torsdag 17. april 2008

Bloggar og forfattar

Så viser det seg at Eskil Aasmul, som vart årets bloggar i 2006, ga seg ut for å vere åtte ulike personar. Han blir kreativ av å blogge anonymt, å utvikle desse ulike personlegheitene blir som å skape ein karakter i ei bok, hevdar Aasmul. Her er vi vel inne på at fantasien får herje fritt når opphavsmannen gir seg ut for å vere ein annan enn den han eigentleg er. Kva er så gale med det? Kva med forfattarar som skriv under psevdonym? Gir ikkje dei seg også ut for å vere ein annan enn den dei eigentleg er. Kvifor kan ikkje ein bloggar skrive under fiktivt namn når ein forfattar gjer det? Og kva er skilnaden på ein bloggar og ein forfattar? Båe skriv, båe produserer, Aasmul gjer det båe, forfattar og bloggar eller bloggar og forfattar - kvar er skilnaden? Les sjølv om bloggaren her.

søndag 13. april 2008

"smsordtak"

I dei to fyrsteklassane mine byrjar vi norsktimane med "Ord for dagen". Dette går på rundgang mellom elevane, og vi følgjer klasselista nedover og byrjar på nytt att, øvst med den fyrste i alfabetet, når vi har kome til det siste namnet på lista. Eleven som har denne oppgåva kjem då fram og står framfor kateteret når han/ho les opp sitt sitat. Kven som har skrive sitatet er ikkje alltid oppgitt, det kan vere eit ordtak, ei regle eller eit utanlandsk ordtak som har vandra på folkemunne. Elevane hentar ofte sitt sitat frå nettet, eller frå det dei kan og har hørt før, andre spør foreldra sine og nokre har besteforeldre dei kan spørje og som ofte har store kunnskapar å ause av i så måte. Her kombinerer vi norsk munnleg- og forteljartradisjon med det digitale, i og med siterte sitater er tilgjengeleg på nettet. Som ein variasjon fekk elevane ein dag i oppdrag å sende sitt sitat på sms til meg. Her er nokre av dei sitata eg fekk på sms, til glede for meg og til atspreiing og inspirasjon for elevane som måtte hente fram eit ordtak, skrive det ned og sende det. Det gjer nok sitt til at dei fleste av desse elevane aldri gløymer at det finst mange ulike ordtak i verda, sitat dei kan ta fram og bruke i ulike samanhengar. Tanken om "smsordtak" fekk eg da eg såg på måten elevane kommuniserte på rett før timen byrja, dei (og vi) er jo digitale - til ettertanke;

No pain, no gain (Kristian) Ikke klag over verden, den eksisterte før du ble født. - Mark Twain (Håvard) Hvis du elsker noen, si det til dem. (Mari) Religion er som opium for folket. Det sløver dem og hindrer dem i å oppdage og gjøre opprør mot urettferdighetene i samfunnet. (Martin) Selv de små ord som "ja" og "nei" krever den største ettertanke. (Rune) Alle mennesker er ufarlige inntil det motsatte er bevist. Likevel er de samme ufarlige menneskene potensielle fiender. (Helle) Vi ville ofte skamme oss over våre vakreste handlinger, hvis folk kjente grunnen til dem. (Beate) Hvis du ikke lykkes ved første forsøk, omdefiner begrepet å lykkes. (elev) En reise på tusen mil begynner alltid med ett skritt. (Torbjørn) Forskjellen på geni og dumhet er at geniet har grenser. (Mariam) Litt vondt skal mennesker ha, ellers holder de opp å være mennesker. Så setter de seg bare og kjeder seg og vet ikke hva glede er - Gabriel Scott (Kristin) Lærdom er langt mer verdt enn gull. (Konrad) På rettferdighetenes sti er det liv, og på veien dit den fører, er det ingen død. (Louise) Når et ord er sluppet løs, kan ikke ti ville hester innhente det - Japansk ordtak, Ensom - det er å være opptatt - av seg og sitt - Bjørnstjerne Bjørnson (Morten) Evig eies kun det tapte. (Henrik) For å fordøye kunnskap må man motta det med lyst (Øyvind) Erfaring er det navnet alle gir sine tabber. (elev) Bak samtalen finnes også løgnen (Karoline) Das Problem ist nicht die Atomenergie, sondern das Herz des Menschen - Albert Einstein - (Julie) Man kan aldri godta å krype når man kjenner trangen til å sveve - Helen Keller - (Helene) Dumheten overlever alltid, den er så og si for dum til å dø - Aksel Sandemose - (Håkon).

