onsdag 10. mars 2010

Kveldseto! Forteljarstund i klassa.

"Kan vi tenne ljos også?" kom det ivrig frå Marte, eg hadde akkurat forklart klassa at vi i neste norsktime skulle ha forteljarstund, eller kveldseto, vi skulle sitje i ring og fortelje kvarandre historier, myter, segner, eventyr og vandrehistorier. Vi var i ferd med å avslutte timen om folkedikting, om gamle og moderne vandrehistorier og segner frå lokalmiljøet, om variantar av eventyr, myter og segner i andre land og om forteljartradisjonen kring den samiske kulturen. Med utgangspunkt i samtidstekstane våre hadde vi trekt linene attende til den norrøne tida og snakka om dei ulike funksjonane desse historiene kunne ha, som ei underhaldnings-, oppdragande- eller moralsk oppgåve, dei kunne også representere frykt for framande kulturar og nye skikkar som kom til landet med auka turisme og reising. Til slutt bad eg elevane gå heim og spørje foreldra og besteforeldra, også tanter, onklar og grannar, om dei hadde ei vandrehistorie eller ei segn å fortelje som dei, altså elevane, kunne ta med attende og dele med klassa.

"Sjølvsagt kan vi tenne ljos, da blir det mest som å sitje rundt åren i ei gammal årestue", sa eg, "og da er vi attende til den tida forteljingane levde på folkemunne frå person til person, frå generasjon til generasjon". Elevane var ivrige, vi hadde allereie delt nokre historier med kvarandre, snakka om folkediktinga i samtida vår frå filmar og TV-seriar som True Blood, Twilight og Åndenes makt. Filmar som Ring og Ringenes Herre byggjer også på gamle segner, alt dette er tekstar elevane kjenner godt til og veit er døme på samtidstekstar bygd på gamle myter.

Vi rydda klasserommet, la ned lokket på PC-ane og sette oss tett i tett i ring rundt det tende kubbeljoset, mange av elevane ville sitje på golvet. Sjølv om det var midt på dagen og sola skein ute, greidde vi å stengje ute omverda og skape oss ei forteljarstund med ei stemning mest som ei kveldseto frå gamle dagar. Eg starta med å skildre korleis folk samla seg kring åren i det gamle bondesamfunnet, der åren var senteret i den gamle årestua og samling for all aktivitet på kveldstid. Staden der folka sette seg ned med handarbeidet sitt for kvelden, etter arbeidet for dagen var unnagjort både ute og inne, og fortalde kvarandre historier og siste nytt. Her sat bestefar, bestemor, skreddar, skomakar, kokke, slaktar, far, syster, bror og mor, alle som hadde eit oppdrag, fast eller mellombels, i huset eller på garden, med kvart sitt arbeid og heldt kvarandre med selskap. Rundt åren, og seinare ved peiselden, vart historiene fortalt, delt og spreidd vidare i ei tid utan aviser, TV, radio, mobiltelefon og internett. Den tende elden var åstaden for formidling av nyhende og historier, og representerte slik sett dei sosiale media på den tida.

Elevane var ivrige etter å kome i gang, og historiene kom frå den eine etter den andre i ringen. Ljoset brende godt, nett som åren eller peiselden i gamle dagar, og saman levde vi oss inn i dei ulike historiene som vart delt kring elden vår. Elevane var særs gode forteljarar, vi fekk fyrst høre den norrøne Skapingsmyten, deretter kom historia om rettane til Cola-oppskrifta og vandrehistoria om ei jente som fekk likeksem etter å ha kyssa ein gut, guten hadde hatt kontakt med lik. Mange kunne spøkjelseshistorier om folk som går att, gjerne frå nedlagde hus og tomme sjukehusbygningar, særs kjent i lokalmiljøet her er historier knytt til Lier sjukehus og Gulskogen gard. Andletet til Satan skulle ha vist seg i røykskyene under terrorangrepet på World Trade Center den 11. september 2001, ei anna historie gjekk ut på at Guds auga hadde vist seg i verdsrommet, det fanst det til og med bilete av, vart det sagt, noko som seinare skulle ha vorte dementert frå NASA med ei forklaring om at mange ljosande gassar og døande stjerner kunne gi same verknaden eller synet. Skrekkhistorier kring ungdomsgrupper finst det mange variantar av, fleire om grove draps- eller valdtektsforbrytarar som hadde gøymt seg under senga til unge jenter, haikarar i svarte klede som gløymde att ei veske eller kaketine med ladd pistol i bilen dei hadde haika med, og historier om gutar som slapp militæret etter å ha lurt befala ved å utføre dei merkelegaste og mest makabre handlingane. I tillegg fekk vi høre to eventyr; Piken med svovelstikkene og Dukken i gresset, framifrå formidla av elevane.

