onsdag 11. februar 2009

Pus og eg


Det er kaldt ute. Gradestokken viser ein utetemperatur på -13,9. Men det er pent, Drammen by speglar seg i sol, og på trea ligg tung, kvit snø. Eg pratar med katten min på kjøkkenet, treng ikkje fortelje han at det er kaldt ute, det har han merka for lenge sia. Han var slett ikkje villig til å gå ut i dag tidleg, men da han viste teikn til hyperaktivitet ved å krafse på ein av stolryggane, gav eg han eit lite vennleg puff bak med orda: "Ta deg ein tur ut no, så får du rive av deg litt". Det gjekk ikkje mange minutta før han igjen stod på døra og jamra seg høgt, ville inn att i varmen til matmor, mjølkeskvetten og utsiktsposten frå kjøkkenglaset.

Eg pratar med katten min, fortel han at om ikkje lenge snur det, og vi får det varmare i landet. Da kan vi igjen sitje ute på terrassen, nyte sola og høre på fuglekvitteret i trea. Vi har fleire tre i nærleiken av huset vårt, og med tre følgjer eit naturleg fugleliv. Eg har fortalt katten min at han skal la fuglane vere i fred, men han hører ikkje på meg, berre ser på meg og gjer som han vil. "Nett som fuglane lever sitt naturlege liv med song og kvitring, lever eg mitt naturlege liv med jakt og slåssing", er det som han svarar meg på tiltale. Eg ser attende på han og gir han eit godt klapp bak øyra og får smale augo og malande lydar attende. Dette er lykka i livet, tenkjer eg, pus og eg.

4 kommentarer:

June sa...

Koselig hverdagshistorie :) Er fint å ha årstider.

margreta sa...

Så koselig! Eg er veldig glad i kattar, men no har eg hund - koselig det også! Og kva er no vitsen med å ha dyr om ein ikkje skal snakka med dei?

Lill-Tove Rype sa...

Nydelig, Liv; jammen har jeg vært på kjøkkenet ditt i dag! Cæsar er min gode samtalepartner og om det ikke blir en melkeskvett til kosen, vanker det da en grisehale i ny og ne. Ser ut til å falle i smak, det også!

Sonja sa...

Nydelig pusehistorie:-)
Kjenner godt igjen samtalen din med pus, ikke helt ulikt den samtalen som foregår på kjøkkenet hos oss :-)
Sonja