mandag 1. mars 2010

Kva hender? Nynorsk og SMS!

Nynorsktimen med mi norskklasse i VG2 er godt i gang, elevane har fått att ei skriftleg oppgåve dei har skrive på nynorsk om renessansen, barokken og opplysningstida. Dei les og ser gjennom rettingane, nynorskfeila og kommentarane. Hører dei diskuterer karakterane seg imellom: "Så mange feil fekk eg, kor mange fekk du? - Jamen, du har fått betre karakter enn meg." Eg går frå pult til pult og svarar på spørsmål, tek opp att dei feila som går att hos dei fleste; at det er dobbel bestemming på nynorsk, at verb som endar på -et ikkje finst på nynorsk, at det er skilnad på ein ver, eit ver og eit (fiske)vær.

Med eitt merkar eg at noko må gjerast. Dette blir for kjedeleg, ein heil time med terping av rettskriving, formverk og ordklasser tek på både læraren og elevane. Korleis kan elevane bli glad i nynorsk, dersom dei berre hører oppattaking på det som er feil? Eg hører meg sjølv: "Det heiter ikkje man på nynorsk, de skal skrive ein." Elevane ser på meg og er heilt einige. Visst veit dei det, og dei kan det, det er berre at nynorsk ikkje er like godt innarbeidd hos dei som bokmål, hovudmålet deira.

Eg går mot kateteret, trekkjer pusten djupt inn, snur meg og ser utover klassa. "Ta opp mobiltelefonane dykkar!", seier eg. Dei ser forundra på meg, mest som dei undrar på om eg lurar dei. Eg seier det ein gong til: "Ta opp mobiltelefonane dykkar!" Dei forstår at eg meiner alvor, grip ned i buksene, i sekkane og i jakkene sine, fiskar opp mobilane, litt forsiktig med blikka retta mot meg. Mange hadde han svært lett tilgjengeleg, det var nok ikkje så lenge sia han hadde vore i bruk og sjekka for nye meldingar. Ikkje overraskande, elevane held kontakten med kvarandre via SMS og sosiale media, innan klasserommet også, dei er "on" heile tida, slik har tida vorte, det er naivt å tru noko anna.

Sia vi hadde skrive på Facebook i den førre nynorsktimen, tenkte eg å halde fram i den same sjangeren og sa følgjande til elevane: "No skal de bruke mobiltelefonane dykkar og sende SMS på nynorsk til kvarandre." Ein kjapp replikk kom frå den vakne guten bakerst i klasserommet som kunne fortelje at det kostar pengar. Eg var førebudd på det innspelet, SMS er ikkje gratis, og det er noko vi ikkje kan bruke så mye i undervisninga, men som ein variasjon i ein nynorsktime meiner eg å kunne forsvare ein liten bruk av det. Eg svara eleven at det er heilt riktig, difor laut dette vere frivillig, og la til at eg håpa dei fleste ville ta seg råd til å sende eit par meldingar.

Med eitt skreiv dei alle, det einaste eg kunne høre i klasserommet var lyden frå tastande fingrar over mobiltastaturet. "Yes!", sa eg inni meg sjølv, elevane skriv nynorsk av hjartans lyst. Eg hadde mest lyst til å strekkje armane i høgste veret og hoppe høgt. Eg såg det på dei, at dei likte det, at dei kosa seg, dei smilande ansikta, den avslappa posituren lett bakoverbøygd med mobilen i handa, der dei stoppa litt opp inniblant for å tenkje seg om før dei ivrig tasta vidare. Jau, dette var ein skrivande nynorsktime på SMS.

Nokre av meldingane las elevane opp frivillig for heile klassa, deretter spurte eg om dei ville sende meldingane sine til meg, eg skreiv mobilnummeret mitt på tavla, og meldingane strøymde på. Dette var rett etter vinterferien, så meldingar som: "Hei på deg! Har ferien vore fin? Det har min:) sol og fint vær", var det fleire av, ei melding som ga meg moglegheit til å få fram skilnaden på ver og vær att. "Eg likar ikkje snø og nynorsk er gørr", hevda ein annan, klårt og ærleg meint, riktig skrive var det også, sikkert ein god frustrasjon å få ut. "Kva synast du om klassa di?", ein god setning med den klassiske fella, det heiter å synast i infinitiv, men det skal vere synest i presens. "Snella liv. Kva hender?", får fram innslaget av svensk i elevane sine tekstar på nynorsk. "Kva hender?", så lettvint og godt kan det altså seiast, eg kjende litt på dei orda, håpar elevane gjorde det same, nynorskvarianten av den lett munnrappe "Hva skjer'a?". "Kan du lesa ALLE meldingane høgt?", kom det på ei anna melding, eg gjorde så etter fyrst å ha spurt elevane, frå den litt vågale og morosame; "Er du ledig?" til "Eg likar sjokoladeis", dei meir poetiske: "Dråpa heng der ..... ikkje" og "De hvite Tigrane" til "Eg synes det er hyggeleg med nynorsk. Det er det beste språket i verda!"

Kva hende denne timen? Elevane skreiv nynorsk på SMS, dei var inspirerte og ivrige skribentar, og tekstane vart lesne høgt og kommentert språkleg rett etter at dei var skrivne. Meldingane som kom til meg var anonyme, det var greit slik, det var formverket og rettskrivinga som skulle kommenterast, der alle skulle lære like mye av kvarandre, frå eigenproduserte nynorsktekstar på SMS.

Kva hender? Lat elevane få skrive der dei er van med å skrive, for dei skriv, og dei vil skrive. Ungdommane i dag er ekspertar på kortprosa, dei stutte tekstmeldingane, meldingane med få ord, prat (chat) og SMS. Nettopp her er elevane kjent med skrivinga, innan denne sjangeren kan vi lære dei språk og bøyingsmønster som dei tek med og nyttar i dei lengre tekstane sine. Det vart gjort i denne timen med nynorsk og SMS.

3 kommentarer:

evabra sa...

Veldig kjekt å lese, og elevene syntes sikkert at dette var en god og morsom avveksling. Flotte saker, håper flere benytter seg av tipset :-)

Torger Åge sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Torger Åge sa...

Det var det med å lese gjennom alt før ein kommenterer noko. Gratisprinsippet var jo alt poengtert og grunngjeve. ;)

Personleg føretrekk eg gjerne "tykkjer" framfor "synest", men det er nå vel så individuelt.

Stå på vidare med geniale måtar å inspirere ungdommen på!