mandag 15. mars 2010

Maskinomsetjingsprogram

Etter tips lot eg elevane teste ut eit maskinomsetjingsprogram i nynorsktimen, der det finst alternativ ein kan velje for originalspråket som utgangspunkt til ferdig omsetjing av tekst i eit anna språk. Her var det aktuelt å velje Norwegian(Bokmål)->Norwegian(Nynorsk), altså omsetjing frå bokmål til nynorsk. Det krevst at ein sjølv har ein tekst å skrive inn eller lime inn i omsetjingsfeltet, da er det berre å trykkje på translate-knappen til det språket ein ønskjer teksten omsett til.Fyrst lot eg elevane omsette ein tekst dei hadde på bokmål til nynorsk, dei arbeidde med dette ei stund for å ha nokre setningar ferdig omsette. Deretter la eg ut lenka slik at elevane fekk tilgang til ho. Det var viktig at elevane ikkje kjende til dette programmet på førehand, men at dei testa det ut etter å ha ein ferdig omsett tekst å samanlikne med, på den måten kunne dei stille desse to tekstane saman og jamføre dei med kvarandre. Eg bad elevane kome med attendemeldingar etter at dei hadde samanlikna den opprinnelege teksten dei sjølve hadde omsett, med den nynorskomsetjinga dei fekk presentert i dette omsetjingsprogrammet. Her skulle dei altså samanlikne to nynorskutgåver av den same bokmålsteksten, sin eigen versjon med maskinversjonen.

Den fyrste reaksjonen til elevane var at programmet omsette direkte ord for ord. Dei kommenterte det var greit at dei fekk retta opp dei orda dei hadde skrive feil eller bøygd feil i den nynorskversjonversjon dei sjølve hadde arbeidd med, men setningsstruktur og heile uttrykk vart ikkje endra til betre språk i maskinprogrammet. Difor får ein ikkje godt språk og naturleg flyt i språket ved å bruke eit slikt maskinomsetjingsprogram som tek for seg ord for ord, utan å sjå heile setningar, eller samanhengande utrykk, i samanheng. Ofte er det naudsynt å skrive om for å få god nynorsk, det gjer ikkje dette programmet. Til dømes vart i hvert fall omsett til i kvart fall, her ville elevane ha skrive i alle høve, som dei meinte var betre språkleg og klang betre, noko som også stemmer med nynorskordboka. Konklusjonen til elevane var at programmet kan nyttast for å rette opp ordfeil, altså ortografiske feil, men ikkje for å få ein tekst omsett til godt språk med flyt og samanheng fleire ord og setningar mellom. Da må ein i alle fall inn og korrigere sjølv og bruke ordboka i tillegg.

1 kommentar:

Kjell Arild Welde sa...

Takk for lenkja. Så flott med eit slikt gratis program. Eg skal tipse om tenesta til elevar som slit med nynorsken.