tirsdag 2. juni 2009

Eg har byrja gå tur att!


Eg har byrja gå tur att, eg har byrja gå lange turar att, eg har byrja gå tur i skogen att. Eg gler meg til å gå turen min, kvar dag går eg han. Eg har funne fram att joggeskoa mine som eg fekk på seinsommaren i fjor, eg har leita fram shorts og trøye som låg inst i skåpet. Det var berre så vidt eg hugsa kor eg hadde alle desse "spreke" kleda mine, men det var godt å sjå dei att, enda betre å få dei på kroppen att, kle meg, kome ut og finne att alle blomane, benken min, steinane langs den smale vegen og høre fuglane syngje. Eg har min faste runde i skogen som eg går, perla mi, som eg kallar turen min.

Eg er ute og går kvar dag, uansett vêr. Det er ikkje sjølvsagt å kome seg ut i skogen, det har eg merka det siste året. Det dei fleste opplever som lettvint, greit og heilt enkelt i kvardagen, kan plutseleg snu og bli tungt, krevjande og nesten umogleg på ein, to, tre. Det fekk eg merke i oktober i fjor, etter ein liten hjartestans. Med eitt vart livet snudd opp ned, og kvar lita rørsle vart som eit krafttak som krevde ro og kvile i fleire timar etterpå. Kreftene var ikkje der lenger, same kor stor lysta var til å kome ut.

Eg går turen min kvar dag. Om lag to timar brukar eg på han, ein tur som eg gjorde unna på i overkant av ein time før. No er det som om eg dreg eit traktorhjul etter meg. Bakkane er verst, eg må ofte stoppe opp og ta pause, kvile og passe på så ikkje pulsen blir for høg. Eg går med pulsklokke, så eg har god kontroll på puls og hjarte.

Eg går turen min åleine, vil helst gå i mi eiga takt, sleppe å forklare at eg ikkje har krefter til å gå like fort som før. Det er best slik, vil helst gjere alt eg har gjort før, det går berre litt seinare og i eit meir sakte tempo, eg gjer det på mitt vis.

Eg vil gå turen min i tida framover på min måte. Eg vil stoppe opp når eg treng det, kvile når eg må, sette ned farten når eg er nøydd til det og leggje i veg att når eg sjølv vil. Slik sett har eg det like bra om før, eg har gira ned og funne ut at det er fullt mogleg å leve godt, sjølv om ikkje alt skjer i høgtempo. Det er underleg korleis mennesket innstiller seg etter dei endringane livet påfører ein.

Eg har mi faste runde, perla mi, som eg kallar ho. Eg har funne att stien min, alt er på same staden som før, steinane ligg der og kvitveisen veks rundt, eg har alltid vore glad i kvitveis, han minner meg om barndommen min. Eg ser kanskje alt dette enda betre no enn før, nesten alt er som det var, det er berre eg som møter det på eit rolegare vis, og det gjer ingenting.

Eg er glad fordi eg har byrja gå tur att, at eg har mi faste runde, at eg har funne att perla mi.

1 kommentar:

Ingunn sa...

En fin og nesten poetisk tekst som minner oss på at ingenting er selvsagt, egentlig! Takk skal du ha for at du deler tankene dine, Liv. Det er fint å lese det du skriver. God tur!