lørdag 29. mars 2008

Nynorskoppgåve om teikneseriar


I dei to fyrsteklassene eg underviser har eg gitt elevane i nynorskoppgåve å skrive om teikneseriar. Som lærar undrar ein seg over kva ein skal gje elevane av interessante skriveprosjekt for å få opp skrivegleda. Etter at eg hadde hell med sms-oppgåvene mine, tenkte eg å halde fram med noko av det som opptek elevane i kvardagen. Difor fall valet på ei oppgåve om teikneseriar, der eg tok utgangspunkt i at smurfane fyller 50 år i år. Elles som de ser, stod elevane ganske fritt. Her er oppgåva som elevane hadde 2 timar på. (Det viste seg at den mest populære teikneserien var Pondus, med Wendy og Donald Duck som tette oppfølgjarar). Bildet av smurfane la eg ved som inspirasjon.
Dei populære teikneseriefigurane fyller 50 år! Kva veit du om desse små figurane? Har du lese om dei eller sett dei på TV eller video? Kva for ein teikneserie likar du best? Fortel om den teikneserien som har hatt mest å seie for deg opp gjennom åra. Grunngje kvifor du likar den serien best. Skriv ca 500-600 ord der du svarar på desse spørsmåla.