fredag 19. februar 2010

Nynorsk og Facebook

På veg til nynorsktimen vrei eg hovudet mitt i påvente av å kome på noko spennande å gjere i timen. Kva skal eg starte med? "Ord for dagen" er fort unnagjort, så er det seksti minutt med terping, repetering, grammatikk og pugging av nynorske verb. Det heiter ikkje "man" på nynorsk, de skal skrive "ein". Eg hører mi eiga stemme, om att og om att og om att! Stakkars elevar.

Sjølv om eg gong på gong har sagt at lykka i livet går gjennom pugging av nynorsk grammatikk, så har eg byrja å tvile på mi eiga lykketilråding. Eg har til og med rådd elevane til å hengje opp den nynorske minigrammtaikken på do, over spegelen, på badet, over alt der dei hyppig ferdast. Dette for at dei skal hugse at det heiter "skrive" og ikkje "skreve", at dei må bruke pronomenet "desse" på nynorsk og ikkje "disse", at dei må vere konsekvente i val av former, at når dei "køyrer" buss heim frå skulen, så inneber det at dei også "høyrer" musikk på iPoden, at dei sjølvsagt kan velje å skrive "kjøre" og "høre", men da skal dei skal vere konsekvente i bruken innan den same teksten.

Elevane må skrive for å lære nynorsk. Kor skriv dei? Jau, dei skriv på Facebook. DER hadde eg planen klar. Eg vart lykkeleg og glad og mest dansa inn i klasserommet. Å be elevane slå på PC-ane er ikkje nødvendig, dei er allereie i status "on" og har blikket stivt inn i skjermane når eg kjem inn og stiller meg bak kateteret. Det har eg slutta å ta meg nær av, eg helsar og alle reiser seg, nokre har vanskar med å vende blikket opp frå skjermen, så ber eg alle opne Facebook-sida si, dersom dei ikkje allereie har gjort det. DA får eg blikkontakt. Mange reaksjonar, alt frå smil til små uttrykk som "hææ?", til og med guten på tredje rekka inst ved veggen tek av seg skyggelua, men eg held på mitt: "Opn Facebook-sida dykkar", seier eg like naturleg som eg skulle ha bedd dei slå opp i tekstboka på Erasmus Montanus, det stykket vi arbeidde med sist time.

Raskt er alle i Facebook-modus, eg ber dei oppdatere profilane sin på nynorsk. Dette vekte interesse og dempa jubel. Eg ville overdrive ved å seie at det vart stormande applaus, men ei større interesse enn eg er van med å få heilt i byrjinga av nynorsktimane mine, det var det. Dei fleste var opptatte av å formulere seg godt og skrive riktig grammatikalsk. Med eitt var mange hender oppe og ville ha hjelp; "er dette riktig, kan eg skrive det på nynorsk?" Eg gjekk frå elev til elev og hjalp til med å finne det rette ordet, den gode setningen, det rette uttrykket.

Kor dei fann uttrykka sine? Jau, mange gjekk inn på ordtak.no og fann sitat der som dei omsette til nynorsk, og fleire av elevane la ut fleire statusoppdateringar, noko som vitnar om at dette vekte skriveglede. Nokre skreiv på veggen til kvarandre, andre prata (altså chatta), og vi vart einige om å skrive på nynorsk på Facebook den kommande veka. Til slutt endra fleire av elevane språket sitt på Facebook frå engelsk eller norsk (bokmål) til norsk (nynorsk).

Dette kallar eg nynorsktime i praksis, elevane skreiv og brukte språket aktivt på sitt område, der dei kanskje ville ha sete og smugtitta likevel. Elevane var nøgde etter timen, men den som kanskje var eller mest nøgd, det var eg, som hadde fått til ein aktiv skrivetime på nynorsk. Og kven har sagt at ein alltid skal skrive så lange tekstar, er det ikkje slik at dei små tekstane er det elevane er mest kjent med frå kvardagen sin innan dei sosiale media?