søndag 6. april 2008

Kulturell bevissthet

Etter kunnskapsløftet skal vi løfte norskfaget fram i et internasjonalt perspektiv, jeg har skrevet om dette tidligere: http://docs.google.com/Doc?docid=dchjktnz_2d27t6w2c&hl=no (Internasjonale perspektiver i norskfaget)
Vi skal forklare flerspråklighet og gi eksempler på hvordan språklig og kulturell samhandling kan bidra til språklige endringer og kulturell bevissthet (fra læreplan Vg1). Da jeg leste Aftenpostens anmeldelse av boken Svalene i Kabul av Yasmina Khadra, fra et Kabul under Talibanstyret http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article2351015.eceog http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article2351016.ecebegynte jeg å tenke på hvilke bøker som egner seg for å oppfylle dette målet.
Jeg fikk vond samvittighet, fordi jeg føler dette er noe jeg skulle ha gjort i mine klasser og ikke rekker. Men jeg sitter igjen med følelsen at dette kan være en for vanskelig bok for elevene i VG1. Den samme forfatteren har skrevet boken Etter attentatet, som foregår i Tel Aviv. Det mangler ikke på forslag til litteratur som tar opp dette temaet, jeg kan nevne Mitt liv, min frihet av Ayaan Hirsi Ali, en selvbiografi om kvinners oppvekst i Somalia, Yacoubian-bygningen av Alaa Al Aswany; fra det egyptiske livet i en stor bygård midt i Kairo (de som har lest og likte En dag i oktober av Sigurd Hoel, vil garantert like denne. Hva med en sammenlikning?). Andre bøker som er verd å nevne er Huset ved moskeen av Kader Abdolah, en familiefortelling fra Iran, så den kjente Drageløperen av Khaled Hosseini og Tusen strålende soler av samme forfatter, begge bøkene fra Afghanistan. Drageløperen er filmatisert og egner seg derfor både som bok og film i klasserommet. En annen bok som ble anmeldt i Aftenposten søndag 6. april er boken Kiffe kiffe i morgen av Faïza Guène, om tenåringslivet, det å bli voksen i en fattig forstad til Paris. Hovedpersonen Doria er 15 år, og vi følger henne gjennom et helt år, moren er analfabet og faren drar tilbake til Marokko i skuffelse over å ikke ha fått noen sønn. En bok om de fattige og arbeidsløse i Paris med bakgrunn fra Nord-Afrika.

Samtidig som vi oppfyller temaet må vi også finne bøker som egner seg for denne årsklassen, og det er dette jeg føler er vanskelig. Lurer litt på å få elevene til å velge bok selv som ivaretar dette perspektivet, da finner vi ut hvilke bøker elevene velger, og vi kan dra nytte av den erfaringen neste år. Det viktigste er jo at elevene viser forståelse for det de leser. Andre aktuelle bøker nevnes i Internasjonale perspektiver i norskfaget, se egen lenke.

Som lærer er det verste å ikke få tid til det du mener du bør rekke.

onsdag 2. april 2008

Livet etter Marita!

Arbeidsdagen er over, så langt, og eg sit her og tenkjer over kva eg gjorde i dag. Vi arbeidde med dikttolking i VG1, der elevane arbeidde i grupper med tema og verkemiddel. Arbeidet var digitalt, da gruppene skreiv alt på google.dokumenter og delte med kvarandre. Ein super måte å arbeide i grupper på, da alle ser kvarandres innlegg. I tillegg har dei dette liggande og kan hente fram dokumentet så sant dei er ein stad dei har tilgang til nettet. Før på dagen la eg alle elevbloggane inn på google leser med RSS, slik at eg får beskjed så fort dei oppdaterer og skriv noko på bloggen sin. Alt dette har min gode kollega, Marita Aksnes, vore pådrivaren for og den store inspiratoren. Utan ho hadde eg ikkje vore der eg er digitalt i dag, da det er tungt å setje seg inn i alt det nye, sjølv om ein er kursa i alt på førehand. Der eg står fast og ikkje kjem vidare spør eg berre Marita, og vips så er eg både to og tre steg vidare i min digitale kompetanse. Korleis det skal gå med meg og resten av kollegaene her på St. Hallvard når Marita set kursen for Stavanger, det greier eg ikkje tenkje på. Det er ein kolossal verdi å ha ein person som er så dreven og oppegåande innan det digitale, at ingenting står fast eller er for vanskeleg. Med sitt gode humør, enorme arbeidskapasitet og ikkje minst; tålmod, har Marita sytt for at eg fiksar google dokumenter, google leser, google notatbok og twitter, twhirl, diigo og delicious, og netvibes også, sjølvsagt. Der andre har lagt grunnlaget for oss på kurs, har Marita vore læremeistaren og vidareføraren i kvardagen. Difor er innlegget i Aftenposten i dag under Si ;D, side 23, så aktuelt, der Heidi Bang på 15 år kjem med ei oppfordring til Regjeringa. I staden for å bruke millionar av kroner på såkalla "kunnskapsløft", meiner ho heller pengane bør brukast på auka bruk av data og internett og ekstrautdanning av lærarane, i det ho kallar for eit datalyft. Eg må seie meg einig i dette, fordi gapet etter kvart blir større og større mellom dei lærarane som har klart å henge med i utviklinga og dei som heng etter. Dei som merkar dette er jo elevane, som må forhalde seg til lærarar på ulike kompetansenivå digitalt. Det er her Heidi Bang konkluderer med noko vesentleg, dersom lærarane blir kursa ordentleg, er data ikkje noko anna enn eit stort pluss. Men mange av lærarane meistrar ikkje bruke internett og data på ein effektiv måte, fordi det er noko dei ikkje er vant med i det tradisjonelle læringssystemet, hevdar ho. No er det vel ikkje berre lærarane som må setje seg inn i mye nytt i samband med den digitale utviklinga, så den skoen trykkar nok på fleire arbeidsplassar, vil eg tru. Samstundes må det vere rom for å forstå det krevjande i å setje seg ned og lære noko nytt etter ein hektisk kvardag med store rettebunkar som ligg på kjøkkenbordet og skrik etter raudpenn, eller ligg på nettet og ventar på digital retting. Heidi Bang konkluderer med at problema i forhold til bruk av internett i skulen i det store og heile dreier seg om lærarane sin kompetanse. Det kan eg nok seie meg einig i, men elevane må også vise ansvar og pliktkjensle for det fantastiske verktyet PC og internett er, og bruke det med vett og respekt både for seg sjølv og andre, og ikkje gløyme lytte sjølv om dei har PC på pulten framfor seg. Ved å bruke data feil, narrar eleven berre seg sjølv og andre, og oppnår ikkje anna enn fallande læringskurve. Men skal lærarane ha ekstrautdanning innan bruk av data og internett, krevst det fleire som Marita Aksnes på skulane våre. Takk til Marita og lykke til vidare.

