onsdag 6. januar 2010

Huff, kor kaldt det er!

Heldigvis at vi har vêr i Norge, da har vi i alle fall noko å prate om. "Huff kor kaldt det er i dag. Kor kaldt var det heime hos deg?" og "Kva viste gradestokken hos deg?" Dette må vere dei mest vanlege samtalene i vinter-Norge på denne tida. Det blir sagt at skal du kome i kontakt med folk, skal du skaffe deg hund, da stoppar alltid einkvan for å kommentere bikkja. Men det kan ikkje vere nødvendig no som vi har sprengkulda å snakke om, det er berre å hutre litt ekstra når du står og ventar på bussen, eller rope til naboen som trass i gradane spring ut for å hente posten i berre morgonkåpa; "Huff kor kaldt det er, frys ikkje du?" At vi ikkje pratar meir, kjem av at det er så frykteleg kaldt, vi helar ikkje stå i ro. "Huff, kor kaldt det er", seier vi og hastar vidare. Men da har vi hatt ei stutt og grei samtale, der vi er einige og godt forlikte. Vi har kommunisert. På den måten har vi fått fylt vårt sosiale behov og tenkjer slett ikkje over at akkurat det same har vorte sagt før oss, samtidig med oss og blir sagt etter oss av kolossalt mange. Kulda bind saman folk og får folk til å kommentere det kvardagslege: "Huff kor kaldt det er i dag".

På Facebook og Twitter blir det kvitra om temperaturar og status blir oppdatert over kor kaldt det er. Det er alt frå eksakte gradar rapportert frå akkurat der oppdateringa skjer, til samanlikningar med varmare og kaldare strok rundt i landet. Alle kvitrarar har i alle fall det til felles i dag, dei frys. Merkeleg kor mye temperaturar og vêr bind saman ein nasjon som er van med temperaturskifte frå pluss tretti til minus tretti (kanskje førti)gjennom eit heilt år.

Eg har også kvitra på Twitter og oppdatert Facebook-statusen min med kor kaldt er, fått svar frå andre kvitrarar; "Huff, kor kaldt det er". Det er ikkje berre vi som frys, også kattane våre frys, det kunne Eirik Newth stadfeste på Twitter, etter at eg hadde sendt han ein tweet og spurt korleis det stod til med hans kattar i kulda. Jauda, båe kattane, både Ada og Linus, hadde vore veldig raskt ute i dag og kome fort inn att for å nyte kattelivet i eit varmt og godt hus. Akkurat det same gjorde Marco, min katt, kunne eg svare Eirik Newth på Twitter, som skreiv: "Finnes verre måter å håndtere kulda på:-)" Ein skulle kanskje vore katt no, innekatt, ein som det blir kvitra om på Twitter og som har det varmt og godt inne.

Huff, kor kaldt det er!