire i det siste, og no nyleg på fotballbanen; hjartet mitt stoppa plutseleg å slå. Førti minutt ut i timen, medan intensiteten og pulsen var på topp, fall eg om midt i salen blant treningskameratane mine. Sjølv hugsar eg ingenting, men instruktøren har fortalt ho la merke til at eg verka meir ukonsentrert den timen enn eg hadde gjort tidlegare.
Før på dagen tenkte eg på å springe ein tur i skogen, det var tidleg i oktober, sol og varmt i vêret, som ein av desse fine dagane vi har hatt i det siste. Ein SMS frå dotter mi som ville sitja på heim etter trening, avgjorde at eg trena inne den dagen, og eg kan aldri gløyme denne meldinga: «Hei mammaJ Skal du trene i dag? Tar toget til Drammen litt før kl. 18, går til Akropolis, møter deg der. Glad i degJKlem Ane». Hadde eg valt ein treningstur i skogen åleine, ville utfallet ha vore heilt annleis. Eg var heldig som var der eg var, med folk som sette i gang med gjenoppliving; hjartekompresjonar og munn til munn-metoden. Brannvesenet hørte oppringinga til 113 og greip inn med beskjeden om at dei var rett i nærleiken og kom med hjartestartar før ambulansen nådde fram. Eg fekk god hjelp av flinke folk, aldri før har det å vera på rett stad til rett tid vore så treffande aktuelt.
«Du kan vera glad som har overlevd med intellektet i behald», sa legen på Rikshospitalet til meg, og gradvis gjekk det opp for meg kva eg hadde vore gjennom. Smertene i brystkassa etter dei harde hjartekompresjonane som gjorde at eg ikkje kunne snu meg over på sida før etter tre månader, lungebetennelsen eg fekk etterpå og kjensla over å liggje rett ut totalt kraftlaus, var med eitt uvesentleg. «Ja, eg har vel det?» hugsar eg at eg sa, eg vart kanskje litt i tvil. «Det ser ikkje annleis ut, nei!» svara legen lett humrande og møtte blikket mitt. Dei næraste fekk veta eg laut ha fullstendig ro, legen fortalde ein hjartestans er som å springe to maratonar på rad.
Det vart sagt det er ikkje mange sekunda ein har på seg før hjartestans kan føre til hjerneskade, og at berre vel 5 % overlever hjartestans utanom sjukehus. Eg hugsar eg låg att i senga med mange tankar som fôr rundt i hovudet mitt: kva om, tenk om? «Du kan vera glad som har overlevd med intellektet i behald.» Dei orda hører eg framleis, og eg likar det når dei dukkar opp att i hovudet mitt, for det var det legen sa. Eg hadde vore så nær, så nær, eg fekk høre at hjartet hadde stoppa fleire gonger, at dei hadde brukt hjartestartaren meir enn ein gong, både på treningssenteret og sjukehuset i Drammen, at det hadde vore dramatisk, at det var eit under at eg levde.
I dei tre åra som har gått etter hjartestansen, har eg hatt mange tankar, og det har nok mannen min og familien min hatt også. Sjølvsagt har vi prata om det verst tenkjelege, at eg kunne ha vakna opp att som ei anna enn ho eg var den dagen eg drog på trening og hjartet ikkje ville meir. Eg har sagt til mannen min at eg ville gitt han fri dersom så hadde skjedd, eg ville ikkje ha vore til byrde. Sjølv om orda kom etter den alvorlege hendinga, er det godt å ha sagt det. Dette kom tydeleg for meg da eg såg intervjuet i Laurdagsrevyen den 24. september i år med Mette Trulsen, trebarnsmora som tok valet å leva åleine etter at mannen fekk varig hjerneskade etter ei bilulykke. Han sit der eg kunne ha vore no, at eg ikkje er der han er, men her, er meir tilfeldig enn rettferdig.
Livet mitt har endra seg noko etter stansen, som eg likar å kalle det, eg har fått mine restriksjonar som eg må følgja. Undersøkingar viste at eg har ARVC, arytmogen høgre ventrikkelkardiomyopati, og eg fekk difor operert inn hjartestartar, ICD, som slår inn dersom det same skulle skje ein gong til. Med ARVC er eg åtvara mot å drive trening med høg puls, og må i tillegg til hjartestartaren gå på hjartemedisin. Overgangen var stor frå å trene minst fem gonger i veka til å bli mosjonist med gåturar som det mest krevjande. Eg har blitt vant til det no og synest det er godt å gå lange turar i passe tempo. Har prøvd meg på ergometersykkelen og på lett spinning på treningssenteret med pulsklokke, og sjølv om eg er med på fellestimar, held eg låg puls.
Eg tenkjer ikkje dagleg på at eg går rundt med hjartestartar, føler meg trygg og har ei indre ro, veit eg er heldig, for skulle hjartet mitt stoppe att, vil hjartestartaren slå inn og redde meg. Eg er tilbake i klasserommet saman med elevane mine, arbeider full stilling og har funne ut at livet godt kan levast rolegare, eg kan gå vidare med saktare fart, det gjeld berre å innrette seg etter der ein har hamna. Kor viktig det er å kunne hjarte-lunge-redning må siste dagars hendingar med den lykkelege historia om fotballspelaren Carl-Erik Torp vera eit bevis på, han fekk også hjelp av dyktige folk som kunne HLR og bruk av hjartestartar. Han var også på rett stad til rett tid.
Sjølv om eg føler eg har vunne i Lotto, må det ikkje bli som eit terningkast om vi overlever ein hjartestans eller ikkje. Folk må få kunnskap og opplæring i livreddande fyrstehjelp. Hugs hjartekompresjonar reddar ikkje liv åleine, dei førebur hjartet på bruk av hjartestartar etter ein hjartestans. Difor må fleire lærast opp i hjarte-lunge-redning og bruk av hjartestartar, det må ikkje vera slik at det er tilfeldig kvar vi er som avgjer om vi overlever ein hjartestans eller ikkje.