tirsdag 30. november 2010

Realisme og naturalisme iEtherpad

Ein heilt vanleg norsktime med lesing og gjennomgang av tekstar starta med bruk av samskrivingsverkyet iEtherpad.

Tekstane i dei ulike litterære periodane blir gjennomgått i timane, via diskusjon i grupper med oppgåver å løyse, etter at elevane har lese aktuelle tekstar som heimelekse. For å variere dette kan elevane sjølve prøve å skrive ein tekst som passar inn i den litterære perioden dei arbeider med.

Dette vart prøvd i VG3-klassen min i ein dobbeltime, 2 x 60 minutt, etter gjennomgang av tekstar frå realismen og naturalismen med følgjande oppgåve: I realismen vart mennesket sett på som fritt og handlande og i stand til sjølv å ta tak i sin eigen situasjon. Naturalismen, derimot, meinte arv, miljø og samfunnsforhold var avgjerande for det einskilde mennesket sin situasjon og utvikling. No skal du skrive ein stutt tekst, der du brukar denne forskjellen. Bruk iEtherpad og skriv ein tekst med utgangspunkt i måleriet "Kampen for tilværelsen", måla i 1888-1889 av Christian Krohg. Teksten skal ha to forskjellige utfall, eit realistisk og eit naturalistisk.


Elevane fekk tips om korleis dei kunne starte teksten og presentere personane dei skulle skrive om. Dei arbeidde i grupper på fire og delte seg parvis, slik at dei på førehand var einige om kven som laga realistisk tekst og kven som skreiv naturalistisk. Eit framifrå verkty å bruke til samskriving er iEtherpad med alle oppdateringar i sanntid.


Her er svaret på det realistisk-naturalistiske samarbeidet iEtherpad ut frå måleriet over.










Elevane hadde fyrst arbeidd med novella, "En god samvittighet", av Alexander Kielland og utdraget i tekstantologien frå romanen Albertine av Christian Krohg. Eit av svara iEherpad syner den fyrste oppgåva om å samanlikne og peike på det realistiske og nauralistiske i dei to tekstane av Kielland og Krohg.

Ein heilt vanleg norsktime med løysing av oppgåver og skriving av eigne tekstar vart svært gjevande iEtherpad.

Ingen kommentarer: