tirsdag 5. oktober 2010

Det nynorskdiktet eg likar best


Siste timen før haustferien fekk norskelevane i VG1 i lekse å ta med det nynorskdiktet dei likar best. Det var sjølvsagt nynorsk på timpelanen, vi har fast ein time nynorsk i veka, og eg føler elevane likar det. Det blir ro og systematikk over undervisninga, dei veit at i denne timen er det nynorsk. Timane må leggjast opp med variasjon, elles blir det lett å søkje mot andre arena. Elevane må vere aktive sjølve og ikkje berre sitje som passive mottakarar av bøyingsmønster og riktig ortografi, det er ikkje på den måten dei blir gode nynorskbrukarar, dei må også oppdage den rike kulturen vi har av god litteratur på nynorsk.

Dei hadde gjort seg skikkeleg flid med å finne fram desse dikta, og det gjorde noko med meg å høre dei bli framført av elevane, alle lytta til den som las opp og gav kvarandre applaus etter kvart dikt. Mange av dikta hørte dei for fyrste gong, andre kjende dei godt til, kommentarane var mange etter kvart som dikta vart opplesne.

Tenk det, dette opplevde vi midt i den digitale skuletida, at elevane las opp dikta frå PCane sine og såg opp frå tastaturet for kvart dikt dei lytta til. Dette viser at det er mogleg å kombinere det digitale med den levande, kjenslevarme diktopplesinga, på nynorsk!

På slutten av timen skreiv elevane inn dikta sine på Facebook-gruppa i norsk, i kommentarfeltet etter statusoppdateringa: Skriv nynorskdiktet du likar best her: Og elevane skreiv etter å ha funne, lese og hørt:

Oda Nygard «Frå jordi (ei siste helsing)» av Jostein Avdem Fretland

Alt som kan komma
er komme
og det er meir
...der det kjem frå

Eksperimentet
har teke overhand

Kuvøsa eksploderer.

Av Jostein Avdem Fretland

Einar Boman Rinde Heimkomen son- av Øystein s. Ziener

eg veit ikkje
om de har merka..., sa han
jau, vi har jo det..., sa dei
...ja, altså..., sa han
ja? sa dei
forventningsfulle

over salongbordet
med kaffikoppar fyrstekake
fattigmann mor monsen

jau, de skjønar..., sa han
det gjer vi, sa dei

ja men, kven? sa dei
ja, for det er vel nokon?
ja, sa han, jada

er det søstera til han kameraten
din? sa dei
kva er det no han heiter igjen...
nei, sa han
nei, sa han

det er han, sa han
kven? sa dei

det er han, sa han
det er han eg er forelska i

så stilla
så redsla
så togna

den tynne lyden
av ei teskje
mot ein porselensasjett
Av Øystein S. Ziener

Rolf Alexander Hansen Røine :
Eit ord
--ein stein

i ei kald elv.

...Ein stein til --

Eg må ha fleire steinar

skal eg kome over.

Av Olav H. Hauge

Dette innlegget er også publisert på Prosjektbloggen til St. Hallvard vgs: Finn det nynorskdiktet de likar best.