onsdag 11. mai 2011

Å vekse opp med voksduk


Da eg var lita hadde mor alltid voksduk på bordet. Eg voks opp med voksduken, det var det fyrste eg strakk meg etter, fekk eg høre, da eg reiste meg opp for å støtte meg. Det gjekk ikkje så bra, eg drog visst med meg både fløytemugga og kaffikoppar i fallet. Kaffikoppane var tomme, har det blitt meg fortalt, men fløyteskvetten rann visst nedover ansiktet mitt.

Voksduken låg alltid på kjøkkenbordet heime, han var nok i bruk meir for det praktiske enn for pynten si skuld. Kjøkkenbordet til mor var svært vakkert, eg har det på kjøkkenet midt i dag, og det har ofte undra meg kvifor ho alltid brukte mønstra voksduk på det, bordet var så pent i seg sjølv. Men slik tenkte dei ikkje før, voksduk var noko alle skulle ha; "Jau, voksduk, det må vi ha", kan eg hugse det vart sagt over kaffikoppane kring kjøkkenbordet. "Å neimen så pen voksduk du har da, nei kor har du kjøpt den?", var spørsmålet som gjekk att når voksduken vart innvigd med kaffistunda på ettermiddagen.

Eg hugsar det var høgtid når voksduken skulle skiftast ut, alltid kom det ny voksduk på bordet til jul. Da hugsar eg mor bretta duken ut over heile bordet, slik at det hang ein kant passe ned på kvar side. Han lukta spesielt, denne nye voksduken, og så var han alltid litt bolkete dei fyrste dagane inntil han hadde blitt brukt og tørka av nokre gonger, slik at han hadde lagt seg til og festa seg på bordet. Denne voksduklukta hugsar eg meir enn eg kan skildre ho, men eg kjenner ho att på stader dei sel voksdukar, viss eg kjem nær dei nok. Ikkje desse nymotens, mjuke, tunne voksdukane, nei - det må vera av desse litt harde, stive typane. Det er det som er voksduk, i alle fall for meg.

Hugsar da eg var lita, veit ikkje heilt om eg skal våge å fortelja det, men det må bli mellom oss. Eg kunne vel ha vore rundt 4 - 5 årsalderen, eg hugsar det berre svakt, men det har blitt oppattfortalt og dermed festa seg i minnet mitt. Eg sat ved kjøkkenbordet og teikna, klypte og limte. Eg hadde fått ny, lita saks, og med eitt greip eg meg sjølv i at eg sat og klypte i voksduken til mor, frå den nedste kanten og oppover mot bordkanten. Eg kan enno hugse den sitrande spenninga inni meg, da eg klypte og hørte lyden av saksa som skar i voksduken. Mor tilsnakka meg, eg måtte da forstå at eg ikkje skulle gjera slikt. Dagen etter kom det ny voksduk på bordet, klart han måtte skiftast ut, eg hadde jo øydelagt den andre. Eg sat igjen ved voksdukbordet med same aktiviteten, og jammen klypte eg ikkje ein gong til - og øydela den nye voksduken. Det same gjentok seg, mor vart sint - kan du skjønne, eg hugsar eg hadde ei vond kjensle inni meg, visste at dette skulle eg ikkje gjera meir.

Eg voks opp med voksduken. For meg vart han den vi samla oss kring i gode stunder, til høgtid med ny voksduklukt i rommet, til eftasstunda på ettermiddagen med kaffikoppane og biteti, til teikning og brettspel, til lekselesing og til å leggje hovudet nedpå for å kvile litt, da det leita på som verst med tungt hovudarbeid. Voksduken har følgt meg frå eg reiste meg opp for å finne støtte, gjennom heile barndommen, jamvel da eg utfordra grenser og fram til i dag med nye motar og trendar innan stoff og stil. Voksduken har alltid vore der for meg, trur ikkje eg kan leve korkje utan han eller lukta, for ho er der når eg ser voksduken.