DIGITAL KOMPETANSE - frå novise til ekspert?

Her sit eg langt på natt og har retta oppgåver på nettet, denne gongen nynorskoppgåver for fyrsteklassene mine. Har lært meg å rette på nettet, ved å gå inn på Verktøy og Spor endringer, der rettemoglegheitene er lettvinte. Sjølvsagt var det ein overgang i byrjinga, det å gjere alt digitalt. Eg bestemte meg fort for at dette ville eg greie, og kasta meg ut i "nettverda" med godt mot. Ville ikkje vere ei av desse som sat att på arbeidsrommet og klandra alt og alle for at PCen har kome inn i skulestova, og at alt var mye betre før. Som ei av venninnene mine sa ein gong på byrjinga av 90-talet; "Data er oppskrytt, det er berre eit blaff". Ja, sjølvforsvara har vore mange på desse få åra etter at PC og internett har vorte integrert i kvardagen vår, men heng vi ikkje med og sjølve syter for å halde oss oppdaterte, så dett vi fort av lasset og det blir ei påkjenning å vere i arbeidslivet. Men ein kan da undre seg over kvifor det ikkje er sett av meir tid til kursing og oppgradering av kolleger i skulen, for det er slett ikkje alle om heng med i den digitale utviklinga. For meg har mange netter gått med til å hakke meg fram i det eine programmet etter det andre, den eine nettsida etter den andre. Stort sett alt har eg lært meg sjølv, for blir ikkje eg trygg her, så er det lite eg kan utrette med PCen i klasserommet. Læringskurva har vore bratt dette året. Da skuleåret 2007/08 tok til, hadde eg knapt hørt om blogging og eigne bloggar, anna enn at eg visste det eksisterte, sia eg har barn som har reist verda rundt og difor har oppretta eigne reisebloggar. At eg skulle bli så frelst på blogging skuldast eit kurs som vart halde på skulen vår med Hildegunn Otnes og Harald Morten Iversen. Dei opna augo mine. No bloggar eg med elevane, ser det er krevjande, men har valt å leggje det på eit nivå både dei og eg kan overleve med i kvardagen. Skulen der eg arbeider har vore raus med å sende meg på kurs, noko som har vore med på å motivere meg i læringsprosessen. Skulle ønskt at fleire hadde sett verdien i å bruke tid av si eiga fritid til å gå inn i dei fantastiske moglegheitene vi har i den digitale verda. Det er både utviklande, lærerikt og kontaktskapande. Det siste har eg blitt skikkeleg klar over etter at eg vart kjent med twitter, twhirl, delicious, google doc, reader og diigo som eg fekk innføring i på eit kurs på Kongsberg med Leif Harboe og Arne Olav Nygård. Her skjønte eg verkeleg kor mange uendelege moglegheiter det ligg i den digitale kompetansen, det er ikkje berre It's learning vi skal bruke i klasserommet, nei - vi skal kaste oss ut i det og ta fatt på alt det google har å by på, og opprette kontaktar på delicious så vi kan utveksle erfaringar. Så no er det ikkje lenger berre Facebook, msn og sms som gjeld, her er vi på twitter og held oss oppdaterte kva vi - og våre friends - driv på med til kvar tid. Vi ædder kvarandre og lærer og reflekterer saman. Noko av den gamle "kikkaren" har dukka opp i oss att, på lovleg vis, men i ein intellektuell påklednad. Så frå å ha vore den som var skeptisk til Facebook, er eg no ein ivrig deltakar, takka vere Hildegunn og Harald Morten, som vekte interessa mi for både blogging, facebook, msn og sms til bruk i læringa i klasserommet. Vegen frå PC som skrivemaskin til bloggar og twitterskribent har vore bratt og gjevande. Novisa har vorte ekspert, eller....?