tirsdag 29. mars 2011

Det skrivande mennesket

Orda datt ned i hovudet mitt på toget mellom Drammen og Oslo ein tidleg morgon, eg sat saman med fleire ungdommar tastande på kvar sin mobil. Som norsklærar fekk eg stadfesta det eg visste, det finst ingen meir skrivande generasjon enn ungdommane i dag. Ikkje berre har bruken av PC utvida det kvardagslege kommunikasjonsrommet, men mobiltelefonar som meir er til for å skrive meldingar og google det ein ikkje veit, enn å slå nummeret til mamma, tante og kameratar, har gjort brukarane til aktive skribentar.
Alle skriv, berre sjå deg rundt neste gong du sit på eit møte, kurs eller konferanse kor mange som tastar frå mobilane, vi er online; det er ute å ikkje vera “in” som “on” , vi har vorte eit “sky-skrivande” folk. Dei mest digitale tvitrar på smartphone frå møta og hashtaggar tweetane sine, slik at andre kan søkje opp og følgje med på streamingen. Dersom dette skulle vera gresk for nokon, be neste gong du er på ein konferanse om å få sjå hashtaggen til han som sit ved sia av deg og ser som hardast inn i skjermen sin. Eg kan lova deg at du får innblikk i ein kunnskapsbank og delingskultur berre sosiale medium opnar for.
“Jæ’ skriv jo heile ti’a på MSN, SMS, Face, åsså mailer jæ’ med engelske supporterklubber”, sa eleven til meg i ei fagsamtale, eleven var slett ikkje glad i å øve på lange tekstar dei kan få til avgangseksamen i norsk i vidaregåande. Svaret han gav meg, overvelda meg; “Ja men, da skriv du jo!”, braut eg ut. Eg såg eleven vart både glad og overraska, han hadde kanskje trudd norsklæraren ikkje ville godta den slags skriving seriøst nok. Som skrivande SMS-brukar, MSN- og mailsendar, fekk eg han til å forstå at han er ein aktiv skribent og språkbrukar.
Kvifor skulle ikkje dette vera skriving godt nok som øving innan stilistikk, ordval og syntaks? Skulle ikkje brukaren av ei stuttmelding formulert på sosiale medium vera like gjennomtenkt i val av ord og ytringsformer som ei lengre tekst på ein annan skriftleg kanal? Formålet er det same; utan eit klårt og godt språk kan vi ikkje kommunisere med einannan. Det å kunne uttrykkje seg stutt og presist er like viktig som å kunne skrive lengre tekstar, den refleksjonen sendaren av ei stutt melding gjer før han trykkjer på send- eller kommentarknappen tek same skribent med seg inn i formuleringa av den lengre teksten. Stuttekstaen er den sjangeren elevane tastar fleire gonger dagleg. Visste de det, de som irriterer dykk over og korrigerer den ivrig tastande ungdommen som dukkar ned i skjermbildet sitt? Ver så snill, ta ikkje konsentrasjonen og skrivegleda frå dei skriveglade ungdommane våre. Vi treng dei i framtida, dei gode multitaskande skribentane, det skrivande mennesket.