fredag 26. februar 2010

Norsklektoren og den gamle skodespelareleven


Som stolt norsklektor sat eg ein kveld i salen på Det Norske Teatret og såg den tidlegare eleven min, Thomas Bye, spele i stykket Evig ung. Er det noko eg som lærar likar godt, så er det å følgje med elevar etter at eg har sloppe dei ut av den vidaregåande skulen. Å oppleve at ein av elevane står på ei av hovudscenene i landet er stort og rørande. Å sjå og oppleve eleven min var hovudmålet med mi vitjing på Det Norske Teatret denne gongen. Eg vart ikkje skuffa, både stykket og skodespelarprestasjonane var av høgste kvalitet.

Det er utruleg givande å arbeide med elevar i den vidaregåande skulen rett før dei er på veg ut i den vaksne verda. Det er mange måtar å halde kontakten med elevane på, nokre møter ein att med jamne mellomrom i byen, andre stikk innom skulen og helsar på, gjerne skuleavslutninga til jul er blitt ein populær "reunion" for tidlegare elevar, ein triveleg og god tradisjon som blir verdsett av både elevar og personalet. Andre er eg blitt ven med på Facebook, eller følgjer på Twitter, som vaksne forheld vi oss til kvarandre på andre måtar enn den gongen dei var elevar og eg læraren.

Det vart ei stund med undring og ettertanke å sjå eleven min, den svært unge Thomas Bye, spele ein gammal mann på over 80 år. Der og da fekk eg det heilt klårt for meg at vi alle blir gamle ein gong. Også elevane mine blir gamle, og kva slags samfunn har vi da, når dei som er unge no, er blitt dei gamle på aldersheimen? Da er jo ikkje vi her meir, da har dei unge teke over plassen vår. Ja, dei har faktisk gått forbi oss. Dei har rykka opp og vi har rykka ned, eller vidare opp, alt etter som ein ser det.

Sjølvsagt er dette roller som blir spelt av skodespelarane på scena, men i dette stykket spelte skodespelarane seg sjølve som gamle, og Det Norske Teatret var ikkje lenger teater, men aldersheim for pensjonerte skodespelarar. Difor vart det spelte drama så verkeleg og nært, der det reelle kom fram i bruken av eigne namn på skodespelarane saman med eigen arbeidsplass, som hadde vorte aldersheimen deira.

Bak den morosame og uhøgtidlege atmosfæren låg ei sår kjensle av ein alderdom som innhentar oss alle, at det vi aller minst vil oppleve er å bli gløymt, gøymt og ikkje respektert. Hos dei gamle skodespelarane låg både humoren, alvoret, autoritetsangsten, det unge sinnet, gapskratten og råheita heile tida på lur. Dei var herleg ettertenksame og vulgært gode i både replikkar og song. Dei gongene dei var på det mest råe og det mest humoristiske, vekte dei dei såraste kjenslene hos meg for korleis samfunnet vårt ser på og tek vare på dei gamle. Vi må ikkje i møtet vårt med eldre menneske gløyme at dei også har vore unge, spreke, galne og livate. Dei kjenslene kjem att hos alle når høvet er der, slik er det for oss alle, heldigvis.

Dette var aldersheimen for skodespelarane i dag. Men alle er vi vel ein del av denne aldersheimen, kvar og ein innan det miljøet vi er og tilhøyrer, den arbeidsplassen vi deler med andre kolleger, i det huset vi har arbeidet vårt. Livet mitt, og sikkert alle andre sitt også, vart sett i perspektiv saman med gapskratten og humoren frå skodespelarane og den gamle skodespelareleven min; evig unge Thomas Bye, denne teaterkvelden.