mandag 19. april 2010

Voksduken


Da eg var lita hadde mor alltid voksduk på bordet. Eg voks opp med voksduken, det var det fyrste eg strakk meg etter, fekk eg høre, da eg reiste meg opp for å støtte meg. Det gjekk ikkje så bra, eg drog visst med meg både fløytemugga og kaffekoppar i fallet. Kaffekoppane var tomme, har det blitt meg fortalt, men fløyteskvetten rann nedover andletet mitt.

Voksduken låg alltid på kjøkkenbordet heime, han var nok i bruk meir for det praktiske enn for pynten si skuld. Kjøkkenbordet til mor var svært vakkert, eg har det på kjøkkenet midt i dag, og det har ofte undra meg kvifor ho alltid brukte mønstra voksduk på det, bordet var så pent i seg sjølv. Men slik tenkte dei ikkje før, voksduk var noko alle skulle ha; "jau, voksduk på kjøkkenbordet, det må vi ha", kan eg hugse det vart sagt over kaffekoppane kring bordet. "Å neimen så pen voksduk du har da, nei kor har du kjøpt den?" var spørsmålet som gjekk att når voksduken vart innvigd med kaffestunda på ettermiddagen. Eg fekk alltid med meg dette, for eg har vore hard på kaffen alt frå eg var sju år gammal.

Eg hugsar det var høgtid når voksduken skulle skiftast ut, alltid kom det ny voksduk på bordet til jul. Da hugsar eg mor bretta duken ut over heile bordet, slik at det hang ein kant passe ned på kvar side. Han lukta spesielt også, denne nye voksduken, og så var han alltid litt bolkete dei fyrste dagane inntil han hadde blitt brukt og tørka av nokre gonger, slik at han hadde lagt seg til og festa seg på bordet, vart det sagt. Denne voksduklukta hugsar eg meir enn eg kan skildre ho, men eg kjenner ho att på stader dei sel voksdukar, viss eg kjem nær dei nok. Ikkje desse nymotens, mjuke, tynne voksdukane, nei - det må vere av desse litt harde, stive typane. Det er det som er voksduk, i alle fall for meg.

Hugsar da eg var lita, veit ikkje heilt om eg skal våge å fortelje det, men det må bli mellom oss. Eg kunne vel ha vore rundt 4 til 5 årsalderen, eg hugsar det berre svakt, men det har blitt oppattfortalt og dermed festa seg i minnet mitt. Eg sat ved kjøkkenbordet og teikna, klipte og limte. Eg hadde fått ny, lita saks, og med eitt greip eg meg sjølv i at eg sat og klipte i voksduken til mor, frå den nedste kanten og oppover mot bordkanten. Eg kan enno hugse den sitrande spenninga inni meg, da eg klipte og hørte lyden av saksa som skar i voksduken. Mor tilsnakke meg, eg måtte da forstå at eg ikkje skulle gjere slikt. Dagen etter kom det ny voksduk på bordet, klart han måtte skiftast ut, eg hadde jo øydelagt den andre. Eg sat igjen ved voksdukbordet med same aktiviteten, og jammen klipte eg ikkje ein gong til og øydela den nye voksduken. Det same gjentok seg, mor vart sint - kan du skjønne, eg hugsar eg hadde ei vond kjensle inni meg, visste at dette skulle eg ikkje gjere meir.

Eg voks opp med voksduken. For meg vart han den vi samla oss kring i gode stunder, til høgtid med ny voksduklukt i rommet, til eftasstunda på ettermiddagen med kaffekoppane og biteti, til teikning og brettspel, til lekselesing og til å leggje hovudet nedpå for å kvile litt, då det leita på som verst med tungt hovudarbeid. Voksduken har følgt meg frå eg reiste meg opp for å finne støtte, gjennom heile barndommen min, jamvel da eg utfordra grenser og fram til i dag med nye motar og trendar innan stoff og stil. Voksduken har alltid vore der for meg, eg vil ha han nær meg. Eg har vakse opp og levd med voksduken heile livet, trur ikkje eg kan leve utan han.

2 kommentarer:

Elin Ørjasæter sa...

Nydelig tekst om noe svært mange har et forhold til!

Liv Marie Schou sa...

Takk Elin:-) "Voksduken ble fort litt ru og slitt, og så var det gjerne bitte små hull før den ble så tarvete at den måtte byttes ut", var det en som sa til meg. "Og så alle de fine mønstrene da", kom det fra en annen, da vi begynte å prate om voksduken. Det er tydelig at voksduken vekker varme minner hos mange.