torsdag 18. mars 2010

Kaffi må vi ha

"Du vil ha kaffi", sa bestefar til meg da eg var sju år gammal. Kruttsterk kaffi kokt på gammaldags vis med tjukk grut, gjerne oppattkokt frå dagen før. Han smaka best da, meinte dei eldre. "Ein kopp kaffi, det blir du sterk av", sa bestefar, og eg trudde på han, sjølv om eg syntest kaffi smaka beiskt dei fyrste gongene eg prøvde det.

Bestefar ville at eg skulle drikke kaffi, difor drakk eg kaffi, mest for å gle han, i byrjinga, i alle fall. Vi drakk ut av tjukke, kvite koppar, bestefarkoppane, som eg kalla dei, med djupe, kvite skåler til. Vi sat på kvar vår snyt ved kjøkkenbordet og drakk kaffi, hugsar eg tok tak og drog inn lukta av kruttsterk bestefarkaffi. Slik fekk bestefar og eg eit nært forhold kring kaffekoppane, eg drakk for å vere i lag med han, og han var stolt, fordi eg drakk kaffi.


Dei fyrste åra drakk eg kaffi berre når eg kom til bestefarhuset, idet eg kom over dørstokken, såg bestefar på meg og sa, "du vil ha kaffi", meir som ei stadfesting enn som eit spørsmål. "Ja, takk", svara eg, noko anna ville vere utenkjeleg. Sjølvsagt skulle bestefar og eg drikke kaffi i lag. Dei andre vaksne i familien godtok det, kan nok hende mor og far tykte det var i tidlegaste laget å byrje med kaffi, men eg meiner å hugse dei aldri kom med protestar. Det var bestefar og eg og kaffien. Vi fekk vere åleine, berre vi to, med kaffikoppane våre.

Etter kvart byrja eg å like kaffi, svart, sterk kaffe. For meg er kaffi fred, ro nærleik og stilla. Det har hendt at eg midt i kaffilukta har meint å ha hørt stemma til bestefar; "drikk no og vis du er stor jente". Eg drakk, eg vart stor, eg vart vaksen, og framleis sit eg med kaffikoppen min ved bordsnyten, det er eg som har arva kjøkkenbordet etter bestefar, der vi to sat i lag med kaffikoppane våre. Bestefar er borte, men kaffistunda og minnene er der framleis. Eg drikk ikkje kaffi ein einaste gong utan at eg har bilete inni meg av bestefar med kaffikoppen sin.


Slik vart eg avhengig av kaffi, eg må ha kaffi på morgonen, midt på dagen, etter middag og til kvelds. Eg søv like godt kor mykje kaffi eg drikk, ja - eg vil påstå at eg søv betre di meir kaffi eg drikk. Eg blir uroleg og ute av meg dersom eg ikkje får i meg kaffi, difor sørgjer eg alltid for å ha kaffi i huset. Ein morgon eg vakna og oppdaga det var tomt for kaffi, tok eg kaffiboksen ut av skåpet, stakk nasen oppi og drog inn kaffilukta frå den tomme boksen, før eg sette meg i bilen og kjørte ut for å kjøpe kaffi.

I mange år heldt eg meg til den gammaldagse kokekaffien, kokt på kjel, der eg slo på ein halv kopp vatn på toppen av gruten etter at vatnet hadde kokt opp, for at gruten skulle søkkje ned. Men etter kvart har eg gått over til filterkaffi, trakta på skikkeleg moccamaster. Det gir god kaffi, men eg har framleis kaffikjel, og nokre gonger tek eg fram kaffikjelen min og koker kaffi på bestefarmåten. Da er det som eg er attende i barndommen og drikk kruttsterk kaffi i bestefarhuset. Den stunda har eg for meg sjølv, dei tidlege morgonane med kaffikoppen og avisene.

I ungdommen var kaffistunda i lag med mor den trivelegaste tida på ettermiddagen. Vi sette oss ned med kvar vår kaffikopp og prata saman, "eftaskaffien" som vi kalla denne stunda, ofte i lag med ei eller fleire av venninnene mine som stakk innom. Mor kokte kaffi på bestefarmåten, og den kaffien vart det grut av som la seg på botn i kaffekoppane. Da vende vi koppane opp ned og rista dei etter at vi hadde drukke opp, for at mor kunne spå oss i kaffigruten. Eg trur nokre av venninnene mine kom til oss for å drikke kaffe mest for å bli spådd i kaffigrut, meir enn dei likte kaffe, for mor var god til å spå og fekk ord på seg for å vere sannspådd. Gruten var tjukk og gild å spå i, han skapte gode biletet i kaffikoppen, i alle fall for den som hadde fantasi til å "sjå" gode historier. Det gjekk mye i kjærasteri for oss på den tida, og det var kanskje ikkje så vanskeleg å spå at det stod ein gut uti garden og venta. Dette var tidtrøyta og den tidas sosiale medium, før SMS, Facebook og Twitter.


Det blir ikkje kaffigrut av filterkaffi, pulverkaffi eller dei nymotens kaffimaskinene. Men trongen etter kaffi er like sterk, også kaffilukta og kaffismaken. Den gode kaffipraten i lag med andre rundt bordet har vi framleis, takka vere skikken med å ta ein kopp kaffi i lag. Bestefar lærte meg å drikke kaffi, smake, prate og nyte stilla med kaffikoppen. Det sosiale livet rundt kaffebordet med kaffipraten, og ikkje minst kaffimaten, som småkakene vart kalla.


I dag ser kaffen annleis ut, også kaffien smakar annleis når han blir servert som latte, espresso eller cappuchino. Men det sosiale er der like fullt, der vi nymotens kaffidrikkarar gjerne avtalar på mobilen at vi skal møtast på kaffibaren til ein espresso eller mocca, og drikk kaffi medan vi sender SMS, chattar på mobilen og pratar med dei som sit ved det same bordet.


Den nære kaffipraten er utvida med den multitaskande samtala, der så vel praten som kaffien har endra seg. Kaffien er blitt internasjonal og samtala er digital, slik sett er kaffien og kaffipraten moderne og avspeglar den tida vi lever i. Som i gamle dagar tek kaffien vare på det sosiale livet vårt i dag, for kaffi må vi ha, det sa bestefar.

Andre som har blogga om kaffe; Eigil Moe om espresso