Å variere nynorsktimane i vidaregåande er ei like stor utfordring, anten eg går til time i vg1, vg2 eller vg3. Denne onsdagen stod nynorsk på kalenderen for vg1 i fyrste timen. Heldigvis er det ei tid på dagen elevane er vakne og "fit for fight", som det så poetisk heiter på "ny norsk", så eg la opp til ein fullpakka time med håp om å koma gjennom meir enn eg rakk med den same klassen i går, i den siste timen etter ein dobblettime med gym. I dag hadde eg i alle fall håp om at dei skulle møte utkvilte, mette og utørste. Dette skriv eg for å ymte litt om korleis stoda var i klasserommet i norsktimen tysdag ettermiddag. :-)
Fyrst greip eg tak der vi slapp dagen før; novelleanalyse av "Abraham hogger ned Isak" av Espen Haavardsholm. Analysen dei skulle lesa stod på nynorsk, det passa jo bra i ein nynorsktime, elevane las i læreboka, Grip teksten, og gjorde ei rask samanlikningsoppgåve om analyseteksten opp mot ein mal for tolking av episke tekstar i same læreverket. Elevane noterte her berre stikkord i OneNote for diskusjon seinare.
Hovudteksten; "Abraham hogger ned Isak", er skriven på bokmål og elevane fekk i oppgåve å omsetja dei 13 fyrste linene av novella til nynorsk. Dei arbeidde to og to i lag, sjekka med iFinger og vart ferdig med omsetjinga i såpass god tid at det vart tid til å gå gjennom alle setningane høgt i klassen ved at elevane på omgang las opp ein og ein setning. Eg tok tak i grammatikken og noterte på tavla dei orda som fall vanskelege: substantivbøying av eit auga, verbbøying av å synast, å finnast, kva heiter lille på nynorsk og ikkje ham og man på nynorsk. Ganske nøgd etter denne timen med lesing av novelleanalyse på nynorsk, omsetjing frå bokmål til nynorsk og grammatikkterping. At novella, som var basisen for dette arbeidet, var ei god og sterk novelle som gjorde inntrykk, var heller ikkje dumt, elevane viste interesse både for språk og innhald, det er jo noko som svært ofte heng saman.
Ein heilt vanleg time, men eg trur elevane fekk med seg ein god del. Freistar å ha ein fast time i veka med nynorsk, og det let seg faktisk godt gjera å knytte det opp til relevant fagleg stoff, ei utfordring som slett ikkje er altfor krevjande.
"Det vi må lære før vi kan gjøre det, det lærer vi ved at vi gjør det" (Aristoteles)
onsdag 21. november 2012
fredag 12. oktober 2012
Vi kastar ikkje kattar
«… og så skal dere få møte en ny og lovende NRK-profil, han heter Leo Ajkic, han er bosnier, han er bergenser og den snilleste gangster’n i norsk TV!» sa Anne Lindmo til applaus og hurrarop under introduksjonen til programmet Lindmo på NRK TV sist laurdag. Det bar så godt i veg, på fredeleg vis med Linn Skåber og Kristopher Schau i god samtale med programleiaren, same med Jørn Hurum og hans fossilteam, før Leo Ajkic i møte med andre folk på gata, tøff og rapp i kjeften, på eit vis fasinerande og imponerande i sin verbale stil, råka på ein katt som han berre greip med seg og kasta ut frå ein terrasse. Det såg høgt ut, katten forsvann sjølvsagt, før Leo, tøff i trynet, gjekk vidare og klaska ei dame på rumpa.
Eg fekk sjokk! Ikkje av klasket på damas bakende, men av kattekastet. Kva var det han gjorde? Heiv du berre katten frå deg, Leo? Smilande spurte Anne Lindmo «hvordan gikk det med katta?» då Leo kom inn i studio, ho fekk kontant til svar at katten kom att, «logrende med halen som en hund». For det fyrste så lograr ikkje kattar med halen som ein hund, dei smyg seg tett inntil beina på den dei elskar og stryk med sida på andletet og kjæler med bakenden sin. Slik viser kattar glede, kjærleik og tillit til den som viser dei respekt. Og kattar er kloke dyr, dei ser fort kven dei kan ha tillit til, og dei hugsar. Halen brukar dei til å riste, eller skjelve med, medan dei markerer seg og kjenner seg trygge, samstundes som dei vender bakenden til det eller den dei viser seg fram til; «sjå på meg, eg er rein» er kattespråket her.
