mandag 6. desember 2010

Facebook og det digitale

I mi norskundervisning ved St. Hallvard videregående skole i Lier nyttar vi Facebook i undervisninga. Det starta i fjor med det som da var klasse 2STE, ein vellykka nynorsktime på Facebook vart til eiga fagside på Facebook med både nynorsk og anna innhald, avisene og NRK fatta interesse og Facebook i norsktimen vart omtala i Drammens Tidende med påfølgjande sitat i VG-NETT og intervju i NRK-Østafjells. Vi bestemte oss for å halde fram i år, elevane er no VG3-elevar, klassen heiter 3STE, og dei har framleis eiga Facebook-fagside. Min bruk av Facebook i timen har eg skrive om i Aftenposten. Elevane chatta, skreiv meldingar og skreiv på veggen til kvarandre, "nynorsk er gøy, da", kom det frå ei av elevane mine og inspirerte meg til å skrive Nynorsk i digitalismens tid i Dagbladet.

Det er viktig å vareta den femte ferdigheiten, læreplanen i norsk framhevar som eitt av kompetansemåla å kunne bruke digitale verkty til presentasjon og publisering av eigenproduserte tekstar. Facebook er ein av variantane som kan nyttast til skriving av stutte tekstar i kommentarfeltet, eg brukar det som eit tillegg til læringsplattforma It's learning i norskundervisninga, ikkje i staden for. Facebook kan ikkje erstatte It's learning med store oppgåveinnleveringar og attendemeldingar frå lærar til kvar einskild elev med karakterar og vurderingsoppfølgjing, men Facebook har sider som læringsplattforma ikkje har, til dømes moglegheit for tovegskommunikasjon med oppdateringar alle kan sjå, meldingar som går raskt mellom sendar og mottakar med gjensidig respons, og deling av informasjon fleire kan ha nytte av. Elevane kan kommentere og diskutere med kvarandre i kommentarfeltet under statusoppdateringane, og læraren kan leggje ut informasjon det er lett å sjekke om elevane har sett ved at dei skal trykkje på Likar eller Like. Dessutan er dette ein glimrande måte å lære elevane nettkultur på, det skjer jo der elevane er.

Medan Facebook-gruppa i VG3 (og var i VG2) ei open gruppe, der alle som "likar" sida kan leggje seg til og følgje med på kva vi driv med, er fagsida i norsk på VG1 lukka og berre open for dei vi inviterer inn, på grunn av alderen til elevane. Eg trur kanskje også at dei yngre er meir skeptiske til å leggje ut små eigenproduserte tekstar på ei open Facebook-side alle kan sjå. Dette kan de lese meir om i Prosjektbloggen for St. Hallvard videregående skole, Lier, som vart oppretta etter å ha fått prosjektmiddel frå Buskerud Fylkekommune for å sjå på nytten i bruk av Facebook i undervisninga, der eg ser på bruken i norsk, og kollega Anita Storm Olsen ser på bruken i engelsk. Vi har båe same klassen i VG1 og samarbeider difor om opplegg klassen kan gjere på Facebook.

IEtherpad er ein annan måte å samarbeide digitalt på, her kjem oppdateringane i sanntid og er eit lettvint samarbeidsverkty, noko enklare å bruke enn Google Dokument. Dette har eg skrive meir inngåande om i Norsklæreren nummer 3, 2010; Nynorskundervisning med sosiale medium og digitale samarbeidsverkty, der eg også kjem inn på SMS som eit alternativ for å variere undervisninga og stimulere elevane til å skrive.

12 kommentarer:

Fredrims sa...

Hei.

Dette virker som en fin måte å treffe elevene i deres digitale hverdag. Jeg er selv student og bruker mye Facebook til daglig. Ved å bruke denne tjenesten tror jeg du når ut til elevene på en måte også de er komfortable med. Som du sier byr Facebook på flere interaktive muligheter, som for eksempel bilder. Slik jeg ser det kan dette være med på å skape gode relasjoner blant de som deltar i gruppa. Kanskje alle finner et bilde de er med på og ser dermed at de blir sett?

Hilsen lærerstudent.

Iselin sa...

Så moro at du har lukkast med å motivere elevane til å seie at nynorsk er artig! Sjølv er eg lærarstudent på 2. året, og no før jul skal vi ha norskeksamen på nynorsk. Eg har tenkt mykje på korleis eg skal motivere mine komande elevar til nynorsk. For mange synast faget meiningslaust og vanskeleg, og det blir mi oppgåve å motivere og engasjere dei.

