tirsdag 3. november 2009

Refleksjonar frå ein nynorsklektor

Lat oss gi nynorsken eit lyft, vart vi einige om på eit av dei fyrste norskmøta våre i haust. Rundt det ovale bord sat norsklektorane samla rett etter skulestart, vrei hendene sine og reiv seg i håret i det evig diskuterande temaet: Korleis skal vi få elevane meir interessert i nynorsk? Her på skulen har dei fleste elevane nynorsk som sidemål, eller "spymål", som elevane ironisk tillet seg å kalle det, når dei freistar å overtyde oss med argument for ikkje å ha nynorsk. Oppriktig skal eg vere, dei kan ha mye rett i det dei seier, men min jobb som norsklektor er å følgje læreplanen og føre elevane fram til examen artium, der nynorsk er eit av kompetansemåla.

Min entusiasme og kjærleik for nynorsk har ingen grenser. Eg elskar språket, orda, grammatikken, ja - det er som poesi å lese nynorsk. Eg føler eg er heilt ærleg i mi eiga skriving når eg skriv på nynorsk. Det sklir så lett for meg, det fell så lett, fordi det ligg så nært opp til mitt eige talemål. Nynorsk er mitt skriftspråk, eg har vakse opp med det, eg meistrar det og brukar det like aktivt og naturleg som bokmål. Difor veltar eg meg i yr glede når elevane leverer gode stilar på nynorsk, skriv små meldingar til meg på nynorsk, eller vel eit nynorsk dikt dei vil tolke. No veit dei nok korleis dei skal smelte meg, men eg vel å oversjå det, og ta det til meg i rein glede over at eg har klart å dele noko av den nynorske gleda med dei.

Mange gonger synest eg synd på elevane som skal lære å skrive to skriftspråk som berre blir meir og meir like, med fleire og fleire valformer, både jamstilte former og klammeformer. For dei som veks opp med bokmål som hovudmål, blir nynorsk meir framandt og sjeldan enn for dei med nynorsk som hovudmål, fordi bokmål heile tida er til stades i alle media i større grad enn nynorsk. Eg hugsar godt at eg alt frå tidleg i barneskulen las og skreiv like godt bokmål som nynorsk, nynorsk var jo hovudmålet mitt på skulen, bokmål fekk eg inn heilt automatisk, eg fekk Donald Duck kvar veke på bokmål.

Nettopp difor er det viktig å sjå skriftspråket i bruk. Elevane må få gode nynorsktekstar å lese og arbeide med. Dei må få opp augo for god nynorsk litteratur. Jon Fosse, Frode Grytten, Edvard Hoem og Gunnhild Øyehaug er nokre døme på framifrå nynorske skribentar. Elevane vil undre seg og spørje like naturleg over ord dei ikkje forstår i dei nynorske tekstane, som dei gjer i bokmålstekstane, ved å lese nynorske tekstar oftare. Dei må bli overtydde om at nynorsk er eit levande språk i bruk, og at vi kjem ingen veg i å krangle mot nynorsken i klasserommet, den diskusjonen må vi ta i andre fora. Destruktiv stemning og negativ innstilling til nynorsken forsurar læringsmiljøet og forsøplar språket. Det er læraren si oppgåve å stimulere til gode nynorske haldningar som gir positivt læringsmiljø. Elevane lærer ikkje noko i eit nedbrytande miljø, det må skapast gode haldningar ut frå positive innstillingar, det fortener både elevane og nynorsken.

Eg meiner elevane kan bli glad i nynorsk berre dei møter ein lærar som formidlar positive haldningar til det nynorske skriftspråket. La elevane kome med alle dei negative orda dei kan om nynorsk, putt orda i ein tenkt boks og "lås att". Da får elevane ei kjensle av å bli hørt og tatt på alvor, samstundes som det er lettare å gå i gang med alvoret når frustrasjonen har fått høve til å kome ut. Skriv opp alle orda dei brukar for å karakterisere nynorsk negativt. Noko av krafta fell bort når ord som "fjøslatin" og "spynorsk" blir nedskrivne, heilt naturleg og utan protestar, av norsklæraren.

Ein lærar som stadig nyttar og brukar opp att sine favorittar i timane, kan nok bli skulda for å vere både gammaldags og ha gått ut på dato. Men så lenge ein kan grunngi dei pedagogiske vala ein tek, kan det hende ein med tida blir moderne og "up to date" igjen. Min favoritt er å finne ein liten tekst, lese han opp for elevane, gjerne to gonger, og så be elevane attfortelje historia med sine eigne ord. Her får elevane eit klårt innhald dei skal attfortelje med høve til å bruke eigen fantasi.

Attforteljing gir elevane høve til å høre ein samanhengande tekst på god nynorsk, både innhald og språk festar seg til dei skal få det ned med eigen penn eller tastetrykk. Denne løysinga gir både svake og sterke elevar noko å skrive om, dei har fått rammene servert på fat. Dei kan bruke minnet og fantasien fritt, også velje kva slags former dei vil nytte, berre dei er konsekvente.

For dei som vil bruke denne metoden, har nettstaden Gullvekta mange gode tekstar som eignar seg til attforteljing, opplesing eller tekstar elevane rett og slett kan lese sjølve.

Målet er å gi elevane så mange positive nynorske leseopplevingar, skriveopplevingar og høreopplevingar at ord som fjøslatin, spynorsk og grautmål fell i hop og blir i den nedlåste boksen utan å bli henta opp att, for alltid.