tirsdag 24. februar 2009

"SÅ ARTIG AT DU SIER SKÅP"

Eg seier skåp, eg seier oss gjer det oss, eg seier uppi fjellom, uppi gardom, uppi bygdom, altså nyttar eg dialekten min, og det er eg stolt over. Men det som undrar meg, er at når eg er saman med framande menneske som ikkje har hørt meg prate tidlegare, kan eg i visse kretsar ane ei viss forbausing når dei hører målet mitt. Det kan vere alt frå forsiktige blunk med augo til lett oppsperra munn idet dei skyt haka litt fram og ser nærare på meg, omtrent som dei undrar seg over kva for eit vesen dei har framfor seg. "Kva er det ho seier? ", ligg det gjerne i blikket, eller: "Snakkar ho dialekt?", det ser ut til at nokre må sjekke ut om dei verkeleg har hørt riktig. Ofte får eg spørsmål om kvar eg er frå, eg svarar da gjerne med kvar dei trur eg har opphavet mitt frå, og får på den måten testa dialektkunnskapane deira. Slik sett kan det å tale dialekt vere ein lett måte å kome i kontakt med andre folk på.

Men eg må innrømme eg ofte har undra meg over kva som eigentleg ligg bak. Spør dei av interesse for dialektar og det norske talespråket, eller har dei førehandsmeiningar som ikkje tener bruken av norske målføre? Når folk legg hovudet bakover og ler lett overberande, samstundes som dei kommenterer dialekten min, blir eg mistenksam. Gjer dei det same med dei som bur i Oslo vest og snakkar slik dei gjer på Frogner og sentrale strok sør for Sinsenkrysset? Eg har aldri tort å spørje, men eg har mine tvil.

Eg er stolt over å ha min dialekt intakt etter å ha budd meir enn tretti år frå heimstaden min. Den gongen eg flytte frå bygda mi for å studere i Oslo midt på 1970-talet, var det på moten å prate dialekt, ikkje at det hadde nokon innverknad på meg, eg hadde nok ikkje skifta ut dialekten min for det. Parolen i Noregs Mållag var: SNAKK DIALEKT, SKRIV NYNORSK. Alle vi som snakka dialekt fekk med oss dette, og det gjorde nok sitt til at vi vart enda meir stolte og medvitne over målføret vårt. Men det rare var at andre vart enda meir opptekne av den måten vi dialektbrukarar (les: vi utanfor Oslo) uttrykte oss på. Som min medstudent i nordisk ein gong svara meg midt i ein seriøs fagdiskusjon: "Så artig at du sier skåp". Kva kunne ligge bak denne utsegna? Var det for å fokusere på talespråket mitt og markere avstand mellom sitt talemål og mitt? Eg hugsar eg likte ikkje å bli stigmatisert som eit merkeleg, vandrande individ med rar språkbruk til offentleg gransking for andre. At det artige med meg skulle vere dialekten og ikkje bodskapen min, gav meg kjensla av ei nedvurdering av dialektar, samstundes som at det eg sa ikkje vart teke på alvor.

Når eg midt i ein samtale får tilbake reaksjonar på måten eg pratar på, i staden for innhaldet, så byrjar eg lure på respekten vedkommande lyttar har for meg som menneske. Er eg bra nok når han eller ho tillet seg å kommentere talespråket mitt? For ligg det ikkje ei stigmatisering og utøving av språkmakt i det å kommentere andre sin språkbruk, i staden for å halde seg til innhaldet? Det ligg makt i denne måten å ta for seg andre sitt språk på. "Mitt språk er bedre enn ditt, men det er jo så artig å høre deg prate", slik set dei merkelapp på dialektbrukaren med si nedlatande haldning uttrykt gjennom humor som har som mål å verke avvæpnande.

Det er greit at andre snakkar dialekt, berre ikkje eg gjer det, ligg gjerne bak. Ei haldning som er med på å gje dialektane omvendt status, at dialekt er noko for bygdeoriginalar, les: alle oss utanfor Oslo. Det same med nynorsk, omgrepet fjøslatin kan vere med på å trekkje ned skriftspråket vårt. Det er greit så lenge vi nynorskbrukarar vitsar med det og ser sjølvironien, andre må også vere med på spøken, men vi likar ikkje at andre røper si undervurdering av vårt skriftspråk og vår dialekt. Skal dei ha moro med andre sitt språk, må intensjonen vere positiv, den negative humoren teiknar seg i nedbrytande haldningar. Og kva er no eigentleg vitsen med å kalle nynorsk for fjøslatin og kommentere at vi med dialekt seier skåp? Kva slags meiningar blir her spreidd om skriftspråk og talemål?

La oss lytte til kvarandre med respekt, same kvar vi er frå, oppmuntre kvarandre til å vere den vi er, dialekten er identiteten vår, han har med røttene våre å gjere. Difor seier eg skåp, brukar det personlege pronomenet oss i første person fleirtal, og dativ fleirtal av substantiv etter visse preposisjonar. Heilt seriøst har "eg ti me' det gamle skåpet frå heme, som oss hadde i stugua vår i ælle år, de' er slekt døm hadde uppi bygdom i gamle dåggå".