Katten kommuniserer altså med bakenden og fortener at vi respekterer språket han uttrykkjer med halen. På same måten som ein ikkje utan vidare klaskar ei dame på bakenden utan hennar samtykke, tek ein ikkje ein katt og berre hiv frå seg. Eg vil tru Leo i forkant hadde klarert kvinnfolkklasket på damas halebakdel, men eg trur ikkje han hadde gjort det same med kattekastet frå terrassen. No var det sikkert ikkje så høgt frå terrassen som det såg ut som, men for sjåarane såg det høgt ut, og eg vil tru det var eit verkemiddel TV-teamet var klar over. Kva skulle ein elles oppnå med kattekastet?
Der rå, tøff og brutal verbalkommunikasjon ikkje strekk til, er det slett ikkje tøft og gangstersnilt å bruke forsvarslause dyr og berre hive frå seg. Tenk over kva slags signal de sender ut ved å vise rå og brutal framferd mot eit forsvarslaust vesen. Vi kastar ikkje kattar. Den handlinga hadde Lindmo tent på å ikkje ha med i programmet, og Leo hadde stått fram mykje meir gangstersnill ved å bøye seg ned og klappe katten i forbifarten og klaske han lett på halebakenden, det hadde katten likt. Dama var nok med på leiken, elles hadde ho sagt frå, det hadde også katten gjort viss han hadde fått ein kjærleg klapp på rumpa, ved å kome smygande att, tett og kjælande inntil beina til Leo, ikkje logrande som ein hund. Når damebakdelen, ifølgje Leo, ikkje rista nok etter klappen hans, vil eg tru at katten han kasta frå seg, rista nok etter sjokket over å bli hivd over gjerdet rett ut frå ein terrasse, same kor høgt eller lågt han fall. Det er ikkje høgda og ristinga det er snakk om her, men kastet eller klappen, anten det gjeld halen på katten eller dama.
På Twitter la eg ut følgjande tweet etter kattekastet laurdag kveld: «Ikkje tull med katten min #lindmo og #Leo: ikkje tøft å kaste kattar, kast kva du vil, men ikkje katten min! #nrk1» Fleire trykte RT, altså vi fekk mange halebakendeklappar tilbake, katten min og eg.

onsdag 5. september 2012
FACEBOOK ATT! Deling av oppgåver på Facebook.
"Vi skal vel ha Facebook i norsken i år også?", spurte elevane ein av dei fyrste timane etter skulestart. Med gruppe på Facebook er det lett å berre endre namn og halde fram med den same gruppa frå i fjor, eg plar leggje ein av elevane til som administrator, så ordnar det seg kjapt. Dette er no vg3, vi starta med gruppe på Facebook i vg1, på grunn av alderen til elevane, gjekk over til side i vg2, men da elevane opplevde sjikane av nokre få (kjende) utanforståande på denne fagsida på Facebook, ba dei om å få gå over til gruppe att. Difor vart sida nedlagt og gruppe oppretta. Synd at andre som ikkje har anna å gjera enn å skrive upassande kommentarar på ei seriøs fagside er med på å ødeleggja det elevane legg ut og skriv. Diverre er dette noko vi ikkje kan garantere oss mot og er den digitale openheita si største byrde.
I vg3 har vi starta opp med Det moderne prosjektet i norsk, ganske tungt stoff for elevane, med omgrep som fridom, fornuft, framskritt, kunnskap, opplysning og modernitet kontra modernisme. Da elevane arbeidde med oppsummeringsoppgåvene til dette kapitlet, arbeidde dei i grupper med ulike oppgåver som dei la fram munnleg for dei andre gruppene i klassa. For å dele dette skriftleg, og ha det tilgjengeleg som repetisjon til langsvaroppgåver, prøver og kommande eksamen, la kvar gruppe ut sine svar med oppgåvenummer på klassas Facebook-gruppe, under statusoppdateringa: "Oppsummeringssvar frå Det moderne prosjektet".

