søndag 10. mars 2013

Framleis Facebook?

"Skriv på Facebook!", sa eg til elevane mine ein vintermorgon i 2010, dei gjorde så, og vi oppretta fagsider og grupper på Facebook. Litt kontroversielt kanskje, men mest tankevekkjande, synest eg sjølv.

Reaksjonane var mange - frå mange; - Kan dei gjera det da? - Korleis gjer du det? - MÅ du vera venn med dei? - Er ikkje Facebook stengd på skulen dykkar? - Kva seier leiinga? - Får du lov til dette? - Er ikkje elevane nok på Facebook? - Kva gjer du når Facebook ikkje skal brukast? - Eg svara: - Ja, - Nei! - Eg får lov. - Ja! -  Men eg styrer når dei skal bruke Facebook, ... - Facebook verkar ikkje forstyrrande inn på mi undervisning. - osv.

"Held du framleis på med Facebook i timane?", får eg tre år seinare ofte høyre og svarar med eitt eller to nikk at det gjer eg, i varierande grad, alt etter kva vi held på med av fagleg stoff. Elevane mine har i år valt lukka Facebook-grupper for å kunne velja kven som skal ha innsyn i det dei deler og legg ut fagleg.

Difor er det ikkje noko nytt  i dette, å bruke Facebook i undervisninga, det digitale er der, vi er på nett, og dei sosiale media blir nytta av både lærarar og elevar. I dag er elevane både på Twitter og Instagram, i tillegg til Facebook, og der kan vi lærarar ikkje styre om elevane vel å følgja oss, så lenge vi har opne kontoar. På Facebook derimot, kan vi sjølv bestemme kven vi vil kommunisere med.

Konkret bruk av sosiale medium, til dømes Facebook, i undervisninga, handlar om kommunikasjon og klasseleiing. Når nettet er ope, veit vi at elevane er på Facebook og sjekkar sida med jamne mellomrom. Dette trur ikkje eg forstyrrer elevane og konsentrasjonen i særleg grad, så lenge dei legg fana ned og er raskt attende i klasserommet. Når vi fyrst nyttar Facebook i undervisninga, så er det lettvint at elevane er pålogga, for skal noko leggjast ut raskt, er den enklaste måten å leggja meldinga eller lenkja ut på Facebook-sida eller gruppa klassen har. Dette gjer elevane sjølve, lenkjer kan også sendast via chatt på Facebook innad i små grupper, det tek berre nokre sekund. Desse funksjonane letnar kommunikasjonen og delinga i klasserommet, der tidsklemma går på lengda av klassetimane, 45 eller 60 minutt, og blir difor ein vinn-vinn situasjon for både lærar og elevar.

Når det gjeld klasseleiinga, er organiseringa av klasserommet viktig for å sjå skjermane og få elevane vekk frå sider som ikkje høyrer heime i timane. I år sit ein av klassane mine ved runde bord (fire store bord), der eg lett kan gå rundt i klasserommet og sjå skjermane til elevane. Ein annan måte er å la elevane sitja med borda inntil veggane i klasserommet med ryggane mot rommet, slik at læraren ser skjermane heile tida, men da må elevane snu seg når læraren går gjennom fagleg stoff framme ved kateteret. (Dette har også vore eitt av argumenta mot runde bord.) Eg har testa båe alternativa, og fann ut, i samråd med elevane, at det framleis, i vår digitale tid, er betre med tradisjonelle pultrekkjer etter kvarandre, fordi elevane opplever det keisamt å snu seg mot kateteret og notere med PCane på fanget. Så får heller vi lærarar vera mobile og ta oss rundar rundt i klasserommet.

Jau, eg nyttar framleis Facebook i timane, kanskje ikkje så mykje som da eg starta med det, men det er der som ein variasjon, særleg for å skapa gode haldningar og nettvett og oppretthalde den gode dialogen med elevane. Facebook er supert for dei raske meldingane, til skriving av stutte tekstar, til oppsummeringar på slutten av timane og tunge lenkjer som til dømes NRK-program. Til samskriving fungerer Google Drive betre enn Facebook, også for lengre tekstar, har skrive om dette her på bloggen. Facebook nyttar vi da for å få tak i og dele lenkja, til det kan andre verkty, som OneNote, sjølvsagt også brukast, det viktigaste er at elevane får lett tak i det dei skal arbeide med.

PCane har vi, der ligg dei digitale verktya, vi lærarar må sjølve velja kva slags verkty vi vil ta i bruk i timane våre, mykje er også fagavhengig, og korleis dette kjem ut i praksis handlar om klasseleiing.