8 kommentarer:

Anonym sa...

"Ha du sitt itte i skåpe?", seier eg! Det du skildrar her har eg og opplevd, ikkje så ofte rett nok, men det har hendt. Eg har og site med kjensla av at det er ein slags hersketeknikk, litt i slekt med "Du er så søt når du er sint!". Når det er sagt, innrømmer eg gladelig ein stor fascinasjon for gudbrandsdølsdialektane - som nok kan sporast når eg snakkar med ein ekte døl! Det er liksom heile dialektlæra live! Så då er eg kanskje ikkje betre, eg?

Men det er eit interessant tema dette. Eg snakkar (utvatna etterkvart) harding og skriv nynorsk. Ofte føler eg at det vert oppfatta som ei aktiv haldning, eg vert tillagt meiningar og verdiar utelukkande på grunn av dette. Det gjer ikkje meg så mykje, ofte kan det vera rett nok, men av og til vert eg litt trassig. Der eg vaks opp, var det ikkje noko bevisst verdival i å skriva nynorsk, det gjorde alle. Eg har aldri vurdert noko anna. Nynorsken er rett og slett språket mitt. Men fordi eg dermed tilhøyrer minoriteten, må eg nok berre leva med at dette av mange vert oppfatta som eit verdival, kanskje også eit politisk standpunkt. Greitt nok! Når vi nynorskingar kjem ut i den store verda, endrar vi nok tilhøve til språket, frå noko heilt naturleg, til noko vi skjønar vi må grunngi og forsvara.

Liv Marie Schou sa...

Takk for god kommentar. Overraskande å oppleve at ein må grunngje det naturlege, har undra meg litt over det. Dei fyrste åra på barneskulen skreiv eg bokmål, slik vart bokmål naturleg eit av skriftspråka mine, så flytte vi, på den nye plassen var det nynorsk, og slik vart nynorsk også det naturlege skriftspråket mitt. Så eg er heldig, eg er av bumessige årsakar heilt naturleg tospråkleg:-) Dialekten min vart i ti-årsalderen endra frå gausdøl til frøning, men like fullt gudbrandsdøldialekt. Der gausdølane nyttar det personlege pronomenet "vi" i 1. person fleirtal, nyttar vi frøningane "oss".

Unknown sa...

Flott bloggpost! Språk er kjempeinteressant, og det plagar meg strengt tatt litt at eg ikkje har same døl-dialekt som mine foreldre og besteforeldre.

Språkteigen har teke opp dialektspørsmålet i nokre sendingar. Høyr mellom anna på;
http://podkast.nrk.no/fil/spraakteigen/nrk_spraakteigen_2009-0215-0930_30035.mp3?stat=1&pks=30035

http://podkast.nrk.no/fil/spraakteigen/nrk_spraakteigen_2009-0208-0930_29808.mp3?stat=1&pks=29808

og

http://podkast.nrk.no/fil/spraakteigen/nrk_spraakteigen_2008-1221-0930_28129.mp3?stat=1&pks=28129

Liv Marie Schou sa...

Så bra at fleire er interessert i språk, har sjølv hørt på Språkteigen i NRK, det levande språket er alltid aktuelt, det same er haldningane rundt oss. Akkurat det siste skulle eg ønskt fleire hadde vore med og diskutert. Takk for innlegget.

Kristian Lødemel sa...

Eg skulle eigentleg ønskje at eg hadde ein skikkeleg dialekt, og ikkje Oslo-mål (som eg har), så eg er litt misunneleg på alle dei som har fine dialektar. Der du kjem frå er det mykje fint.

Og eg blir alltid litt trist når folk legg om, men her i Oslo er det mange som ikkje vil skjøne dialekt, og det er trist. Akkurat det har nok mykje med haldningar å gjere. Og når ein stadig møtar motstand, så blir det jo slik at folk endrar på dialekten.

Mormora mi kjem fra Gausdal, og ho prata om «sørspeskolv» her ein dag, og det var «feiebrett». Det synest eg var eit artig ord, men på ein positiv måte. Så om slikt kjem frå meg, så meiner eg det, men sjølvsagt kan eg sjå at ikkje alle set pris på å få kommentarar om «artige ord».

Til dømes liker ikkje mormora mi at folk alltid spør kvar ho kjem frå. Ho vil vel ikkje føle seg annleis, på ein måte. Kanskje er det litt av det same som du nemner, at ho kjenner seg underlegen. Helst vil ho vel at det skal vere heilt naturleg at ho pratar slik som ho gjer.

Lill-Tove Rype sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Lill-Tove Rype sa...

Jeg har kommentert innlegget ditt på bloggen min, Liv.
http://lillsfag.blogspot.com/2009/02/lavstatusdialekt.html

Anonym sa...

Eg kommenterar ofte dialekta til dei eg møtar dersom eg syns ho er spesiell, morosam etc. Men det ligg slett ikkje nokon vond intensjon bak, eg er berre nyskjerrig og tykkjer det er interessant at vi pratar forskjellig. Ved å spørre og kommentere ord og uttrykk hos dei med anna dialekt enn mi eiga, gjer eg meg meir kjent med dei ulike dialektane vi har.

- Trønder'n