lørdag 7. mars 2009

ØYTUN

Midt i lia ligg hytta vår, huset mitt og ditt, dit du, pus og eg reiser for å slappe av, treffe att kjente og vere nær røtene våre. Hus og tun må haldast vedlike, du snikrar, rettar opp skeive vinklar, målar og ber inn ved. Saman arbeider vi for at det skal vere triveleg ute som inne, der eg mest står for innearbeidet, og du tek dei tyngste taka. Pus tek sine nødvendige tiltak, han veit sjølv kva som ventar han når vi er framkomne. Slik har det vore i alle år, no er det berre oss tre, før var vi fleire, den gongen ungane våre var små og med oss heile tida. Livet går framover og endrar seg, men husa står der trauste og mest uendra, og fortel ei historie om fleire generasjonars liv og arbeid.

Vér og vind tek på, difor må husa stellast med for at dei skal ta imot oss og late oss vere der. Ikkje berre må husa våre vere i orden, det må også fuglehusa, dei treng same ettersynet for at liv skal trivjast. Botnen heldt på å falle ut av det eine fuglehuset, det måtte rettast opp, fuglane må ha sitt husvære å vere i når dei vender attende. Det same må leikarstugua, der no tredje generasjon tek ho i bruk, dette vesle huset som også rommar så mye historie, leik og trivsel.
Det er vakkert her, midt i lia, på solsida, som Bjørnson ville ha sagt det. Sola skin på husa heile året, ho er aldri heilt borte, det er mest som ho bryt gjennom sjølv på dei dagane det er overskya og grått. Frå kjøkkenglaset ser eg rett inn i Jotunheimen, eg set meg ned og tenkjer; det finst ikkje vakrare plass på jord. Aldri let musikken så fint på radioen som her, og aldri finn vi slik sjelero som nett her, du og eg, vi to, heile familien vår, saman med pus.

Alle trivst her, vi er sjeldan heilt åleine, familie og venner finn vegen og nyt staden. Pus er med oss, han er den som kjenner tun, uthus og loft betre enn nokon annan. Da barna var små, var husa fylt med leik og moro, no er det stillare her etter at dei vart vaksne. Men dei kjem att og fyller husa med sine liv og sine barn, der dei finn att minna frå dei var små og fører dette vidare. Slik går historia i arv, og vi veit å ta vare på kvarandre, heile familien er vi samla, der vi ser utover bygda og rett ned på kyrkjegarden, der forfedrane våre no kviler.