onsdag 23. mai 2012
Sterke verbhistorier frå tysdagstimen
Facebook er i bruk i timane mine, det er ikkje noko nytt at elevane har fagsider på Facebook og skriv nynorsk på Facebook. Eg har blogga om dette tidlegare og nyttar gjerne opp att vellykka Facebook-opplegg frå åra før. Slik blir sterke verbhistorier teke opp att etter gjennomgangen av sterke verb på nynorsk; verb utan ending i presens og preteritum, dei fleste med vokalskifte; som å fare - fer - for har fare. Språkrådet har gode grammatikksider om sterke verb med døme og øvingar, noko elevane likar å bruke, lesa og gjera øvingane til. Eg gjev elevane fyrst ei forklaring på sterke verb med døme, kor skilnaden ligg mellom svake og sterke verb, og kva inneber eit vokalskifte. Elevane bøyer eitt og eitt verb, og etter å ha høyrt på bøying av tjuefire sterke verb, får elevane i oppdrag å skrive nokre setningar som alle skal innehalde sterke verb. På ein heilt vanleg tysdag blir det knallsterke historier med sterke verb formidla av råsterke elevar på den sterke Facebook-gruppa. Slikt skapar sterke nynorsktimar, og her er dei sterke verbhistoriene:
Eg naut å fryse, men samtidig sleit eg med å skrive forteljinga, fordi eg beit tennene mine og greip etter varmeapparatet. Eg heldt på å bryte saman, og tenkte at no kryp eg snart i senga. Det ville vere å lyge til meg sjølv om eg ikkje snart innsåg at eg fraus. Eg må drikke noko varmt, så eg kan syngje igjen. Snart ryk stemmebandane mine, så eg spring ned for å finne ein kopp te. Plutselig ble eg skote.

Eg kan ikkje bite. Mamma driv og mobbar meg. Eg ventar på at nokon skal gripe inn, så sola kan skin. På skulen skreiv eg om kor forferdeleg eg hadde det heime. Eg sleit kvar dag og det føltes som om alle hadde svike meg. No er eg lei meg.
Det var ein gong ein som drakk kaffi. Han var så glad i det at han naut kvar einaste slurk. Ein dag brann han seg på det varme vantet. Han fikk så vondt at han måtte krype til vasken for å kunne drikke kaldt vatn. Han greip krana og drakk vatn. Men det var så kaldt at han plutseleg begynte å fryse.
Det var ein gong ein bjørn som beit ein fisk. Denne fisken var ein flygefisk som flaug over ei elv. Då fisken blei biti skreik den. Då kom det ein jeger som kjem til fiskens unnsetning, og skaut bjørnen. Bjørnen kraup av stad langs bakken. Jegeren naut synet.
Eg syng kvar dag og eg finn mykje glede i synging. Etter skulen spring eg heim. Eg brenn etter å drikke saft fordi eg har sunge for mykje. Ofte kryp eg under senga mi for å nyte dagen. Der er det kaldt så eg frys alltid. Eg slit med å finne tonen nokon ganger, og da skrik eg av frustrasjon. Når eg syng så skyv eg bort alle problema mine.
torsdag 26. januar 2012
Nynorsk, sidemålskarakterar og Facebook
Det må ikkje gå ut over sidemålet
At Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil sjå på arbeidsbøra til norsklærarane, er prisverdig, så lenge det ikkje går ut over sidemålet i skulen.Talet på norskkarakterar bør ikkje endrast, sidemålet kan avsluttast etter vg2 i vidaregåande, og elevane får høve til å perfeksjonere seg i hovudmålet det siste året.Målet må vera å motivere elevane til å skrive på båe målformer. Facebook er ein variant som kan nyttast i undervisninga for å få elevane til å skrive stuttare tekstar på sidemålet sitt. Dette vil vera ei god øving til avsluttande eksamen i vidaregåande, der elevane kan få ein korttekst som ei av eksamensoppgåvene i norsk.Kva med meir sakprosarelaterte oppgåver til sidemålseksamen i vg2, som skriving av brev, rapportar og referat? Jamfør det er lovfesta innan offentlege etatar å svara i den målforma ein har motteke brev i, difor blir det slik elevane seinare kjem til å ta i bruk sidemålet. Såleis vil ikkje dette gå inn for fjerning av eitt av skriftspråka våre, ei heller for reduksjon i talet på karakterar i norskfaget.
Dette innlegget er publisert i "Kort sagt" , side 6, i Aftenposten, 26. januar 2012.
