onsdag 11. mai 2011

Å vekse opp med voksduk


Da eg var lita hadde mor alltid voksduk på bordet. Eg voks opp med voksduken, det var det fyrste eg strakk meg etter, fekk eg høre, da eg reiste meg opp for å støtte meg. Det gjekk ikkje så bra, eg drog visst med meg både fløytemugga og kaffikoppar i fallet. Kaffikoppane var tomme, har det blitt meg fortalt, men fløyteskvetten rann visst nedover ansiktet mitt.

Voksduken låg alltid på kjøkkenbordet heime, han var nok i bruk meir for det praktiske enn for pynten si skuld. Kjøkkenbordet til mor var svært vakkert, eg har det på kjøkkenet midt i dag, og det har ofte undra meg kvifor ho alltid brukte mønstra voksduk på det, bordet var så pent i seg sjølv. Men slik tenkte dei ikkje før, voksduk var noko alle skulle ha; "Jau, voksduk, det må vi ha", kan eg hugse det vart sagt over kaffikoppane kring kjøkkenbordet. "Å neimen så pen voksduk du har da, nei kor har du kjøpt den?", var spørsmålet som gjekk att når voksduken vart innvigd med kaffistunda på ettermiddagen.

Eg hugsar det var høgtid når voksduken skulle skiftast ut, alltid kom det ny voksduk på bordet til jul. Da hugsar eg mor bretta duken ut over heile bordet, slik at det hang ein kant passe ned på kvar side. Han lukta spesielt, denne nye voksduken, og så var han alltid litt bolkete dei fyrste dagane inntil han hadde blitt brukt og tørka av nokre gonger, slik at han hadde lagt seg til og festa seg på bordet. Denne voksduklukta hugsar eg meir enn eg kan skildre ho, men eg kjenner ho att på stader dei sel voksdukar, viss eg kjem nær dei nok. Ikkje desse nymotens, mjuke, tunne voksdukane, nei - det må vera av desse litt harde, stive typane. Det er det som er voksduk, i alle fall for meg.

Hugsar da eg var lita, veit ikkje heilt om eg skal våge å fortelja det, men det må bli mellom oss. Eg kunne vel ha vore rundt 4 - 5 årsalderen, eg hugsar det berre svakt, men det har blitt oppattfortalt og dermed festa seg i minnet mitt. Eg sat ved kjøkkenbordet og teikna, klypte og limte. Eg hadde fått ny, lita saks, og med eitt greip eg meg sjølv i at eg sat og klypte i voksduken til mor, frå den nedste kanten og oppover mot bordkanten. Eg kan enno hugse den sitrande spenninga inni meg, da eg klypte og hørte lyden av saksa som skar i voksduken. Mor tilsnakka meg, eg måtte da forstå at eg ikkje skulle gjera slikt. Dagen etter kom det ny voksduk på bordet, klart han måtte skiftast ut, eg hadde jo øydelagt den andre. Eg sat igjen ved voksdukbordet med same aktiviteten, og jammen klypte eg ikkje ein gong til - og øydela den nye voksduken. Det same gjentok seg, mor vart sint - kan du skjønne, eg hugsar eg hadde ei vond kjensle inni meg, visste at dette skulle eg ikkje gjera meir.

Eg voks opp med voksduken. For meg vart han den vi samla oss kring i gode stunder, til høgtid med ny voksduklukt i rommet, til eftasstunda på ettermiddagen med kaffikoppane og biteti, til teikning og brettspel, til lekselesing og til å leggje hovudet nedpå for å kvile litt, da det leita på som verst med tungt hovudarbeid. Voksduken har følgt meg frå eg reiste meg opp for å finne støtte, gjennom heile barndommen, jamvel da eg utfordra grenser og fram til i dag med nye motar og trendar innan stoff og stil. Voksduken har alltid vore der for meg, trur ikkje eg kan leve korkje utan han eller lukta, for ho er der når eg ser voksduken.