Dei fleste ungdomar nyttar facebook kvar einaste dag. Så kvifor ikkje møte dei stader dei er kjende, ein nettstad dei har eit positivt forhold til frå før?

Du nyttar facebook på vg. Eg utdannar meg til barne- og ungdomsskulelærar, og må nytte andre instansar fordi mine elevar vil vere for unge. Men du har gitt meg tankar om at også eg må ta utgangspunkt i elevanes erfaringar og deire interesser for å gi dei eit positivt forhold til nynorskundervisningen.
Iselin.

Fredrims sa...

Hei. Dette er det innlegget eg meinte å ”poste.”

Dette ser ut for meg som ein god måte å treffe elevane i deires digitale kvarrdag. Eg er sjølv student og bruker mykje Facebook til daglig. Ved å bruke denne tjenesten trur eg du når ut til elevane på ein måte også dei er komfortable med.

Som du seier, byr Facebook på fleire interaktive muligheiter, som til dømes å legge inn bilde. På så måte, kan dette vere med på å skape gode relasjonar blant dei som deltar i gruppa. Kan hende alle finner eit bilde dei er med på og ser dermed at dei blir sett av deg og dei andre elevane?

Ved bruk av disse bilda, blir læringsprosessen dei har tatt del i, noko personlig, noko dei kan kjenne seg igjen i. Dessutan blir det som skjedde i klasserommet tatt vare på og det lagrast. Dermed kan ein gå tilbake og sjå på det i framtida. Eg er positiv til bruk av Facebook på nokon område i undervisninga, så lenge det private er i sentrum og elevane blir skjerma for missbruk. Det er lettvint, tilgjengelig og noko kjent for elevane. Eg tar med meg tipset vidare. Stå på!

Hilsen lærerstudent Fredrik.

annikenrannem sa...

Endeleg ein lærar som ser kva for moglegheiter facebook har. Eg synast det er ein genistrek å bruke facebook som læringsarena, fordi det er eit sosial nettverk dei aller fleste elevane i videregåande skule har eit forhold til i dag.

Hadde nynorsleksa mi blitt lagt ut på facebook når eg gjekk på vgs, hadde eg nok lagt ned eit større egnasjemet rundt faget. Det er utruleg kor mykje meir interessant nynorsk blir når eg kan bruke det til å skrive kva eg har på hjartet.

Annette sa...

Det å bruke facebook i norsktimane, høres heilt greit ut og som du seier så står det i lærerplanen at elevane skal bruke digitale verktyg til presentasjon og puplisere eigenproduserte tekstar. Eg har sjølv opplevd at ein kan bruke facebook til mykje forskjellig når det gjelder norskfaglege ting. Eg brukte ein eigen facebookgruppe for ein gruppeoppgave og der hadde vi god kontakt heile tida. Vi fekk kommentere kvarandres tekstar og vi kunne enkelt spørre kvarandre spørsmål. Facebook er lett tilgjengeleg for alle, og dei fleste unge i dag har facebook. Eg trur å bruke facebook som ein del av læringa er ein fin måte å få elevane engasjerte i sine egne tekstar og det er lett å kommentere andres tekstar. Men å bruke facebook i norsktimane kan lett vere distraherande og elevane kan finne på å gjere noko anna. Det er enkelt å gjere noko å spille spill, ”chatte” med andre i chatten, sjå på bildar og lignade i standen for norskfagleg arbeid. Ein må kanskje sette grenser for kva ein kan gjere når de brukar det i sjølve norsktimen og det er kanskje vikig som lærar å gå rundt i klasserommet og halde et auge med kva elevane gjer det de skal. Utenom timene er synast eg facebook er glimrande å bruke i fagleg arbeid som eg tidligare nevte. Elevane har sitt arbeide lett tilgjengeleg på Internett og kan sjå om folk har kommentert deira arbeide.

anonym123 sa...

Jeg vil kommentere fra en elevs og lærerstudent sitt synspunkt og si meg veldig enig i denne utføringen av å skape interesse for nynorskundervisningen. Jeg har i mange år hatt liten interesse i nynorsk, da det har blitt nedprioritert av både meg selv og av mine norsklærere. Nynorsken har ikke blitt sett på som "likeverdig" med bokmål og det har ikke blitt gitt nok fokus i undervisningen. I løpet av mitt 2.år som allmennlærerstudent har jeg derimot fått en grundig innføring i nynorskens opphav og Ivar Aasens arbeid, samtidig som faglærer har prøvd å oppfordre til aktivitet over Its Learning og andre nettsteder på nynorsk. Disse kombinasjonene har bidratt til at jeg har fått en økt interesse og mestring av nynorsk. Det å kunne bruke sidemålet i sosiale medier har vekket min interesse for å lære mer. Jeg synes at nynorsk har blitt gøy, og jeg vil oppfordre meg selv og andre lærere til å undervise på samme måte!

andreasrh sa...

