søndag 25. mai 2008

NDLA


Nasjonal digital læringsarena skal gi fri tilgang til digitale læremiddel til bruk i vidaregåande opplæring, felles fylkeskommunalt initiativ, fagnettarena som skal erstatte lærebøker. Gjeld faga: norsk, helse- og sosialfag og naturfag, førebels vg1. Skal byggast vidare ut, ifølgje Marion Federl, Ragna Marie Tørdal og Arne Olav Nygard frå NDLA-kurset på Clarion Hotel, Gardermoen 22.-23.05.08. Alle kompetansemåla dekka gjennom skoleåret og "ferdigstilt" til skolestart 2008

Eleven skal ha moglegheit til å arbeide på og skrive vidare som på wikipedia.
Kjeldekritikk er viktig. Brukar kan ta med seg teksten, omforme han etter eige behov og publisere han. Arbeider etter følgjande mal: Lag 1 og Lag 2:
Lag 2: FAGWIKI er knytta opp til fagnettstaden, - dynamisk og i stadig utvikling. Her kan lærarar (og elevar) publisere fritt(klar til haust 2008).
Lag 1: Fagredaksjonelt, kvalitetssikra innhald (kjøpt, tilpassa) som kan brukast vidare og andre kan lære av. Etter kvart flytte ting frå Lag 2 til Lag 1.

Visjonen er fritt tilgjengelege læremiddel, sjølvsagt gratis, da vdg opplæring er prega av samhandling og deltakande læringsarbeid(elevar og lærare i aktivt deltakande læringsarbeid) i eit fagmiljø og nettverk som drivkraft for utvikling av digitale læremiddel.
NDLA er ein marknad som leverer innhald til bruk for lærarar og elevar.

Digital tekstkultur og skuletekstane v/Arne Olav Nygard
Det å lage digitalt er ein arenatenking i læremiddel, eit digitalt tekstlandskap. Snunad over i det digitale som også er eit gjennomtrengane fenomen i samfunnet elles, ikkje berre når det gjeld læremiddel. Her kjem blogging og sms-språk inn, eit nytt språk, nye koder, aktivt språk og dialektnært; i tråd med det nynorske skriftspråket.

Den tradisjonelle skrivinga i skulen baserer seg på eit antikt syn på skriving, som til dømes det å skrive artikkel som sjanger til eksamen. Meir og meir blir den flytande tekstkulturen brukt, vi brukar flittig paste og copy, og skriv og delar tekstane våre med andre, brukar tekstar som allereie ligg ute(eks wikipedia om Loke).

DIGITALE TEKSTAR I SKULEN representrer skriving som ein reiskap for tanketeknologien, der skriving blir brukt for å presentere tankane sine for andre. Har vi her dei same skrivesjagrane som før? - Vi møter ein arena som skapar nye medium for å presentere tankane våre, brukt som reiskap for å sette tankane på plass, arena for å vise andre kva ein har skrive. Som til dømes wikipedia - ein open tekst, i endring heile tida.
Blogg-einsam forfattar, men open, der andre kan kommentere, der medkommentatorane på sitt vis også er medforfattarar. Dette er eit tekstfellesskap der ein lærer mye meir av å jobbe i eit tekstkollektiv enn åleine, her er NDLA sentralt.

NDLA tilpassar ulike behov, med fagtekst som passar dei fleste, tilleggsstoff for elevar som treng fleire eller større utfordringar, interaktive oppgåver, visualisering av delar av lærestoffet (brukt i naturfag), animasjonar, syntetisk tale(innprata tekst).

Kjem rett inn på sida her: http://fag.utdanning.no/vg1/norsk
Innlogging ikkje nødvendig med FEIDE.
Frå hausten 2008 NDLA på både bokmål og nynorsk

Der læreboka har ei opning og ein slutt, er det ikkje slik her, inga bok som følgjer frå a til å, her følgjer ein dei fire hovudomrada i læreplanen; munnlege- , skriftlege-, samansette tekstar, språk og kultur. I tillegg har vi basis (brukast på tvers gjennom alle tre åra), bibliotek og verkty (til dømes memoz og fabulaz).

Med andre ord: ein levande tekstarena i eit levande miljø, ein dynamisk læringsarena.

Ingen kommentarer: