fredag 19. februar 2010

Nynorsk og Facebook

På veg til nynorsktimen vrei eg hovudet mitt i påvente av å kome på noko spennande å gjere i timen. Kva skal eg starte med? "Ord for dagen" er fort unnagjort, så er det seksti minutt med terping, repetering, grammatikk og pugging av nynorske verb. Det heiter ikkje "man" på nynorsk, de skal skrive "ein". Eg hører mi eiga stemme, om att og om att og om att! Stakkars elevar.

Sjølv om eg gong på gong har sagt at lykka i livet går gjennom pugging av nynorsk grammatikk, så har eg byrja å tvile på mi eiga lykketilråding. Eg har til og med rådd elevane til å hengje opp den nynorske minigrammtaikken på do, over spegelen, på badet, over alt der dei hyppig ferdast. Dette for at dei skal hugse at det heiter "skrive" og ikkje "skreve", at dei må bruke pronomenet "desse" på nynorsk og ikkje "disse", at dei må vere konsekvente i val av former, at når dei "køyrer" buss heim frå skulen, så inneber det at dei også "høyrer" musikk på iPoden, at dei sjølvsagt kan velje å skrive "kjøre" og "høre", men da skal dei skal vere konsekvente i bruken innan den same teksten.

Elevane må skrive for å lære nynorsk. Kor skriv dei? Jau, dei skriv på Facebook. DER hadde eg planen klar. Eg vart lykkeleg og glad og mest dansa inn i klasserommet. Å be elevane slå på PC-ane er ikkje nødvendig, dei er allereie i status "on" og har blikket stivt inn i skjermane når eg kjem inn og stiller meg bak kateteret. Det har eg slutta å ta meg nær av, eg helsar og alle reiser seg, nokre har vanskar med å vende blikket opp frå skjermen, så ber eg alle opne Facebook-sida si, dersom dei ikkje allereie har gjort det. DA får eg blikkontakt. Mange reaksjonar, alt frå smil til små uttrykk som "hææ?", til og med guten på tredje rekka inst ved veggen tek av seg skyggelua, men eg held på mitt: "Opn Facebook-sida dykkar", seier eg like naturleg som eg skulle ha bedd dei slå opp i tekstboka på Erasmus Montanus, det stykket vi arbeidde med sist time.

Raskt er alle i Facebook-modus, eg ber dei oppdatere profilane sin på nynorsk. Dette vekte interesse og dempa jubel. Eg ville overdrive ved å seie at det vart stormande applaus, men ei større interesse enn eg er van med å få heilt i byrjinga av nynorsktimane mine, det var det. Dei fleste var opptatte av å formulere seg godt og skrive riktig grammatikalsk. Med eitt var mange hender oppe og ville ha hjelp; "er dette riktig, kan eg skrive det på nynorsk?" Eg gjekk frå elev til elev og hjalp til med å finne det rette ordet, den gode setningen, det rette uttrykket.

Kor dei fann uttrykka sine? Jau, mange gjekk inn på ordtak.no og fann sitat der som dei omsette til nynorsk, og fleire av elevane la ut fleire statusoppdateringar, noko som vitnar om at dette vekte skriveglede. Nokre skreiv på veggen til kvarandre, andre prata (altså chatta), og vi vart einige om å skrive på nynorsk på Facebook den kommande veka. Til slutt endra fleire av elevane språket sitt på Facebook frå engelsk eller norsk (bokmål) til norsk (nynorsk).

Dette kallar eg nynorsktime i praksis, elevane skreiv og brukte språket aktivt på sitt område, der dei kanskje ville ha sete og smugtitta likevel. Elevane var nøgde etter timen, men den som kanskje var eller mest nøgd, det var eg, som hadde fått til ein aktiv skrivetime på nynorsk. Og kven har sagt at ein alltid skal skrive så lange tekstar, er det ikkje slik at dei små tekstane er det elevane er mest kjent med frå kvardagen sin innan dei sosiale media?

11 kommentarer:

Pål Julius Skogholt sa...

Fantastisk - det gjorde godt å lese

KJETIL BRUVIK sa...

Dette var saker! Men vert det ikkje fjesboka på nynorsk ;) ?

jeanette tranberg sa...

Andletsboka?

Hildegunn sa...

Strålande! For ein time! For ein idé!

Om du er interessert - så har vi starta språkblogg.... http://my.opera.com/otnesiversen/blog/

Hildegunn

BenteOO sa...

På Lærdalsøyri vert Fjesboki nytta, også av oss utan i'endingar.
Takk til deg og @leifharboe som kvitra om bloggen din!

M@y sa...

Dette var bra, selv for en barneskolelærer. Hadde bare jeg hatt en lærer som deg da jeg gikk på videregående skole. Stå på!

Alt det beste!

Hilsen M@y

mosleth sa...

Utan språkleg praksis og vedlikehald kan jo ingen læra seg språk. Å bruka facebook (eller kva det måtte vera) på andre språk hjelper for både tysk, japansk og nynorsk. Ingenting nytt akkurat der.

Eg veit om mange smarte elevar som har nytta denne metoden heilt på eiga hand i samband med førebuing til eksamenar og liknande, men dette er fyrste gong eg har høyrt om ei lærarinne som har teki fordel av denne enkle og effektive metoden. Lat oss no vona at mange fleire følgjer i tida framover.

Svend Andreas Horgen sa...

Kjempebra tips! Jeg synes dette er spesielt lurt fordi du møter elevene på deres arena i stedet for å hindre dem. Du bruker gulrot i stedet for pisk. Facebook kan ikke brukes til alt, men mer enn vi tror. Det har du nettopp vist eksempel på. Det jeg leser ditt innlegg som, er først og fremst at du har fått til dialog på elevenes premisser. Dermed har du fine forutsetninger for å bygge videre på dette. Kanskje også elevene kan utfordres til å idémyldre eller skrive stil om noen tips til aktiviteter hvor Facebook kunne inngå (gjerne på nynorsk :-)? Bare det at de da aktivt må tenke gjennom problematikken, Facebook sin rolle i undervisning og komme med forslag til bruk av Facebook utover deres normale bruk, gjør i tillegg at de får fokus på hva Facebook ikke egner seg til (mye) og da blir de kanskje litt bevisste på at Facebook også kan være hemmende for læring...? Bare en tanke i full fart.

Ingunn sa...

Dette var veldig artig! Elevene mine i 3STF skal få samme sjansen i dag. Jeg kommer også til å oppmuntre dem til å skifte til nynorsk på Facebook i tiden frem til eksamen. Fantastisk ide, Liv!

Akeleiedamen sa...

Jeg elsker nynorsk. Dette er en ypperlig vei inn for ungdommen også, de kan date og chatte med nynorsken, til og med bli forelska. TAKK!

Bjørn Helge sa...

Veldig bra - og ikke minst: neste (ny)norsktime ferdig forberedt!