Jeg syns du setter et flott eksempel på at man som lærer kan ta god nytte av de portaler som elevene allerede bruker flittig! Jeg er ikke en stor fan av Facebook i seg selv, men jeg er likevel inne et par ganger om dagen på grunn av de unike mulighetene for å dele informasjon og kommunisere på en rask og effektiv måte. Its Learning derimot er det fort gjort for meg å glemme å sjekke i en travel hverdag...

andreasrh sa...

Jeg syns du setter et flott eksempel på at man som lærer kan ta god nytte av de portaler som elevene allerede bruker flittig! Jeg er ikke en stor fan av Facebook i seg selv, men jeg er likevel inne et par ganger om dagen på grunn av de unike mulighetene for å dele informasjon og kommunisere på en rask og effektiv måte. Its Learning derimot er det fort gjort for meg å glemme å sjekke i en travel hverdag...

Ragnhild sa...

Eg synest at denne ideen om å nytte Facebook i nynorsk undervisninga hørast veldig spennande ut. Å kunne nytte seg av digitale verktøy er som nemnd eit fokusområde i LK06 og fleritallet av dagens elevar har ein Facebook profil. Å møte elevane i deires kvardag, og halde seg oppdatert er viktig i lærarrollen, og elevane kan bli meir motivert når dei kan arbeide med noko ukjent i ein kontekst dei er kjend i. Det verka på elevane at dei likte denne undevisningsmåten og at dei fekk eit utbyte av det. Læraren må vere klar på reglane i ei slik økt, og leggje rammar for timen. Ei utfordring kan vere å skilje det private og det faglige når ein nyttar seg av den private profilen. Ein kan også stille spørsmål rundt det sosiale presset elevar kan oppleve på internett og om ein er villig til å nytte seg av dette i skulen. Det blir spennande å følgje utviklinga i digital verktøy, og det er bra at du som lærar er villig å tenkje nytt og kreativt.

Eirin sa...

Hugsar eg las artikkelen du skreiv i Aftenposten om at du nyttar Facebook i nynorskundervisninga, og eg vart nyfiken på korleis det fungerer i praksis, ikkje berre i din klasse, men i norsk skule generelt. Ved første augneblink ser eg på det å nytte seg av digitale medier i skulen og norskfaget som positivt. Eg trur det bidreg til å gjere undervisninga og læringa meir motiverande og engasjerande blant elevane, og gjer elevane meir medvitne kvifor dei går på skulen og lærer – fordi ein ser nytteverdien og samanheng mellom det å lære og det å kunne nytte læringa i ”det verkelege liv”.

På den andre sida, er ein nøydd til å sjå dette frå ulike sider – vil det ikkje vere lett for elevane å ”spore av” og gjere andre ting på Facebook enn det ein eigenleg skulle? Korleis vurderer ein elevar sin måloppnåing? Eg vil også tru, at det for utanforståande, kan vere vanskeleg å sjå læringspotensialet i det å nytte seg av nynorsk og skriving på Facebook. Nokon vil tenkje at Facebook berre har ein underhaldningsverdi for elevar, og ikkje eit læringspotensial.

Tommel opp for at du opplyser det norske folk med å skrive ein artikkel med fokus på å nytte seg av digitale medier som ein del av elevar sin læring, og at du tar på alvor dei grunnleggjande ferdigheitene som Kunnskapsløftet legg vekt på i alle fag, og belyser viktigheita med å nytte seg av digitale verktøy og skriving i skulen.

aaaaa88 sa...

så lurt å bruke facebook når ein underviser i nynorsk. skaper god motivasjon for elevane til å lære nynorsk på ein morsmom måte. Mest truleg vil nokon av elevane fortsette med skriving av nynorsk på fecebook også i fritida.

Marteft sa...

Spennande! Eg synast det er flott at du bruker eit forum som Facebook i undervisninga. Det er noe som elevane bruker sjølve kvar dag, og ein stad dei er meir aktive enn it’s learning. Eg kan tenkje meg at det fort kan bli ein lite effektiv undervisning med elementa som til døme prating med kvarandre, men eg ser at du har fått det til å fungere! Tipper at elevane lærer mykje av kvarandre på denne måten.
- Marte