NKUL11 - til innlæring og bortlæring


NKUL11 - Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring, gjekk føre seg i Trondheim frå 4. – 6. mai, for syttande gong, og er dermed ein ung aktør innan skule og læring, som rektor ved NTNU; Torbjørn Digernes, sa i si opningstale til dei 860 deltakarane på NKUL11, det presise namnet på årets konferanse. No var nok ikkje alle 860 samla til opningsføredraget i auditorium R1, Realfagbygget, ved NTNU, på Gløshaugen, noko som kanskje var bra, da brannalarmen vart utløyst og alle laut forlate bygningen rett etter at mottoet for NKUL11; “Alltid på – overalt”, var slått fast. Litt symbolsk viste det seg risikabelt å lansere slike brannfaklar i sanntid i ope plenum.
Ifølgje rektor Digernes er det nytt for hans generasjon å vera pålogga heile tida, men med eit raskt blikk rundt i auditoriet merka eg meg at han slett ikkje er den einaste bestefaren på konferansen, han opplyste sjølv om tittelen og refererte til barnebarnas raske mobilbruklæring og dermed kommande generasjonars digitale kunnskap. Digernes nemnde kor fort dei små lærer seg mobilbruk, difor blir IKT eit naturleg verkty for barnebarna våre som er framtidas elevar.
Målgruppa for NKUL er lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar, lærarutdannarar, lærarstudentar og andre aktørar i utdanningssektoren. Når under halvparten av lærarstudentane seier utdanninga er med på å auke deira digitale kompetanse (ref. frå NKUL), er det utruleg viktig at lærarstudentane har kome med som deltakarar på NKUL11, håpet er at det også vil bidra til auka søknad til yrket. Vi treng fleire gode søkjarar til lærarutdanninga; søkjarar med interesse for og kunnskap innan IKT, for å få kompetente undervisarar til den kommande generasjonen, der IKT blir den tause kunnskapen, og anna læring kjem til å by på nye utfordringar og ny kunnskap. Denne konferansen er med på å spreie kunnskap, dele erfaringar, opprette kontaktar og få deltakarane til å nyttiggjera seg tips frå andre aktørar dei kan ta med attende til eigne arbeidsfelt.
Det faglege fellesskapet, “minglinga“ og det sosiale rundt ein slik konferanse er svært viktig, med tanke på deling av kunnskap og opprette nye faglege kontaktar. Verktya og produkta utstellarane viser fram og lærer bort til bruk i undervisningskvardagen og klasseromma, er med på å endre pedagogiske retningar og klasseleiing, som ny bruk av IKT inneber. At det også er kommersielle omsyn frå utstellarane si side, er noko ein må ta med, der gratisversjonane kanskje meir og meir er på veg ut, og skuleeigarane må innrette seg på at skulane må betale for produkta dei brukar, for at elevane skal kunne få fleire program og verkty å velja blant. For IKT-generasjonen kan det fort bli for kjedeleg og einsformig med dei same verktya, den digitale generasjonen kan og vil utvikle seg, og dei kan frå eiga læring så mye, at det skal lite til for at skulen blir bakstrevarsk og gammaldags. Vil vi ha den digitale skulen, må vi også hengja med, både i tankane og i marknadsverda. Vi må godta at dei nye digitale verktya blir til utanom skulen, verkty skulen vil bruke for å vera digital og som andre vil ta seg betalt for å laga.
Det slår meg at dei same personane er til stades på denne konferansen år etter år, mange av oss har teke ei og anna pause, kanskje annakvart år, men vi dukkar opp att og møter att kjende i forbifarten i korridorane og som føredragshaldarar. Er det slik at denne konferansen, og liknande evenement, er samlingar for ei homogen forsamling, på line med eit trussamfunn, der dei nye som dukkar opp, er nyfrelste av dei gamle travarane? Heldigvis blir konferansen streama, slik at dei som ikkje kan vera til stades kan få med seg føredraga “live”, i tillegg blir det tvitra livleg frå dei ulike sesjonane, der kommentarar under hashtaggen #NKUL let seg søkje opp som stutte referat frå føredraga, som: “Kunnskap handlar om å veta kvar du skal spørja #nkul”. Kor mange som nyttiggjer seg av dette utanom sjølve konferansen, er eit anna spørsmål. Det blir kanskje noko likt det mange opplever som respons på eiga satsing innan IKT-bruk i undervisninga. Dei største attendemeldingane kjem frå aktørar med liknande praksis frå andre skular, utanom eigen arbeidsplass. Det er eit tankekors at responsen over eige utviklingsarbeid er større “ute” enn heime blant eigne kollegaer, det heng kanskje noko i hop med profet, ikkje i eige land, men på eigen arbeidsplass. Difor har NKUL 11 og NKUL-framover ein misjon, å få med fleire innan IKT-satsing, for å styrkje arbeidet og kompetansen også lokalt, innan kvar einskild skule, der det blir in med innlæring frå eigne arbeidskollegaer som bortlærer kompetanse dei har gripe fatt i out, eit glokalt NKUL, skapa og vidareformidla av deltakarane mellom kvar samling.