Vi les Bikubesong av Frode Grytten i norsktimane i vg1. Har brukt lang tid på det, fyrste veka las vi i kvar norsktime for å koma i gang, deretter har vi hatt ein fast time i veka til lesing. Sidan boka er ein novelleroman, passar ho godt til høgtlesing i norsktimane. Eg gjer det slik at elevane les høgt ein og ein, da er alle likt i boka, og det er lett å diskutere den sist lesne novella, da alle har ho godt i minnet. Elevane blir med dette tvinga til å lesa ei heil bok, og det er ikkje dumt, på godt norsk, ja -til og med på god nynorsk. Slik ser elevane at det finst mykje god litteratur på nynorsk, og at nynorsk er eit høgst levande språk, eit bruksspråk.
Dette opplegget passar godt på vår skule, fordi ein skuletime varar seksti minutt, og det blir difor god tid til lesing og refleksjon og/eller skriving etterpå. Det kan kanskje bli noko hektisk der timane er på berre førtifem minutt, da vil det nok vera det beste å gjera det i ein dobbelttime, viss klassen har det på timeplanen.
I dag avslutta vi leseøkta med referatskriving på nynorsk av den novelle vi las høgt i timen, deretter la elevane referatet ut på Facebook-fagsida. Elevane fekk altså nynorsken inn med lesing og så eiga skriving om det dei hadde lese. Heldigvis hadde vi eit kvarter att av timen da vi var ferdig med å lesa novella, det er meir enn nok tid for å skrive stutte tekstar, referat er jo det, og elevane vart da tvinga til å skrive og formulere seg på nynorsk. Dessutan er Facebook eigna for skriving og publisering av dei korte tekstane. Det vart ein god nynorsktime med lesing og skriving hand i hand.
"Det vi må lære før vi kan gjøre det, det lærer vi ved at vi gjør det" (Aristoteles)
Viser innlegg med etiketten lesing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lesing. Vis alle innlegg
onsdag 13. mars 2013
fredag 21. oktober 2011
Bokhylla.no
I min undervisningskvardag er bokhylla.no eit must. Berre eitt eller to (kanskje tre) tastetrykk, så har elevane og eg boka vi søkjer, novella vi skal lesa, verket vi var ute etter, sitatet vi leitte etter - oppe på skjermen og klar til å lesast. Borte er tidkrevjande leiting etter akkurat den boka i skulens bokmagasin, ikkje alle bøker er innkjøpt til skulen og tilgjengeleg for ei heil klasse på tretti elevar, no slepp eg å irritere meg over at det som skulle ha vore fullt klassesett manglar to eller tre bøker som gjer settet vanskeleg å bruke i klassa. Alle elevane må jo ha kvar si bok å lesa, elles kan vi ikkje bruke dei innkjøpte verka. Sjølv om biblioteket på skulen har eitt eller to eksemplar av det verket vi søkjer, så er det kanskje til utlån, og skal ein bruke det same verket i heile klassa, så er det ikkje nok med eit par utgåver til bruk. Dette skulle vera kjent problemstilling for dei fleste lærarane.
Noregs største digitale bokhylle gjer dette lettvint, greit, tidsparande og tilgjengeleg for oss. Elevane har kvar sin PC, dermed er det berre å søkje opp det verket ein vil lesa, så har alle elevane teksta framme på sin skjerm. Slik les vi verka i den vidaregåande skulen i dag. Skulle nokon ønskje å låne boka på biblioteket, anten på skulen eller det lokale biblioteket der dei bur, så er det fullt mogleg for dei som vil ha boka i papir framfor seg, i tillegg til den digitale utgåva. Men ved å bruke Nasjonalbiblioteket si digitale teneste, så har alle elevane boka med til kvar time, dei har ho tilgjengeleg heime til lekselesing, ho tek ikkje plass; ho ligg i skya på PC-en, og ho er umogleg å gløyme att heime med pakking av sekk og smøring av matpakke på tidlege morgonar.
Å lesa på skjerm er elevane vande med, dei finn fort fram og har erfaring med å gjera seg kjende med det som ligg ute på nettet. Slik sett er Noregs største digitale bokhylle på lag med elevane, dei har sin eigen PC, og i den ligg alle verktya og dei uendelege moglegheitene for å hente fram dei skriftene og den kunnskapen dei vil nyttiggjera seg. Den generasjonen er digital, bokhylla ligg på nettet i den digitale skulesekken som elevane ber med seg kvar dag. God bokhylla.no!
Etiketter:
bok,
bokhylla.no,
digital lesing,
internett,
lesing,
PC
Abonner på:
Innlegg (Atom)