NKUL11 - til innlæring og bortlæring


NKUL11 - Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring, gjekk føre seg i Trondheim frå 4. – 6. mai, for syttande gong, og er dermed ein ung aktør innan skule og læring, som rektor ved NTNU; Torbjørn Digernes, sa i si opningstale til dei 860 deltakarane på NKUL11, det presise namnet på årets konferanse. No var nok ikkje alle 860 samla til opningsføredraget i auditorium R1, Realfagbygget, ved NTNU, på Gløshaugen, noko som kanskje var bra, da brannalarmen vart utløyst og alle laut forlate bygningen rett etter at mottoet for NKUL11; “Alltid på – overalt”, var slått fast. Litt symbolsk viste det seg risikabelt å lansere slike brannfaklar i sanntid i ope plenum.
Ifølgje rektor Digernes er det nytt for hans generasjon å vera pålogga heile tida, men med eit raskt blikk rundt i auditoriet merka eg meg at han slett ikkje er den einaste bestefaren på konferansen, han opplyste sjølv om tittelen og refererte til barnebarnas raske mobilbruklæring og dermed kommande generasjonars digitale kunnskap. Digernes nemnde kor fort dei små lærer seg mobilbruk, difor blir IKT eit naturleg verkty for barnebarna våre som er framtidas elevar.
Målgruppa for NKUL er lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar, lærarutdannarar, lærarstudentar og andre aktørar i utdanningssektoren. Når under halvparten av lærarstudentane seier utdanninga er med på å auke deira digitale kompetanse (ref. frå NKUL), er det utruleg viktig at lærarstudentane har kome med som deltakarar på NKUL11, håpet er at det også vil bidra til auka søknad til yrket. Vi treng fleire gode søkjarar til lærarutdanninga; søkjarar med interesse for og kunnskap innan IKT, for å få kompetente undervisarar til den kommande generasjonen, der IKT blir den tause kunnskapen, og anna læring kjem til å by på nye utfordringar og ny kunnskap. Denne konferansen er med på å spreie kunnskap, dele erfaringar, opprette kontaktar og få deltakarane til å nyttiggjera seg tips frå andre aktørar dei kan ta med attende til eigne arbeidsfelt.
Det faglege fellesskapet, “minglinga“ og det sosiale rundt ein slik konferanse er svært viktig, med tanke på deling av kunnskap og opprette nye faglege kontaktar. Verktya og produkta utstellarane viser fram og lærer bort til bruk i undervisningskvardagen og klasseromma, er med på å endre pedagogiske retningar og klasseleiing, som ny bruk av IKT inneber. At det også er kommersielle omsyn frå utstellarane si side, er noko ein må ta med, der gratisversjonane kanskje meir og meir er på veg ut, og skuleeigarane må innrette seg på at skulane må betale for produkta dei brukar, for at elevane skal kunne få fleire program og verkty å velja blant. For IKT-generasjonen kan det fort bli for kjedeleg og einsformig med dei same verktya, den digitale generasjonen kan og vil utvikle seg, og dei kan frå eiga læring så mye, at det skal lite til for at skulen blir bakstrevarsk og gammaldags. Vil vi ha den digitale skulen, må vi også hengja med, både i tankane og i marknadsverda. Vi må godta at dei nye digitale verktya blir til utanom skulen, verkty skulen vil bruke for å vera digital og som andre vil ta seg betalt for å laga.
Det slår meg at dei same personane er til stades på denne konferansen år etter år, mange av oss har teke ei og anna pause, kanskje annakvart år, men vi dukkar opp att og møter att kjende i forbifarten i korridorane og som føredragshaldarar. Er det slik at denne konferansen, og liknande evenement, er samlingar for ei homogen forsamling, på line med eit trussamfunn, der dei nye som dukkar opp, er nyfrelste av dei gamle travarane? Heldigvis blir konferansen streama, slik at dei som ikkje kan vera til stades kan få med seg føredraga “live”, i tillegg blir det tvitra livleg frå dei ulike sesjonane, der kommentarar under hashtaggen #NKUL let seg søkje opp som stutte referat frå føredraga, som: “Kunnskap handlar om å veta kvar du skal spørja #nkul”. Kor mange som nyttiggjer seg av dette utanom sjølve konferansen, er eit anna spørsmål. Det blir kanskje noko likt det mange opplever som respons på eiga satsing innan IKT-bruk i undervisninga. Dei største attendemeldingane kjem frå aktørar med liknande praksis frå andre skular, utanom eigen arbeidsplass. Det er eit tankekors at responsen over eige utviklingsarbeid er større “ute” enn heime blant eigne kollegaer, det heng kanskje noko i hop med profet, ikkje i eige land, men på eigen arbeidsplass. Difor har NKUL 11 og NKUL-framover ein misjon, å få med fleire innan IKT-satsing, for å styrkje arbeidet og kompetansen også lokalt, innan kvar einskild skule, der det blir in med innlæring frå eigne arbeidskollegaer som bortlærer kompetanse dei har gripe fatt i out, eit glokalt NKUL, skapa og vidareformidla av deltakarane mellom kvar samling.

onsdag 4. mai 2011

Lyrikk-kafé

Etter VG3 studieførebuande utdanningsprogram i norsk, munnlege tekster, er eitt av måla for opplæringa at eleven skal kunne;
setje saman og framføre eit avgrensa skjønnlitterært program
.Vi valde da å konsentrere oss om det moderne prosjektet; moderniteten og modernismen, ut frå det som har vore tema siste delen av dette skuleåret. Sia fordjupingsoppgåva liknar meir på det gammaldagse særemnet, og går i djubda, går det skjønnlitterære programmet i breidda, valde eg å vera fleksibel i sjangervalet og ikkje berre godta lyrikk som tema, sjølv om vi skulle ha Lyrikk-kafé.


For å ha ein skikkeleg Lyrikk-kafé, fekk eg elevane og meg sjølv til å baka kake, så det vart både muffins, sjokoladekake og kringle på bordet, med medbrakt kald drikke eller kaffi, eit tiltak elevane sette utruleg stor pris på.


Dei munnlege framføringane var varierte, alt frå samtalar mellom Kielland, Bjørnson, Ibsen og Strindberg, til opplesing og tolking av dikt, presentasjon av ulike forfattarar frå realismen fram til notida, kva dei skreiv og korleis dei ulike tema har endra seg, til samtalar om innhald og tema i desse periodane basert på tekster henta frå periodane, som til dømes kvinnelitteratur, tema frå krigen, kjærleik og opprør. Eit opplegg elevane sa dei hadde lært av frå eige arbeid og å lytte til dei andre gruppene. Dette er eit opplegg eg vil ta med meg vidare til andre fag. Sosial innæring av fagstoffet.

Profilintervju på Facebook


Saktekster er eitt av dei mange emna elevane i norskfaget på VG1 skal gjennom, ein sjanger dei får svært god nytte av å kunne seinare i livet. Ikkje berre å forstå og tolke ulike sakprosatekster, men også å kunne skrive søknader, gode referat og meldingar til ulike råd og personar. Presist språk og klare formuleringar basert på fakta utan eiga synsing og tolking står sentralt her og må klargjerast for elevane. Dette må elevane få høve til å trene på sjølve, difor er skrivetrening viktig, noko eg i norsktimane freistar å leggje til rette for i så stor grad som mogleg. Her er Facebook det solide verktyet, ofte let eg elevane skrive ei stutt tekst på slutten av timen basert på det emnet vi har gjennomgått. Nokre tekster krev lengre tid for å bli eit godt produkt på det skrivne papiret, som den timen elevane skulle intervjue kvarandre og lage eit portrettintervju av den andre.

Fyrst sat elevane stille og skreiv ned spørsmål dei ville bruke i portrettintervjuet, deretter gjekk dei saman i par og var samde i at det var viktig at dei no samarbeidde med ein eller ei dei ikkje kjende så godt frå før. Dette fann elevane ut av sjølve, og dei valde intervjuobjekta etter kven dei var minst i lag med i skulekvardagen og elles. Det er ikkje så spennande å intervjue bestevennen eller bestevenninna, samstundes såg elevane på dette som ein fin sjanse til å bli betre kjende med fleire i klassa. VG1 er jo det fyrste året på vidaregåande, og klassa har elevar frå meir enn to ungdomsskular, så mange var nye for kvarandre da dei starta opp i haust.

Dei fekk visse retningsliner å halde seg til, som å finne spesielt fram til spennande trekk ved personen dei intervjua, og passe på at dei refererte det personen sa, sjølv om dei skreiv det om med eigne ord, og ikkje leggje orda i munnen på den andre, men stille spørsmål som kravde andre svar enn ja og nei. Etter at intervjua var ferdige, skreiv kvar og ein sin presentasjon av personen, der dei skulle variere med bruk av direkte og indirekte tale i det skrevne intervjuet. Det ferdige produktet skulle vera på ca. ei side som dei skulle leggje ut på faggruppa på Facebook. Det som vart litt problematisk, er at kommentarfeltet på Facebook ikkje eignar seg for så lange tekster, og notat ikkje let seg gjera på ei lukka gruppe, difor opna vi ein diskusjonstråd, eller ordskifte på nynorsk, og limte profilintervjua inn der, for det måtte jo bli profilintervju, i og med at det vart publisert på Facebook, der alle har sin eigen profil.

Fagord og sosialt språk på Facebook


I det digitale klasserommet er orda frå dataverda heime og på sin rette plass blant elevane. Det er få ord dei ikkje veit kva tyder eller kjenner til, og for ein lærar som voks opp med tavle og kritt, og som i fyrste klasse lærte å skrive løkkeskrift med blekk og pennespiss, er mange ord både nye, ukjende og vanskelege. Norskfaget i VG1 blir difor ekstra spennande med kompetansemåla innan fleirspråklegheit, likskapar og skilnader mellom dei nordiske språka og utviklinga innan moderne norsk språk. Særleg moro er det å kunne vurdere språk og sjangrar brukte av representantar for forskjellige yrkesgrupper og i ulike sosiale samanhengar. Her kjem fagorda og orda frå dataverda inn, nok meir daglegdagse for elevane enn dei kan vera for mange vaksne. Oppgåva var å drøfte kva desse orda frå dataverda stod for, henta frå læreboka Grip teksten: cookie, domene, hurtigtast, Java, JPEG, PDF, modem, wlan, ruter, server. Dette var nok godt innarbeidde ord i daglegspråket for dei fleste, utfordringa for elevane vart å forklare noko som var så kjent for dei at dei eigentleg ikkje hadde brukt andre ord enn det omgrepet dei no skulle vise dei kunne, vi snakkar her om den tause kunnskapen. Nokre la til andre ord dei meinte burde forklarast, som betaversjon, brannmur og geek. Kvar elles skulle dette skrivast enn der det hører mest heime? På Facebook, sjølvsagt, det digitale må forklarast på den digitale arenaen, så kjem det til nytte og bruk for fleire. På Facebook blir det lese, delt, brukt og kommentert.

I timen heldt vi oss ikkje berre til fagspråk og ord frå dataverda, vi diskuterte språk brukt innan ulike "sosiale settingar" som elevane seier, og er meir enn dei er klar over sjølve representantar for den språkutviklinga vi les om og har som tema i timen. Etter å ha arbeidd individuelt med dataorda, eller "nerdespråket" som eg hørte ein av elavane kommentere til sidemannen, gjekk elevane i sjølvvalde grupper på fire og oppretta eit dokument i iEtherpad, der dei skulle forklare for kvarandre kva dei oppfatta som skilnaden på sosiolekt og dialekt. Ganske interessant å lesa kva dei skreiv; desse elevane er frå Lier, ein stad som er meir prega av bygd enn by. Der innflyttinga er størst frå Asker og Bærum, som på Tranby og Hennummarka, snakkar dei noko finare enn dei på Nordal, som brukar den gamle Lier-dialekten, ifølgje ei av elevane. Svært interessante kommentarar frå språkmedvetne elevar.

