torsdag 17. april 2008

Bloggar og forfattar

Så viser det seg at Eskil Aasmul, som vart årets bloggar i 2006, ga seg ut for å vere åtte ulike personar. Han blir kreativ av å blogge anonymt, å utvikle desse ulike personlegheitene blir som å skape ein karakter i ei bok, hevdar Aasmul. Her er vi vel inne på at fantasien får herje fritt når opphavsmannen gir seg ut for å vere ein annan enn den han eigentleg er. Kva er så gale med det? Kva med forfattarar som skriv under psevdonym? Gir ikkje dei seg også ut for å vere ein annan enn den dei eigentleg er. Kvifor kan ikkje ein bloggar skrive under fiktivt namn når ein forfattar gjer det? Og kva er skilnaden på ein bloggar og ein forfattar? Båe skriv, båe produserer, Aasmul gjer det båe, forfattar og bloggar eller bloggar og forfattar - kvar er skilnaden? Les sjølv om bloggaren her.