Målet med denne timen var å vise elevane korleis historiene levde frå munn til munn i gamle dagar, og korleis vi i dag kan ivareta denne tradisjonen ved å fortelje desse historiene vidare til kvarandre. Elevane må bli ein del av den levande forteljartradisjonen ved å sjå samanhengen mellom tekstane i vår tid med historiene attende i tida, der den munnlege formidlinga står i fokus. Missar historiene aktualiteten sin, og ikkje blir fortalt vidare, blir dei gløymt og andre aktuelle historier overtek. Difor er det viktig å sjå at kvar historie er eit produkt av den tida ho blir formidla i. Historiene må ha ein viss relevans for å halde seg levande i ein forteljartradisjon, elles dør dei ut og andre overtek. Frå aktuelle filmar og TV-seriar ser elevane samanhengen mellom samtidstekstane våre til tekstar frå norrøn tid, myter og folkediktinga frå andre land, slik som Utdanningsdirektoratet uttrykkjer i eit av kompetansemåla i Læreplan i norsk for VG1:
vurdere forteljemåtar og verdiar i eit representativt utval samtidstekstar samanlikna med tekstar frå norrøn og samisk litteratur, myter og folkedikting frå fleire land.

1 kommentar:

Marte sa...

Hei Liv Marie.

Dette likte eg.
Eg synast du har lagt opp eit godt didaktisk opplegg for klassa di. Det at du lar dei sitje på golvet rundt eit lys slik som det blei gjort før i tida er absolutt med på å skape den rette stemninga. Å lære ved å gjøre det som dei gjorde før i tida vil få elevane til å hugse timen i lang tid, vil eg tro. Eg går nå mitt andre år på lærarhøgskolen, og prøver å fange opp gode undervisningsopplegg eg kjem over. Dette skal eg hugse.

Det er også spennande at elevane sjølv måtte spørje foreldra og besteforeldra heime om vandrarhistorier eller andre historier. For dei var det heilt sikkert kjekt å få dele det med resten av klassa. Der dei både hadde tatt med meir moderne og eldre historier. På den måten får alle elevane fortelje sitt eiget, og det vil eg tro var stas for dei. Du lar dei i tillegg drøfte nyare tekstar, filmar, hendingar osb, det gjer også innhaldet i timen meir variert. Eg vil tro det er med på å får dei aller fleste elevane interessert. Eg har minner frå tidligare skolegang der læraren omtrent pressa bøker eller tekstar på oss for å få oss til å lese, av og til må elevane få velje sjølv. Det er også positivt at elevane på førehand fikk som oppgåve å spørje foreldra og besteforeldra om slike historier, det gleder ikkje berre elevane men også dei som blir spurt. Kanskje det til og med kan auke motivasjon for å lese fleire segn og vandrarhistorier i andre bøker.

All lesing er ikkje kjedelig, slik nokon elevar har inntrykk av. Det er viktig å gi dei tekstar i varierte sjangrar i undervisninga. Ved å leggje det opp må måten du har, vil eg tru du har klart å vinne mykje nysgjerrigheit hos elevane dine.

Det å fortelje er blitt meir og meir sjeldan for dei seinare generasjonane. Ting vi opplev gløymer vi, for det er så mange andre inntrykk. Eg blir ofte irritert over meg sjølv når eg ikkje hugsar historier så godt som eg skulle ønske. Det har sikkert å gjere med at eg ikkje har så mykje øving i fortelje, og da gløymer ein raskt. Du lar elevane dine fortelje, og dei opplevde nok gleda av å fortelje medelevane sine segn og historier dei hadde fått heimanfrå.
Du knyter i tillegg opp mange aktuelle tema i undervisninga, eg synast det virka som ein god og variert time.

Hilsen Marte Mæland.