onsdag 21. november 2007

Lyrikk VKII norsk

I tredje klasse norsk arbeider vi no med lyrikken frå 1940-1965. Sentralt her står lyrikaren Halldis Moren Vesaas som ville ha fylt 100 år søndag 18. november. Det har vore skrive mye om ho i dei fleste avisene, ho har vore hylla frå ulike hald både lokalt og sentralt, særleg har Det norske teatret ei flott framsyning som har vore trekt fram på NRK, både i radio og TV. Eg har vist til elevane ulike klipp frå sendingane på TV dei siste dagane, der vi også får sjå små filmsnuttar av denne flotte lyrikaren, som ein mest får tårer i augo av berre ved å høyre stemma til. Søndagsrevyen 18. november viste dette innslaget til ære for den store kvinnelege nynorske lyrikaren. Halldis Moren Vesaas er svært aktuell for avgangselevane i år. NEI EG FÅR ALDRI NOK - (av) HALLDIS MOREN VESAAS 100 ÅR

Ingen kommentarer: