onsdag 11. mai 2011

Å vekse opp med voksduk


Da eg var lita hadde mor alltid voksduk på bordet. Eg voks opp med voksduken, det var det fyrste eg strakk meg etter, fekk eg høre, da eg reiste meg opp for å støtte meg. Det gjekk ikkje så bra, eg drog visst med meg både fløytemugga og kaffikoppar i fallet. Kaffikoppane var tomme, har det blitt meg fortalt, men fløyteskvetten rann visst nedover ansiktet mitt.

Voksduken låg alltid på kjøkkenbordet heime, han var nok i bruk meir for det praktiske enn for pynten si skuld. Kjøkkenbordet til mor var svært vakkert, eg har det på kjøkkenet midt i dag, og det har ofte undra meg kvifor ho alltid brukte mønstra voksduk på det, bordet var så pent i seg sjølv. Men slik tenkte dei ikkje før, voksduk var noko alle skulle ha; "Jau, voksduk, det må vi ha", kan eg hugse det vart sagt over kaffikoppane kring kjøkkenbordet. "Å neimen så pen voksduk du har da, nei kor har du kjøpt den?", var spørsmålet som gjekk att når voksduken vart innvigd med kaffistunda på ettermiddagen.

Eg hugsar det var høgtid når voksduken skulle skiftast ut, alltid kom det ny voksduk på bordet til jul. Da hugsar eg mor bretta duken ut over heile bordet, slik at det hang ein kant passe ned på kvar side. Han lukta spesielt, denne nye voksduken, og så var han alltid litt bolkete dei fyrste dagane inntil han hadde blitt brukt og tørka av nokre gonger, slik at han hadde lagt seg til og festa seg på bordet. Denne voksduklukta hugsar eg meir enn eg kan skildre ho, men eg kjenner ho att på stader dei sel voksdukar, viss eg kjem nær dei nok. Ikkje desse nymotens, mjuke, tunne voksdukane, nei - det må vera av desse litt harde, stive typane. Det er det som er voksduk, i alle fall for meg.

Hugsar da eg var lita, veit ikkje heilt om eg skal våge å fortelja det, men det må bli mellom oss. Eg kunne vel ha vore rundt 4 - 5 årsalderen, eg hugsar det berre svakt, men det har blitt oppattfortalt og dermed festa seg i minnet mitt. Eg sat ved kjøkkenbordet og teikna, klypte og limte. Eg hadde fått ny, lita saks, og med eitt greip eg meg sjølv i at eg sat og klypte i voksduken til mor, frå den nedste kanten og oppover mot bordkanten. Eg kan enno hugse den sitrande spenninga inni meg, da eg klypte og hørte lyden av saksa som skar i voksduken. Mor tilsnakka meg, eg måtte da forstå at eg ikkje skulle gjera slikt. Dagen etter kom det ny voksduk på bordet, klart han måtte skiftast ut, eg hadde jo øydelagt den andre. Eg sat igjen ved voksdukbordet med same aktiviteten, og jammen klypte eg ikkje ein gong til - og øydela den nye voksduken. Det same gjentok seg, mor vart sint - kan du skjønne, eg hugsar eg hadde ei vond kjensle inni meg, visste at dette skulle eg ikkje gjera meir.

Eg voks opp med voksduken. For meg vart han den vi samla oss kring i gode stunder, til høgtid med ny voksduklukt i rommet, til eftasstunda på ettermiddagen med kaffikoppane og biteti, til teikning og brettspel, til lekselesing og til å leggje hovudet nedpå for å kvile litt, da det leita på som verst med tungt hovudarbeid. Voksduken har følgt meg frå eg reiste meg opp for å finne støtte, gjennom heile barndommen, jamvel da eg utfordra grenser og fram til i dag med nye motar og trendar innan stoff og stil. Voksduken har alltid vore der for meg, trur ikkje eg kan leve korkje utan han eller lukta, for ho er der når eg ser voksduken.

Ingen kommentarer: