fredag 14. mai 2010

Elevane skriv

Eg kjem inn i klasserommet, elevane er på Facebook, dette gjer noko med meg, det gjer meg glad. Som norsklektor er eg glad for all skriftleg aktivitet elevane held på med, og Facebook har gjort at alle er delaktige i ein aktiv skrivekultur. Også dei som ikkje er så glad i å skrive, dei skriv på Facebook og brukar språket aktivt.

"Me' feisbukk så skriv jæi iallfall noe, - 'vær dag!" sa ein elev til meg under fagsamtala i norsk. Eleven vreid seg på stolen, var tydeleg utilpass med situasjonen, visste like godt som meg at norsk skriftleg slett ikkje var hans sterkaste side, då eg spurte om han skreiv noko utanom norskfaget. Herleg, tenkte eg, han skriv jo. Eg kunne reist meg opp og ropt høgt, men tenkte meg om, såg på eleven og sa: "Jamen, da skriv du jo, held fram med det, skriv på Facebook!" Etter kvart kom det fram at eleven skriv mye, han sender SMS, brukar MSN og skriv dagleg mailar til norske og utanlandske fotballklubbar og supporterar. Vi kom fram til at han er ein særs aktiv skribent, ein ekte skrivar. Fagsamtala enda med at eleven såg på seg sjølv som ein skrivande person, og at det skriftlege språket er noko han meistrar.

Etter fagsamtala vart eg trygg på at eleven likar å skrive, at Facebook er staden han skriv, der føler han seg heime. Tidlegare hadde eg sett og opplevd, og han hadde sjølv gitt uttrykk for, at han hadde problem med å formulere seg i norsk skriftleg. Med styrt Facebook-aktivitet i norsktimane fekk eg snudd denne eleven til å bli delaktig i ein aktiv skrivekultur, der han er med og skriv, og ikkje den som sit og stirrar ut av vindauget, stønnande, ventande på at timen skal vere over, med berre nokre få liner lagra som svar på ei oppgåve.

Etter at vi oppretta fagsida i norsk på Facebook skal eg seie han har skrive, både på hovudmål og sidemål. Ivrig tastande i timane har eg opplevd å sjå frustrasjonen over å ikkje få til noko glid over i ei slags skrivekløe, der den ekte gleda har lyst ut av ansiktet hans over å produsere noko i norsk skriftleg. Da er det moro vere norsklærar da! Plutseleg er han ein naturleg del av den skrivande gruppa. Jøje meg, tenkte eg i ein av timane, der eg gjekk rundt og såg inn i skjermane, elevane skriv, og dei har ikkje lyst til å slutte. "Dette var gøy!" sa ei av dei flinkaste jentene, snudde seg og såg opp i ansiktet mitt med eit stort smil. "Yess", sa eg til meg sjølv, "dette funkar, elevane skriv!".

Eg har kjørt ulike opplegg og tema i norsktimane på Facebook, der målet for timen har vore skriving, anten på bokmål eller nynorsk. Med fagsida i norsk på Facebook har det vore lett å bruke Facebook som dagleg aktivitet, både i timane og som lekse. Det treng ikkje ta heile timen, berre ein liten del av timen er nok, til små oppdateringar og kommentarar. Med eiga fagside har eg også lettare tilgang til å sjå og kontrollere kva elevane skriv, at det dei gjer faktisk har fagleg relevans. Sia desse elevane har nynorsk som sidemål, har eg også bedd dei om å kommentere på nynorsk, som da dei fekk i oppdrag å gi attendemeldingar på Berit Rekves kronikk i Aftenposten i samband med 125-årsdagen for jamstellingsvedtaket, lagt ut som lenkje på norsksida på Facebook. Stas var det å få kommentarar og attendemeldingar frå forfattaren sjølv, Berit Rekve, i kommentarfeltet på fagsida. Kan lese om dette her på bloggen. Gildt er det også å få kommentar frå Gøril Grov Sørdal i Språkteigen, slikt likar vi.

