tirsdag 21. desember 2010

Fordjupingsemnet i VG3

Det store norskfaglege arbeidet er til vegs ende, fordjupingsemnet i VG3 er unnagjort, elevane har arbeidd, lese, skrive og framført. Dei starta på våren i VG2 med å planleggje, velje tema og bøker. Etter skulestart i VG3 gjekk dei for alvor i gang, fekk godkjent problemstilling og bøker, vi la saman opp ein plan med timar og skriveøkter. Fordjupingsemnet vart delt i tre fasar, ei stutt sidemålsinnlevering, ei heildagsprøve i hovudmål, og til slutt ei individuell munnleg framføring.

Den fyrste skriveoppgåva skulle vere på sidemålet og omhandle prosessen, kva dei hadde lese og korleis dei skulle arbeide vidare. Dette vart lagt opp som skriving på skulen i september, ei to-timars økt, 60 x 2, til saman 120 minutt. I midten av november hadde elevane heildagsskriving i hovudmål på skulen, der dei fekk velje ei oppgåve som passa til problemstillinga deira og skrive ein tekst i artikkelsjangeren på minimum 1100 ord, med drøfting og refleksjon. Eg som norsklærar hadde laga eit oppgåvesett med 20 til 25 oppgåver som skulle passe til dei ulike problemstillingane. Elevane valde fritt mellom desse oppgåvene, og dei valde sjølvsagt den oppgåva som låg nærast opp til deira eiga problemstilling. Elevane var ikkje kjend med oppgåvene på førehand. Desse oppgåvene fekk elevane attende med karakter og vurdering før dei skulle ha munnleg framføring i fordjupingsemnet. Den munnlege framføringa vart lagt til dei to siste vekene i desember før juleferien, der kvar framføring skulle vere på mellom 7 til 10 minutt med bruk av digitale hjelpemiddel. På denne måten vart fordjupingsemnet ei måloppnåing innan både sidemål, hovudmål og munnleg norsk.

Til slutt hadde vi ei oppsummering av fordjupingsemnet på norskfagsida på Facebook, der elevane evaluerte opplegget dei hadde hatt. Dette var særs viktig for oss norsklærarar, da dette var fyrste gongen vi gjennomførte fordjupingsemnet på denne måten etter innføringa av Kunnskapsløftet 06. Det viste seg at elevane var svært nøgde med gjennomføringa, vi lærarane er nok noko meir skeptiske til den individuelle munnlege framføringa som vi meiner tok for lang tid, samstundes som ho kom svært nær den skriftlge delen i hovudmålet, som skulle vere ferdig evaluert innan den munnlege framføringa. For å lette tidspresset her, vart vi norsklærarane einige om å levere attende hovudmålstekstane etter kvart som elevane skulle ha framføring. Dette letna på presset, da ikkje alle dei skriftlge tekstane måtte vere ferdig evaluerte innan den fyrste munnlege framføringa.

Sjølv om elevane var tilfredse med dette opplegget, vil vi norsklærarane gå gjennom opplegget og vurdere om noko må gjerast annleis innan neste års arbeid med fordjupingsemnet.

mandag 6. desember 2010

Facebook og det digitale

I mi norskundervisning ved St. Hallvard videregående skole i Lier nyttar vi Facebook i undervisninga. Det starta i fjor med det som da var klasse 2STE, ein vellykka nynorsktime på Facebook vart til eiga fagside på Facebook med både nynorsk og anna innhald, avisene og NRK fatta interesse og Facebook i norsktimen vart omtala i Drammens Tidende med påfølgjande sitat i VG-NETT og intervju i NRK-Østafjells. Vi bestemte oss for å halde fram i år, elevane er no VG3-elevar, klassen heiter 3STE, og dei har framleis eiga Facebook-fagside. Min bruk av Facebook i timen har eg skrive om i Aftenposten. Elevane chatta, skreiv meldingar og skreiv på veggen til kvarandre, "nynorsk er gøy, da", kom det frå ei av elevane mine og inspirerte meg til å skrive Nynorsk i digitalismens tid i Dagbladet.

Det er viktig å vareta den femte ferdigheiten, læreplanen i norsk framhevar som eitt av kompetansemåla å kunne bruke digitale verkty til presentasjon og publisering av eigenproduserte tekstar. Facebook er ein av variantane som kan nyttast til skriving av stutte tekstar i kommentarfeltet, eg brukar det som eit tillegg til læringsplattforma It's learning i norskundervisninga, ikkje i staden for. Facebook kan ikkje erstatte It's learning med store oppgåveinnleveringar og attendemeldingar frå lærar til kvar einskild elev med karakterar og vurderingsoppfølgjing, men Facebook har sider som læringsplattforma ikkje har, til dømes moglegheit for tovegskommunikasjon med oppdateringar alle kan sjå, meldingar som går raskt mellom sendar og mottakar med gjensidig respons, og deling av informasjon fleire kan ha nytte av. Elevane kan kommentere og diskutere med kvarandre i kommentarfeltet under statusoppdateringane, og læraren kan leggje ut informasjon det er lett å sjekke om elevane har sett ved at dei skal trykkje på Likar eller Like. Dessutan er dette ein glimrande måte å lære elevane nettkultur på, det skjer jo der elevane er.

Medan Facebook-gruppa i VG3 (og var i VG2) ei open gruppe, der alle som "likar" sida kan leggje seg til og følgje med på kva vi driv med, er fagsida i norsk på VG1 lukka og berre open for dei vi inviterer inn, på grunn av alderen til elevane. Eg trur kanskje også at dei yngre er meir skeptiske til å leggje ut små eigenproduserte tekstar på ei open Facebook-side alle kan sjå. Dette kan de lese meir om i Prosjektbloggen for St. Hallvard videregående skole, Lier, som vart oppretta etter å ha fått prosjektmiddel frå Buskerud Fylkekommune for å sjå på nytten i bruk av Facebook i undervisninga, der eg ser på bruken i norsk, og kollega Anita Storm Olsen ser på bruken i engelsk. Vi har båe same klassen i VG1 og samarbeider difor om opplegg klassen kan gjere på Facebook.

IEtherpad er ein annan måte å samarbeide digitalt på, her kjem oppdateringane i sanntid og er eit lettvint samarbeidsverkty, noko enklare å bruke enn Google Dokument. Dette har eg skrive meir inngåande om i Norsklæreren nummer 3, 2010; Nynorskundervisning med sosiale medium og digitale samarbeidsverkty, der eg også kjem inn på SMS som eit alternativ for å variere undervisninga og stimulere elevane til å skrive.