Etiketter:
facebook,
norskkarakterar,
nynorsk,
sidemål
fredag 21. oktober 2011
Bokhylla.no
I min undervisningskvardag er bokhylla.no eit must. Berre eitt eller to (kanskje tre) tastetrykk, så har elevane og eg boka vi søkjer, novella vi skal lesa, verket vi var ute etter, sitatet vi leitte etter - oppe på skjermen og klar til å lesast. Borte er tidkrevjande leiting etter akkurat den boka i skulens bokmagasin, ikkje alle bøker er innkjøpt til skulen og tilgjengeleg for ei heil klasse på tretti elevar, no slepp eg å irritere meg over at det som skulle ha vore fullt klassesett manglar to eller tre bøker som gjer settet vanskeleg å bruke i klassa. Alle elevane må jo ha kvar si bok å lesa, elles kan vi ikkje bruke dei innkjøpte verka. Sjølv om biblioteket på skulen har eitt eller to eksemplar av det verket vi søkjer, så er det kanskje til utlån, og skal ein bruke det same verket i heile klassa, så er det ikkje nok med eit par utgåver til bruk. Dette skulle vera kjent problemstilling for dei fleste lærarane.
Noregs største digitale bokhylle gjer dette lettvint, greit, tidsparande og tilgjengeleg for oss. Elevane har kvar sin PC, dermed er det berre å søkje opp det verket ein vil lesa, så har alle elevane teksta framme på sin skjerm. Slik les vi verka i den vidaregåande skulen i dag. Skulle nokon ønskje å låne boka på biblioteket, anten på skulen eller det lokale biblioteket der dei bur, så er det fullt mogleg for dei som vil ha boka i papir framfor seg, i tillegg til den digitale utgåva. Men ved å bruke Nasjonalbiblioteket si digitale teneste, så har alle elevane boka med til kvar time, dei har ho tilgjengeleg heime til lekselesing, ho tek ikkje plass; ho ligg i skya på PC-en, og ho er umogleg å gløyme att heime med pakking av sekk og smøring av matpakke på tidlege morgonar.
Å lesa på skjerm er elevane vande med, dei finn fort fram og har erfaring med å gjera seg kjende med det som ligg ute på nettet. Slik sett er Noregs største digitale bokhylle på lag med elevane, dei har sin eigen PC, og i den ligg alle verktya og dei uendelege moglegheitene for å hente fram dei skriftene og den kunnskapen dei vil nyttiggjera seg. Den generasjonen er digital, bokhylla ligg på nettet i den digitale skulesekken som elevane ber med seg kvar dag. God bokhylla.no!
Etiketter:
bok,
bokhylla.no,
digital lesing,
internett,
lesing,
PC
tirsdag 18. oktober 2011
Kan eg få vera her?
Kan eg få vera her? Jenta på andre rad såg blidt opp på meg idet eg kom inn i klasserommet og la frå meg bøker, PC og notatark på kateteret. "Så klart", svara eg, og kjende det gjekk ein varme gjennom meg, triveleg å sjå att eleven eg hadde i fjor og som no ville vera med i norsktimen min. "Eg har fritime", heldt ho fram, difor passa det å vera med i denne timen, skjønte eg. Tema var islandske ættesoger, og sjølvsagt følgde ho med, tok notatar og var konsentrert i mi gjennomgang om handlinga i Soga om laksdølane. Eg vart glad, er det noko som gjer ein lærar lykkeleg, så er det når elevane viser glede over å vera i klasserommet.
Jenta skulle visst ho redda dagen min, som lærar er det ikkje alltid ein føler ein har elevane med seg, og det kan vera langt mellom dei rosande orda. Eg plar seia at det næraste ein lærar kan føle å ha lykkast, er at elevane seier timen var "ok". Noko meir trur eg ikkje vi kan vente oss. Difor uttrykte denne handlinga om å vera her, vera til stades i klasserommet, meir meining enn den velformulerte utsegna.
Kommunikasjon er meir enn ord. Når jenta valde å vera med i ein time ho ikkje trong ha, men fann ut ho ville vera til stades i, heilt sikkert aller fyrst fordi bestevenninna går i klasse, trur eg likevel eg kan fastslå det var ein del fagleg interesse med i valet. Elevane er verkeleg interesserte fagmenneske, dei vil lære og ta til seg ny kunnskap, og dei trivst i klasserommet. Er det noko rart eg seier eg har verdas beste yrke?
Abonner på:
Innlegg (Atom)