Desse kommentarane skreiv elevane inn på Facebook, etter at dei fyrst hadde arbeidd iEtherpad med refleksjonar rundt sosiolekt eller ikkje på heimstaden sin. Det er talespråkmedvetne elevar med fagord og digital kunnskap. På Facebook blir ikkje denne kunnskapen lenger taus eller einemannseige, han blir uttala og delt med fleire.

Digitalt samansett nynorskdikt

Gruppearbeid med musikkvideo er noko som fell i smak hos elevane. Etter å ha lese og arbeidd med lyrikk, vart vi einige om å laga ein musikkvideo ut frå eit dikt elevane valde sjølve og som dei likte. Elevane skulle vera kreative, diktanalyse hadde dei arbeidd med; tema, innhald, formål og form, i tillegg til dei språklege verkemidla. Ifølgje læreplanen for VG1 skal elevane innan dei skriftlege tekstane kunne
tolke og rerflektere over innhold, form og formål i et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk
og
gjøre rede for et bredt register av språklige virkemidler og forklare hvilken funksjon de har
Samansette tekstar har som eitt av kompetansemåla


beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjoner knyttet til språk og bilde
Elevane fekk i oppgåve å finne fram til eit dikt dei likte, bruke det diktet og laga ei stutt historie, der dei skulle setja saman tekst, lyd og bilete i ei digital forteljing på maks 3 minutt. Dei skulle laga tittel og finne tema sjølve. Filmane skulle dei publisere på Facebook, slik at alle fekk sjå og høve til å kommentere dei ferdige produkta til kvarandre. Før dei byrja, gjekk vi gjennom sjangeren musikkvideo på nytt, og alle las kapitlet "Musikkvideoen - en sammensatt tekst" på side 45 i læreboka; Grip teksten. Dette var ikkje nytt for elevane, vi har tidlegare arbeidd med reklame og musikkvideo og diskutert dei forskjellige funksjonane knytta til språk og bilete. Sidan dette var ferdige produkt utforma av andre som elevane kommenterte, ville eg utfordre elevane til å skapa noko sjølve, men som dei likevel fekk høve til å kommentere og reflektere over.

Oppgåva var å lage ei samansett historie på nynorsk, basert på eit dikt, med tekst, bilete og musikk som skulle passe saman. Eit par grupper ønskte å lage si eiga nynorskhistorie, ut frå eit nynorskdikt dei forfatta sjølve, og dei arbeidde da hardt med språket, dette skulle vera riktig, det skulle jo publiserast på Facebook! Dei viste kva dei hadde skrive til meg, eg korrigerte og gav råd om språkleg struktur, slik at dei var trygge på det språklege. Dette var noko meir lettvint for dei som valde å bruke ferdigskrivne dikt.

Etter at alle hadde posta sine filmar på Facebook, såg vi på filmane på storskjerm i klasserommet og applauderte produkta, det vart nesten som ein mini filmfestival. For at alle skulle reflektere over det arbeidet som var gjort, ikkje berre over sitt eige, fekk alle gruppene i oppdrag å kommentere visse filmar, slik at alle fekk kommentarar på sitt produkt.

Gjennom denne prosessen oppnådde elevane å arbeide digitalt, skrive nynorsk (bruke sidemålet), gjera greie for språk i musikkvideo og sjekke om form, formål og innhald stemde med bilete og musikk i det ferdige produktet, som igjen elevane kommenterte og drøfta, slik det skal gjerast etter læreplanen når ein arbeider med samansette tekstar.