torsdag 10. februar 2011

Digital tradering

Hadde eg hatt ei knappenål, hadde eg slept ho i golvet, eg hadde garantert høyrt ho falle, tenkjer eg medan eg hevar blikket frå eigen PC og ser på elevane mine som les Asbjørnsen og Moes Norske Folkeeventyr på kvar sin PC. Djup konsentrasjon og intens lesnad pregar klasserommet denne norsktimen, eventyrlesing digitalt på bokhylla.no, Noregs største digitale bokhylle med meir enn 40.000 nyare bøker på nett og om lag 8.500 eldre. Her er fortida henta inn i notida, heilt i tråd med “Tekstar i samtid og notid”, tema frå Grip teksten, læreboka for vidaregåande i norsk. Så lettvint og så greitt, lett i vekt og stort i omfang, her er bøkene, samtidsromanane og eventyra som Asbjørnsen og Moe samla inn og skreiv ned for at dei ikkje skulle forsvinne, men bli ivaretekne, digitalt tilgjengelege, eit nettsamarbeid mellom det moderne og det tradisjonelle.

Med eigen PC er elevane berre eit tastetrykk unna "Smørbukk", "Reveenka", "Oskeladden og dei gode hjelparane", "Mannen som skulle stelle heime" og "Gudbrand i Lia". Med utgangspunkt i læreplanmålet i norsk for VG1 “skal elevane kunne vurdere forteljemåtar og verdiar i eit representativt utval samtidstekstar samanlikna med tekstar frå norrøn og samisk litteratur, mytar og folkedikting frå fleire land”, ved mellom anna å gjera seg kjende med eldre forteljartradisjon og folkedikting som eventyra er ein del av. Her kjem fortida inn i samtida, der lesinga er digital og tema tradisjonelt, der vidareformidlinga i klasserommet skal vere munnleg og personleg med eigne variantar, ei praktisering av den munnlege traderingsprosessen.

Dei digitale objekta i fulltekst på nett er med på å ivareta den munnlege forteljinga som i eldre tider vart formidla gjennom den gode forteljarstunda. Sidan mobilen, SMS, Facebook og ulike nettspel har sin eigen sjanger med korthistorier og vitsar av ulik kvalitet som fort går av moten og blir tapt, utan at seinare generasjonar går glipp av det store innhaldet, har dette teke over for den munnlege forteljartradisjonen som har halde seg i hevd i generasjonar, da underhaldninga var formidling av historier og samlinga personleg rundt eldstaden i huset; tidlegare tiders samlingspunkt, også kalla kveldssete, ei sosial samling der siste hand på dagens arbeid vart gjort kombinert med historier og siste nytt.

Ved å gje elevane i oppdrag å lesa eventyra digitalt, for så så velje ut eitt eventyr dei skulle attfortelje til heile klassen, var elevane med på å binde saman den tradisjonelle folkediktinga og munnlege overføringa til notida med bruk av moderne teknologi for å bli kjent med eldre tiders historier fortalt på folkemunne. Ved å attfortelje eventyra høgt i klassen, praktiserte elevane tradering på moderne vis, som vil seia at diktinga blir høyrt og oppattfortalt til andre og nye generasjonar. Ein levande forteljartradisjon oppfatta frå den digitale, høgteknologiske bokhylla, men attfortalt på tradisjonelt vis i klasserommet med eigne klassekameratar som levande tilhøyrarar. Kvar og ein hadde si historie å fortelje og kvar og ein fekk nye historier å vidarefortelje, der nye variantar vart skapa neste gong dei vart vidareformidla, ein levande traderingsprosess starta i det digitale klasserommet.

Trudde nokon at dagens digitale ungdom ikkje kan vere gode formidlarar av tradisjonelt stoff som folkeeventyr, mytar og segner? Ikkje etter desse elevanes digitale lesing og munnlege attforteljing, der dei digitalt henta tekstar frå folkediktinga som dei vidarefomidla på tradisjonelt vis, starta ved PC-en som ei digital tradering. Den munnlege forteljartradisjonen er høgst levande i det digitale klasserommet.

Ingen kommentarer: