søndag 25. april 2010

Den gode historia

Kap. 8: Tekster i samtid og fortid (Lærebok: Grip teksten Norsk VG1) er eit kapittel som høver særleg godt for å kombinere den munnlege aktiviteten i timane med den skriftlege innleveringa. Ifølgje læreplanen skal elevane kunne:

· Vurdere fortellemåter og verdier i et representativt utvalg samtidstekster sammenliknet med tekster fra norrøn og samisk litteratur, myter og folkediktning fra flere land.
· Tolke og reflektere over innhold, form og formål i et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk.
· Mestre ulike muntlige roller i gruppesamtaler, foredrag, dramatiseringer, presentasjoner og framføringer som aktør og tilhører.
· Kombinere muntlige, skriftlige, visuelle og auditive uttrykksformer i framføringer og presentasjoner
· Bruke et bredt register av språklige virkemidler i egen skriving, i skjønnlitteratur og sakprosa, på bokmål og nynorsk.
· Skrive tekster i ulike kreative sjangrer
· Bruke digitale verktøy til presentasjon og publisering av egne tekster

Desse læreplanmåla viser til både samtidstekstar og tekstar frå folkediktinga, munnleg framføring og skriving. Eg valde å leggje opp ein firedelt plan:

1. Fyrst introduserte eg den tradisjonelle folkediktinga og samanlikna ho med dei vandrehistoriene vi har levande i dag (til dømes historier knytt til bestemte stader, gjerne med lokal forankring: Lier sjukehus og SMS-historier med MMS), pluss moderne bøker og filmar bygd på gamle mytar og segner (Ringenes Herre, True Bood, Ring). Eg vektla her sentrale omgrep som tradering, memorat, variantar og omen, og framheva korleis folkediktinga har endra seg i takt med historia og kulturen opp gjennom åra. Etter læreplanen starta eg med dei vandrehistoriene vi har levande i dag og trekte linene attende til eldre vandrehistorier, segner, eventyr og mytar. Her understreka eg kva som skal til for at ei historie blir fortalt og held seg levande, ho må vere aktuell og ha ein funksjon, viss ikkje døyr ho ut, kan bli gløymt, og andre aktuelle historier overtek.

2. Elevane fekk i lekse å spørje andre i nærleiken, som familiemedlemmer, mor, far, besteforeldre, tanter, onklar og grannar om dei hadde ei historie, ny eller gammal, å fortelje. Elevane skulle så hugse denne historia og dele ho med dei andre i klassa. Dette vart gjort på den måten at vi samla oss i ring midt i klasserommet, som ei gammaldags forteljarstund; ei kveldseto, der alle fortalde si historie. Her kom det fram både nye og gamle historier, alle fortalt på sin måte og med sin variant. Slik sett fekk vi her eit døme på levande tradering med ulike variantar av samtidstekstar og tekstar heilt attende til norrøn tid (i tråd med læreplanen). Ei jente starta forteljarstunda med opplesing av den norrøne skapnadsmyten. Der fekk vi eit døme på kor viktig det var å få nedskrive det som vart fortalt på folkmunne. De kan lese meir om dette opplegget og denne forteljarstunda på bloggen min.

3. Etter forteljarstunda fekk elevane i oppgåve å skrive ned ei av dei historiene dei hadde hørt på nynorsk. Oppgåva formulerte eg slik: ”Fortel med dine eigne ord den gode historia, anten di eiga historie eller ei av dei andre historiene du hørte og som du likte godt. Skriv på nynorsk, max 500 ord.”, og la ho ut til innlevering på It’s learning. På den måten vart elevane delaktige i nedskrivingsprosessen av den munnlege forteljartradisjonen, og dei vart medvitne om kva for innhald og ord dei skulle vektleggje i oppattakinga av ei historie, si eiga eller andre si forteljing. I tillegg vart nynorsk og den skriftlege delen ivareteke.

4. Dette førte til gruppearbeid som skulle ende opp med ei framføring. Gruppene danna vi etter kva for månad elevane var fødd i, etter elevane sine ønskje for å få variasjon i gruppesamansetjinga. Vi kalla desse gruppene for iEtherpad-gruppene, fordi elevane arbeidde i iEtherpad med oppgåvene, problemstillinga og innsamlinga av stoff. Elevane fekk i oppdrag å skrive si eiga problemstilling som skulle godkjennast av meg, det same gjaldt også emnet dei skulle arbeide med. Framføringa skulle anten vere film, Moviemaker, Photostory, PowerPoint eller ei dramatisering med kostyme. Om tradering og samarbeid i iEtherpad har eg skrive om tidlegare her på bloggen min, og direkte lenkje til iEtherpad finn de her. Spennande å prøve ut tradisjonelle forteljartradisjonar i moderne digitale samarbeidsverkty. Må rekne med å setje av nokre timar(4-6timar) til gruppearbeid og sjølve framføringane(2-4 timar). Elevane fekk rettleiing undervegs og elles når dei trong det.

Tillegg: Assad Nasir forklarer ordet omen på sin blogg:"Omen substantiv nøytrum tyder tegn eller varsel. Et omen kan være godt eller ondt."

mandag 19. april 2010

Voksduken


Da eg var lita hadde mor alltid voksduk på bordet. Eg voks opp med voksduken, det var det fyrste eg strakk meg etter, fekk eg høre, da eg reiste meg opp for å støtte meg. Det gjekk ikkje så bra, eg drog visst med meg både fløytemugga og kaffekoppar i fallet. Kaffekoppane var tomme, har det blitt meg fortalt, men fløyteskvetten rann nedover andletet mitt.

Voksduken låg alltid på kjøkkenbordet heime, han var nok i bruk meir for det praktiske enn for pynten si skuld. Kjøkkenbordet til mor var svært vakkert, eg har det på kjøkkenet midt i dag, og det har ofte undra meg kvifor ho alltid brukte mønstra voksduk på det, bordet var så pent i seg sjølv. Men slik tenkte dei ikkje før, voksduk var noko alle skulle ha; "jau, voksduk på kjøkkenbordet, det må vi ha", kan eg hugse det vart sagt over kaffekoppane kring bordet. "Å neimen så pen voksduk du har da, nei kor har du kjøpt den?" var spørsmålet som gjekk att når voksduken vart innvigd med kaffestunda på ettermiddagen. Eg fekk alltid med meg dette, for eg har vore hard på kaffen alt frå eg var sju år gammal.

Eg hugsar det var høgtid når voksduken skulle skiftast ut, alltid kom det ny voksduk på bordet til jul. Da hugsar eg mor bretta duken ut over heile bordet, slik at det hang ein kant passe ned på kvar side. Han lukta spesielt også, denne nye voksduken, og så var han alltid litt bolkete dei fyrste dagane inntil han hadde blitt brukt og tørka av nokre gonger, slik at han hadde lagt seg til og festa seg på bordet, vart det sagt. Denne voksduklukta hugsar eg meir enn eg kan skildre ho, men eg kjenner ho att på stader dei sel voksdukar, viss eg kjem nær dei nok. Ikkje desse nymotens, mjuke, tynne voksdukane, nei - det må vere av desse litt harde, stive typane. Det er det som er voksduk, i alle fall for meg.

Hugsar da eg var lita, veit ikkje heilt om eg skal våge å fortelje det, men det må bli mellom oss. Eg kunne vel ha vore rundt 4 til 5 årsalderen, eg hugsar det berre svakt, men det har blitt oppattfortalt og dermed festa seg i minnet mitt. Eg sat ved kjøkkenbordet og teikna, klipte og limte. Eg hadde fått ny, lita saks, og med eitt greip eg meg sjølv i at eg sat og klipte i voksduken til mor, frå den nedste kanten og oppover mot bordkanten. Eg kan enno hugse den sitrande spenninga inni meg, da eg klipte og hørte lyden av saksa som skar i voksduken. Mor tilsnakke meg, eg måtte da forstå at eg ikkje skulle gjere slikt. Dagen etter kom det ny voksduk på bordet, klart han måtte skiftast ut, eg hadde jo øydelagt den andre. Eg sat igjen ved voksdukbordet med same aktiviteten, og jammen klipte eg ikkje ein gong til og øydela den nye voksduken. Det same gjentok seg, mor vart sint - kan du skjønne, eg hugsar eg hadde ei vond kjensle inni meg, visste at dette skulle eg ikkje gjere meir.

Eg voks opp med voksduken. For meg vart han den vi samla oss kring i gode stunder, til høgtid med ny voksduklukt i rommet, til eftasstunda på ettermiddagen med kaffekoppane og biteti, til teikning og brettspel, til lekselesing og til å leggje hovudet nedpå for å kvile litt, då det leita på som verst med tungt hovudarbeid. Voksduken har følgt meg frå eg reiste meg opp for å finne støtte, gjennom heile barndommen min, jamvel da eg utfordra grenser og fram til i dag med nye motar og trendar innan stoff og stil. Voksduken har alltid vore der for meg, eg vil ha han nær meg. Eg har vakse opp og levd med voksduken heile livet, trur ikkje eg kan leve utan han.