tirsdag 30. november 2010

Romanlesing

Elevane i VG1 har byrja å lese romanen Mors og fars historie av Edvard Hoem. For det fyrste er historia god, og romanen er godt skrive på eit framifrå nynorsk, men elevane får også eit innblikk i både lokalhistoria frå Møre og Romsdal og Oppland, og frå krigshistoria rundt og etter den andre verdskrigen. Litt kjærleik, mye slit og mange personar, dette er kvardagshistorie på sitt beste. Her får elevane sitje i ro og lese, vi har stillelesing i norsktimane og skriv ei lita oppsummering på Facebook mot slutten av timen, som refleksjon og avrunding av ei god lesestund. Tidleg i romanlesinga skulle dei her oppsummere nokre av dei personane dei hadde lese om så langt, på nynorsk.

3 kommentarer:

Robin sa...

Romanar og romanlesing er ein viktig del av kulturen vår. Den er identitetsskapande, informativ og eit viktig reiskap på veg mot leselyst og litteraturinteresse. Det å lese romanar tjener meir enn berre det formålet at vi skal bli underheldt, lesinga skal også bidra til at leserane, i dette døme elevane, skal utvikle ei djupare leseforståing, større orddforråd og bli betre skrivarar.
Så mi meining er at la elevane få meir tid til lesing av bøker i skulen,altså skjønnlitterære verk, slik at dei kan bli gode lesarar og skrivarar, for det er to ting som heng saman.
Lat oss også gje oss tid til å reflektere over bruken av til dømes facebook i norsktimane. Ved å la elevane bruke facebook til noko fornuftig, som å skrive oppsummering til ein roman, det kan vere med på å gjere facebook til noko meir ein berre eit forum for sladder og meiningslause oppdateringar som til dømes "skal ha taco til middag i dag. LOL!".

Meir lesing av romanar og noveller i skulen i ein kombinasjon av fornuftig bruk av digitale verktøy og internettforum.

Robin sa...

Romanar og romanlesing er ein viktig del av kulturen vår. Den er identitetsskapande, informativ og eit reiskap på veg mot leselyst og litteraturinteresse. Å lese romanar eller noveller tjener meir enn det føremålet at vi skal bli underheldt. Lesarane, i dette døme elevane, skal også auke deira ordforråd, bli betre lesarar og skrivarar.
Mi meining er at man burde legge opp til meir fokus på lesing og ekte leseglede i skulen, slik at elevane blir gode lesarar. Og får vi den snøballen til å rulle, da kan det hende at elevane blir flinkare i norskfaget generelt, i hvert fall i skriveprosessen. For lesing og skriving går hand i hand.
Eit anna moment er at det også kan væra positivt å møte elevane i deira digitale verd, nemlig slik som bloggforfattaren har gjort her, å kombinere romanlesing og facebook. Da kan man vri til dømes facebook og andre digitale forum til noko meir en ein stad for sladder og meiningslause oppdateteringar som "skal ha taco til middag i dag. LOL!".

Meir tid til lesing av skjønnlitterære verk i skulen, fokus på leseglede, og gjerne i ein fornuftig kombinasjon med digitale verktøy og forum.

iselin h sa...

Det virkar som at det var nøye gjennomtenkt korleis roman desse elevane skulle få. At romanen er på nynorsk, tek opp lokalhistoria, og er ein krigshistorie med innspill av kjærleik gjer at den kan passe eit bredt spekter elevar, og kan være med på å gi motivasjon til lesning. Førlesningsfasa gjennom prat kan her være med på å gi elevane motivasjon til å lese denne boka, og det er mykje opp til læraren korleis ein gjer dette.

At elevane får mykje ro til å lese er veldig viktig, og bra at dei får. Dette gjer at dei kan setje seg godt inn i handlinga, noko som er spesiellt viktig med ein tekst som roman. Refleksjon er også ein viktig del av leseopplegg, og der ser eg at du har gjort med eit digitalt verktøy som internett. Det kan både være negative og positive siar med dette, men om det fungerar er opp til kvar enkelt lærar å sjå.