Skuleåret nærmar seg slutten, planlegginga av norskfaget for neste år er i gang, berre ein sommarferie ligg mellom VG2 og VG3. Elevane blir førebudd for kommande skuleår med lesing av fordjupingsemnet som er eitt av kompetansemåla i norsk VG3:
•gjennomføre arbeidet med en selvvalgt fordypningsoppgave og utforme den som en muntlig, skriftlig eller sammensatt tekst med språklig, litterært eller annet norskfaglig emne
Her på skulen har norskseksjonen bestemt at fordjupingsoppgåva skal vere individuelt arbeid, likedan å definere omfanget til om lag tre verk innan eit sjølvalt emne. Vurderinga skal baserast på to skriftlege innleveringar og ei munnleg framføring på skulen til hausten. Dermed er vurderingsgrunnlag sikra innan alle tre disiplinane i norsk; hovudmål, sidemål og munnleg. Dette skal gå føre seg i fyrste termin, og vil vere gjeldande for karakterane der. Innan skuleåret er slutt i VG2 skal elevane fylle ut eit skjema der dei svarar på kva slags tankar dei har om fordjupingsoppgåva og kva dei skal lese i sommarferien. Dette er for å sikre at elevane er i gang med fordjupingsarbeidet innan skuleåret tek til i VG3.
Pensumet elevane skal lese, altså leggje opp i fordjupingsemnet, er tre bøker, pluss noko faglitteratur. Det vil bli vist indiduelle omsyn ved omfanget av desse bøkene, er det svært tunge verk, kan det vere nok med to hovudbøker, pluss faglitteratur eller sekundærlitteratur. Er det lettare lesnad, som til dømes stuttare verk (talet på sider) innan til dømes barnelitteratur, må lesne bøker aukast, alt etter omfanget. Det er viktig å vise skjønn her, slik at ikkje nokre elevar kjem ut med tyngre oppgåver enn medelevane sine, eller at det blir ei meir lettvint løysing for andre. Eit par av "verka" kan også vere film, dersom elevane til dømes vel å arbeide med filmadaptasjon som emne. Dessutan må artiklar og lenkjer frå internett også handsamast som såkalla verk, det er viktig å finne ein måte å telje "sider" på.
Den fyrste oppgåva elevane skal gjere til hausten, blir ei totimars innlevering i sidemål på skulen, der dei skal skrive ein førebels presentasjon av korleis oppgåva skal gjennomførast, kva dei skal leggje vekt på, granske nærare og kva slags resultat dei ønskjer å oppnå. Dei skal her presentere dei viktigaste hovudlinene i stoffet dei har lese og arbeidd med fram til denne tida. Denne oppgåva skal få elevane til å reflektere rundt sitt eige val og kor langt dei har kome i prosessen. Sidemålskarakteren let seg også sikre her.
Sjølve hovudoppgåva blir heildagsprøva i hovudmålet noko seinare på hausten, der læraren formulerer ei problemstilling til kvar einskild elev på bakgrunn av det emnet eleven har valt og seier han/ho vil granske. Grunnlaget for dette har læraren frå fagsamtalar, utfylling av skjemaet før sommarferien, og presentasjonen av emnet i sidemålsinnleveringa. Dette tel som ei heildagsprøve i norsk hovudmål.
Nærare jul skal elevane gjennomføre ei munnleg framføring på om lag 10 minutt framfor norsklæraren og heile klassen, dette skal vere ein samansett tekst.
Elevane vil få tolv norsktimar til førebuing og rettleiing i fyrste termin til fordjupingsemnet, men må rekne med å arbeide ein god del utanom desse timane for å kome i hamn med refleksjonane til dei to skriftlege oppgåvene og klargjeringa av den munnlege presentasjonen.
Sia det er mye som skal lesast i fordjupingsemnet, og at vi i norskseksjonen vel å gjennomføre dette kompetansemålet såpass tidleg på hausten, er det naudsynt at elevane har klart tema og bøker på slutten av VG2 og kjem i gang med lesing av verka allereie før skulestart i VG3. Frå tidlegare erfaringar veit vi det tek tid å lese og setje seg inn i fleire verk innan eit gitt emne, skal oppgåva bli bra, krev det innsyn, refleksjon og evne til å trekkje liner til fleire felt som kan brukast til drøfting av ei oppgitt problemstilling. Dette får den eleven som har arbeidd grundig høve til å vise på heildagsprøva og i den munnlege framføringa. Som i alt anna arbeid er det viktig at elevane sjølve vel det dei skal arbeide med, det må fyrst godkjennast av norskæraren som norskfagleg emne (innan sommarferien) for å sikre den faglege kvaliteten.
2 kommentarer:
Hei! Her har du kommet med et spennende og solid opplegg rundt fordypningsemnet i VG3. Jeg lurer på følgende: definerer og eventuelt begrenser dere valget av litterære periodene overfor elevene, siden elevene antakelig ikke har kommet særlig lenger i lærebøkene enn til 1870 før sommeren? Ved vår skole venter vi med fordypningsemnet til vinteren, slik at elevene har fått jobbet seg gjennom de litterære periodene i læreboka. Vi anbefaler lesing av litteratur i høstterminen og noen forberedelser til fordypningsemnet "innimellom slagene". Høsten, derimot, brukes for vårt vedkommende til skjønnlitterært program og fokus på én særskilt litterær periode (for eksempel poetisk realisme).
Hei Hanne! Det er første gangen vi skal prøve ut dette opplegget kommende høst. Svakheten er, som du er inne på, at vi ikke har kommet lenger enn til 1870 etter læreplanen i VG2. Vi har så langt ikke lagt noen begrensninger på valg av perioder overfor elevene, heller tenkt vi må prøve å vinkle problemstillingen slik at de klarer svare på den, i de tilfellene de velger perioder etter 1870. Vi har valgt å ha fordypningsemnet tidlig på høsten, kanskje erfarer vi at det bør legges senere på året. Det skal bli spennende å erfare.
Legg inn en kommentar