tirsdag 17. februar 2009

Beinvegen


Han går frå mi dør til di dør, beinvegen vår. Vi har trakka han godt, sommar som vinter, den vesle stubben. Det er berre vi to, og katten min, som brukar han, andre veit ikkje om han. Om vinteren må vi måke snø og passe på han er open. Det bles så fort att viss han ikkje blir brukt ofte, vi må gå han jamt for å halde han ved lag. På sommaren er det lettare, da er han meir farbar, men må like fullt pleiast. Blir han ikkje brukt, gror han att, og vi kan gløyme han er der.

Nett som vennskapen vår må beinvegen stellast og haldast ved like. Vi må gå han jamleg for at han skal vere der for oss, vi må trø og setje spor, da er det også lettare å bruke han. Vi finn han att fortare når han blir trødd hyppig, slik er beinvegen vår med på å halde kontakten mellom mitt hus og ditt hus.

På vegen bort til kvarandre, midt mellom mi dør og di dør, trør vi varleg forbi fuglehuset, også eit liv som må pleiast og stellast, elles finn fuglane andre dei heller vil vere hos. Varsamt listar vi oss forbi, på beinvegen vår.

Han er ikkje så lang, den vesle smetten, men lang nok til at vi må gå han for å kome til kvarandre. Det tette bandet mellom husa våre, frå mi dør til di dør, den synlege kontakten mellom deg og meg, den nære vennskapen vår. Han er der for oss, beinvegen vår.

3 kommentarer:

Sonja sa...

En nydelig mellommennskelig liten histore til ettertanke:-)

Ingunn sa...

Dette får tankene til å vandre til vakre og viktige tekster som "Ord over grind" og andre dikt av både Haldis Moren Vesaas og Olav H. Hauge. Velformulert og poetisk betraktning om et viktig tema!

Liv Marie Schou sa...

RT: @2rvund til @LivMarieSchou Poet Dag Larsen skreiv at det er når det er mykje snø, me ser kor smal veg me eigentleg treng for å halda kontakt med naboen. (Twittermelding 24.02.10)