søndag 4. oktober 2009

Mjølgamp


Der! Der var dei, eg kjende dei att! Lukta og smaken kom over meg, eg vart med eitt sett over førti år attende i tid. Eg stod på tå og strakk meg etter kakene i butikken til far, på byrjinga av 1960-talet.

Dei låg der, midt framfor meg, på eit bakeriutsal i Gudbrandsdalen, denne haustdagen i 2009. Det må vere over 40 år sia sist eg såg dei, kjende smaken av dei, og ikkje minst lukta. Mjølgamp kalla vi dei, sjølv om dei eigentleg ikkje heitte det, det var nok meir på folkemunne. Men eg hørte aldri noko anna namn enn mjølgamp.

Kanskje far brukte ei anna nemning då han tinga varer frå bakaren, for det var far som selde mjølgamp på Samvirkelaget, den gamle landhandelen som selde alt frå mjøl, tekstilar og kaffe, til sirup i laus vekt. Det var ei særskilt lukt inne på butikken til far, og særleg dei dagane den store kassa med mjølgamp kom frå bakaren.

Eg som voks opp på butikken, fekk lov å vere bak disken og oppleve butikklivet frå innsida. Eg nådde ikkje heilt opp til disken, hugsar eg, men lukta var sterkare enn synet, og eg strakk meg, stod på tå, slik at eg så vidt kunne sjå desse breie, store kakene. Hugsar dei var litt turre, montru om lukta greip meg sterkare enn smaken, for ikkje å snakke om namnet. Mjølgamp, kjenn på det namnet, klart det var eit fasinerande namn på eit bakstverk for ein jentunge på under ti år. Hugsar også mor serverte dei til kaffen, kan minnast praten gjekk rundt kaffebordet om kakene, at dei var gode, "litt turre, men slik smakar no kaker som er laga med hjortesalt", vart det sagt. Sjølv om mor baka kaker, baka ho aldri mjølgamp, det var berre eit slag mjølgamp å få tak i, og det kom fraktande frå bakaren og vart seld over disk på butikken.

Då eg var ti år flytta vi frå Samvirkelaget, og dermed forsvann også mjølgampen frå livet mitt. Eg har sakna mjølgampen, spurt etter han, men ikkje fått noko klårt svar på kor han er å få tak i. Inntil no nyleg, der eg med eitt stod framfor han, godt innpakka i plast i ein glasdisk på eit bakeriutsal anno 2009. Med eitt var eg attende i butikken til far på 1960-talet, eg stod der på tå hev, med lukta av mjølgamp i nasebora, kjende og hørte stemninga i butikken. "Vær så god neste", sa dama bak disken, eg vart henta attende til notida, men lukta hang framleis i, da eg svara eg skulle ha "dei kakene som ligg der", og peika på mjølgampen. "Strøkaker, ja", svara ho, tok fram pakningen og la på disken framfor meg. "Strøkaker, ja", svara eg, det var det dei kalla dei, visst var det det dei heitte, ingen hadde visst kva eg skulle hatt om eg hadde spurt etter mjølgamp.

1 kommentar:

Liv Arnhild sa...

Elsker MJØLGAMP eller BAKERVARER som de også blir kalt.
Strøkaker hadde jeg aldri hørt om.
Jeg baker dem selv.....etter min mors oppskrift :
1egg
1/2 l melk
375 gr farin
6 små ts. hornsalt
3/4 dl selta smør
Mel til pase deig

Kjevle ut ca 1 cm tykk deig,
og trinse ut passende firkanter
Pensle m. egg
Sukker & kanel til strø
Stekes 10-12 min. på 200 grader