Det viktigaste er at elevane skriv, brukar språket aktivt og freistar å formulere seg, anten det er på hovudmålet eller sidemålet. Vi har snakka om at Facebook er ein eigen sjanger, stuttare og kjappare i formuleringane enn det vi nyttar i vanlege skulestilar. Men eg har lagt vekt på, og vorte einig med elevane om, at på fagsida vår på Facebook brukar vi eit ordentleg språk, vi uttrykkjer oss pent, og vi skriv utan å støte eller trakassere noko eller nokon. Personvernet må vi alle streve for å ivareta. Språket skal vere sakleg, kommentarane skal vere tydelege og forståelege for alle, grunngitte og velformulerte. Høfleg uttrykksform er sjølvsagt. Dette er vi einige om også må gjelde ved skriving i eigne profilar på Facebook. Slik sett verkar denne aktiviteten oppdragande og dannande for ein samla aktivitet på nettet. Det har også vore lettare å be elevane gå ut av Facebook i dei timane vi ikkje nyttar det, sia det er ein del av undervisningsmetoden i andre timar.

Som lærar er eg ikkje ven med elevane mine på Facebook, altså dei har ikkje tilgang til mi profilside. Fagsida på Facebook er oppretta med meg som administrator, der elevane mine er tilhengjarar. Morosamt er det at denne fagsida på Facebook i dag nærmar seg 70 tilhengjarar, noko som tyder på at fleire enn elevane er interesserte i Facebook i norskundervisninga. Eg nyttar Facebook som supplement til læringsplattforma It's learning, det kan verke tungvint, men aktiviteten på Facebook og den tovegskommunikasjonene Facebook opnar for, gir fleire moglegheiter og raskare attendemeldingar enn det læringsplattforma gir. Hinderet i å bruke Facebook er at det er ope og tilgjengeleg for alle, noko som gjer at det ikkje passar til alle slags kommentarar og faglege attendemeldingar. Dei konstruktive og faglege meldingane må difor skrivast andre stader. Det som er skrive på nettet blir der, og det er ikkje sikkert det er så moro for ein elev tretti år fram i tid å sjå kva slags fagleg melding han eller ho fekk av norsklæraren sin på vidaregåande. Når eg kommenterer på Facebook, har eg som strategi at eg berre kommenterer positivt og oppmuntrande, utan kritikk og korreksjonar, den faglege attendemeldinga til kvar einskild ventar eg med til fagsamtalar og skriftlege vurderingar. Målet er å auke og ivareta skrivegleda hos elevane, verken bryte ho ned eller gjere ho offentleg.

Mi erfaring med Facebook i timane er at elevane skriv og brukar språket aktivt. Når dei kommenterer og legg ut oppdateringar, er dei aktive i ein skriveprosess, der dei må ta stilling til korleis dei uttrykkjer seg, kva slags ord dei vel å bruke, kva slags setningsformuleringar dei tek i bruk, og kva slags signal dei sender ut. Dette gjer at dei må reflektere over og bli medvitne om eigen språkbruk som kjem godt med til seinare bruk, ikkje berre i norskfaget. Det er ikkje naudsynt å skrive så langt for å få skrivetrening, det viktigaste er skriveprosessen i det å vere aktive kommentarbidragsytarar på Facebook.

Eg valde å gå inn der elevane er, på Facebook, og bruke dei moglegheitene Facebook gir i ein aktiv skrivekultur. I staden for gong på gong å mase og be elevane gå ut av Facebook, tok eg tak i dei der dei er og ba dei skrive. Dette har gitt meirsmak, meirskriving og meirspråkleg aktivitet. "Må værra her, kan'ke gå glipp av de kule norsktimene dine, vettu!", sa ein av elevane til meg på veg ut etter ei skriveøkt som opna med idémyldring på Facebook og avslutta med vanleg oppgåveskriving og innlevering. Med eitt kom orda i songen for meg: "da er det morosamt å leva", eg nynna og song for meg sjølv. Og elevane skriv.