tirsdag 6. mai 2008

Skrivetrening

Eg tenkjer mye på korleis eg skal inspirere elevane til å skrive meir, da eg ser på det som ein viktig del av norskfaget. Elevane kan få skrivetrening på så mange måtar, eg har tidlegare skrive om sms-ordtak, sms-dikt, chatting på Facebook og msn (sjå eldre innlegg). Elevane har også oppretta eigne bloggar, fagbloggar, til bruk i norsken.

No har både elevane og eg oppdaga at blogging er tidkrevjande, og at det er vanskeleg å halde ein blogg oppdatert til kvar tid. Likevel er intensjonen å halde bloggen "varm", slik at elevane føler dei produserer noko og opprettheld skriveaktiviteten. Som eit døme på kva ein kan blogge om, kan eg nemne at eg bad elevane reflektere over korleis dei opplevde det var å skrive ei nynorsk tolkingsoppgåve (i etterkant av nynorsk innlevering av dikttolking). Dette innlegget skulle skrivast på nynorsk, slik at dei her ville få skrivetrening på sidemålet sitt (alle elevane i denne klassa har nynorsk som sidemål, ingen har fritak frå nynorsk eller norsk som andrespråk).

Her fekk elevane nynorsk skrivetrening, samstundes som dei reflekterte over si eiga skriveoppgåve, mest som ei metaskriving, som aktivt deltakande i sin eigen skriveprosess. Etter kvart som elevane vart ferdig med denne oppgåva, gav eg dei ei ny oppgåve; dei fekk i oppdrag å reflektere over ei nyhende som dei hugsa frå sist veke. Fleire skriev om familietragedien i Armstetten i Østerrike, nokre skreiv om høg pris på jagarfly og andre om diskusjonen rundt OL i Tromsø i 2018. Sia dei sjølve kunne velje kva slags nyhendesak dei ville skrive om, lot eg dei berre skrive, men vi avslutta timen med ein rask gjennomgang av kva dei hadde skrive. Her måtte kvar einskild seie kva for ei nyhendesak han/ho hadde skrive om, og slik vart skriveøkta både fagleg (med lyrikk) og aktuelt relatert.